30. sep. 2012

Sundag og fri

Sundagen er her. Me har fri. Kaffen er nykokt. Ute er det grått, men det gjer ingenting fordi det er sundag. Planen for dagen er å lese morgendagens pensum, kanskje få begynt på ei av de skjønnlitterære bøkene som også står på pensumlista, og elles har eg ingen andre konkrete planar enn å ta livet med ro og nyte stilla før eg tar fatt på ei ny veke i morgon. Her i Kr.sand er det haustferie no denne veka som kjem, så det blir ikkje noko jobb på meg. Men skulen tar ikkje fri, og på tysdag får me på nordisk utlevert ei oppgåve i NO-143 som me må få godkjent for å kunne ta eksamen når desember nærmar seg. Eg er litt usikker på korleis oppgåveteksten kjem til å sjå ut, men eg er ved godt mot og trur det kjem til å gå bra :) Hadde det forresten kjempekjekt og veldig koseleg på fredag saman med dei to veninnene mine! Eg håpar det ikkje blir så altfor lenge til neste gong me har jentekveld saman :)

28. sep. 2012

Jentekveld

Gleder meg til seinare i kveld. Då skal eg nemleg bort til ei av veninnene mine frå kommunikasjonsklassen og saman med ho og ei til skal me ha jentekveld. Ein treng det innimellom og no er det ei stund sidan sist. Me jentene går alle i forskjellige klassar dette siste året (i bachelorgraden vår) og når me i tillegg bur litt rundt omkring (Lund, Arendal, Søm), er det ikkje så altfor ofte at me ser kvarandre. Derfor gleder eg me litt ekstra til i kveld :) Denne veka har vore som ei helt vanleg veke med skule, korpsøving og jobb. Då eg kom heim frå skulen i går, var heile leilegheita støvsoge, det sto raude roser på bordet og kaffen var nykokt. For ein flott fyr eg har! Og så vil eg berre seie at eg hadde det veldig kjekt på jobb i går saman med aspirantane "mine". Biletet som eg legg ved, er eit forsøk på å vise lang lukkartid, men eg har ikkje det aller beste kameraet, så biletet blei så som så...

26. sep. 2012

Silhuett

Eg veit at eg lova dykk nye og ferske bilete i samanheng med trettidagarsutfordringa som eg held på med. Men når dagens motiv er "silhuett", berre må eg vise dykk eit bilete som eg synest viser motivet, altså silhuetten, ganske bra. Biletet (som de altså ser ovanfor teksten) er tatt i ein minibuss på ein skranglete veg i Kenya. Det blei tatt for nærare tre år sidan då eg var i aust-Afrika saman med klassen min frå folkehøgskulen. Eg har så mange minne frå den turen, og kvelden då dette biletet blei tatt, er ein av desse. Me var på veg til Kisumu, ein havneby rett ved Victoriasjøen, og på vegen til hotellet blei me møtt av eit ordentleg uvêr og eg måtte fram med kameraet for å ta bilete av dette uvêret. Ikkje like lett å ta bilete i fart og spesielt ikkje når vegane ikkje er av norsk standard. Men eg var heldig og fekk eit ordentleg blinkskot. Og så må eg berre fortelje at då me kom til hotellet og hadde fått tildelt rom, sto me ute på balkongen og såg på uvêret. Lyset frå lynet var så sterkt og det same var lyden frå tordenet. Alt dette opplevde me med utsikt over Victoriasjøen. Det, både uvêret og heile turen, er ei oppleving eg aldri ville vore forutan!

24. sep. 2012

Kjekt speleoppdrag

Har hatt ei fin helg, i dag er det måndag og ei ny veke er i gong. På laurdag var me jo i sentrum og spelte med brassbandet på "bilfri dag". Det såg mørkt ut ei stund i og med at det på yr.no var meldt mykje regn som skulle falle ned frå himmelen. Men då me vakna om morgonen på laurdag, skein sola og det blei ein kjempefin dag. Me hadde ein kort og effektiv øving før me kom oss til byen. Mykje liv og røre, og mange som stoppa opp for å sjå og høyre på oss, så det var eit kjekt speleoppdrag. Nokon av oss i korpset dro på Peppes pizza etterpå for å spise lunsj saman, ha det litt sosialt. Kjekt! Elles hadde me ein rolig kveld her heime med god mat og avslapping i sofaen. I går vakna eg og kjente at eg ikkje var heilt i form, litt småforkjøla. Dermed blei det ikkje gjort så altfor mykje fornuftig, men eg fekk i alle fall lese ut Ibsens En folkefiende, for den er pensum til i morgon. Eg er heldigvis betre i dag, og så gleder eg meg (som vanleg) til øvinga i kveld. Forresten: "to øyne ser bedre enn ett".

22. sep. 2012

Tretten ting

No er det sikkert fleire av dykk som lurar på kva i alle dagar det er eg har tatt bilete av. Sit eg slik til vanleg, nede på golvet, med ting og tang rundt meg?! Nei, eg gjer jo ikkje det, men dagens motiv er nemleg, direkte omsett, meg sjølv og tretten ting. Måtte jo prøve å finne ting som seier noko om kven eg er og kva eg likar å holde på med. Og så nummererte eg tinga. Om de synest at biletet blir litt lite, går det an å trykke på det for å få det større :) Gjenstand nr.1 er min kjære Dumbo // 2 er måleriet av min fine og meg som eg måla på folkehøgskulen for drøyt to år sidan // 3 er den same flaska som eg la ut for nokre dagar sidan (eg er jo så glad i blått) // 4 er prikkekjolen min, har for tida dilla på prikkar // 5 rockeringen min // 6 den beste filmen, nemleg Forrest Gump med Tom Hanks i spissen // 7 Hercule Poirot (både som bok og som TV-serie) // 8 kattar // 9 er musikalar, her representert ved noteboka mi frå musikalen RENT // 10 krimbøker // 11 TV-serien Heartbeat // 12 er Macen min som eg er så glad i // 13 og sist, men ikkje minst, trombonen min. Eg kunne fint ha hatt med endå fleire ting, men eg skulle berre ha med tretten ting, så det får holde for denne gong.

20. sep. 2012

Helga nærmar seg

Vekene fyk av garde og eg sit her med ein følelse av at denne hausten kjem til å gå altfor fort. Eg har allereie begynt å tenke på julegåver, for eg veit at jula kjem like brått på kvart einaste år. Snart skriv me oktober, så kjem november og eksamenar før det så blir desember og juleferie. Rart det der kor fort tida går. Her i Kr.sand går det i det same, noko som vil seie skule, korps (både jobb og som musikant) og så blir det litt vener innimellom. Var på ein fest førre helg med ein del av folka frå dei to fyrste åra her på UiA, og det var kjempekjekt å sjå dei igjen, snakke med dei, ha det hyggeleg saman. Men eg merkar at det er skulen som tek mest tid (ikkje for det; eg er jo trass alt student). Det er ein del pensum som skal lesast og bli forstått, nye ord skal puggast og det er oppgåver som skal bli gjort. Men eg trivst med det. Det er ikkje alt som er like lett og like kjekt, men norsk har alltid vore et av mine favorittfag. Det er ein grunn til at eg valde nordisk språk og litteratur som det siste året i bachelorgraden min :) Elles gleder eg meg til helga, både fordi det er helg (ein kan slappe litt av) og fordi eg på laurdag skal spele på "bilfri dag" saman med brassbandet. Så er du i Kr.sand, må du berre ta turen innom sentrum for å høyre oss spele ;)

18. sep. 2012

Something blue

Blå. Marineblå. Himmelblå. Kongeblå. Turkis. Midnattsblå. Kobolt. Blå er min favorittfarge nummer 1. Det har den alltid vore. Eg veit ikkje kva det er som gjer at eg likar akkurat den fargen så godt, men på eit eller anna vis er det noko med den fargen som fangar meg, tiltrekkjer meg. Når eg går i butikken og skal handle klede, er det ofte blått øynene mine fyrst fell på. Det berre er slik! I klesskapet mitt er mesteparten av kleda mine blå i ein eller annan nyanse, og då spesielt turkis, marineblå eller den fantastiske fargen kongeblå. Dumboen min er blå. Softbagen min (bagen til trombonen) er i forskjellige blånyansar. Den lille høgtalaren eg fekk til jul er blå. Mobilen min er...grøn. Ok, så er ikkje alt eg eig blått, men mykje av det er blått. Slik som flaska som de kan sjå på biletet. Det er så mykje ein kan gjere med blå flasker: ein kan henge dei opp med ei lyspære inni, ein kan setje stearinlys oppi, ein ha bruke flaska som ein vase eller rett og slett berre til pynt. Dei er så fine! Eg blir faktisk i godt humør av den fargen. Så om nokon av dykk har ei knallblå flaske ståande, er det berre til å gi meg eit lite hint ;)

16. sep. 2012

Dumbo

Barndomsminne. Eg har allereie skrive om eit barndomsminne på bloggen før. Det er mange minne eg kunne ha skrive innlegg om: fisketuren på Hitra då eg plumpa uti vatnet som tre-åring, barne-TV-serien Flukten frå Dyreskogen, Kaptein Sabeltann, alle bilturane til Horten og Hitra saman med familien. Og så mykje meir. Men det er spesielt eit minne eg har lyst til å nemne. Eg kan vel eigentleg ikkje seie at det er eit minne, det er vel heller ein ting, eit objekt, som eg er veldig glad i og som har vore med meg så lenge eg kan hugse, nemleg min finaste bamse Dumbo. Eg er ikkje sikker på når eg fekk Dumbo, men det er i alle fall den bamsen som har vore med meg (og familien) på alle bilturane, seminar, i senga mi då eg var liten og av og til no også. Han står på nattbordet. I tilfelle eg er aleine, slik som førre helg. Han har til og med vært nokre rundar i vaskemaskinen. Me har verkeleg opplevd mykje rart saman. Biletet som eg legg ved er ikkje nytt, men eg synest biletet viser kor glad eg er i min Dumbo :)

14. sep. 2012

Fine personar!

"Someone you love". Vanskeleg å plukke ut ein enkeltperson. Eg har mange rundt meg som betyr så utruleg mykje for meg. Alle studievenene mine, barndomsvenene, kollegaene mine, korpsvener (både her og der), venene mine frå folkehøgskulen og dei søte, små aspirantane som eg dirigerer i begge skulekorpsa her i Kr.sand. Venene mine frå dei tre åra på musikklinja i Stavanger er nokon av dei eg har opplevd mest med, alt frå å setje opp musikal, til CD-innspeling og russetida. Tanter, onklar og syskenborn er også personar i livet mitt som betyr mykje. Har også nokon tremeninngar som eg har opplevd mykje rart med, og då spesielt på mitt barndomsferiested Hitra. Og så er det jo mine besteforeldre, og då spesielt min mormor. Ho har forresten bursdag i dag, så "Hipp, hipp hurra"! Men likevel er det nokon spesielle personar som betyr ekstra mykje for meg; mamma, pappa, broren min og kjærasten min. Mamma er den som bar på meg i nesten ni månader. Ho er den eg ringer til når eg treng hjelp med noko handarbeid, ei matoppskrift eller berre for å snakke om korleis me har det på kvar vår kant. Eg er vel ei pappajente i blant, og pappa er den eg har dype samtalar med, av og til tøysar med og me skriv bruksrettleiing til hytta vår saman. Broren min er to år, to månader og tjueto dagar yngre enn meg. Det er med han eg har løyndommar saman med, slik som då me overraska mamma og pappa då dei hadde tretti-års bryllaupsdag. Kjærasten min. Han fine som eg bur i lag med. Han som lærte meg å like sjampinjong. Det er han som oftast trøyster meg når eg har hatt ein lei dag. Me tullar og tøysar saman. Me har ein kvardag saman. Me er kanskje ikkje det mest spontane paret, men kva gjer vel det når me har det fint i lag?! Me har kvarandre, tosomheiten. Eg er veldig glad i han og eg er glad i alle dei som står meg nær!

12. sep. 2012

Nye ord og uttrykk

Sit her i stua og merkar at hovudet er proppa med all slags rare ord som morfem, avleiing, suffiks, prefiks, leksikalisering – eg kunne ha ramsa opp i det uendelege. Eller, det er nok å overdrive, men de skjønar poenget mitt. Etter nokre timar med forelesning i NO-145 blir i alle fall eg litt ør i toppen. Men det kjem seg nok etter kvart når eg berre får fordøydd stoffet litt. Slik er det jo ofte med det som er nytt; det må jobbes med, kanskje modnes litt ved å la det ligge eit par dagar, lese endå meir, ikkje gi seg. Som me fekk høyre på forelesningen i går då me blant anna hadde om lyrikk, var at ein skal lese ein tekst helst meir enn to gongar for å få med seg det som er verdt å få med seg. Så då er det berre å setje i gong med lesinga... ;) Vel, eg trur ikkje det blir noko særleg lesing på meg i kveld, men det kjem alltid ein ny dag. Det å utsetje ting er kanskje ikkje den beste vanen, men av og til er det lov. Berre det ikkje blir slik altfor ofte. Ein annan uvane eg har, er at eg slumrar når vekkarklokka ringer om morgonen. Eg hatar å komme for seint til skulen, men eg "må" likevel slumre om morgonen slik at eg slepp å stå opp med ein gong klokka har ringt. Dårleg vane, med andre ord ein uvane, er altså motivet for dagens bilete.

10. sep. 2012

Seminar til Randøya

Endå ei veke er over og ei ny er i gong. I helga var eg jo på seminar med Hånes og Tveit skulekorps. Seminaret var ute på Randøya, så det blei både båttur (for å komme seg til øya) og overnatting. Me tok båten frå Skudeviga kl. ti om morgonen på lørdag og for å komme oss til Randøya, måtte me køyre gjennom den "berømte" og nydelege Skippergada. Fint vêr var det også :) I løpet av helga fekk me spelt og øvd ein del på forskjellige korpsnotar, musikantane prøvde fiskelykka, me åt grillmat, dei yngste blei hypre på snop og elles hadde me ein fin kveld. Fin dag i går også med god frukost (fekk faktisk kokt egg), to små øvingar og minikonsert for dei foreldra som var til stades. Til å berre ha spelt i to veker, er dei nye aspirantane på god veg og eg må seie at eg blir litt stolt (må i same slengen få takke instruktørane som gjer den aller største jobben). Med andre ord har eg hatt ei veldig fin helg som blei avslutta i sofaen med kjærasten min i går kveld! Dagens motiv er "fruit" og då fall valet mitt på eit eple eg fotograferte då eg var nede i Marviksbukta på fredag. 

7. sep. 2012

Ei bokhylle

I førre innlegg la eg ved eit bilete. Det biletet var eit forsøk på å vise noko fra eit høgt perspektiv, det me på skulen lærte å kalle "fugleperspektiv". Og dagens bilete viser det omvendte, det ein ofte kallar "froskeperspektiv". For dei som lurar på kva eg har tatt bilete av, så er det vår vesle bokhylle sett nedanfrå. Bokhylla som sto på loftet heime på Sola inntil me tok den med hit til Kr.sand. Den hadde sikkert blitt endå finare ved å måle eller dekorere den, men den gjer jobben sin og det er det som er viktig. Når me er to studentar i hus, blir det jo ein del bøker og bokhylla er derfor ein god ven. Men får me fleire bøker no, må me snart ha ei ny bokhylle... Vel, eg skal ikkje skrive eit langt innlegg om ein heilt vanleg og normal bokhylle. Sit her i leilegheita og er litt einsam. Han fine som eg bur i lag me er på seminar i Oslo. Eg skal jo også på seminar, men ikkje før i morgon. Keisamt! Var på jobb i går og eg trur dette kan bli eit kjekt år som aspirantdirigent :) Hadde ikkje forelesning i dag, så eg nytta sjansen til å sove litt lenge før eg tok ein tur ned til sentrum og til slutt ned til Marviksbukta. Der satte eg meg på ein benk, berre meg, fuglane og havet. Må jo nytta meg av det fine vêret så lenge det varar. I morgon blir det som sagt seminar, og også nokre timar på sundag. 

5. sep. 2012

Våre dagar her i Kr.sand

Eigentleg har eg lite nytt å fortelje dykk om det som skjer her i Kr.sand. Kvardagen er i gong, rutinane er på plass. Eg synest alltid det tar litt tid å komme i gong igjen etter ferien, spesielt etter sommarferien i og med at den er so pass lang. Men no trur eg me er der :) Skulen blir besøkt omtrent kvar dag, me les begge to og er flittige studentar. Kvar sundag skriv me handleliste for veka som kjem, me er ute med vener, og eg treffer ofte dei eg gjekk i lag med dei to førre åra her på UiA. Eg jobbar i to skulekorps, han i eit skulekorps og eit voksenkorps, eg er musikant i voksenkorpset. Me et middag saman, av og til ikkje. Til helga skal han på seminar med prosjektleiarane i ENT3R i Oslo, mens eg skal på seminar med det eine skulekorpset. Eg er ein av to dirigentar, eg har aspirantane, og sjølv om eg allereie har hatt den stillingen i eit år, synest eg det er litt uvand å ha så mykje ansvar. Ansvar for det musikalske, ansvar for at dei lærer å spele, ansvar for at dei har det fint på øvingane. Det er krevjande og slitsamt, men eg veit at eg får igjen for det når eg står og dirigerer dei på ein konsert eller på 17.mai. Dei er nemleg best når det gjeld!

3. sep. 2012

Something green

Motiv nr. fire i trettidagarsutfordringa, er "something green", eller noko grønt som det heiter på norsk. Eg kunne ha gjort det uhyre enkelt og berre gått rett utanfor døra og tatt bilete av graset eller eit blad. Eller den gamle, grøne mobilen min. Men så kom eg på at me i sommar, rett før me kom tilbake til Kr.sand, kjøpte ein grøn koffert. Og om det er nokon tvil, så er det den de kan sjå på biletet i dagens innlegg ;) Før brukte eg aldri å kjøpe grøne klede eller grøne gjenstandar, mykje fordi at blå var min farge, mens grøn var bror min sin farge. No i de seinare åra har eg stadig tatt meg i å kjøpe fleire grøne klede, slik som denne kjolen, og også grøne objekt, slik som kofferten. I går hadde me ein veldig lat dag. Sto opp seint og brukte lang tid på frukosten. Me fekk vaska litt sengeklede og lese litt pensum, men det var det heile av fornuftige ting. Men det var trass alt sundag. Herleg å kunne ta fri og berre slappe av med kortspel, ei god bok og kjærasten. Var innom skulen på forelesning i dag og seinare blir det korpsøving. Veit at me skal få nye notar i dag. Gleder meg til å spele litt korpsmusikk igjen saman med alle dei herlege folka!

1. sep. 2012

Kvite, mjuke skyer

"Men du? Har du någen gang sett at skyene kan likne på ting? Det e all slags der oppe. Hunder, katter, mennesker, alt. Ser du, Jarle, ka syns du det likne på? Ein kanin kanskje." (sitat henta frå filmen Mannen som elsket Yngve). Har du nokon gong prøvd å ligge i graset ein varm sommardag, berre ligge der, slappe av og se opp på den blå, blå himmelen? Om du ein gong gjer det, sjå då på skyene og sjå om du kan finne ei form på dei, ei figur. Bruk fantasien. Berre la tankene flyte av garde, akkurat som skyene. Ikkje tenke på noko spesielt, berre stirre på dei kvite dottane på himmelen. Kanskje ser du ein hund eller ein kanin, eller kanskje ein flosshatt eller ei seng. Eller noko heilt anna. Når eg er ute og flyr, tittar eg ofte ned på skyene og drøymer meg vekk. Dei ser så mjuke ut og eg skulle ynskje at det gjekk an å sove på dei. Eg veit ikkje; er det nokon spesiell form på skyene på biletet? Kanskje ser de noko som eg ikkje ser?! På tampen må eg berre fortelje at me var ute og spiste på restaurant med eit venepar av oss i går. Kjempehyggeleg!