29. juni 2020

Liten søtnos på Ullandhaug

Miniatyrhestar oppe ved Ullandhaug. Tidlegare i år var me borte og helste på ein liten fole, og no er det komme ein ny. Skjønner nesten ikkje at det går an å vere så liten når dei fleste hestane eg har sett er mykje større. På laurdag var det kjempevarmt og me måtte komme oss ut ein tur. Målet blei Ullandhaug. Den lille hesten hadde eit så fint merke i panna, og folen kom bort for å helse på oss. Sette oss ned i den botaniske hagen etterpå der me fann ein benk og las i kvar vår bok ei lita stund.

28. juni 2020

Sommar og ei sundagsliste proppfull av fine punkt

Juni er nesten slutt, årets fyrste sommarmånad. Utpå kvelden i går bøtta det ned, det tora og lynte. Resten av vekas dagar har vore kjempefine. Eg har lese litt ute på balkongen etter jobb kvar dag, og på veg heim frå jobb har eg sykla utan jakke. Her i Stavanger har det verkeleg vore ei sommarveke! På jobben har det vore ei annleis veke: me har nemleg venta på å få opne for publikum. Fyrst på fredag var det klart. Badegjestane må tinge på førehand, og me slepp dei inn puljevis i tre eller fire puljar, alt etter om det er morgon- eller kveldsbading. Berre to personar var innom på fredag, med andre ord veldig roleg. Men me ser av bookingsystemet at det kjem til å komme fleire no til veka :) Ser det er ein god del punkt på lista denne sundagen, så eg tenkjer me berre set i gong:

✦ starte laurdagen med bok, kaffi og bare leggar ute på balkongen
✦ lese i den botaniske hagen midt på dagen i går
✦ "You Will Be Found" frå musikalen Dear Evan Hansen, bra versjon frå Peter Hollens
✦ Flatshare av Beth O'Leary, ein herleg romcom av ei bok
✦ bittelille Elsa er berre verdas søtaste koala
✦ gøy å lage skilt til dei ute på Hundvåg
✦ Unni og Brith som endeleg kunne få seie "ja" i kyrkja
✦ gule blomar langs ein murvegg
✦ blir som vanleg rørt når eg les slike historier
✦ kaffi frå Norsk kaffe
✦ kort, men veldig koseleg kaffibesøk her heime tidlegare i dag
✦ akkurat passe vittig å sjå desse moteaugneblinkane frå Friends (90-talet anyone?!)
✦ feire broremann sin bursdag med grilling og oreoiskake heime på Sola
✦ spennande bok: Skyggejegeren av Camilla Grebe
✦ alle bokelskarar kjenner seg igjen i dette dilemmaet: pocketbok, innbunde bok eller lesebrett
✦ lyset inn i gangen i svømmehallen ein morgon
✦ kule David Tennant (og litt David Beckham) som les kapittel elleve i den fyrste HP-boka
✦ grille i lag med naboblokkane på Sankthansaftan, og den nye, gule sommarkjolen er så fin
✦ katten Adso i den femte sesongen av Outlander, den er berre heilt nusseleg
✦ sitje ute på balkongen om kvelden, han og eg, med kvar vår bok i fanget
✦ a cappella-versjon av den nydelege "Send in the Clowns"
✦ skuggeplante, balkongversjonen
✦ planleggje årets Noregsferie

26. juni 2020

Noko fint langs ein murvegg

Ser stadig noko fint når eg syklar til eller frå jobb. Eit fint hustak, solskinet gjennom dei grøne blada på eit tre eller slike fine, små gule blomar som på biletet. Blomane skinte så vakkert i sola, heilt nede langs ein murvegg. Sola skin på himmelen enno, det er ein ordentleg lys og varm sommarkveld her i Stavanger. Sommarkveld i juni. Attpåtil ein fredagskveld. Helga er her.

25. juni 2020

Bøker eg har lese no nyleg

Hittil i år har eg lese mykje. Dei fleste bøkene eg har lese, har vore veldig gode. Så klart, det vil alltid vere nokre som er betre enn andre, men du skjønner teikninga. To av bøkene som eg har lese no nyleg, er Only Mostly Devastated og Kunsten å følgje hjertet. Den fyrste var ein herleg, skeiv og moderne (bok)versjon av Grease, og i lag med Felix Ever After, passa den rett inn som pridelesing. Boka av Sendker, er den tredje og siste i Burmatrilogien (Kunsten å følge hjerteslag er den fyrste og beste). Trilogien fangar ei stemning og Sendker skriv med eit språk som vanskeleg lar seg skildre, men har du lese ei av desse, veit du kva eg snakkar om. Berre eit par setningar om to gode bøker.

24. juni 2020

Kjære Jeremias 🐈🌹

Du og eg var ikkje alltid bestevener; eg gløymer aldri den gongen eg kom for å besøke deg og dei andre ein sein sommarkveld. Ute var det bekmørkt, trillekofferten bråka som aldri før og du blei vettskremt. Resten av det besøket såg eg lite til deg, men som regel fekk eg vere litt i lag med deg. Ein gong sat me ute, berre du og eg, ein anna gong hadde du lagt deg i senga til mannen min, for der låg du i fred då det var mange om beinet nede i stova. Det mjuke blikket ditt og lyden du laga då du purra: det rett og slett durte. Du blei ein gammal katt, heile atten år fekk du i lag med dei fine folka oppe på Gjære. Kjære Jeremias, tusen takk for mange gode minne, du vil bli sakna ♥︎

23. juni 2020

Fine fjørballar

To små, søte fjørballar. Sjekk ut kor nusselege dei er! På fredag førre veke drog me ut til eit venepar, som også er mine kollegaer, for å besøke dei, hønene og dei to kyllingane. Hi, hi, berre lyden når dei pip og måten dei spring etter dei store hønene på, kjempesøtt! Kult at hønene har lært å hoppe når ein gir dei mat frå handa i ein viss høgde, veldig artig å sjå på. Elles sat me ute og prata, drakk kaffi og noko attåt, lo og prata endå meir. Hyggelege timar i lag med ein fin gjeng!

22. juni 2020

Gullkaffi

Å starte dagen med ein kopp kaffi, trakta på nykverna kaffibønner. Kaffien blir endå betre enn "berre" vanleg filterkaffi frå butikken. Me har funne ein kjempegod kaffibutikk som attpåtil er rett i nærleiken (og då meiner eg rett i nærleiken: me går dit på omtrent fem minutt). Norsk kaffe sel til både bedriftar og til privatpersonar, og inne på nettbutikken kan ein finne kaffi, te, kule krus, kaffikverner, kaffimaskinar og anna tilbehør til kaffibrygging. Vår absolutte favorittkaffi er "Gull", den er så rund og akkurat passe fyldig i smaken. Innimellom lager me jo heimelaga latte, og espressobønnene "Green" er ein god kandidat til dette. Kjekt å finne ein favorittbutikk, og støtte ein lokalbutikk. Ønska berre å tipse og skryte litt av dette kaffimerket, eit lite måndagskaffitips.

21. juni 2020

Bursdagsfeiring, balkonglesing og solnedgangsmagi

To dagar på jobb denne veka, dei andre fem hadde eg fri. Eg har for det meste lese og tatt det ganske med ro. Besøkt eit venepar (som også er mine kollegaer), vore ute på ein handlerunde i går og henta bøker på biblioteket, så heilt stille med boka i fanget fem dagar i strekk har det ikkje blitt ;) I går regna det ein god del, men vêret har stort sett vore nydeleg. Ordentlege sommardagar, og det er herleg å kunne sitje ute på balkongen med sommarkjolen på medan eg les i ei av bøkene eg held på med. Fridagane har foke av garde, men fem slike dagar er eigentleg akkurat passe. For energien er fylt opp og eg er klar for ei ny veke på jobb. Under ventar som vanleg ei sundagsliste:

✦ Gordimers Tjuvgods og andre noveller var denne månadens litteraturprisvinnar
✦ lese på senga ein kveld, høyre fuglekvitteret ute, sommarkveld på sitt beste
✦ eg er ikkje ein stor fotball- eller Vikingfan, men nyinspelinga av "Ein blåe dag" er jaggu meg fin
✦ ha på meg den arva kjolen og sitje ute på balkongen i sommarsola
✦ me ler høgt av kvar einaste Taskmaster-episode, eit fantastisk kult program
✦ om ein lurer på kor ein skal drikke kaffi når ein er på tur i Noreg – sjekk ut dette kaffikartet
✦ få unnagjort ein god del ærend då det regna i går
✦ endå ein video av geitene på Sunflower Farm, for dei er alltid like søte
✦ besøke eit venepar som har høner i hagen, for no er det komme to kyllingar
✦ prate med ein tidlegare kollega på biblioteket då eg skulle hente bøker
✦ har endå ikkje sett filmen, men songen "From Now On" er nydeleg, særskilt denne versjonen
✦ skuggespel midt på stovegolvet
✦ solnedgangane over Mosvatnet desse vekene – verkeleg kvardagsmagi
✦ hi, hi, artig å sjå tabbar frå serien Outlander
✦ måle litt med akvarellblyantane innimellom, til dømes teste ut dei forskjellige fargane
✦ feire mannen min littegrann med kaffi, is og heimelaga karamellkake
✦ kjekt og koseleg å bli betre kjent med den fine og herlege pusen Mira
✦ Leken blir alvor, ei forteljing som tar plass ein stad der Christie budde
✦ "The Best Movie Musicals of All Time from A to Z" – til dømes JCS og Mary Poppins
✦ middagsbesøk av broren min tidlegare i kveld

19. juni 2020

Skuggeplante

Skugge på stovegolvet. Skugge frå ein plante, ein agurkplante eg kjøpte i påska. Den står rett ved balkongdøra, og når sola skin inn på ei viss tid av døgnet, ser det slik ut på golvet. Skuggespel utan like. Eg finn glede i slikt. Det varme lyset, mønsteret som skuggen lagar. Avslappa fridagar med mykje lesing, ledd av Taskmaster og i dag var me på besøk hos eit venepar på Hundvåg. Alltid kjekt å prate og le i lag med fine folk. Kjenner eg byrjar å bli trøytt, så det blir vel senga snart. Snart.

18. juni 2020

Bursdagshelsing 🎂

Karamellkake, knallgod is og kaffi – mannen min har bursdag i dag! Hipp, hipp hurra! Til middag åt med heimelaga pasta carbonara, me har sett ein episode av The Office og elles har han jobba og eg lese i ei bra bok. Det er jo faktisk ein vanleg torsdag og med det arbeidsdag (eg har langhelg etter kveldsskiftet, difor lesinga). Men det er ikkje alltid ein treng å feire stort for å ha ein bra dag :) Og eg håper du har hatt det, min finaste mann, min besteven. Du som lyser opp kvardagen min!

17. juni 2020

Alltid noko å stoppe for langs jobbvegen min

Lilla, rosa og oransje himmel, og eit lite bilete med gule blomar mot ein gul vegg, for gult er alltid kult. Eg fyk ikkje rundt med kameraet i sekken kvar dag, så innimellom får mobilen duge. Når eg har kveldsvakta og syklar heim no på denne tida, kan eg ikkje la vere å stoppe når sola går ned over Mosvatnet. Eller over hustaka. Gøy å teste ut ein (for meg) ny fotoapp, Kuni cam, men eg prøver å ikkje redigere for mykje. For slike solnedgangar er magiske i seg sjølve. Kvardagsmagi kallar eg det.

15. juni 2020

Penselstrøk

På det eine bordet i stova, ligg framleis vassfargeblyantane framme. Akkurat passe avslappande å teikne og måle litt i helgene. Bøker og lesing vil nok alltid vere den aktiviteten der eg slappar av mest, men eg har verkeleg funne ei glede i det å ta fram desse blyantane, papir og penslar. Inne på Pinterest har eg ei eiga tavle der eg samlar inspirasjonsbilete, og Youtubekanalen til sunshinearts er ei annan inspirasjonskjelde. Den runde teikninga med alle blada fann eg ein instruksjonsvideo på laga av Shayda Campbell. For dei som kjenner meg, veit de at blå er min favorittfarge, og dei to nedste er dei eg synest blei dei finaste. Til no, for eg kjem nok til å teikne og måle litt i ny og ne, på ein dag der eg treng å leggje frå meg boka, ikkje lese ord, men heller la fargane tale.

14. juni 2020

Fyrste kveldsskift på ei god stund

Litt kjipt å jobbe helg inne i hallen når det er tjuefem gradar ute, men eg har no fått vore ute på balkongen før jobb i vekedagane og etter jobb no i helga. Og eg har sykla til jobb i T-skjorte, så litt solskin har eg fått kjenne i andletet. Jamt over har dette vore ei kjempebra veke med mykje lesing, me har hatt det kjekt på jobb (mykje å snakke om når det er lenge sidan sist), vêret har som sagt vore heilt konge og eg har sett ferdig resten av serien Normal People. Las boka i fjor, og sjølv om eg veit at den fekk gode meldingar, syntest eg ikkje det var noko spesielt ved boka. Joda, den var god, men ikkje sånn at eg tenkte "wow!". Serien derimot, plutseleg nå forstår eg kva alle snakkar om. Sommarlys og fine blomar er andre kvardagsgleder desse dagane, resten kan du lese nedanfor:

✦ sundagskaffi og god is ute på balkongen
✦ kjempefin song, "Small Mercies", frå Glen Hansard
✦ Felix Ever After er ei nydeleg bok som tar opp viktige tema og passar ypperleg som pridelesing
✦ minikatt som blir passa på ein litt større hund
✦ kopp med latte på jobb og bølgande kunst på veggen
✦ sjølv om eg ikkje er særskilt fotogen med badehette, var det deilig å svømme igjen
✦ "6 ways to be antiracist, because being 'not racist' isn't enough"
✦ blir ikkje lei av å stå ute på balkongen og sjå ein finfin solnedgang
✦ humla i ei kløvereng
✦ superkule bokmerke, inspirert av gamle utlånskort
✦ sykle til og frå jobb i T-skjorte og knebukse
✦ lyset ute i skogen
✦ og lyset over naboblokka ein tidleg morgon
✦ er så gøy å følgje den fyrste HP-boka kapittel for kapittel, denne veka kapittel ni og ti
✦ gule blomar mot ein gul husvegg
✦ sluke Normal People
✦ Synne sitt innlegg om rasisme og om #blackouttuesday
✦ jobbe kveld og helg i lag med ein kul kollega
✦ lese ute på balkongen
✦ kjenner meg igjen i denne videoen, særskilt punktet om høge lydar og det å føle mykje
✦ måten Elizabeth Strout lar oss bli kjente med Olive Kitteridge, eg liker det