30. aug. 2012

Hausten er på veg

August nærmar seg slutten og hausten er i anmarsj. Her har vêret vore alt fra styrtande regn til strålande sol. Akkurat no skin sola ute og det er berre temperaturen som vitnar om at hausten er på veg. I og med at sommaren aldri kom til Stavanger, hadde det vore fint å få nokre dagar med sol og "sommar" her før hausten slår til for fullt. Men det er eit eller anna med hausten som eigentleg er ganske fint. Kven er det som ikkje likar å sitje foran peisen når det ular som verst ute? Eg synst i alle fall at det er utruleg fint. Skikkeleg kos og hygge. Også er det fantastisk å sjå blada på trea som skiftar farge, frå grønt til gult eller kanskje til raudt. Det å kunne sitje i sofaen, berre slappe av med ei god bok eller ein film, er også noko som høyrer hausten til. Og så klart stearinlys. Eg kan ikkje seie at eg gleder meg til mørkare dagar og kaldare vêr, men ein må prøve å sjå det positive i det (og det er eg ikkje alltid like flink til...). Har i dag vore på forelesning, snart er det middag og etter det ventar jobben. Dagens antrekk (biletet) er motiv nr. to for utfordringa som eg "plutseleg" fekk for meg at eg skulle gjere ;)

28. aug. 2012

Sjølvportrett

Dagane går fort og eg er godt i gong med andre skuleveke. Desse to dagane, måndag og tysdag, har me hatt eit emne som heiter "innføring i litterær analyse". Emnekoden er NO-143, så no veit de det. Var på ein veldig okei dugnad saman med korpset i går. Me lukte nokre bed, la på ny duk og ny bark. Me hadde ikkje med oss ein skikkeleg kant- eller grasklippar, så me gjorde alt for hand. Tungt var det, men kva gjer vel det når ein arbeider i lag med så mange kjekke folk?! :) Eg vil i alle fall seie det at eg trivst veldig som medlem i Agder brass. Det er kjekt å spele med folka, vere med dei, rett og slett vere ein del av eit sosialt miljø. Legg ved eit sjølvportrett som ein del av trettidagarsutfordringa som eg fann på Pinterest. Det er enkelt og greitt ei utfordring der ein i løpet av tretti dagar skal ta bilete av forskjellige motiv. Eg kjem ikkje til å følgje denne slavisk, ei heller legge ut bilete kvar dag, men eg synest det er litt artig å prøve noko nytt, og fyrste motivet i denne utfordringa var altså eit sjølvportrett. Biletet er ikkje frå i dag, men etter ein dag med både skule og jobb, freista det ikkje heilt å ta bilete av meg sjølv. Men eg lovar; dei neste bileta i denne "utfordringa" skal vere nye og ferske :)

26. aug. 2012

Søppelbøtte med blomar på

Helga nærmar seg slutten og i morgon er det atter ein gong på an igjen. Ny veke, nye utfordringar. Eg gleder meg, både til å ta fatt på meir skulearbeid, dugnad med korpset og jobb i begge skulekorpsa. Me har begge to "skulefri" kvar fredag, så helga har blitt litt ekstra lang. Men heldigvis har me begge fått gjort litt fornuftige ting sjølv om me har hatt langhelg. På fredag brukte eg mesteparten av dagen på å vere nede i sentrum der eg blant anna var på jakt etter ein ny sykkel. Fant den sykkelen som eg hadde lyst på, men dei hadde ikkje størrelsen min inne. Dermed må eg nok leve med den gamle, slitte sykkelen min ei stund til. Men så lenge den trillar og bremsane fungerer, går det jo greitt. Var også innom biblioteket, og på torget såg eg ei søppelbøtte som var måla så fint :) I går var eg hos ei veninne på dagtid. Me snakka mykje, koste oss og såg film der den eine var Kompani Orheim. Ein utruleg bra film som er basert på ei utruleg bra bok! Hadde elles ein roleg kveld med heimelaga pizza og artig film saman med kjærasten :) Og i dag har me fått gjort litt av alt.

23. aug. 2012

Kvardagsrutinar

Fyrste skuleveke for dette skuleåret er over og eg er positivt innstilt. Hadde den fyrste forelesninga i går, og i dag blei det både forelesning og gruppearbeid. Det emnet eg har forelesning i på onsdagar og torsdagar, heiter "norsk språkstruktur og språkbruk" (emnekoden er NO-145, så eg kjem nok til å bruke den om eg skal omtala emnet seinere). På desse to dagane har me hatt litt kort om kva eit språk er, taleorgana våre og om kunstige og naturlege språk. Me har også gått i dybden på enkelte termar, slik som prosodi, minimale par og fonem. Sistnemnde er kort forklart den minste tydingsskiljande eininga i språket. Nok om det, eg skal ikkje vere altfor keisam og nerdete ;) Eg syns i alle fall det er kjekt å komme i gong med rutinar igjen. Etter å ha jobba ni veker på samme sted, skulle ein jo tru at det blei ein rutine. Men det å jobbe på skift blei for min del ingen rutine sjølv om eg likte jobben. No derimot er det skule mandag til torsdag, korpsøving kvar mandag og jobb på tysdagar og torsdagar. Kvar veke. Men eg håpar jo så klart at ingen veker blir heilt lik den førre... 

21. aug. 2012

Skulepensum og studiestart

Skuleåret er i gong og eg gleder meg til å ta fatt på skulearbeidet. I år skal eg ta emne innanfor nordisk språk og litteratur fordi siste året vårt på kommunikasjon bachelor ved UiA er ei breddeeining. Det vil seie at me kan velje mellom dei forskjellige årsstudiane dei har her eller andre enkeltemne så lenge det utfyller studieramma. Dermed blir det nok mykje skjønnlitterær lesing på meg i haust, alt i frå Ibsen til Tunström og Nilssen, både norsk og svensk. Og sikkert litt dansk og etter kvart. Var bortom skulen i går for å sjå på åpninga av skuleåret og eg var også på oppropet for den nye klassen min. Tok det elles med ro, åt middag og utpå kvelden var det korpsøving med Agder brass. Kjempekjekt å endeleg komme i gong igjen, men eg merka at det var to månadar sidan sist eg spelte på instrumentet mitt ;) I dag har eg vært nede i sentrum ein tur der eg hadde nokre ærend og så var eg på kafé med ei veninne. Veldig hyggeleg! No har eg nettopp vore på jobb og i morgon byrjar skulen for fullt med fyrste forelesning for dette skuleåret. Håpar det blir kjekt, interessant og utfordrande.

19. aug. 2012

Snart tilbake til skulebenken

Ei veke er gått sidan førre innlegg her på bloggen. Ei veke med jobbing frå kvart på seks om morgonen til klokka to midt på dagen. I morgon byrjar skulen igjen. Denne sommaren har gått litt for fort. Ikkje for det, eg har jo hatt det fint saman med dei andre på Gamlingen. Eg berre føler at det einaste eg har gjort, er å jobbe. Det er jo ikkje heilt sant, men det har jo blitt ein del jobbing, ja (ni veker for å vere nøyaktig). Likevel så blir det jo kjekt å sjå vener og kjente igjen når kjem til skulen i morgon. Samtidig blir det litt skummelt å byrje i ein heilt ny klasse der eg ikkje kjenner nokon frå før. Men litt etter litt trur eg det kjem til å gå seg til :) Elles så gleder eg meg til korpsøving i morgon kveld, og så skal eg på jobb både på tysdag og på torsdag. Skal jo bli greit å komme i gong med kvardagen igjen, så håpar eg på litt sol og sommar dei nærmaste dagane i og med at me ikkje har hatt så mykje av den til no. Ynskjer alle mine lesarar ein fin kveld før det er tilbake til skulebenken, jobb, generelt kvardagen, i morgon. 

12. aug. 2012

Kino og hyttetur

På onsdag kom kjærasten min hit og eg har jo hatt langfri. Var heime i nokre timar før me tok turen til byen for å sjå The Dark Knight Rises på kino (siste filmen i trilogien om Batman, regissert av Christopher Nolan). Filmen svarte så absolutt til forventningane! Frå torsdag og fram til i går tok me oss ein tur på hytta, berre oss to. Kjempefint og herleg å komme seg litt vekk og berre nyte stilla, gå ein tur i fjellet, løyse kryssord, høyre på radio og tenne stearinlys. Trur eg trengde det. I morgon byrjar siste veka på jobb før me tar toget til Kr.sand førstkommande laurdag...

6. aug. 2012

Rosa villbringebær

Sommarferien går mot slutten, og om to veker byrjar skulen igjen. Då er det slutt på gratis kost og losji ;) På ein måte skal det bli fint å komme tilbake til Kr.sand med rutinar, korps, studievener og vårt eige liv. Men i og med at eg "berre" har jobba denne ferien, skulle eg gjerne ha hatt ei ekstra veke der eg kunne ha slappa av, kome meg litt vekk, kanskje plukka nokre gode villbringebær som på biletet. Det hadde vore noko, det. Likevel veit eg at ein kan ikkje alltid få i både pose og sekk, og eg veit at det eg har tent på å jobbe i sommar, kommer godt med, både no til hausten og på sparekontoen. Men eg likar tanken på at til helga har eg langfri før mitt siste skift og då skal kjærasten og eg ein tur til hytta. Han kjem hit til Sola om to dagar, og etter seks veker frå kvarandre er eg veldig klar for å sjå han igjen! Det skal bli så fint :) Til vanleg så bur me jo saman, så det er litt rart å vere borte frå kverandre såpass lenge. Vel, eit lite innlegg herifrå før eg skal av garde på jobb.

2. aug. 2012

"Sol, sol, kom igjen..."

Alle aviser skriver om det, alle snakkar om det og alle bryr seg om det. Nei, det er ikkje OL eg snakkar om, det er vêret eg tenkjer på. I sommer har det verkeleg ikkje vore noko særskild med sol. Ikkje at det pleier å vere det her i Stavanger, men når ein kan telje antall sommardagar med sol på ei hand, så seier det sitt. Eg hugsar då me var små og mamma kom og henta oss på SFO for å ta oss med på stranda. Der solte me oss, bada og leikte lenge. Slik er det ikkje lenger. Det fristar ikkje å liggje på stranda når det regnar og blæs om kvarandre, når vêret ikkje klarer å bestemme seg, når sola ikkje titter fram frå skyene. Kanskje er det berre eg som er blitt meir pysete med åra, men det å ligge på stranda og bade i saltvatnet er fine sommarminner frå barndomen. Eg elskar å gå i sommarkjole, men med det vêret som har vært den siste tida, har eg ikkje hatt mogelegheit til det. I løpet av den tida eg har vært her heime på Sola, har eg berre brukt kjole to gongar! Eg håpar verkeleg at det kjem ein dag eller to, helst neste helg, med sol som det går an å nyte.