28. feb. 2021

Makronar, ny favorittbok og gode dagar på tampen av vinteren



Sju dagar, dei sju siste dagane i februar og med det dei aller siste dagane av vinteren. I morgon er mars her og våren er offisielt i gong. Eg merkar at dagane blir lysare og det byrjar å bli varmare, generelt har dette vore ei veldig god veke. Hadde ein episode der eg kjente at eg var sosialt utilpass på butikken i går, men det har me vel alle opplevd i løpet av det siste året. Mange timar med kaffi og lesing, greie dagar på jobb og plutseleg få eit lite kaffibesøk av finingar i går og vere på kaffibesøk i dag. Glede i små ting – eg tar alt eg får når me no går inn i mars og det faktisk er eitt år sidan heile landet stengde ned. Rart å tenkje på at me på dette tidspunktet i fjor ikkje skjønte kva me kom til å oppleve, kva som kom til å skje. Men nok om det for denne gongen. Som eg skreiv heilt øvst i innlegget, har dette vore ei finfin veke, berre sjekk ut alle dei kjekke punkta:

✦ stikke innom Romsøes Conditori for å kjøpe knallgode fredagsmakronar
✦ sundagskaffi, spelet "Decrypto" og finaste Zalo heime hos mamma og pappa
✦ Josh Groban og Sara Bareilles som syng den nydelege songen "Both Sides Now"
✦ akkurat passe med forviklingar, humor og søt musikk i boka Written in the Stars
✦ gå sundagstur på Storhaug, nyte byutsikta med knallblå himmel
✦ fargerik blokk midt i byen
✦ Emma skriv eit kjempebra og viktig innlegg om det å fly mindre
✦ majestetisk hus fullt av eføy
✦ regn på ruta ute og ei bok i fanget inne
✦ "I bildearkivet del 3" – mimring til ei meir normal tid inne hos Et katteliv
✦ morgonstunder med kaffi, bok og klassisk musikk
✦ vikarar som lager lappar på jobb for at me skal kunne kose oss litt ekstra på kveldsvakta
✦ laurdagstaco og spionkomedien The Man from U.N.C.L.E
✦ meir sol og lysare dagar
✦ fin og rørande kjærleikshistorie midt i ein pandemi
✦ byrje å sjå Mord i paradis, all den herlege britiske humoren
✦ flott katt på vakt ved ei lita bru på veg til jobben ein dag
✦ har delt denne før, men den er like morosam enno: togturen "Rock Island" frå The Music Man
✦ ny sesong av Mysteria i Brokenwood på NRK Nett-TV
✦ må få til å stikke innom Doughnut Worry i byen ein dag
✦ lite kaffibesøk utpå ettermiddagen i går av eit venepar me ikkje har sett sidan desember
✦ sukkersøte og sjarmerande Oscar
✦ Kjæreste Emmie er foreløpig ei av dei søtaste, mest rørande og beste bøkene i bokåret 2021

26. feb. 2021

Lengt etter ei ny årstid


Lengtar etter vår. Etter varmare vêr, lysare dagar. Blomane som poppar opp ute, spesielt dei vakraste snøklokkene. Sitje ute i den botaniske hagen, kanskje treffe på ein av kaninane. Lese ute på balkongen, sykle til jobb tidleg om morgonen når det faktisk er soloppgang og ikkje bekmørkt. Tre små bilete frå i fjor, tre bilete som minner meg på kva meg går i møte. For sjølv om det kjem til å vere restriksjonar, sjølv om me ikkje kan vere sosiale på den same måten, sjølv om me ikkje kan reise, er me på veg mot lysare og varmare dagar. Sidan det har vore ein kald vinter, tar det nok litt meir tid enn vanleg før snøklokkene og krokusane er på plass. Men snart, snart er me der.

24. feb. 2021

Lillelaurdagregn



Fullt regntøy til og frå jobb dei siste dagane. Ute regnar det visst enno. Plask, plask, plask. Dropane renn nedover ruta. På eit vis er det noko fint med det også – av og til på slike dagar finn eg fram kameraet og prøver å fange dropane. Dei er der i ein augneblink, i den neste er det dei borte. Blitt til lange strekar på vindauget. Mørkt ute, inne sit eg med ei god bok i fanget, kjenner det er godt med langhelg etter åtte jobbdagar på rad. Ler av Truls á la Hellstrøm. No kan det berre regne. 

22. feb. 2021

Nok ein lesemorgon


Lita stund for meg sjølv. Berre meg og boka. Og så klart kaffi. Mannen min drog tidleg av garde til jobb, for min del er det kveldsvakt i dag og eg har dimed god tid. Å få starte veka slik, er noko som gir meg energi. Trur aldri eg kan få sagt mange nok gongar kor mykje lesing betyr for meg. Dykke ned i eit anna univers, få bli kjent med så mange nye personar, le og gråte om kvarandre. Det er glede kva dag som helst. Etter ein roleg start på dagen, er eg klar for jobb om eit par timar. 

21. feb. 2021

For det meste innekos


Berre innebilete i denne vekas sundagsliste. Eg har sykla til jobb kvar dag, og på den måten vore ute jamt og trutt, men det har ikkje vore noko særskilt som har fanga blikket mitt. Snøen er borte, eit par av dagane har det bøtta ned ute, og når eg ikkje har vore på jobb, har eg stort sett slappa av inne med kaffi eller te, ein serie, bøker og strikketøyet. Owææh, eg er så å seie ferdig med å strikke den T-skjorta, kva skal eg no finne på? Eg har ei strikkeoppskrift på lur som eg gjerne vil byrje på, men eg må skaffe meg garn fyrst. Elles har eg hatt fyrste jobbhelg med publikumsbading på aldri så lenge, og timane har foke av garde. Herleg å sjå alle dei som ønskjer å besøke oss, at det endeleg er folk i bassenget igjen. Lurer på om eg berre set i gong med å dele fine augeblink frå denne veka:

✦ fekk "besøkt" Hardanger i denne månadens novellesamling
✦ knallkule maskemarkørar kjøpt på Epla-butikken i_alt_stresset
✦ Pixar-filmen Soul på Disney+
✦ sukkersøt, liten panda
✦ Dvoraks åttande symfoni på Hovedscenen, gøy å høyre noko med sjølv har spelt med orkesteret
✦ ser gøy ut å overnatte i ei tretopphytte
✦ boka The Girl with the Louding Voice er ei sterk, rå og samstundes nydeleg leseoppleving
✦ og eg måtte ta med flotte to sitat frå boka, laga i appen Underline
✦ videosamtale med ei god veninne som eg ikkje har prata med på veldig lenge
✦ tilbakeblikk på november inne hos Niina
✦ kjekt å endeleg ha jobbhelg med publikumsbading
✦ Peter Hollens med ein fin versjon av Coldsplays "Fix You"
✦ svømme og dykke i bassenget før torsdagens kveldsvakt
✦ katten Audree og piggsvinet Herbee i ei fin tolking av eit bilete i Den lille prinsen
✦ Nadiya baker på Netflix, alt ser så godt ut og Nadiya er ein flott og herleg person
✦ sykle på vegar eg ikkje har sykla på ei stund
✦ fordi ein god latter forlenger livet: "Top 10 TV Presenter Laughing Fits"
✦ laurdagspizza, Kongen befaler og eit spørjespel
✦ streamingkonsert med SSO og ein dyktig fiolinist med Sibelius sin nydelege fiolinkonsert
✦ vårstemning og fine, fine Bianco
✦ klagar aldri på lesetid med akkurat passe høg klassisk musikk i bakgrunnen
✦ tetid og den herlegaste serien The Durrells

19. feb. 2021

Hus ved havet 🌊


Stemma til Moddi. Den har ein nerve, ein særskilt klang som både er sår og vakker sår, ru og litt hes. Aller finast er det når han syng på norsk, på sin fine nordnorske dialekt. Sjølv om"House by the Sea" er på engelsk, er det likevel ein av dei vakraste songane han har. Musikkvideoen er som ein draum, og med orda "They say home is the place where your heart is. Then I am home now, though I am far away", blir eg dratt inn i denne draumen. For det er noko kjenneleg med stemninga, samstundes som det er noko framandt med det heile. Ei heilt eiga kjensle. Moddi har også andre songar som eg kan høyre om og om igjen, der "Togsang" og "Kjerkegård ved havet" er to av dei. Set på musikkvideoen over, slapp av og la deg draume av garde. La tankane fare, lag deg ei fin helg.

17. feb. 2021

Sjarmør i pels sett på ein sundagstur


Sjå denne lille, søte som me møtte på vår lille sundagstur! Katten var både sjenert og nysgjerrig, og etter ei bittelita stund, poserte den som om den aldri hadde gjort noko anna. Å, både mannen min og eg nemnde at pusen likna på finaste Jeremias ♥︎ Eit av husa me gjekk forbi, hadde ei gardin med ordentleg retromønster hengjande i eit vindauge. Ja, kanskje er den faktisk frå 60- eller 70-talet.

Turen var ikkje av den lengste sorten, men pyttsann – det var godt å berre komme oss ut i nærområdet, bevege kroppen og gå vegar me ikkje går til vanleg. Enkel sundagstur med kohorten ;) Me traska gatelangs bydelen Våland, opp til Vålandstårnet og stira utover byen vår. Fine Stavanger. På himmelen var det eit hint av makrellskyer og lyset over fjella var heilt spesielt.

15. feb. 2021

Ferske bollar i to variantar


Nybakte bollar, eit par med vaniljekrem og dei andre med mandelmasse og krem. I år som i fjor, laga me eit par svenske fastelavnsbollar, eller semlor som dei heiter på svensk. Fram med finserviset og me åt to bollar kvar etter ein god laksemiddag. Mmm, heilt ferske og varme bollar, dei blei kjempegode! Frimåndag i dag. Eg har tatt det heilt med ro med både bok og strikketøy i fanget, rydda i eit par skuffar inne på gjesterommet og sett på kulaste Murdoch Mysteries. Lite på tapetet i morgon, men det er eigentleg heilt greitt. Korleis har din start på veka vore? 

14. feb. 2021

Pandaspel og tjueto andre fine punkt



Ser på sundagslista under og oppdagar at det plutseleg blei ein del punkt. For sjølv om ein del av punkta er det ein kallar småting, er dei alle viktige og har vore med på å gjere veka veldig fin. Veldig kjekt å ha publikum tilbake i svømmehallen, og sjølv om det har vore kaldt å sykle til jobb tidleg om morgonane, har det samstundes fått meg til å vakne. Og med sola i andletet på veg heim kan eg ikkje klage. Liten sundagstur i dag, elles må eg vel seie at det har vore ei roleg og avslappa helg med lesing og strikking, brettspel, film og fastelavnsbollar. Litt vittig at det er fastelavn, Valentinsdag og morsdag på same dag. Gratulerer med morsdagen, vår fine mamma! Skal no høyre ferdig ein streamingkonsert før det blir litt meir lesing og etter kvart senga. Tjuetre bra punkt kjem her:

✦ månadens Christie-bok var Parker Pyne ordner opp – kult å lese noko litt anna av Christie
✦ spele pandaspelet (eigentleg "Takenoko") i går kveld og "Kortskalle" i dag
✦ tommel opp at det endeleg er publikum i hallen igjen
✦ fleire søte og artige dyr som koser seg ute i snøen
✦ Truls á la Hellstrøm etter jobbdagane denne veka, så tøft og flott då dei var ute på Færøyene
✦ nok ein gong det skarpe og varme sollyset inn i stova vår midt på dagen
✦ ny vlog frå Jonna med nydelege bilete, kvardag og mykje snø
✦ avslappande å ta fram strikketøyet og strikke litt kvar dag
✦ pusle ferdig puslespelet
✦ blir alltid like glad når det er eit nytt innlegg inne hos Et katteliv, til dømes dette
✦ lage fastelavnsbollar til dessert i dag
✦ god prat med ein av mine nærmaste kollegaer og kjekk prat med gamle kollegaer
✦ i ein Great Canal Journeys-episode, overnatta dei på koselege Lengthsman's Cottage
✦ laurdagsmorgon med kaffi og ein liten, knallgod konfektbit (sjekk ut nettbutikken Fredag)
✦ bobla på Gamlingen mot himmelens vinterlys
✦ "Una Mattina" i ein vakker versjon med piano og cello
✦ møte ein finfin katt på vår lille sundagtur
✦ fjør med fargerikt mønster på den kvite snøen
✦ litt koseleg å sjå den originale Pete's Dragon frå 1977 på Disney+
✦ dei beste augeblinka frå sesong ein og to av Kongen befaler
✦ høyre på ein streamingkonsert med Oslo Messingkvintett 
✦ le av den franske forviklingskomedien Le Grand Blond avec une chaussure noire
✦ for grotesk for min smak, men det var no driv i Speilmannen, bok nr. åtte i Joona Linna-serien

12. feb. 2021

Snødekt landskap og vinterlyset




Tørt på hovudvegane ute, og eg har dimed sykla fram og tilbake jobben desse dagane. Mykje finare å traske dit, noko som ikkje heilt aktuelt klokka ti over seks om morgonen. Bileta over er med andre ord frå førre veke, ein dag då eg gjekk til jobben. Men det gjeld enno, for sola har titta fram kvar dag og det har berre vore herleg å sykle heim i eit sånt vintervêr. Synest framleis at det eine snødekte området langs jobbvegen er som tatt rett ut frå finaste Tre nøtter til Askepott. Eg ser for meg Askepott og prinsen som rir ut av bilete på kvar sin lyse hest. Og musikken frå filmen speler av i bakgrunnen. Lyset ute, særskilt i skogen no for tida, eg får ikkje nok. Hi, hi, eg ser at det er mange dei same orda og bileta som går igjen. Men akkurat no er det slik, det er dette eg finn glede i saman med bøker og strikking. For det er framleis ei rar tid me lev i med null fritidsaktivitetar, omtrent ikkje sosial kontakt, null reisar, null normal. Alle små gleder er for tida veldig viktige. 

10. feb. 2021

Byhaugturen



Byhaugturen er den sekstande av i alt femtito kvardagsturar som me no har gått. På laurdag var det kaldt i lufta, men elles var vêret heilt nydeleg! Me sykla til Stokka der turen starta, sette frå oss syklane og byrja å gå. Sola var med oss heile vegen, varma oss i andleta og laga skuggespel på bakken. Snøen låg som eit tynt teppe overalt og himmelen var skyfri og knallblå. Byhaugkaféen er foreløpig stengd på grunn av restriksjonane, men det må vere så koseleg å sitje ute på ein benk med ein kopp kaffi og noko attåt. Her får me komme tilbake for å slappe av og nyte utsikta.

Lyset ute i skogen, altså! Eller, eigentleg vinterlyset generelt desse dagane og vekene. Kjekt å gå på nye stiar, oppdage nye plassar og med det fantastiske vêret, kjente eg meg nesten euforisk. Det gjorde så godt å få vere ute på ein sånn dag no når ting og tang jamt over er så usikkert frå dag til dag. Snøkrystallane var skarpe og klare, og då me kom ned til Litle Stokkavatn, var det mange folk som koste seg med å gå på skøyter eller ski ute på isen – det var til og med laga til ei løype. Lyden av isen og vatnet som buldra, stemninga og den kalde, friske vinterlufta, dette var herlege timar ute før me etter kvart kom oss heim til bok, strikketøy, brettspel, heimelaga pizza og gammal film. 

8. feb. 2021

Luftballong av eit fargerikt lappeteppe


Puslespela til Colin Thompson, alltid så mange detaljar og artige figurar. Tidlegare har me pusla dette kule puslespelet, og for eit drygt år sidan pusla me dette som adventskalender. Slappar av når me sit der og leitar etter brikker som passar, smiler av alle figurane som me finn litt etter litt på motivet. For ein kreativitet og fargebruk hos denne Thompson, eg blir rett og slett glad :)