Viser innlegg med etiketten kjærleik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjærleik. Vis alle innlegg

1. juni 2026

Morgonlevering



Bryllaupsdagsfrukost på døra. Mannen min hadde nemleg tinga heim morgonlevering med blomar, og til frukost laurdagsmorgon blei det rundstykke, god juice og kake. Sistnemnde hadde me jo etter frukosten sjølve, for då venta det meir kaffi og ei god bok. Litt luksus må ein ha på ein slik dag!

30. mai 2026

Bryllaup av stål ♥

Tåke og litt grått her i byen i dag, ein stor kontrast til den same datoen for elleve år sidan. For då skein sola som aldri før, og me smilte om kapp med den. I år feirar me stålbryllaup, tenk det. Tenk at du framleis held ut med meg som elskar musikalar, hatar koriander og som lett tar til tårene både når eg er glad, når noko er rørande eller når dagen er vond og grå. Du får fram smilet mitt med den rare humoren din, og din armkrok er min heim. Å ha handa mi i di, kjenne varmen din, kjenne at eg er elska; eg er heldig og takksam som får dele livet med deg. Kvar dag du och jag. Eg elskar deg ♥

31. jan. 2026

2025-minne på mange små lappar



Siste januardag, ute blåser det. Me sit inne og les 
høgt lappane frå minneglaset, vår eigen lille årsoppsummeringstradisjon. Eg har mista tellinga på kor mange år me har gjort dette no, men det speler inga rolle. For me synest dette er ein kjekk måte å oppsummere året på. Skrive ned opplevingar på fargerike lappar gjennom heile året, og sidan lese dei høgt når eit nytt år er i gong. Oss to, te i kvar vår fine kopp, stearinlys og minna om små turar, interrailtur, piggsvin- og undulatpass, orkesterkonsertar, hyttepåske, haustferie på Sunnmøre, musikalar, kvardagar og ikkje minst huskjøp. Å dele desse minna i lag med den finaste som finst, eg er takksam 

24. des. 2025

Vårleg julekorthelsing 🌸


Det årlege julekortbiletet er i år ganske vårleg, men me treng litt lysare fargar midt i mørketida. Akkurat no ventar eg i spenning på om prinsen får sin Askepott i år også. Eg sit under ei varm dyne i sofaen og prøver å la juleroa synke inn. Og etter at prinsen kanskje får sin Askepott, må eg vente endå litt meir for å sjå om Sonja finn julestjerna på himmelen også dette året. I går var det mandel i grauten og pynting av treet på Sola, og seinare i dag drar me dit igjen for å feire julekvelden med familien. Så med denne lille posten, vil eg ønskje alle som stikk innom her i ny og ne
 ei riktig fin jul ♥︎

30. mai 2025

Heile ti år ♥

Latter og store smil, nokre tårer og mange fine folk, ein solskinsdag som eg for alltid vil hugse. Du veit korleis ein seier at tida går fort i godt i lag, og det stemmer. For tenk, i dag er det ti år sidan du og eg sa "ja" til kvarandre. Ti år som eg ikkje heilt skjønner kor er blitt av. Ti år som mann og kone, men endå fleire som kjærastar. Alle desse åra med kvardagar og reiser, orkesterkonsertar og musikalar (tihi, du er god som held ut med ein musikalnerd som meg), år med små og store gleder. Og år med di støtte og armkrok når dagane har vore kjipe og grå. Du som ser meg akkurat slik eg er, anten det er med smil eller med tårer. Å få ha handa mi i di, berre vere med deg, eg kjenner meg elska. Eg er heldig og takksam som får oppleve livet med deg. Du och jag, kvar dag. Eg elskar deg ♥

31. jan. 2025

Minnelappar i eit minneglas




Rundar av januar med å ta fram minneglaset, det glaset me år etter år legg lappar oppi, lappar som er fulle av minne me har skrive ned. Framleis er det mange igjen å lese, så eg kan vel seie med ein gong at me ikkje blir ferdige i kveld, tihi! Som dei aller fleste år, har me også i 2024 opplevd mykje, til dømes interrailtur, hyttepåske, små turar, nye jobbar for oss begge to, orkesterkonsertar, musikalar, travle kvardagar og fine kvardagar. Å kunne skrive ned opplevingane på fargerike lappar og leggje dei ned i hjarteglaset, og sidan lese dei høgt når eit nytt år har starta, er ei akkurat passe årsoppsummering i våre auge. Ei lita mimrestund over året som er gått, berre oss to ♥︎

24. des. 2024

Vestlandssommar midt i juletida

Kanskje får prinsen sin Askepott i år også, eg får berre vente og sjå. For akkurat no rullar julefilmen over skjermen og eg sit i sofaen under den varme dyna. Årets julekortbilete er eit godt eksempel på ein typisk vestlandssommar, tihi! Starta dagen roleg med ein god frukost, lesing, meir kaffi og noko godt til kaffien. Etter at prinsen kanskje får sin Askepott, er det berre å vente i spenning på om Sonja finn julestjerna. Utpå ettermiddagen drar me til Sola der eg tenkjer det blir ei akkurat passe roleg julefeiring.
Med tilbakeblikk på sommaren, vil me få ønskje alle ei riktig fin jul ♥︎

30. mai 2024

For alltid den nestsiste vårdagen ♥

Veit ikkje om du veit kor mykje du betyr for meg. Finingen, vimsen, kjærasten, mannen min. Som ser meg for den eg er, både med og utan tårer, både med og utan smil. Ein dag der det nesten berre var smil, var bryllaupsdagen vår. Då du og eg sa "ja" til kvarandre, og i år er det jaggu meg keramikkbryllaup. At me framleis vel kvarandre, er eg takksam for. Å få halde handa di, vere nær deg, dele kvardagen i lag og oppleve nye plassar med deg, er noko som alltid får fram smilet mitt. Einige er me nok ikkje alltid, men at det for alltid er den nestsiste vårdagen, det trur eg me kan vere einige om. Takk for at du held ut med meg, både i går, i dag og i morgon – eg elskar deg ♥

12. apr. 2024

Regnbogebukett



Fredagsblomar. Frå fredag til fredag. For førre fredag kom eg heim frå jobb til desse heilt nydelege tulipanane. Så mange friske og glade fargar i ein og same bukett! Blei ordentleg glad då eg kom heim, mannen min kjenner meg godt når han veit eg heller vil ha tulipanar enn roser (roser er kjekt å få det også, berre det at tulipanane er finare i mine auge). No, ei veke etterpå, står dei framleis i vasen på det eine bordet i stova vår. Trur nok ikkje dei står heile helga, men skal ikkje klage på ei veke med slike fargar i heimen – lilla, rosa, oransje, gult, kvitt – det er kvardagsfint, det.

29. jan. 2024

Alle dei små lappane

Alle lappane er ikkje opna og lesne endå, for det er mange av dei. Minneglaset er fullt av fjorårets opplevingar, og det er koseleg å ta det fram, ta ein lapp kvar og lese høgt annankvar gong. Vår lille årsoppsummeringstradisjon. I løpet av året skriv me ned minne og opplevingar på fargerike lappar og puttar dei i eit glas som eg har dekorert med eit raudt hjarte. Når januar kjem, opnar me glaset og går gjennom lapp for lapp, minne for minne. 2023 var eit år med både kjekke og kjipe dagar, ein flott togtur i Finland, utforske Åland, mange små turar i nærområdet, hyttepåske, travel desember, orkesterkonsertar og alle dei små kvardagsgledene. Alle desse små lappane som me skriv og les år etter år – ein tradisjon som er godt og vel ti år gammal – er også kvardagsgleder. Mimre litt over året som er gått medan det skumrar ute, stearinlys på bordet, berre han der fine og deg ♥︎

24. des. 2023

Ikkje berre grå jul


Leita ei stund etter den perfekte plassen der me kunne ta årets julekortbilete, for i tankane mine ville eg at det skulle vere mykje fargar. Me treng ein sterk fargepalett om hausten og vinteren. Stavanger har mange bygg rundt omkring som er dekka av gatekunst, både med konkrete motiv og meir abstrakt kunst, og berre ein liten køyretur unna fann me denne veggen. Synest i alle fall sjølv det blei ganske stilig! Om litt får me sjå om prinsen får sin Askepott og om Sonja kan finne vegen til julestjerna. Akkurat no er det kaffi og litt lesing, ein passe roleg start på julaftan. Seinare blir det julefeiring på Sola, og i
kvar vår heimestrikka ullgenser, vil me ønskje alle ei riktig fin jul ♥︎

14. des. 2023

5478 dagar ♥




Tida fyk fort i godt selskap. For tenk, det er allereie femten år sidan du kom heim til meg for å sjå ein film, ein kveld der me kyssa og eg spurde om me skulle vere kjærastar. Femten år sidan du og eg blei me. Du som er mi klippe, du som ser meg på både gode og onde dagar, som tar i mot meg dei dagane eg fell. For sjølv om det var rett å seie opp jobben i fjor og vere på Vitenfabrikken eitt år, har det i haust vore noko meir usikkert. At du då er her med din gode armkrok – eg er så takksam. Den armkroken er den besteste av dei beste, og så har du den teitaste humoren, tihi! Å få vere på oppdagingsferd med deg, er ei sann glede. Og så er du god som heng med ein musikalnerd på tur år etter år, det skal du ha. Når eg er med deg, kjenner eg meg heime – du och jag, eg elskar deg

30. mai 2023

God som gull ♥


Eller eigentleg burde eg vel sagt god som bronse, men det høyrest ikkje like bra ut ;) For i år er det bronsebryllaup, åtte år du og eg. Ein dag eg alltid ser tilbake på med eit smil og varme. Og når eg ser på deg, kjem smilet og eg kjenner varmen. Med deg kjenner eg meg trygg, kjenner eg meg elska. Du er her kvar dag for meg, både dei dagane når tårene renn for ingenting og dei dagane der latteren sit laust. At du står ved mi side kvar dag, det er eg takksam for. Å halde handa di, kjenne at du er nær, vite at du kvar dag vel meg slik eg kvar dag vel deg. Du er god som gull, og eg elskar deg ♥

26. mai 2023

Torsdag full av tårer og smil




Nattoget til Oslo onsdagskveld, kom fram til hovudstaden halv åtte om morgonen i går. Broremann tok det same toget, og alle tre dusja og åt ein knallgod frukost på Thon Hotel Opera. Sidan sat me på med mamma og pappa frå Oslo til Åsgårdstrand. Dagen i går var både tung og fin, ein dag fylt med tårer og mange gode minne. Den dryge timen i kyrkja var den tyngste, samstundes fekk me høyre nydeleg musikk og like nydelege ord frå dei som stod han nærmast. Alle har kanskje eit søskenbarn på Gjøvik, men alle burde også hatt ein onkel i Åsgårdstrand. Minnesamveret var på Grand Hotel Åsgårdstrand, med stilige detaljar og ei flott utsikt ut mot ein del av Oslofjorden. Fleire gode timar i lag med familien der me lo og grein litt, prata og titta på gamle bilete på eit større lerret. Ein ettermiddag full av varme og kjærleik. På Skoppum stasjon såg eg ei lita minibokhylle, alltid like glad når eg ser slike byttebuer. Overnatta på eit litt rimeleg hotell i Oslo, og åt dagens frukost på ein koseleg kafé. Og halv ti var det toget heim. Takksam for denne lille turen sjølv om høvet var trist.

30. jan. 2023

Minnelappar




Måndag 30. januar. Litt treige er me, for fyrst på månadens nest siste dag, har me hugsa å ta fram minneglaset. Kva er minneglaset, spør du kanskje. I løpet av året som går, skriv me ned minne og opplevingar på fargerike lappar og puttar dei i eit glas som eg har dekorert med eit raudt hjarte. Hugsar ikkje kor mange år me har halde på med denne tradisjonen, men trur me har hatt høgtlesing av slike minnelappar i dryge ti år. Om ikkje anna, så var 2022 i alle fall betre enn 2021, eg siterer meg sjølv: "På ein måte kjennest det ikkje ut som om 2021 har vore – det gjekk liksom i eitt med 2020". I fjor sa eg jo opp jobben i svømmehallen og byrja på eit årsvikariat ved Vitenfabrikken. Mange flotte turar og gode bøker, og eg veit at fleire av lappane i glaset vil vere alt det kjekke me opplevde på togtur i England. No gleder eg meg til å lese lappane i tur og orden, litt etter litt. Med stearinlys på bordet, kanskje litt roleg musikk i bakgrunnen, berre han der fine og og eg ♥︎

24. des. 2022

Vindfull julehelsing


Prinsen fekk Askepott i år også. Trur du Sonja kan finne julestjerna og redde jula? Her i heimen har me hatt ein kjemperoleg morgon med kaffi, quiz, lesing under ei dyne i sofaen, nokre julekaker og så klart Tre nøtter til Askepott. Snart blir det Reisen til julestjernen. Årets julekortbilete er frå ein vindfull dag på Solastranda. Me hadde det løye med å prøve å ta eit ekte hoppebilete utan å få frostbit, for jaggu meg var det kaldt utan hansker, skjerf og varm jakke. Men biletet blei superkult, så det var absolutt verd det! Vil ønskje alle ei riktig god jul i lag med kjente og kjære ♥︎

14. des. 2022

Eg veit at du vil vere hos meg ♥

Mi klippe i fjorten år. Du som ser meg på både gode og dårlege dagar, som prøver å forstå meg også dei gongane tårene kjem utan at eg sjølv veit kvifor, som – om enn litt motvillig – blir med på ein selfie eller fem. 2022 har vore noko betre enn 2020 og 2021, og eg er takksam for at du støtta meg då eg sa opp jobben i svømmehallen tidlegare i år utan å ha ein annan jobb å gå til fyrst. Å vere på oppdagingsferd med deg, anten det er på togtur i England eller på (for oss) nye restaurantar i nabobyen, er alltid ei glede. At du heng med ein musikalnerd på tur år etter år eller seier, sånn omtrentleg, "ja" til å vere med på julekortfotografering ute på stranda, der er du jaggu meg god som held ut. Du har den beste armkroken og den teitaste humoren – du och jag, eg elskar deg

30. mai 2022

Ullbryllaup ♥

Bok og strikketøy i fanget, kaffikopp nummer to for dagen. Foreløpig skin sola, akkurat slik den gjorde for sju år sidan. Tenk det, i dag er det sju år sidan du og eg sa "ja". Eg veit at det ikkje har vore like enkelt å leve med meg i desse rare koronaåra, men det er då det er litt ekstra fint å sjå tilbake på ein dag med store smil, strålande sol, fine folk og kjærleik. Og eg vil du skal vite at eg er takksam for at du er her. At du alltid har ein klem å gi, prøver å trøyste, at du kvar dag vel meg slik du gjorde for sju år sidan. Slik eg kvar dag vel deg. Takk for at akkurat du er vimsen min, eg elskar deg

11. feb. 2022

Skinande song ♥︎


Svømmestemne heile helga, med andre ord lang dag både i morgon og sundag. Om ikkje anna gir det mykje glede og energi når det i dag har vore sol frå me stod opp og til no. Dei siste dagane har vêret vore veldig vekslande (med trykk på veldig), og eg tar alt det solskinet eg kan få. Litt ekstra fint er det når solstrålane treff biletet med lydfrekvensen frå Cinema Paradiso-kjærleikstemaet, eit bilete eg laga som morgongåve til han der fine. Tenk at det er dryge tre år sidan me fekk oppleve å høyre denne live på scena med fullt orkester og at det var sjølvaste Morricone som dirigerte. Året etterpå var han borte. For meg vil den konserten for alltid stå igjen som ein av dei største musikalske opplevinga. Filmen frå 1988 kan eg sjå om og om igjen. Og eg græt like mykje kvar gong når sluttscena kjem. Temaet er eit av musikkinnslaga me høyrde i kyrkja den dagen me sa "ja" til kvarandre. Om ein dryg månad skal me spele denne songen i lag med orkesteret som eit av stykka på filmmusikkonserten. Når sola skin inn på akkurat denne lille hylla, kjenner eg det litt ekstra ♥︎

31. jan. 2022

Høgtlesing av fine minne




Årets fyrste månad er snart over. Også i fjor skreiv me fleire lappar til å ha i minneglaset, og i går byrja me å lese eit par av dei. På ein måte kjennest det ikkje ut som om 2021 har vore – det gjekk liksom i eitt med 2020. Men det er rart med det, for når ein les høgt det som står på mange av lappane, er det likevel mykje bra me har gjort og opplevd i løpet av fjoråret. Til dømes ein dag i den stilige skulpturparken Kistefos. Framleis mange lappar til gode å lese, ein veldig koseleg tradisjon. Lurer på om me er på det tiande året med dette minneglaset. Enkel og samstundes ein finfin måte å oppsummere året som har gått på. God sjokolade og stearinlys, roleg musikk, han og og eg ♥︎