31. des. 2018

#2018bestnine

Nyttårsaftan er her, i morgon skriv me 2019. Me skal feire kvelden og inngangen til det nye året med fire gode vener her heime hos oss. Gleder meg veldig! Som ei avslutning på 2018, deler eg #2018bestnine, med andre ord dei ni mest likte bileta på Instagram-kontoen min. I fjor var det fleire bokbilete blant topp ni enn i år, men eg har faktisk lese like mykje. Det som blei likt aller mest no i år, var bilete av bokserien om Anne Shirley (aka. Anne of Green Gabels). Ti år som kjærastar, verdas finaste julebok, julefilm med live filmmusikk, nydeleg solnedgang på fjellet, gult og kult ullskjørt, ny hårsveis, ein kjempebra bruktbokbutikk på Canadas vestkyst og kaffi og lesing på kafé. Og alle dei bileta som ikkje visast her, mange av dei frå Canada, bilferie i Noreg, alle bøkene eg har lese, Yorkshire, kvardagsgleder. Vel, vel. Eit godt nytt år ønskjer eg dykk alle saman <3

30. des. 2018

Den siste sundagslista for i år

Den aller siste sundagen i 2018 er her. Den nest siste dagen. 2018 har vore eit bra år der Canada-turen nok står igjen som årets høgdepunkt. Men bilferie i Noreg, ei avslappa veke i beste Yorkshire, alle dei flotte kvardagane og dei like flotte venene våre vil også vere med på å gjere 2018 til eit opplevingsrikt år. Og alle bøkene eg har kost meg med, vore i mange nye univers. Frå laurdag førre veke til onsdagskveld denne veka var me på hytta. Fin og avslappa måte å feire jula på. Elles har eg hatt dei siste dagane på jobb og vore med vener. Veit ikkje heilt kva 2019 vil bringe, men trur det kjem til å bli bra. Kanskje ikkje dei store reisane (me vil prøve å reise utan å fly), men me har ein del konsertar å sjå fram til dei to fyrste månadane. Og turar i skog og mark, middag og spelekveldar med gode vener, orkesterøvingar, kvardagar. Så. Årets siste vekesoppsummering kan de lese under:

✦ slappe av laurdagskveld med god pizza og filmen Thor
✦ liten flodhest som veks opp med ein uventa ven
✦ lese mykje på hytta, blant anna Sjøen om vinteren (som passa perfekt til landskapet ved hytta)
✦ "The Harry Potter cast and their favorite lines" – artig å lese og det bringar mange gode minne
✦ blågrøn ullgenser med flott broderi, arva etter svigermor
✦ Tre nøtter til Askepott på sjølvaste julaftan
✦ heimelaga juletrepynt, så fine og kule, inne hos Et katteliv
✦ te- og kaffiselskap her heime med gode vener midt på dagen på torsdag
✦ og besøke ho eine dagen etterpå, for hennar familie har fått seg ein liten kvalp
✦ ordentleg artig å prøve ut det nye spelet som me fekk til jul, nemleg "Takenoko"
✦ kjekt å ha Zalo med på julefeiringa
✦ siste juleboka i år: Under mistelteinen som inneheld tolv forskjellige julenoveller
✦ juledekke bordet og ete god julemiddag med familien og mannen min
✦ kan hende eg har delt denne før, men Eric Whitacres virtuelle kor er kjempetøft
✦ me fekk mykje fint til jul og det var også stas å gi nokre gåver og sjå reaksjonane til dei som opna
✦ høyre den siste Ajax-forteljinga på lydbok
✦ likte godt den siste episoden av TV-serien Lykkeland som me såg på skjermen i dag
✦ bli inspirert til å bli meir klimasmart når eg les dette innlegget hos Emma
✦ den glitrande snøen som låg på ein av steinane rett ved hytta
✦ litt quiz på hytta kvar kveld

29. des. 2018

Og slik var vår hyttejul

Snømannen av glas i vindauget, akkurat passe i eit av vindauga på hytta. Det var ikkje slik at det sat nissar og snømenn overalt, men litt julepynt var det no også der oppe. Lysande englar på sofabordet og juleduk på kjøkkenbordet. Zalo var også med på hyttejul – det tok nokre dagar før han blei "varm i trøya", men då var han i tillegg heilt i hundre. Utpå ettermiddagane tente me ikkje berre stearinlys, men også dei fine oljelampane som i tillegg til å vere fine, gir eit veldig godt lys.


Så klart blei det tid til lesing, innimellom sat me faktisk alle fem med kvar vår bok i fanget (og det i alle variantar: vanleg bok, lesebrett og bok på eit nettbrett). Og eit mjukt teppe høyrer også hyttelivet til. Juleduk på sofabordet og frukt, er det no eg skal seie inga jul utan juleduk og klementinar?! Av broren min fekk me spelet "Takenoko", og det måtte me jo prøve før me reiste ned. Tok litt tid å komme inn i reglane, men eit veldig gøy spel når ein har spelt det nokre rundar :)

28. des. 2018

24. desember på hytta

Sju slag blei det nok ikkje i år, men nokre julekaker blei det jo. Krumkaker og sjokoladestenger var to av dei. Koste oss på lille julaftan og så klart litt på sjølve julaftan. Tente også stearinlys i adventsstaken og ein av nissane var også med. Me har tilgang til å sjå litt på TV viss me skrur på omformaren, og me hadde heldigvis nok strøm til at fekk sjå Tre nøtter til Askepott og Reisen til julestjernen. Eg sat oppe på hemsen og storkoste meg! Og Askepott fekk prinsen i år også ;)


Etter kvart blei det endå mørkare ute og me tente endå fleire stearinlys inne. Ledlys på juletreet hadde me også fått på plass. Til middag på julaftan blei det ribbe og medisterkaker med potetar og anna tilbehør ved sidan av. Det blei kanskje ikkje sprø svor på ribba, men alt i alt smakte det godt, det smakte ordentleg julemiddag. Me åt riskrem til dessert (som vanleg) og utpå kvelden var det på tide å opne gåvene. Trur me alle fekk noko me likte, blant anna brettspel, øvingsmute, gåvekort, tøflar og nye bordskånarar. Me avrunda kvelden med quiz og sov lenge dagen etterpå.

Nesten ei kvit jul

Kan vel ikkje påstå at me fekk ei veldig kvit jul sjølv om me feira den oppe på fjellet. Men eit lite hint av kvit jul fekk me då me vakna lille julaftan. Så lyst og vakkert! Frosten og snøkrystallane på terrassen, det lille laget med snø på bakken og trea, og sola som så vidt skein over fjelltoppen.

27. des. 2018

Juletrehogst og pynting av treet

Bittelille julaftan reiste me opp til hytta. Eigentleg ganske godt å feire jul utan noko særskilt nett- og mobildekning, med ullgenser og ullstrømpebukse, med stearinlys og med sjølvhogga juletre. Same dagen som me kom opp, gjekk tre av oss ut bak hytta for å finne det perfekte treet. Litt diskusjon om korleis me skulle gjere det, men me blei einige og sette i gong med å hogge det ned.


Broren min bar treet med seg ned til hytta, og dagen etter, altså lille julaftan, tok me fram pynten og pynta det. Treet var nok littegrann høgare enn det me hadde tenkt, men det blei no bra likevel. Det var ikkje all pynten til juletreet som hadde blitt med opp til hytta, men kulene av puslespelbitar var med og julekula med nuperellestjerne inni hengde me også opp. Den er jo berre så vakker! Til slutt la me pakkane under treet – og som tidlegare år måtte me også i år kjenne litt på dei.

26. des. 2018

Jul i konserthuset og i Fargegata

God andre juledag! Har de hatt ei fin og avslappa jul så langt? Eg håper det. Førre onsdag, for akkurat ei veke sidan, koste me oss i konserthuset med "Desemberstemninger" der Ole Edvard Antonsen, Stine Hole Ulla og Knut Marius Djupvik verkeleg fekk fram julestemninga. Det var songar som "Vidda", "O, helga natt" og "Verden blir hvit" på programmet, og allsong på "Deilig er jorden" blei det visst også. Kjempefin kveld! Utanfor konserthuset stod eit stort juletre og lyste opp den mørke plassen foran bygget. Måtte ta eit lite bilete av flisemosaikken inne på toalette, for det var berre så herleg fargerikt. Me var der med eit venepar, og etter konserten traska me bort til Fargegata. Å, dei julelysa dei heng opp der kvart år, dei er berre så vakre! Slappa av inne på Finkel med mykje snakk og ein god dose latter før me sa "god jul" til kvarandre og tok bussen heim.

25. des. 2018

Liten haug med julebøker og julekort

Ingen løyndom at eg har lese ein del julebøker no i løpet av desember. En dag i desember skal på ein måte vere den nye Love Actually (sjølv om sistnemnde er film og ikkje bok). Eg er ikkje heilt einig og eg synest boka var forutsigbar, men samstundes var den fin og akkurat det ein ønskjer ei julebok skal vere: søt, litt klisjé og med ein dose julestemning. Las Juleroser 2018 på toget, og det er eit nydeleg julehefte. Eg har også lese andre bøker som ikkje har vore julerelaterte, til dømes How They Met av David Levithan. Mange fine kjærleiksnoveller. Og alltid litt kaffi.


I løpet av månaden, har det dukke opp nokre julekort i postkassa vår. Så innmari koseleg at nokon framleis tar seg tid til å sende ut kort, anten med bilete av seg og familien eller av nissar eller andre typiske julemotiv. Synest sjølv det er koseleg å sende, men forventar ikkje å få noko særskilt tilbake. Men takk til alle som faktisk gjer det, for eg set veldig pris på det; eg heiar på julekort!

24. des. 2018

Julekort til deg frå oss

Jul på hytta. Det er der me feirar jula i år. Langt borte frå byens lydar, frå internett og TV, frå bilar og bussar. Så om nokon lurer: dette blogginnlegget er publisert på førehand. For også i år vil eg ønskje alle fine lesarar ein riktig god jul med årets julekortbilete. Eit sommarleg bilete, utan snø og nisselue, men julekort er det no likevel. Håper du koser deg og slappar i dag og i romjula!

23. des. 2018

Noko juleaktig i heimen på lille julaftan


Som glasdekorasjonen i vindauget på kjøkkenet, fann eg denne telyshaldaren på NMS Gjenbruk. Ein stor flugesopp med ein liten nisse på. Så kul, og endå kulare er det å finne den brukt. I York fann me ein julebutikk, og me berre "måtte" ha med oss denne lille gåva som ein kan hengje på juletreet. Eller sånn det er hos oss: hengje den på det lille treet som eigentleg er eit tre der ein skal hengje adventskalendergåver. Tar som vanleg fram vinflaska med juletremotivet og lys oppi som eg laga for nokre år sidan. Og så klart litt anna julepynt. Ingen bilete av juletreet denne lille julaftan, for me er på hytta utan noko særskilt nett. Men risgraut, hygge og julemusikk blir det uansett.