1. aug. 2023

Laatuaikaa





I går var det juli, i dag skriv me august. Førre månad gjekk så altfor fort med reise både i Sverige, Finland og her i Noreg. Etter å ha vore hos svigers sidan seint tysdagskveld, drog me heim i går på same måte som me drog opp: i bil, heile distansen i eitt. Brukte litt lengre tid i går sidan det blei omkøyringsknot i Bergen og det at me ikkje var like heldige med ferjene, men pyttsann. I løpet av dagane på Sunnmøre har det blitt laatuaikaa. Såg denne heilt nydelege klokka i ein liten butikk i eit brukskunstkvartal i den finske byen Joensuu. Ho som har laga klokka, Aiku Ihana, forklarte at laatuikaa er det finske ordet for kvalitetstid, og med dei søte uglene, var det klart at denne måtte bli med heim. Fekk den faktisk med i kofferten utan at den blei øydelagt. Og så berre måtte eg ha med den blå, lille ugla også som ein liten suvenir. Eg veit ikkje, i mine auge var den berre litt ekstra søt.


Postkort og pins er elles det eg pleier å kjøpe som små, enkle suvenirar. Det tar ikkje stor plass i bagasjen, og eg har allereie ein plass her i heimen å ha både postkorta og pinsane (sjølv om den andre postkortboka mi no er full og eg må dekorere ei ny før eg kan lime dei plass, tihi). Fann ikkje så mange flotte pins i år, men dei eg fann er veldig nøgd med, til dømes kulaste Mummitrollet frå Mummimuseet i Tampere. Postkort blei det nok, nesten litt for mange, men sjå så mange flotte og kjekke plassar me fekk oppleve på tur. Dette kjem til å bli fine minne på grå og tunge haustdagar.

Legg igjen ein fin tanke