29. juni 2014

Avbrekk frå kvardagen

Ei lang veke, både på godt og vondt, er over. I morgon er det tidleg, ganske tidleg, av garde på jobb. I morgon reiser han heim til sine foreldre og blir der i to veker. Sånn omtrent. Me har hatt nokre veldig fine dagar på hytta, og eg trur det gjorde godt for oss alle å vere på fjellet, utan noko særskilt med mobildekning eller tilgang til internett, berre slappe av. Ein treng slike dagar innimellom, og med sola som skein, var det berre fantastisk. Under kan de lese mi lille sundagsliste:

✦ feire broren min sin bursdag på hytta med familie, kake, gåver og quiz
✦ ha eit heilt døgn åleine på hytta, berre han fine og eg, etter dagar med mange folk rundt oss
✦ dette innlegget om kroppsfokus og strekkmerke
✦ treffe den fine veninnegjengen
✦ å kanskje gjere som denne familien ein gong, nemleg å bytte bustad når ein reiser på ferie (bustadbytte = gratis stad å bu medan ein er på ferie)
✦ fantastisk god balansekunst, rett og slett ein video som fascinerar
✦ sjå ho eine tremenningen min igjen etter fem år, og du kan tru at me hadde mykje å prate om ;)
✦ å le oss skakk av denne musikklause musikkvideoen
✦ spele "Alias" og "Scrabble" på hytta med fine folk og ein kaffikopp
"Om farger og stil"
✦ gamle bilete i svart-kvitt er vakre i seg sjølve, men det er no litt artig å sjå dei i fargar (redigerte då vel å merke...)
✦ planleggje bryllaupet, så no byrjar gjestelista å bli klar
✦ ikkje mange veker igjen til me skal på Vinjerock med herlege vener

26. juni 2014

Ørneredet

No fer me snart opp til hytta, berre meg og han (i kveld så; i morgon kjem det ein heil bøling). Skal bli ganske herleg å berre slappe av nokre dagar på fjellet etter å ha jobba og vore i gravferda til mormor. Sjølv om den timen i kyrkja var tung med mykje grining, så blei dagen i går ganske fin. I minneseremonien etterpå var det ei fin stemning, og det var for min del ekstra kjekt å sjå ho eine tremenningen min igjen. Fem år sidan sist me såg kvarandre, så me hadde mykje å prate om ;) Sola skein og alt i alt var det ganske greitt. Men no ventar finaste Ørneredet på oss :)

24. juni 2014

På sykkel i solnedgang

For tredje sommar på rad jobbar eg ved Stavanger svømmestadion Gamlingen (som regel berre kalla Gamlingen). Og i år som i fjor skal eg prøve å sykle mest mogleg til jobb, noko som vil seie ca.12 km kvar veg. Hadde fyrste jobbedag der i går, og eg trur det kjem til å bli ein fin sommar med ganske greie folk :) Tok nokre bilete då eg sykla heim i solnedgang i går, for sola fekk blomane til å skine så fint og den laga ein skugge av meg og sykkelen slik berre sola kan... Då eg kom heim ein gong sånn i halv elleve-tida, var det fullt hus (tante, onkel og to søskenbarn), og sjølv om grunnen til at dei er her ikkje er den kjekkaste, er det jo så ordentleg koseleg med besøk!

22. juni 2014

Om det å bake sjokoladestenger

For oss er sjokoladestenger eigentleg jul. Me baker dei kvart år som ein del av julebaksten. Då mamma spurde oss om me kunne bake dei til minnestunden etter mormor si gravferd (som er på onsdag), var me likevel ikkje i tvil om at dette skulle me gjere sjølv om det ikkje er jul. Mormor bakte alltid desse til jul, og me var ofte med å lage dei. Den er rett og slett blir ein klassikar i familien, og den bringar fram så mange fine minne om mormor. Så i dag har me altså stått på kjøkkenet med forkle og bakt til den store gullmedaljen. Forresten: frå og med denne sundagen vil eg ikkje lenger dele topp fem-lister, men heller dele nokre lister over fine ting (slik som eg har gjort på tilfeldige dagar før), rett og slett små gledespunkter frå veka som har gått. Sjølv om me kanskje ikkje er heilt på topp om dagen, så har eg nokre punkt på lista mi denne sundagen i juni:

✦ bake sjokoladestenger til ære for mormor – det blei to heile brett og bittelitt til
✦ fine ender på tur
✦ høyre på høyrespelet "Tordivelen flyr i skumringen" – så mange gode minne, og like spennande etter så mange år
✦ kjekke tips frå Girl with Curves, ein av mine favoritbloggarar
✦ alt det me opplevde på turen vår, ja, rett og slett turen i sin heilskap
✦ å oppfylle ein av mine store draumar, nemleg det å sjå ein musikal på Broadway (og til saman blei det jo tre; to på Broadway og ein Off-Broadway)
✦ eg er ordentleg svak for slike rørande historier (sukk, kjærleik og bryllaup altså)
✦ det faktum at kjærasten har fått seg jobb som lærar ved universitetet her i byen
✦ allereie ein månad sidan, men eg må likevel dele denne artikkelen frå firdaposten.no, for mi fine kusine er ei av dei artikkelen handlar om
✦ "Det er ikke synd på mine barn"
✦ berre vandre rundt og nyte sommarsola saman med verdas finaste i arboretet
så himla fin kunst

21. juni 2014

Rogaland Arboret

Trass i mykje vind, tok me oss ein tur i Rogaland Arboret i går. Mange, mange år sidan eg var der sist, og han hadde ikkje vore der i det heile tatt. Herleg å komme oss ut i frisk luft og ikkje minst ut i fin natur. Gode stiar og fine planter og blomar (sjølv om det kanskje var enno fleire blomar som blomstra for ein månad sidan...). Me tok det me veldig med ro, berre vandra rundt, såg oss omkring, måtte nokre fuglar og ender og gjekk på Kjærlighetsstien der det var ein "neibenk", ein "jabenk" og ein "vetikkebenk". Artig! Måtte jo berre ta nokre bilete, også av dei nydelege vassliljene. I dag var han fine og eg i vigsla til ei eg kjenner frå det gamle skulekorpset, og det attpåtil i Sørnes kyrkje (les: der me skal gifte oss neste år). Rørande og elles ei veldig fin seremoni. No blir det snart taco- og filmkveld på oss "ungdommane", med andre ord ein veldig okei laurdag :)

19. juni 2014

Tur til universitetet

Sov ordentleg lenge i dag – eg trur rett og slett at me begge to trong det etter lite søvn på reisen heim, litt jetlag og det faktum at me var tidleg oppe i går fordi kjærasten hadde ein avtale klokka ti. På sjølvaste bursdagen hans var han på eit møte på UiS der han skreiv under ein jobbkontrakt. Frå hausten av skal han nemleg jobbe som lærar ved universitetet (gjett kven som berre er littegranne stolt?!). Eg var med han, for eg ville nemleg sjå meg litt rundt på området i og med at eg skal vere student der frå hausten av. Ny stad og nytt miljø; eg grugleder meg. Etter å ha tatt runden på området, sat eg meg inn på biblioteket, såg meg litt rundt der også og las litt i ei bok. Kom over De Elendige (på fransk: Les Misérables) av Victor Hugo. Denne utgåva er frå 1930 og det freista å låne den med meg der og då ;) Etterpå var me ein tur på Fretex og Kvadrat før me drog heim. Han fekk nokre gåver som eg trur han likte og det blei heimelaga pizza til middag. I løpet av sommaren kjem eg nok til å dele fleire bilete frå turen vår, men eg har så utruleg mange bilete å gå gjennom, så det er ikkje gjort på ei blunk. I tillegg er det andre ting som er viktigare akkurat no.

17. juni 2014

Vel heime på Sola

Rart, godt, surrealistisk og vemodig å vere heime igjen. Har ikkje så mykje å seie anna enn at turen heim gjekk bra og at me er ganske slitne. Skal bli godt å sove i eiga seng igjen, i same hus som familien min. Godt å kunne kjenne litt på sorgen saman. Vil eigentleg berre seie at me er komme oss trygt heim, og leggje ved nokre bilete frå Statue of Liberty og karusellane ved stranda på Coney Island. Så tar me nok dagane litt som det kjem. Skal no feire bursdagen til kjærasten i morgon :)

15. juni 2014

rosene/springer ut og du/er et annet sted

"Det regner."
"Har du fregner?"
"Du blir våt."
"Har du båt?"
"Du tar feil."
"Har den seil?"
"Det kommer en skur."
"Fisker du uer?"
"Slå opp paraplyen."
"Kommer du fra byen?"
"Du er verdens dummeste mann."
"Jaså, kommer du fra Kristiansand?"
"Du er jaggu meg spikende gal."
"Ja, jeg trives jo bedre i Arendal."

For nokre er dette berre sprøyt, for meg er dette ei herleg regle på rim og eit kjært minne. Eit minne frå dei timane me var hos mormor når me var sjuke og måtte vere heime frå skulen, eller dei dagane me berre var på besøk hos mormor fordi det var alltid så gøy. No går ikkje det lenger. I formiddag, norsk tid, sovna vår kjære mormor stille inn med hennar næraste rundt seg. Sjølv så er eg her i New York, men me reiser jo heim i morgon, så på eit eller anna vis går det greitt. Ikkje ein kjekk beskjed å vakne opp til, men eg var førebudd på det. Eg fekk tjuefire fine år saman med mormor, mange av dei med lesing frå bøkene i Mitt Skattkammer-serien (der regla ovanfor er henta frå; innleggstittelen er av Jan Erik Vold), eting av mormor sine gode horn, plukking av frukt og bær frå hagen hennar, syngje gamle songar, leike med dokker i det gamle dokkehuset og få TAB X-tra hos ho dei gongane me var sjuke. No er ikkje det meir, men minna vil alltid vere med meg. Trass i denne beskjeden, vil eg påstå at me har hatt ein fin siste dag her i storbyen med eit par karusellar, fin middag i nabolaget og mykje sol. Har også pakka litt. I morgon byrjar me på vegen heim. Kvil i fred, kjære mormor. Minna vil alltid vare. Eg vil alltid hugse deg og vere glad i deg ♥

14. juni 2014

Eit lite kakestykke

Han og eg har vore saman i fem og eit halvt år i dag. Han fine og eg. Saman med han kjenner eg meg trygg, eg kjenner meg elska. Han får meg til å le og han får meg til å føle meg som verdas vakraste. Fem og eit halvt år har gått fort; det er ikkje lenge sidan eg kvar tysdag hadde sommarfuglar i magen då eg skulle på korpsøving. "Er han her i dag?". Noko av det som fanga mi interesse var (og er framleis) hans evne til å lytte medan eg snakka, for eg kan snakke ein del når eg fyrst set i gong. Der eg er stressa, er han roleg, der han er vimsete, er eg ordensmenneske. Han vil sove om kvelden når eg er ganske så vaken. Slik er me forskjellige, men me er også like: me liker (korps)musikk, me liker å reise, me har dei same verdiane, og sjølv om ingen av oss er noko særskilt partyløve, så liker me å vere med vener, anten heime, ute, på kino eller liknande. Det har faktisk gått overraskane greitt å vere med kvarandre tjuefire timar i døgnet i snart tre veker, men det skal bli godt å sjå andre folk når me snart reiser heim ;) Statue of Liberty og Ellis Island i går. Litt shopping, lesing i Central Park, god pizza og eit kakestykke (biletet frå mobilen...) på deling saman med kvar vår kopp med kaffi i dag. Laurdag 14.juni, fem og eit halvt år saman ♥

12. juni 2014

Bibliotek, parkbesøk og musikalar

New York Public Library, god middag på irsk pub/restaurant, snuble over innspilling av TV-serien White Collar, gå litt rundt i forskjellige butikkar (til dømes ein svær godebutikk og den franske Ladurée), sitje i fine Central Park med ei god bok og så klart musikalen Once. Den musikalen var verkeleg ei bra oppleving, og då dei song den nydelege "Falling Slowly", kom det nokre tårer. Reisen vår byrjar å gå mot slutten, men det blir nok ein musikal i kveld, denne gongen Off-Broadway, og det er nemleg Avenue Q. Så blir det nok litt shopping og...ja, me får sjå. Ingen spesifikke planar, men det er alltid noko å finne på. Me skal i alle fall nyte dei siste dagane her i byen :)

10. juni 2014

MoMA og amerikansk frukost

Berre ein kjapp tur innom for å skrive ei lita oppdatering. I går var det MoMA (Museum of Modern Art) som stod for tur, og me brukte nokre timar også på det museet. Såg mange fine (og kjente) måleri og fotografi. Det var alt frå Picasso, Munch, Monet og Matisse til Pollock og Warhol. Me er kanskje ikkje dei mest kunstinteresserte, men eg må seie at det var spennande å berre gå rundt og sjå, undre, studere... Må absolutt gjere meir av det :) Var også innom Grand Central Terminal, ein stor, og ikkje minst fin, togstasjon. Mykje folk var det og. I dag har me tatt det med ro, ikkje stressa eller noko som liknar på stress. Tvert i mot. Me åt rett og slett frukost ute i dag, ein ordentleg amerikansk frukost med pannekaker og det heile. Godt, men det heldt med denne eine gongen. Seinare i dag blir det nok eit Broadwayshow, og det er musikalen Once (basert på den fine filmen med same namn). Eg kan songane ut og inn, synest filmen er veldig bra, så ja, eg gleder meg!

8. juni 2014

Museumsbesøk, Brooklyn Flea og Brooklyn Bridge

Dagane går i eitt her, og plutseleg har me vore i byen i over ei veke! Vêret er upåklageleg, så når me kjem heim til slutt, har eg kanskje fått litt farge på kroppen (og jada, me bruker solkrem). På fredag brukte me rett og slett heile dagen på American Museum of Natural History. Eg var kanskje ikkje den av oss som var mest gira, men då me kom til mineralane og edelsteinane, var eg stornøgd! Så mykje fint! Og så var det jo litt kjekt å sjå på dinosaurskjelett :) Brooklyn Flea, vintagebutikkar, ete pizza på Grimaldi's og gå over Brooklyn Bridge stod på planen vår i går. Å vere på Brooklyn Flea var heilt fantastisk. Det er rett og slett ein stor loppemarknad, delt i forskjellige buer (forskjellige personar som sel ting og tang), ute på ein skuleplass. Fann ikkje så mykje, for det som var fint, var jo så klart for stort til å ta med. Men veldig kjekt å berre gå rundt og sjå, og me fann jo noko til å ha på veggen heime, og eg fann ein knallgul vintagekjole. Artig! Var innom nokre vintagebutikkar i Williamsburg før me stilte oss i kø for å ete ein god pizza hos Grimaldi's. Og den var ordentleg god! Etterpå tok me nok ein gong beina fatt, og denne gongen gjekk me frå Brooklyn til Manhattan over Brooklyn Bridge. I solnedgang. Nydeleg tur, og i løpet av turen hang også me opp ein hengelås med våre initialer på :) For ein fin dag! I dag har me "berre" vandra litt rundt i Chinatown og i Little Italy, me har shoppa nokre klede (han mest), vore innom ein stor sjokoladebutikk og me åt ein himla god gelato hos Amorino. Jepp, me har det veldig fint på ferie :)

6. juni 2014

"Broadway, Here I Come"

I går blei ein av mine største draumar sann: eg (eller me) såg eit show på Broadway! For eit show, for ei oppleving! Me kjøpte billettar til halv pris hos Tkts og det blei musikalen Bullets over Broadway. Ingen av oss kjente historia frå før, men me las litt på nettet og fann i alle fall ut at det var ein komedie med ein del forviklingar. Zach Braff, han frå TV-serien Scrubs, speler ein av rollane, og gurimalla. Me sat i salen og lo omtrent heile vegen! Herleg 20-talsmusikk, fine kostymar og artige figurar! Mitt fyrste Broadwayshow var kjempebra, og så blir det eit til på tysdag :) For to dagar sidan var me innom Brooklyn Botanic Garden og der var det så himla mange fine blomar! Og før me var på Broadway i går, var me innom Rockefeller Center. Ein heilt fantastisk fin utsikt (med nokre sommarfuglar i magen der eg stod høgt, høgt oppe) over Manhattan!