31. mars 2024

Kan vel ikkje anna enn å skrive påskestemning




Sit heime i stova no, men mesteparten av dagane denne veka har me vore på hytta. Kom heim tidlegare i kveld, litt greitt å vaske klede og slikt og sidan ha ein heil dag fri her i heimen før kvardagen byrjar igjen. Godt med hyttepåske, ein slappar av på ein eigen måte når ein er oppe på fjellet. Jobba måndag og tysdag før det var påskeferie. Vêret oppe ved Moslivatnet har vore så som så, det skal eg ærleg innrømme, men om ikkje anna har me fått lese mykje, høyrt på radio ("Påskelabyrinten" i mitt hjarte), prøvd nye spel, høgtlesing frå ei quizbok, god mat og mykje hygge. Som du sikkert skjønner, klagar eg ikkje på den, den der påska på hytta. Meir påske:

påskekrim og påskequiz, og så klart litt appelsin og Kvikk Lunsj
solnedgang over vatnet ein av kveldane på hytta
legje puslespel og løyse kryssord i lag med den finaste no i ferien
intervju med Viggo Valle i samband med hans siste sesong som "Påskelabyrinten"-general
påskestemning de luxe inne i hytta 
sykle til jobb langs Mosvatnet når sola skin og lagar lange skuggar
Zalo ville også vere med å feire påska på hytta, og innimellom var han kongen på haugen 
og Balto fekk me også hengje med
lilla krokus, kvart år eit vårteikn 
og når me snakkar om lilla: innmari kul keramikkopp
gammal, raud telefonkiosk som no er eit lite minibibliotek
tihi, bøker om bøker er alltid ein slager, og The Littlest Library var akkurat passe søt
strikke vidare på Twiggygenseren 
37 replikkar som avsluttar filmar på heilt fantastiske måtar – mellom anna The Princess Bride
høyre "Påskelabyrinten" kvar morgon
Marzahn, mon amour var ei underfundig og herleg lita bok 
gøy å avslutte kvar kveld på hytta med ein ordentleg quizrunde
Bami og Dami er berre dei aller søtaste uansett kva dei finn på
prøve ut eit nytt spel, nemleg "UNO Flip", ein (for meg) ny variant av det kjente kortspelet
sola som skein inn gjennom terrassedøra på hytta medan eg sat og las i ei krimbok
krimboka Skygge i snøen av Oriana Ramunno har eit mørkt bakteppe, men er veldig godt skriven!

29. mars 2024

Endeavour


Påskekrim både i bokformat og på TV-skjermen. Gleder meg til å lese ein del no i påska, og eg har så klart med meg litt krim i sekken opp til hytta. Seriane Shetland og Vera som ligg ute på NRK Nett-TV, får vente (og den som ventar på noko godt...). Ein av seriane som ikkje er årets påskekrim, men som kunne ha vore det, er sesong ni av Endeavour. Eller Unge inspektør Morse. Sesongen var tilgjengeleg i arkivet fram til førre veke, og eg rakk akkurat å sjå den siste episoden. Den aller siste episoden av ein serie eg verkeleg har elska. Tidskoloritten, detaljane, tempoet, karakterane og dei stadige referansane til den originale Inspector Morse-serien. For Endeavour er laga som ein forgjengar til serien som gjekk frå 1987-2000 med John Thaw som Morse. For dryge ti år sidan, var eg ferdig med å sjå alle episodane som blei laga av den originale serien, og eg har jo i tillegg sett oppfølgjaren Lewis som gjekk frå 2006 til 2015. For dryge fem år sidan blei originalserien faktisk kåra til den aller beste britiske krimserien, og det skjønner eg godt. I mine auge er Endeavour vel så bra, og eg kjem til å sakne den. Shaun Evans spelte Morse ypperle, heilt ut til fingerspissane. Og noko som er ganske kult: Shaun Evans var førtitre då han spelte inn siste episoden, John Thaw var førtifire då han byrja å spele den! Over kan du sjå London Metropolitan Orchestra spele musikken frå serien for siste gong, og eg får gåsehud. I eit anna klipp fortel Shaun Evans litt om det å spele Morse. Karakteren dukka for fyrste gong opp i boka Last Bus to Woodstock i 1975 av Colin Dexter. Kanskje eg no må lese bøkene? Tihi, det sa eg også då eg var ferdig med å sjå originalserien ;) Om ikkje anna, har eg i alle fall storkost meg med å sjå alle desse tre seriane over lang, lang tid.

27. mars 2024

Utelesing blant blomane

 
Gule blomar som er perfekt no i påska, kvite blomar med små dropar på og lilla blomar, også dei med dropar på. Stavanger botaniske hage, altså. På sundag var me ein liten tur innom hagen, og sjølv om det framleis er nokså lite som blomar, er det nokre plassar der fargane sprett opp.
 


Årets fyrste utelesing. Sat på ein benk og las ei lita stund i kvar vår bok. Godt å kjenne sola varme, nyte vårlufta og berre slappe av med lesinga. Krokus på rekkje og rad i graset. Kjensle av vår.

25. mars 2024

Maske for maske




Påskeferien er ikkje heilt i gong enno, for eg var på jobb i dag og skal ha seinvakt i morgon. Men på onsdag blir det så hyttetur og påskesteming for oss også. Lesing blir det i alle fall, og kanskje blir det litt strikking innimellom. For sjølv om det ikkje blir mange omgangar kvar veke, strikkar eg litt jamt og trutt. Twiggygenseren blir større litt etter litt, og eg er framleis supernøgd med både fargen og sjølve tweedgarnet frå Pickles. Koser meg med å strikke ein ny genser, maske for maske.

24. mars 2024

Ikkje ferdig med snøklokkene heilt enno




Kanonflott vêr ute i dag, likevel blei det ikkje sundagstur. Eg jobba nemleg i går og skal på jobb igjen i morgon og trong dimed dagen i dag til å gjere ganske lite. Senke skuldrene littegrann. Men ein tur utanom døra nettopp for å kjenne sola i andletet, det måtte me begge to. Kom oss til den botaniske og blomane der, og sat på ein benk og las i kvar vår bok. Påskestemning på jobb med påskekort, krimbøker og kjekke brettspel. Mange nye bøker å plassere og dagane har stort sett gått i eitt. Godt å kjenne at det blir lysare og lysare ute, både veg til jobb og på veg frå jobb. Tenk, i morgon byrjar "Påskelabyrinten", og eg har så vidt byrja å sjå ein av årets påskekrimseriar på NRK Nett-TV. Og så blir det sikkert krimbøker dei nærmaste dagane. Prøver å runde av her, ikkje alltid like enkelt:
 
plukke snøklokker, ha dei med heim og sidan setje dei i den raude rullesteinsvasen vår
bittersøt avslutning på Endeavour – utruleg bra og verdig, men likevel bittersøt 
både interessant og lærerik leseoppleving då eg las Annleislandet Svalbard av Line N. Ylvisåker 
ny video frå Miranda, kjekt å høyre meir om hennar nyaste leseopplevingar og sjå fine bruktbøker
spele litt Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen i lag med verdas beste
sitje på ein benk i solskinet og lese i ei bok
fleire søte påskekort (og ein liten påskekylling) på jobb 
synest denne sitronostekaka høyrest veldig god ut
raudstrupen i den botaniske hagen, akk, så vakker
å, finaste The Secret Garden av Frances Hodgson Burnett (og endå fleire snøklokker!)
høyre på roleg musikk og bruke siste rest av kveldane til å lese
sykle til og frå jobb, i alle fall når det ikkje bøttar ned
Bami og Dami som no får vere i lag med dei store kattane, og småpusane er framleis like søte
komme eit godt stykke vidare på fotoboka
og det er ordentleg hygge i å sitje og sjå på bileta og mimre tilbake til Finland og Åland
apropos kattar: prøve ut spelet "Calico", flott med alle fargane og mønstera og artig med kattane
snøklokkebonanza
bibliotekshyller bada i solskin!
sundagskjensla: kaffi, ei god bok og litt søtt attåt kaffien
møte to tidlegare kollegaer på to dagar medan eg var på jobb, noko som var veldig koseleg
bok nr. tre i Lovelight Farm-serien, likte veldig godt Layla og Caleb si historie

22. mars 2024

Små, kvite blomar om våren




Enno kan eg få auge på dei vakraste snøklokkene. Når eg syklar til jobb, når me er ute og går sundagstur eller når eg skal handle litt på butikken. Her om dagen plukka eg med meg nokre heim og hadde i ein lita vase. Og når sola skin på dei slik at alt lyser endå meir, eg må smile for meg sjølv der eg går, berre fordi det er så fint. Kvardagsglede. Dei der små, kvite blomane om våren.

21. mars 2024

Noko kald sundagstur




Langt rundt Stokkalandsvatnet er det ikkje, litt over fire kilometer, men med den sure vinden som var på sundag, var det heilt greitt at det ikkje blei ein lang tur på oss. Trass vinden, var det godt å bevege på oss etter ein roleg laurdag. Gløymde å ta bilete av Neptun og Pluto – siste del av Planetstien finn du nemleg langs vatnet – men eg klarte ikkje å la vere å posere på ein del av den nedlage Ålgårdbanen (og viss du lurer: eg hadde så klart jakke med meg i tillegg). Eg veit ikkje kva det er, men det er noko facsinerande ved slike gamle restar, og kanskje spesielt når det gjeld tog. Høg, mørk skulptur og høgt siv, brune fargar og litt grå himmel, ikkje den mest fargerike turen.


Fekk auge på snøklokker og krokusar til slutt, og synet lyste opp når det elles var lite som minna om vår. Fuglane låg i vatnet, eit par stod oppå fuglehuset i vatnet og andre fauk med vinden. Me kjente vinden me også, så det var godt å til slutt setje oss inn i bilen og sidan køyre heim til bok og kaffi.

19. mars 2024

Hemmeleg, botanisk hage 🗝🌷


Ein løynd hage, for meg eit kjært og varmt barndomsminne. Hugsar mormor fortalde meg om den Den hemmelighetsfulle hagen (fyrste gong gitt ut på norsk i 1918 som Den hemmelighetsfulde have, no Den hemmelige hagen), eg har lese den på norsk tidlegare, sett fleire av filmatiseringane og nyleg lese den på engelsk i ei nydeleg utgåve frå Puffin Clothbound Classics. Og neida, den botaniske hagen å Ullandhaug er ikkje hemmeleg, men eg berre måtte skrive det som eit slags ordspel på bokas tittel.
"Mistress Mary always felt that however many years she lived she should never forget that first morning when her garden began to grow. Of course, it did seem to begin to grow for her that morning." (s. 122)
 
Som i Anne of Green Gables, er det så mange flotte skildringar av naturen, og fleire av dei skreiv eg ned. Joda, innimellom er språket utdatert og Mary framstår som over gjennomsnittet sutrete, men magien med nøkkelen til den hemnelege hagen, alt som gror og mysteriet med skrika i natten, den er der enno. I Miranda sin bokklubb Comfort Book Club er The Secret Garden nemleg marsboka, og det var kjekt å lese den igjen etter såpass mange år – og tenk: då eg var ute og tok bilete av boka i den botaniske hagen, møtte eg ein raudstrupe, akkurat som Mary i boka! "She stopped with a little laugh of pleasure, and there, lo and behold, was the robin swaying on a long branch of ivy. He had followed her and he greeted her with a chirp." (s. 84). Eg skal innrømme at det kom ei tåre og to, for eg blei nokså rørt der me stod i solskinet.
 



Å, den raudstrupen var berre så fin. "The robin flew from his swinging spray of ivy on to the top of the wall and he opened his beak and sang a loud, lovely trill, merely to show off. Nothing in the world is quite as adorably lovely as a robin when he shows off—and they are nearly always doing it." (s. 84). Plutseleg var den ferdig med å posere og flaug av garde.
 
"They always called it Magic and indeed it seemed like it in the months that followed—the wonderful months – the radiant months – the amazing ones. Oh! the things which happened in that garden! If you have never had a garden, you cannot understand, and if you have had a garden you will know that it would take a whole book to describe all that came to pass there. At first it seemed that green things would never cease pushing their way through the earth, in the grass, in the beds, even in the crevices of the walls. Then the green things began to show buds and the buds began to unfurl and show color, every shade of blue, every shade of purple, every tint and hue of crimson. In its happy days flowers had been tucked away into every inch and hole and corner." (s. 268)
 
"Satiny poppies of all tints danced in the breeze by the score, gaily defying flowers which had lived in the garden for years and which it might be confessed seemed rather to wonder how such new people had got there. And the roses – the roses! Rising out of the grass, tangled round the sun-dial, wreathing the tree trunks and hanging from their branches, climbing up the walls and spreading over them with long garlands falling in cascades – they came alive day by day, hour by hour. Fair fresh leaves, and buds – and buds – tiny at first but swelling and working Magic until they burst and uncurled into cups of scent delicately spilling themselves over their brims and filling the garden air." (s. 268). Ei varm og god leseoppleving som tok meg med tilbake til barndommen.

17. mars 2024

Sånn midtvegs i årets tredje månad




Sundagskveld, og eg skriv litt om veka mi. Slik eg ofte gjer. Me er midtvegs i mars, dagane blir lengre og det blir meir og meir vår ute for kvar dag. Joda, eg fekk med meg all snøen som kom på Austlandet i går; eg krysser fingrane for at det ikkje kjem noko meir kvitt frå himmelen her i området. Å sykle til jobb er så herleg (sjølv om eg den eine kvelden kom heim med regntøy som var dryppande vått), eg ser snøklokkene når eg syklar via Mosvatnet. Supergøy å prate om gode bøker med eit par av kundane som kjem innom, for når ein ser at dei kjøper bøker eg sjølv har lese og likt, då veit ein at ein har noko å prate om medan eg ordnar betalinga. Kinobesøk har det også blitt, ein roleg laurdag og ein minisundagstur i dag trass litt kald vind. Ferdig her for i dag:
 
kose meg med å lese Mysteriet på Monte Carlo-ekspressen, denne månadens Christie-bok
laurdagspizza og ein QI-episode
Brandon Campbell sine illustrasjonar (og ikkje minst fargebruken) er superkul 
å, ikkje berre snøklokker ute no, men også lilla krokus
blå himmel og gåsungar på treet
storslått musikk og spektakulær kinematografi: det var stas å sjå Dune: Part Two på kino 
berre høyr her: låtene "Beginnings Are Such Delicate Times" og "The Emperor" frå filmen
ete ein god kyllingburgar før me stakk på kino
ny sesong av Beat for beat, og gøy Løvenes konge og D.D.E-songen "Det umulige e mulig"
liten, nusseleg pus som blir plukka opp av ein syklist og får ein heim
lese eit par sider i ei bra bok medan kinoreklamen rulla og gjekk
forfattaren prøver kanskje litt mykje, men Mord på museet var no likevel morosam krimkomedie
"Top 10 Band with the Best Harmonies" – m.a. The Carpenters, Simon and Garfunkel og Queen
sundagstur rundt Stokkalandsvatnet, og måtte jo gå litt på togskjenene (nedlagde Ålgårdbanen)
stikke innom Sunde gårdsutsalg i går, dei har så mykje godt!
Lars Saabye Christensen skriv godt, og hans nye bok Herr Knapps uforrettede saker var artig
Helen Ahpornsiri sin kunst med tørka blomar, altså, det er berre så utruleg vakkert!
lesestunder kvar dag, uansett om det var fem minutt eller tre timar
sjå den nestsiste episoden av Endeavour, vil eigentleg ikkje at serien skal ta slutt
høyre Miranda og Donna i The Comfort Book Club prate om finaste 84, Charing Cross Road
flotte bøker i hylla på jobb
heimelaga latte og den røffe og nydelege boka Fjellene synger

14. mars 2024

Opp til Vedafjellet






Etter ein avslappa laurdagskveld med familien, berre måtte me ut og gå på sundagen, kan jo ikkje anna når sola skin slik den berre gjer om våren. Og alltid godt å bevege kroppen. Målet var å gå opp til Vedafjell i nabokommunen Sandnes. Litt klyving opp fjellsidene blei det, og noko sur vind der det var veldig ope, men det gjer lite og ingenting i godt selskap, blå himmel og dufta av vår.




Fyrst bar det opp på ein topp før me vandra inn i ein skog for å komme oss vidare opp til Vedafjellet. Sola laga skuggespel, det var godt å berre gå, og vel oppe var stod me ei lita stund og naut utsikta. Men berre ei lita stund, for det blåste såpass at hendene og andletet fort blei kaldt.




Sat litt ved varden, skreiv namna våre i turboka og tok eit sjølvknips før me byrja på turen ned. Smilte godt av inskripsjonen på den eine trappa som me måtte over, og på veg ned, ikkje så langt unna sjølve toppen, måtte me ha ein liten pause. Mat, kaffi og eit par sjokoladebitar, akkurat slik det skal vere på tur. Viktig med ein god rast, litt påfyll til turen ned att, og så var det heim.