Seig slutt på veka. Begge to har vore i ordentleg sundagsmodus i dag og ting har gått litt treigt. Om ikkje anna gjekk me tur i ein times tid, må jo nytte sjansen når sola fyrst er framme. I går flaut me i ein flytetank, og det gjorde godt å kjenne på senka skuldre etterpå. Det går nemleg fort for seg på jobb når me no er i gong med å sende ut haustlauk, det blir nesten som ein høgsesong nummer to. Heldigvis er me ein god gjeng som hjelper kvarandre når det er travelt. Og så må eg le litt av meg sjølv, for som vanleg er eg i gong med litt for mange bøker, tihi! Ei av dei eg nyleg las ut, var Kvinner som går av Hilde K. Kvalvaag, ei bok der det eg likte best, var alle dei fine plassane hovudpersonane besøkte. Så klart må eg også nemne ei av favorittbøkene mine som også var sjølvaste krimdronninga sin favoritt. Kva anna har denne veka innehalde? Det kan du sjå i punkta rett under:
✦ Christies eigen favoritt var Evig natt, ei bok eg les med glede om og om igjen, for så bra er den
✦ magisk soloppgang ved jobb ein av morgonane
✦ fleire gode lesestunder
✦ Miranda er ute med ny bok, The Cozy Commonplace Book, og her er litt frå utgjevingdagen
✦ lesing på bussen i soloppgang
✦ fargerik frukt som låg på lunsjrommet
✦ tihi, for ein tolmodig hund som lar den lille pusen bølle litt rundt han
✦ fortsetje å lese med Leseklubben
✦ finne ut at to favorittseriar snart er tilbake på skjermen
✦ småhumra for meg sjølv då eg las boka How to Age Disgracefully av Clare Pooley
✦ "Nå har kapteinen mønstret av" – rørande kommentar om kong Haralds tid ved roret
✦ blå hortensia
✦ spele ordversjonen av "Bezzerwizzer" etter laurdagstaco
✦ latterkrampe då me såg ein julespesial av Kongen befaler
✦ om Aragorn, maskulinitet og om at me treng menn som viser tårer og kan vere sårbare
✦ mykje bra å finne på Skjæveland gardsutsalg
✦ gå ein passe sundagstur langs Hafrsfjord
✦ alltid avslappande å flyte i ein flytetank hos Jæren flytesenter
✦ og gjett om eg blei rørt då Åge og Tuva song "Jørgen hattemaker" i kongens gravferd
✦ som ein blomebukett på Ullandhaug
✦ høyre "He Ain't Heavy – He's My Brother" på radioen ein morgon
✦ skuggespel på stoveveggen
✦ Lake District, heiene ved Haworth, Yorskhire Dales, bokbyen Hay-on-Wye
















