Viser innlegg med etiketten topp 5. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten topp 5. Vis alle innlegg

25. mai 2014

Topp 5 – 80-talssongar

Etter nokre hektiske dagar, er me no vel losjert her på Sola. Ein kan jo trygt seie at me kom litt skeivt ut på fredag i og med at flyttebilen var nesten tre timar forsinka! Men med litt berehjelp i går, var me til slutt på vegen i retning Stavanger/Sola klokka fire i går. Då hadde me bore, vaska, rydda og organisert sidan klokka ni om morgonen. Og vore ein tur på bossplassen, Fretex og skulen. Kom heim til god middag, før me bar inn akkurat det me trong. Dimed har det blitt mykje bering i dag også. Men det har gått relativt greitt, så no sit me og lagar hugseliste for turen vår. Tenk – berre to dagar igjen! Sånn elles så er det jo sundag i dag, og med det nok ei topp fem-liste. Det blir vel den siste på ei stund; trur ikkje eg "stressar" med det medan me er ute og reiser ;) I dag blir det mine favorittsongar frå 80-talet. Å, gurimalla, mange rare, vittige, harry og artige songar frå dette tiåret! Kjenneteikn: synthesizer, saksofon, modulasjon. Her er det mange songar å velje mellom, til dømes "Take On Me" med sjølvaste a-ha, Grand Prix-låta "La Det Swinge" (den vann jo konkurransen i 1985), "Live is Life" med eit trommeriff i byrjinga som er lett å kjenne igjen, ja, denne lista er ganske så lang. Songane på mi liste er kanskje ikkje dei "folk flest" tenkjer på når dei tenkjer på 80-talet, men det er i alle fall songar som eg av og til høyrer på og koser meg med:

"NeverEnding Story" med Limahl - modulasjon, høgt hår på artisten, eit refreng som er lett å syngje med på. Kan det bli betre?! Og nei, eg har (enno) ikkje sett filmen, men same namn altså, som songen er frå ;)

"Nothing's Gonna Change My Love For You" med Glenn Medeiros - hugser enno eg høyrde denne på programmet Gylne Tider som gjekk på TV2 ein gong på byrjinga av 2000-talet. Songen opnar med ein saksofonsolo, og resten av songen er nokså klissete, men akk så songbar og nostalgisk 80-talet.

"Tarzan Boy" med Baltimora - det er ikkje lenge sidan eg oppdaga denne klassikaren frå 1985, men gurimalla, så fengane refreng. Ha, ha! Eg tar meg sjølv i å gå rundt og syngje: "oh oh oh oh...", for dette er eit refreng som alle kan syngje til.

"A Heart In New York" med Art Garfunkel - songen passar perfekt no som me snart er i NY. Saksofonen som kjem midt i songen gjer jo verkeleg sitt for å skape ei ekte 80-talsstemning, og stemmen til Garfunkel er nydeleg

"Kyrie" av og med Mr.Mister - rett og slett berre ein ordentleg kjekk song å høyre på :)

18. mai 2014

Topp 5 – reiseopplevingar eg gleder meg til

Om berre ni dagar sit me på flyet til Reykjavik. Skal bli så kjekt, spennande og fint å reise på tur i tre veker saman med verdas beste :) Før den tid, er det mykje som skal ordnast og fiksast, alle tinga våre skal pakkast ned i esker og posar, leilegheita må me vaske, ja, det er ein del som skal bli gjort. Men sånn er det jo, og det gjer det jo nesten endå kjekkare at me etter å ha gjort alt dette, skal ut og reise. Hadde ein koseleg kveld i går med fine folk, men me var ikkje så seine i seng, for eg var ganske gåen etter all den gåingå i bunadsko. I og med at turen nærmar seg med stormskritt, vil eg denne sundagen prøve å lage ei topp fem-liste basert på det eg gleder meg mest til å oppleve:

bade i Blue Lagoon og i varme basseng - for ei badenymfe som meg, er det ikkje til å komme bort i frå at dette er noko av det som verkeleg freistar med Island. Me skal jo ikkje vere der mange dagane, og må difor velje berre eit par ting å oppleve, så får me heller reise tilbake ein annan gong; det er jo trass alt eit av våre naboland :)

Broadway - ein av mine største draumar er å sjå eit show, ein musikal, på sjølvaste Broadway. Har vore i London to gongar og begge gongane såg eg ein musikal på West End. Dette er minne som sit veldig sterkt hos meg og når me no skal til New York, er dette verkeleg eit av høgdepunkta. Me har allereie tinga billettar til musikalen Once (eg elskar filmen og musikken derifrå), og gleder meg som ein liten unge!

vintagebutikkar - i dei siste åra har eg fått meir og meir auga opp for vintagemote og det å kjøpe brukte klede. For det fyrste er det miljøvennleg, for det andre kan ein finne så mykje fint som ingen andre har. Eg har allereie sett meg ut nokre butikkar som eg skal besøke medan me er i New York, og så må eg jo så klart innom Brooklyn Flea.

traske rundt i Central Park - treng eg å seie meir?! Her kan me nok bruke mange dagar på å berre gå rundt, traske, sjå på fine statuar og kanskje stikke innom Central Park Zoo

oppdagingsferd - heile denne reisa vår blir jo ei lang oppdagingsferd. Tenk det å berre gå rundt i Brooklyn (det er der me skal bu), finne ein favorittkafé, berre slappe av. Og på Island: oppleve Golden Circle! Oppdagingstrongen min, som eg har hatt no gjennom heile vinteren etter at me tinga flybillettane i desember, skal snart bli dekt ;)

11. mai 2014

Topp 5 – Poirotepisodar

"Ah, Hastings, my dear friend, they were good days. Yes, they have been good days... Hercule Poirot". Slik sluttar den aller siste episoden av TV-serien Agatha Christie's Poirot med den beste David Suchet som Poirot. Til saman blei det tretten sesongar med variert tal på episodar i kvar sesong. Episodane i sesong 1-5 er for det meste basert på novellene Christie skreiv med Poirot som hovudperson, og dei varer difor "berre" i femti minutt. Frå sesong seks og ut er episodane basert på romanane og varer i halvannan time. Sjølv må eg seie at eg liker best dei nyare episodane fordi dei framstiller Poirot ikkje fullt så karikert og at dei i det heile tatt har ein litt mørkare tone. Med heile sytti episodar, er det vanskeleg å plukke ut berre fem, men eg skal likevel prøve:

Cards on the Table (Kortene på bordet) - ein eksentrisk mann, fire såkalla detektivar og fire som kanskje er skuldige i mord. Kan det bli betre?

Peril at End House (Livsfare ved siste hus) - på ferie saman med venen Hastings, møter Poirot ei dame som er i fare og som kjenner seg trua på livet. Det som gjer at eg framleis hugsar denne episoden er slutten – nemleg det at mordaren ikkje er den du skulle tru.

The Disappearance of Mr.Davenheim (Mr.Davenheim forsvinner) - okei, dette er ikkje den mest spennande eller den mest originale forteljinga, men når ein faktisk skjønner handlinga utan å bli forvirra av Poirot si oppklaring (som ofte på ingen måte stemmer med det ein skulle ha trudd), så "må" jo dette bli ein av favorittane ;)

Dumb Witness (Det tause vitnet) - hunden som speler ei av (hovud)rollene er berre så søt. Og ganske så smart. Og grønfargen på skodda rundt hunden si matmor når ho blir tatt av dage, sit enno i minnet.

Curtain: Poirot's Last Case (Teppet faller: Poirots siste sak) - sist, men ikkje minst, må den aller siste episoden vere med på lista mi. Historia er ei verdig avslutning, og då eg såg episoden førre veke, skuffa den ikkje sjølv om eg hadde høge forventningar etter å ha lese boka relativt nyleg. Inst inne vil eg jo ikkje at det skal vere ferdig, eg vil dei berre skal forsetje å lage så mange Poirotepisodar som mogleg. Men Agatha Christie skreiv ikkje fleire historiar, og med Curtain er det slutt for godt. Bra det finst DVD-ar slik at eg kan sjå favorittepisodane om og om igjen :)

4. mai 2014

Topp 5 – smaken av...

"Det er hva jeg kaller en smak av honning" (deLillos). Min betre halvdel har i dag laga nokre energibar (langt nede på sida) med nøtter, rosiner, ein god dose honning og litt mørk sjokolade. Sjølv er eg ikkje så glad i honning, men dei smakte no litt godt likevel ;) Elles har det vore ei fin helg med marsjseminar i går, og i dag har me hatt ein snarvisitt av mamma og pappa og gått ein tur i finvêret :) Nok ein sundag, nok ei toppliste. Mi topp fem-liste i dag er "smaken av":

nybakt brød med gulost - og då snakkar eg så klart om heimebakt brød. Det smaker berre så heilt fantastisk godt, kunne jo nesten ha ete opp heile brødet på ein-to-tre!

sjokolade - dette er vel ei av mine svake sider, for det er vanskeleg å ete berre litt sjokolade når ein fyrst har det i hus. Men me prøver å berre ha litt i helgene, og då gjerne mørk sjokolade, slik at det ikkje blir altfor mykje ;)

mamma sin makaroni- og pølsegrateng - ein av dei beste middagene, og om eg fyrst har bursdag når eg er heime, vel eg glatt denne gode retten framfor pizza, taco eller liknande!

iste eller iskaffi ein varm sommardag - er eg veldig tyrst, så er fyrstevalet mitt vatn, men det er veldig godt å slappe av med eit glass ferskeniste eller kanskje litt iskaffi ute på terrassen under ein varmande sol

risgraut - ingen lille julaftan utan risgrauten; og gjerne andre dagar i året :)

27. apr. 2014

Topp 5 – kjekke fotominne frå april

Kjempekjekk kveld i går med ein god gjeng frå brassbandet! Å høyre, og så klart sjå, Mnozil Brass live var noko eg heilt ærleg må innrømme at eg var litt skeptisk til. Humoren deira er i mine auge litt småklein til tidar. Men eg lo og hadde det moro, og at det går an å spele så sterkt med like mykje intensitet i to timar – eg bøyer meg i støvet! Skulle ikkje tru at dei "berre" er sju stk. Her kan ein sjå mykje av det dei har å by på, blant anna "trekkoppversjonen" av "Edelweiss" (ein time og trettito minutt ut i videoen). Kanskje for spesielt interesserte, men dyktige er dei uansett! No byrjar april å nærme seg slutten, og på torsdag er det plutseleg mai. April har vore ein kjekk månad med både det eine og det andre, og under kjem mine topp fem kjekke fotominne i frå april:

1) plutseleg finne små gåver eg fekk av han der fine - og dei fekk eg då eg gjekk på folkehøgskulen, lang ute i "øydemarka". Tenk, det er allereie fire år sidan...

2) Les Misérables på bursdagen min - å ta på meg prikkekjolen, raud leppestift og feire bursdagen min med ein musikal, er nok verkeleg eit av høgdepunkta i april!

3) leike med tantebarna - tre fine ungar med mykje energi, og med det blei det ein god del leiking. Eg synest berre det er kjekt sjølv om eg til vanleg ikkje leikar med Duplo eller legg puslespel på 200 bitar. Å vere tante er ein fin ting :)

4) finne lekre bruktskattar - å gå rundt i ein bruktbutikk og plutseleg komme over noko ein har leita lenge etter, det er ei herleg kjensle, det. Og når det altså er brukt og koster mykje mindre enn å kjøpe det nytt, er det jo berre endå betre!

5) sjå rosa, gule, kvite blomar på trea - eg veit ikkje kva det er, men å sjå fine blomar som heng over meg, er berre så fint, eg blir rett og slett ordentleg glad!

20. apr. 2014

Topp 5 – fine ord

Har hatt nokre herlege dagar på hytta saman med familien, kjærasten, tante, onkel og to søskenbarn. Me har, for det aller meste, hatt sol, plussgradar og knallblå himmel og det har vore heilt fantastisk! Kryssord, kaffi ute i solveggen, Påskelabyrinten på radio, boklesing, quiz, brettspel, påskegodt, alt det som høyrer påska til. Det er verkeleg eit eller anna med hyttepåske :) I morgon er det tilbake til Kr.sand og kvardagen... Men før den tid, vil eg gjerne få dele nokre fine ord med dykk (idéen er henta frå denne bloggposten på sitrende.net). Mi topp fem-liste i dag er med altså fine ord, ord eg på ein eller annan måte synest er fine fordi dei betyr noko fint for meg:

elske - å kunne seie "eg elskar deg" til nokon, det å bli elska, ha ein familie som du elskar og som elskar deg uansett, kjærleik, kyss, vener. Å bruke orde "elske" er for meg sterkt og noko heilt anna enn "I love you". Elske er eit nydeleg ord!

vår - denne årstida som me no er inne i, er min absolutte favoritt. Snøklokker, rosa kirsebærblomar, grønt gras, blå himmel, varmare vêr, våren er så innmari fin! I tillegg så bruker ein jo ordet "vår" om noko som ikkje berre er mitt, men noko som ein deler, slik som "vår bok" eller "vårt hus", og det kan ein også like :)

drøyme - Walt Disney sa ein gong: "If you can dream it, you can do it", og det er ganske så sant. Å drøyme om fine ting, noko ein vil oppleve eller oppnå, drøyme seg vekk frå ein travel kvardag, ha ein draum i magen, er rett og slett veldig fint

bibliotek - då eg var yngre, var biblioteket mitt andre heim; eg jobba der jo også ei stund. Ordet legg seg så fint i munnen – "bibb-li-otek" – og får fram mange gode minne om nye leseopplevingar, ny kunnskap, rømme litt vekk frå røynda (bm. virkeligheten), rett og slett vere litt mi eiga verd. Biblioteket er framleis ein stad der eg ofte går for å finne fram til ei ny bok, ei bok eg kan opne, dykke ned i, kose meg med

fridom - til å velje sjølv det livet ein vil leve. Fridom er eit fint ord som mange av oss kanskje tar for gitt nettopp fordi me har fridom til å leve våre eigne liv. Ikkje alle har denne retten: nokre sit i fangenskap for noko dei ikkje har gjort, andre blir tvinga til å gifte seg når dei er under ti år! Å ha fridom er for meg ein menneskerett. Det å kunne leve mitt liv slik eg vil, er for meg viktig. Å ha fridom, på alle moglege vis, til dømes ytringsfridom, er noko alle menneske eigentleg skal vere fødd med. Eg trur på fridom.

13. apr. 2014

Topp 5 – bryllaupsidéar

Sjølv om det enno er over eitt år til bryllaupet, er det jo kjekt å planleggje litt, finne inspirasjon og idéar. Med ein grå dag som det er her i dag, er det kjekt å kunne ha noko fint å sjå på, halde på med, slik at eg kan drøyme med litt vekk. Mine topp fem blir i dag bryllaupsidéar, og det er fyrst og fremst idéar som eg har i utklippsboka mi (dei aller fleste idéane har eg funne på Pinterest). Det er alt frå fotoidéar, idéar til pynt, invitasjonar og andre DIY-prosjekt. I mine auge er det eit eller anna med å kunne setje vårt preg på bryllaupet, lage nokre ting sjølv :) Under kjem dei i alle fall:

hyssing rundt flasker og blikkboksar - veldig fin borddekorasjon og eit heilt genialt alternativ til dyre vaser

organisere alle bryllaupskorta - etter bryllaupet kjem ein til å ha ein haug med bryllaupskort. I staden for å kaste dei eller berre leggje dei bort ei eske, kan ein lage eit lite "kaffibordhefte" ved å lage to hull i korta og hekte dei saman med til dømes ein karabinkrok

"time stood still" - bilete av brudeparet i midten, heilt stille, medan gjestane spring rundt dei. Med rett lukkartid, vil brudeparet vere fokusert medan dei som spring rundt vil vere ufokusert, ein kan sjå at dei var i rørsle då biletet blei tatt

artige fakta - eit ark som kan stå på bordet med artige fakta om brudeparet, ein supergod idé for dei som ikkje kjenner brudeparet (anten bruda eller brudgomen) fullt så godt

små bilete i små rammer som kan hengje i brudebuketten - ein veldig fin måte å kunne minne dei som ikkje kan vere til stades.

6. apr. 2014

Topp 5 – lydar







Verda er full av ting å oppleve, sanse. Å ta bruk sansane våre, smak, lukt, kjensle, høyrsel og syn, er noko me gjer kvar dag utan å alltid tenkje over det. Men når ein tenkjer etter, er det kanskje noko ein er meir glad i, meir opptatt av, enn andre ting. Kanskje betyr den eine lukta, det eine synet, noko særskilt? Eg har før skrive om mine topp fem lukter, og i dag kjem mine fem favorittlydar:

kaffiboksen vår - å høyre at min betre halvdel opnar kaffiboksen om morgonen, for så å høyre at kaffien blir trakta i maskinen, er ordentleg fint. Å starte dagen med god kaffi og ein god frukost saman med han fine, det gjer heile dagen for meg 

steppesko - så lenge eg kan hugse, har eg vore fascinert av irsk steppedans, slik som Riverdance og Lord of the Dance. Lyden av slike sko som dansarane bruker er for meg ein herleg lyd, så utruleg fascinerande, det går så fort, tenk å kunne steppe 35 slag per sekund

fuglekvitter - og då snakkar eg ikkje om måkeskrik, men om den lyden av småfuglane som syng og kvitrar utanfor vindauget ein tidleg vårmorgon

stilla - den lyden ein høyrer, eller ikkje høyrer, ute i skogen eller kanskje på hytta når du er heilt aleine, den er berre heilt fantastisk

ny bok - tenk at du har sikla på ei spesifikk bok lenge, og så plutseleg har du kjøpt den eller fått den i gåve. Den ligg rett foran deg, eller kanskje i fanget, du tar på den og så opnar du den. Lyden av ei ny bok, den litt knitrande, gode lyden, er for meg lyden av lykke, lesehest som eg er ;)

30. mars 2014

Topp 5 – nye songar



Eller i alle fall nye for meg, for ikkje alle songane på denne lista er nye av året eller frå i fjor. Mange av songane høyrer eg på radio sånn tidleg om morgonen når me et frukost. Andre høyrer eg på TV, i ein serie eller kanskje i ei lenkje som nokon leggjer ut på nettet. Eg er ikkje så flink til å høyre på ny musikk, høyre andre songar enn dei eg kan syngje til så høgt som eg berre vil nettopp fordi eg kan tekstane. Men innimellom finn eg nokre songar som er fengjande, fine eller berre minnerike:

"Little Lies" av og med Fleetwood Mac - 80-talet, det er sikkert og visst. Songen er frå 1987 og eg høyrde den fyrste gong på Popquiz. Kan ikkje songen så godt enno, men den osar av eit visst tiår, og det er herleg!

"Let It Go" med Idina Menzel - denne har eg jo nemnt før denne veka, men eg synest songen er fin og ganske så Disney, akkurat slik den skal vere

"Starman" av og med David Bowie - høyrde denne på radioen for nokre veker sidan, og med tanke på at eg har høyrd mykje på songen "Space Oddity" tidlegare, var det lett å høyre at dette var Bowie. Songen er frå 1972, så ny er den ikkje. Melodien festar seg fort og på refrenget er det berre til å nynne med

"Before" av og med Laurence Fox - Fox veit eg at eg har nemnt nokre gongar her på bloggen, men eg blir ikkje lei stemmen hans, melodiane og tekstane han skriv. Eg følgjer han på Facebook og her får eg alltid med meg når han har laga ein ny song (må også nemne "The Best Mistake" og "The Great Unknown"). Dette er musikk som eg høyrer på jamt og trutt

"Scotland" av og med The Lumineers - herleg song som eg kjenner frå serien Reign.

23. mars 2014

Topp 5 – heimelaga saker og ting

Å strikke eller hekle ei lue, å måle eit bilete, det å lage noko med hendene, trivst eg veldig godt med. Til hytta har eg hekla dette teppet og sydd knappar på denne puta. Allereie no klør det i fingrane etter å lage noko og innreie vår eiga leilegheit. Vel, eg får nøye meg med å hekle litt, måle litt, lage kort og drive med decoupage i mellomtida. Vekas topp fem er mine favorittsaker som eg har laga sjølv som eg har her i Kr.sand, til dømes eit plagg, noko pynt eller eit bilete:

1) måleri - biletet av oss måla med akrylmåling laga eg medan eg gjekk på folkehøgskulen. Mykje småpirk for å få det så fint, men til dags dato er dette noko av det beste eg har laga sjølv!

2) lue - har strikka nokre luer før, men aldri ei så vanskeleg som denne. Fekk oppskrifta og garn til jul for nokre år sidan av svigers, men eg måtte ha hjelp for å komme i gong, for byrjinga på oppskrifta var ikkje så lett å forstå. Men det var kjekt å strikke den då eg fyrst kom i gong, og resultatet blei jo kjempebra :)

3) oppslagstavle - denne laga eg saman med pappa slik at eg kunne ha ei finfin oppslagstavle til å henge kort og bilete på inne på rommet mitt på folkehøgskulen. Inspirasjonen til å lage ei slik oppslagstavle, fann eg i Gjør det selv, ei bok av Helene S. Lundberg. No heng tavla inne på soverommet vårt med kort og bilete, akkurat slik eg brukte den då eg budde på Bømlo

4) fillerye av gamle T-skjorter - hugsar ikkje kvar eg fann denne idéen (eller oppskrift om du vil), men det finst mange forslag ute på den store verdensveven til korleis ein kan hekle ei fyllerye eller ei baderomsmatte av gamle klede. Den eg har hekla, ligg ute i gangen vår :)

5) sitat med bokhjarte - boksidene som hjartet er laga av, er til og med dyppa i kaffi (eller var det te?!) for å få dei til å sjå enno eldre ut (idéen fann eg på pinterest.com)

16. mars 2014

Topp 5 – amerikanske krimseriar


Eg har alltid likt å lese spennande krimbøker eller sjå krimseriar. Britiske krimseriar, slike seriar som følgjer politifolk eller ein privatdetektiv (til dømes Inspector Morse eller Poirot), dei finst det mange av, og eg synest det er kjempevanskeleg å plukke ut berre fem. Så eg tenkte eg heller skulle plukke ut mine topp fem når det gjeld ikkje-britiske krimseriar, altså amerikanske krimseriar. Det var ikkje så lett å finne seriar som "berre" er krim; mange er blanda med element som litt humor, FBI, mysterium, horror osb. Men eg har klart å plukke ut dei eg liker best og som eg meiner er krimseriar. I denne betraktninga har eg ikkje tatt med seriar som The Killing – ein amerikansk versjon av den danske Forbrydelsen – eller Prime Suspect som også er ein amerikansk versjon av den britiske serien med same namn. Legg gjerne igjen ein kommentar i kommentarfeltet om du har tips til gode krimseriar. Under er i alle fall mine topp fem amerikanske krimseriar:

Cold Case - Lilly Rush og teamet hennar i Philadelphia Police Department jobbar med cold cases - saker som ligg nokre år tilbake i tid (alt frå eit år til seksti-sytti år), men som enno ikkje er oppklarte. Serien skiftar mellom notid og fortid, noko som for meg gjer hele serien :)

Rizzoli & Isles - Rizzoli jobbar i politiet medan Isles jobbar som patolog. To herlege damer som ikkje berre jobbar saman, men som også er veldig gode veninner. Herleg serie med ein god dose humor, kjærleik og familieforviklingar. Ein "lett" serie som eg fekk anbefalt av ei veninne av meg :)

Unforgettable - tenk at du hugsar alt som har skjedd, kva vêr det var på den og den datoen for ti år sidan, kva klede venen din hadde på seg for nøyaktig to år sidan? Politibetjent Carrie Wells har ein slik hugs og det gjer at ikkje mange kriminelle kjem seg unna når ho er på saka. Men det er ein ting ho ikkje klarer å hugse: systera hennar blei drepen då dei var born, og denne hendinga er eit svart hol i Carrie sitt minne. Samtidig er det dette som driv ho i jobben som politibetjent

Dexter - denne serien er det nok mange som har sett, men eg tar den med. Serien handlar om blodsprutanalytikaren Dexter Morgan som jobbar hos Miamipolitiet. Det ingen veit, er at han på kveldstid er ein seriemordar som dreper skurkar. Dobbeltmoral? Ja. Fascinerande? Ja. Heile åtte sesongar blei det laga før siste sesong gjekk på skjermen i fjor. Ikkje alle var like bra eller like originale, men me, eg såg denne serien saman med kjærasten, har hatt nokre nervepirrande timar foran skjermen med Dexter.

Lie To Me - britiske Tim Roth speler hovudrolla i den amerikanske krimserien Lie To Me. I serien speler han dr. Cal Lightman som saman med teamet sitt hjelper organisasjonar og det lokale politiet til å løyse krimgåter eller andre liknande problem. Lightman er nemleg ekspert i å lese ansiktsuttrykk, microexpressions, og ved hjelp av dette og psykologi, kan han dimed sjå når nokon prøver å skjule kjensler. Ein interessant og annleis serie nettopp fordi det er psykologi og ansiktsuttrykk som står i sentrum for å løyse gåta, og ikkje DNA og fingeravtrykk.

9. mars 2014

Topp 5 – denne veka

Denne veka vil eg seie har vore fin med vinterferie, regn og sol om kvarandre, familietid og gode krimbøker. Kjekt og herleg med ei litt annleis veke, trur ein treng det innimellom. Under kjem det fem punkt som viser det beste med denne veka, og desse punkta utgjer altså vekas topp fem-liste:

vere heime ein tur hos familien min - eg liker jo å bu for meg sjølv saman med kjærasten min, men det er eit eller anna med å vere heime hos mamma og pappa (gratulerer så mykje med dagen i dag, pappa) ein tur, sove på rommet mitt, vere på Sola. Og så er det veldig fint at me har tinga reise til min svigerfamilie i påska

køyre rundt og kikke på forskjellige bryllaupslokale - veldig greitt (og så klart kjekt) å vere ordentleg i gong med bryllaupsplanlegginga

høyre fine og kjekke songar som "I'll Never Find Another You" med The Seekers og "One Night In Bangkok" med Murray Head på Popquiz - me pleier å høyre på Popquiz kvar laurdag (ev. på nett-radio på sundagen), og så klart er det ekstra kjekt å vite svara på det progamleiaren spør om

blomar - då kjærasten min kom heim frå skulen i går, hadde han med seg ein fin bukett med roser i forskjellige fargar. Ikkje veit eg om det var ei forsinka valentinsgåve eller om det var ei lita oppmerksemd på kvinnedagen, men eg blir alltid like glad når han kjem med roser til meg :)

gå tur i det herlege vårvêret - nyte vårlufta, gå hand i hand, kjenne sola i ryggen, sjå på fine krokusar og dei vakre snøklokkane som poppar opp rundt omkring

2. mars 2014

Topp 5 – det beste ved å vere korpsfiksert

Og nei, det står ikkje "kroppsfiksert" i tittelen på innlegget, men tittelen er derimot henta frå TV-serien Korpsfiksert som gjekk på NRK i fjor ;) De som har lese bloggen i det siste, har nok merka at det har blitt ein del korps. Og litt meir korps. Og enno litt meir. Det har kanskje ikkje gått så langt enno, men på ein måte er det jo ein livsstil. Kvar måndag sit eg og gleder meg til øvinga seinare på kvelden, for det er så kjekt å vere der, og det er kjekt å sjå dei fine folka, spele med dei og snakke med dei. Her er mine topp fem når det gjeld kva som er det beste ved å vere korpsfiksert:

eit kjempekjekt og sosialt miljø - det finn ein jo andre stader også, som på fotballarenaen eller på jobb, men likevel er dette verkeleg ein av grunnane til at korps er så kjekt. Og det var jo også i korpsmiljøet at eg møtte min framtidige ektemann :) Eg har fått vener for livet gjennom korpsmiljøet og eg kjenner at eg høyrer heime i eit slikt miljø

kunne lese noter - å lese noter slik at ein kan spele omtrent all den musikken som er skrive, det er som å kunne lese bøker: ei ny verd opnar seg, ei verd som ein kan ha glede av resten av livet

reise på tur - i løpet av mine år i korpsmiljøet, og då særskilt i skulekorpset, har eg vore med på så mange kjekke turar. Seminar på Hellvik, tur til Rhodos, England, Tyskland og Bulgaria, blåtur til Sirdalen, korpsfestival i Kristiansand og i Bø.

høyre ny musikk - og lære seg å like den (der har eg nok ein del igjen å lære). Eg er eit vanedyr og høyrer ofte på akkurat den songen eller akkurat den musikksjangeren som eg veit at eg liker. Når ein speler i korps, speler ein gjerne musikk ein ikkje har noko forhold til frå før eller noko ein kanskje ikkje liker sånn med ein gong. Musikk som ein må lære seg å like, noko som faktisk er ein ganske bra ting

fritidsaktivitet, og sånn sett ein hobby, som varer livet ut - i det vaksenkorpset eg spelte i dei siste åra eg budde heime, var det ein av musikantane som faktisk bikka 80 år (viss eg ikkje hugsar feil). Du har, om du vil, ein fin, kjekk og sosial fritidsaktivitet som du kan halde på med så lenge du berre vil :)

23. feb. 2014

Topp 5 – norske forfattarar

Opp gjennom åra som den glade bokorm og ein ivrig lesehest, har eg slukt nokre bøker med både norske og utanlandske forfattarar. I dag vil eg prøve å finne fram til mine topp fem når det gjeld norske forfattarar. Eg har lese ein del klassikarar som Kransen av Undset, Sult og Markens Grøde av Hamsun, En Folkefiende av Ibsen, Genanse og Verdighet av Solstad og så vidare. Men eg ser jo det at det kanskje ikkje dei som har gitt meg mest, sånn personleg. Kanskje fordi dei fleste er lese som ein del av pensum; eg veit ikkje. Uansett. Nedanfor har du i alle fall mine favorittar; fem norske forfattarar som opp gjennom åra har gitt meg glede og mange gode leseopplevingar:

Anne-Cath. Vestly - heile Noregs mormor. Bøkene hennar har gitt meg så mykje glede i barndomen og har med alle dei gode minna gitt meg mykje glede også etter at eg blei "vaksen" (blir ein nokon gong det?!). Mange av bøkene hennar har eg enno på lydbok på kassett med hennar stemme (eg har til og med laga ei nettside). Ikkje så lenge etter at Vestly var gått bort, var ei veninne og meg på konsert med Stavanger symfoniorkester. På den konserten var det sonen til Vestly som var konferansier og du kan tru eg sat med tårar i augo då han kom inn, stod der midt på scenen og spelte kjenningsmelodien frå lydbøkene om Knerten og Lillebror.

Tore Renberg - Stavangermann, og det er ein del av grunnen til at han er ein av mine favorittar: eg kjenner igjen miljøet som han skriv om. Bøkene om Jarle Klepp er bøker som viser sårbarhet, har herlege figurar og kleine, men morosame hendingar, rett og slett bøker som er veldig kjekke å lese.

Lars Saabye Christensen - mange fine bøker, og eg har lese ein del av dei. Alle bøkene om dei fire kameratane Kim, Gunnar, Ola og Seb, nemleg Beatles, Bly og Bisettelsen står i bokhylla heime på Sola, og dei er lese om du lurte. Maskeblomstfamilien fekk meg til å tenkjeog eg hugsar enno at eg slukte Halvbroren då eg var på tur i Afrika med folkehøgskulen :)

Jostein Gaarder - kven har vel ikkje høyrt om romanen Sofies verden? Gaarder sine bøker har fascinert meg sidan eg var rundt elleve-tolv år og las Sofies verden for fyrste gong. Sidan har eg lese den om igjen, akkurat som med Kabalmysteriet og Froskeslottet. Julemysteriet, I et speil, i en gåte og den herlege boka Bibbi Bokkens magiske biblioteksom han skreiv saman med Klaus Hagerup, må også nemnast. Gaarder sine bøker er fylt med undring, magi, merkelige hendingar, alvor, humor, ja, ei herleg blanding.

Unni Lindell - lettlese damekrim er ikkje å forakte sånn innimellom pensum og travle dagar. Trur eg har lese alle bøkene i serien som til no er gitt ut om politimannen Cato Isaksen (og sett alle filmene/miniseriane som er blitt filmatisert).

16. feb. 2014

Topp 5 – draumekjolar

Det å kunne drøyme seg bort med å sjå på kjolar, fine kjolar i alle slags fargar og fasongar, med eller utan ermer, knelange eller fotside, det er fint, det. På Pinterest (og eigentleg sånn generelt på den store verdsveven) finn eg mange fine kjolar som eg fint kunne ha hatt i klesskapet mitt. Eg har laga meg ei eiga tavle (kategori) med "pretty clothes", og kjolane eg har valt ut til dagens liste, har eg plukka frå denne tavla. Det blir ikkje brudekjolar på dagens liste, dei får heller komme i ei eiga liste ein seinare gong. Så medan eg sit her med kaffikoppen og høyrer på musikk, deler eg mine fem draumekjolar, kjolar som antakeleg er såpass dyre at eg får nøye meg med å sjå dei på bilete:

1) nattblå gjennomsiktig kjole med lange ermer - detaljane på denne kjolen frå Elie Saab er berre heilt fantastiske

2) dus lyseblå kjole med luftige rysjer - eg er jo ein veldig fargeglad person, og då snakkar me ofte om sterke fargar, men denne duse fargen, nesten gråaktig, på denne kjolen frå Hamda Al Fahim er noko av det finaste eg har sett

3) mørk, knallgrøn kjole med små blomar på - grøn er ein farge eg er blitt meir og meir glad i, og denne kjolen frå Tony Ward er berre nydeleg

4) fotsid kjole i mørk sjøblågrøn farge - endå ein heilt nydeleg kjole frå Elie Saab. Den er i chiffon, med ei lite belte i midja og vakre perler øvst på skuldrene

5) raud blondekjole - til slutt ein kjole i ein knallraud farge frå merket Coast. Herleg farge, nydeleg snitt. Perfekt!

9. feb. 2014

Topp 5 – kvardagsgleder

Vanskeleg å lande etter andreplassen i går... Med dommarkommentarar som "dagens høydepunkt", "bader i god og rund brassklang" og "sends a shiver down the spine" er det vanskeleg å ikkje smile. Eg trur det hadde vore moro å vere ei fluge på veggen inne på hotellrommet i går, både under preimeutdelinga og då dommarkommentarane blei lese opp. Me må ha virka heilt ville og rare alle saman ;) Dagens topp fem blir difor gjort ganske enkel i dag, nemleg det som gleder meg akkurat no, sånn sett generelt kvar dag. Både små og store gleder. Kvardagsgleder:

å vere sambuar med han der fine som eg snart skal gifte meg med

korpsøvingane kvar måndag

ein god frukost med radio og kaffi omtrent kvar einaste morgon

vite at eg har gode vener, både her i byen, heime på Sola og spreidd rundt om landet, og verdas beste familie

kjenne på at det blir lysare og lysare ute, varmare i vêret og at me om berre nokre månadar sit på flyet til Island og USA

2. feb. 2014

Topp 5 – bøker eg las i 2013

2013 var året eg fekk meg lesebrett og det var året eg plutseleg fekk det for meg at eg skulle lese alle Harry Potter-bøkene på engelsk. Eg las også nokre Agatha Christie-bøker i påska og ein del bøker som stod på pensumlista. Innimellom alt dette las eg også andre bøker, både drama, humor, sære bøker, krim, norske, engelske... Ja, i det heile tatt litt diverse. Eg har jo alltid likt å lese, det er noko med å kunne sitje under eit teppe med ei god bok i fanget, kaffi i koppen medan det stormar og ular ute. "I always buy another book when I still have ten to read" (sitat ukjent). Topplista nedanfor vil i dag innehalde gode bøker eg las i fjor, som eg likte, og som eg ikkje har lese før:

Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant av Jonas Jonasson - denne har eg nemnt før, men eg kjem ikkje utanom. Alt kva denne hundreåringen har opplevd i løpet av sine år på planeten Tellus er heilt utruleg. Verkeleg ei herleg bok, og det er ikkje så ofte det skjer, men eg lo høgt for meg sjølv då eg las denne

Ildvitnet av Lars Kepler - nerverpirrande og så utruleg spennande krim. Denne boka fekk eg med lesebrettet då det kom i posten, og eg må berre seie at dette er ei av de krimbøkene der eg verkeleg sat og nesten beit av meg neglene! Det er eigentleg bok nr.tre i ein serie der det foreløpig har komme ut fire, men eg synest ikkje det gjorde noko å lese den fyrst, for ein kom fort inn i handlinga og som sagt så var den jo superspennande

Den merkelige hendelsen med hunden den natten av Mark Haddon - dette var vel, om ein ser bort i frå pensumbøkene, den fyrste boka eg las i fjor. Ei annleis bok, både i handling og i måten den er skriven på. Rett og slett ei kjempebra bok!

Den talibanske cricketklubben av Timeri N. Murari - ei bok som delvis er basert på verkeleg hendingar. Ei bok om det å kunne finne glede i eit krigsherja land, det å kunne ha ytringsfridom og så klart kjærleiken. Ei herleg bok som fekk meg til å tenkje på kor heldige me faktisk er her i landet

Parissyndromet av Heidi Furre - nynorsk, drøymande, fine skildringar... Medan eg las denne boka, fekk eg skikkeleg lyst til i reise til Paris (og ja, eg har tidlegare skrive om boka i dette innlegget). Og så skulle eg ønskje at eg kunne mykje meir fransk enn det eg faktisk kan etter å ha hatt fransk på skulen i (heile) fem år :P

26. jan. 2014

Topp 5 – songar eg høyrer på når eg arbeider

Når eg skal konsentrere meg om skulearbeid, korpsorganisering eller liknande, synest eg ofte det heile blir mykje kjekkare å gjere når eg høyrer på musikk. Det er ikkje alle som klarer å høyre på musikk medan dei arbeider, og nokre må kanskje høyre på ein type musikk for at det skal funke. For meg er det ikkje rock eller nymotens pop eller klassisk, men meir filmmusikk (ofte utan tekst) og rolege popballadar, songar som berre kan gå i bakgrunnen utan at eg syng for mykje til dei og mistar konsentrasjonen. Blant nokre artistar har eg mange favorittsongar, andre berre ein, og det same med eit filmusikkalbum: av og til er eg like glad i alle songane og kan setje på eit heilt album medan eg sit og skriv, andre gongar ein song frå den filmen og ein song frå ein annan film:

"I'm going to make a cake" av Philip Glass - filmmusikken, og då snakkar eg om heile albumet, frå The Hours er berre herleg når eg sit og les eller skriv, og denne songen er den finaste av dei alle

"Shelter" av og med Laurence Fox - å skulle velje berre ein song av denne artisten, det er vanskeleg, det. Eg har tidlegare delt nokre av hans musikkvideoar, og songane hans går ofte om og om igjen på spelelista mi. Dei fleste kjenner han sikkert frå britisk TV, men han har dei siste åra skrive mange songar, gitt ut ein LP og eg blir berre meir og meir glad i songane hans

"Broadway, Here I Come" med Smash cast - ein litt meir livleg song som eg høyrde fyrste gong i TV-serien Smash. Ein song som er kjekk å høyre på og som gjer meg litt ekstra energi (og tittelen på songen passar jo bra med tanke på at me skal til New York og forhåpentleg sjå ein musikal på Broadway).

"Crossroads" av og med Markéta Irglová - fyrste gong eg høyrde namnet hennar, var i samband med den fantastiske filmen Once der ho syng så utruleg fine songar saman med Glen Hansard. Hennar album Anar er fylt med roleg stemning, fine tekstar og ei nydeleg stemme!

"Les Mondes Engloutis" med Ingrid Olava - songen er eigentleg temaet frå den franske animasjonsserien med same namn, ein serie eg ikkje har noko forhold til, men med Olava si stemme, får songen eit kjempefint uttrykk og eg kan høyre den gong på gong

19. jan. 2014

Topp 5 – filmar som verken er norsk- eller engelskspråklege

Å sjå filmar kor dei ikkje snakkar norsk eller engelsk er kanskje ikkje det eg er best på. Eg har faktisk lyst til å sjå meir franske filmar, italienske, kinesiske, tyske, svenske, ja, du skjøner teikninga. Crna mačka, beli mačor (Svart katt, kvit katt på norsk) som er ein serbisk (jugoslavisk) film og Trǐ oříšky pro Popelku, ein tsjekkisk film om ein ser bort frå den norske "dubbinga", er også filmar som verkeleg er verd å nemne i denne samanhengen. Vel, her kjem i alle fall mine topp fem:

Nuovo Cinema Paradiso - den nydelegaste, mest rørande og finaste filmen eg veit om. Kjærleikshistoria og også historia om den lille kinoen Cinema Paradiso er berre så fint sett saman. Eg kan sjå denne italienske filmen gong på gong, nyte det fine temaet som går gjennom heile filmen (den skal garantert vere med i bryllaupet på ein eller annan måte), og gråte nokre tårer eller mange.

Les Choristes - ein fransk film med nydeleg musikk og nydeleg historie. Den handlar om Clément Mathieu, ein mislukka dirigent og komponist, som på slutten av 1940-talet blir lærar på ein internatskule for "vanskelege" (les: rampete) gutar. Filmen er så varm og også vond om forholdet mellom lærar og elevar, og kor mykje musikk kan ha å seie for å uttrykke seg sjølv. Såg denne filmen fyrste gong på ungdomsskulen og etter det har eg aldri klart å gløyme den.

Så som i Himmelen - også denne filmen handlar mykje om musikk i og med at hovudrollen er ein kjent dirigent som flyttar heim til heimbygda etter ein tøff periode i livet. Han skal eigentleg ta heilt pause frå musikken, men på eit eller anna vis blir han dirigenten til det lokale koret. Forviklingar, rykte og sterke historier pregar denne filmen, men den er viktig og fin på same tid. Og – "Gabriellas Sång" med Helen Sjöholm tar pusten frå meg kvar einaste gong!

Le fabuleux destin d'Amélie Poulain - Audrey Tautou, herleg og artig musikk, fransk, merkeverdige hendingar, mystiske personar, hagegnom og fotoautomat. Kan det bli betre? For nokon kanskje ein snål film, men det er jo det som gjer heile filmen, det at den er litt annleis. Rett og slett ein ordentleg herleg film!

Intouchables - ei god veninne av meg har lenge sagt til meg at "denne filmen  du sjå", men eg må innrømme at det skjedde fyrst førre helg. Og for ein film! Eg hadde trudd at eg kom til å gråte meg gjennom heile filmen nettopp på grunn av temaet (venskapet mellom ein som verkeleg er knytta til rullestolen og assistenten hans). Nokre tårer kom det jo, men ikkje så mykje som eg hadde trudd. Filmen er nemleg fylt med mykje humor og varme, og med det blei det også mykje latter :)

12. jan. 2014

Topp 5 – sitat frå den siste Harry Potter-boka


""He’ll be all right," murmured Ginny. As Harry looked at her, he lowered his hand absent-mindedly and touched the lightning scar on his forehead. "I know he will." The scar had not pained Harry for nineteen years. All was well." Slik lyder den aller siste passasjen i Harry Potter and the Deathly Hallows som er den siste boka om Harry Potter. Tårene berre rann og rann og rann då eg las den ferdig førre laurdag. Eg vil ikkje det skal vere ferdig sjølv om eg så altfor godt veit at det er det. Det hjelper litt å sjå på filmane innimellom, sjå tilbake på fine sitat som desse:

"She was really cut up when you ended it- ". 
"So was I. You know why I stopped it, and it wasn’t because I wanted to." 
"Yeah, but you go snogging her now and she’s just going to get her hopes up again- ". 
"She’s not an idiot, she knows it can’t happen, she’s not expecting us to- to end up married, or- ". As he said it, a vivid picture formed in Harry’s mind of Ginny in a white dress, marrying a tall, faceless and unpleasant stranger. 
- dialog mellom Ron og Harry, og ein dialog som eg synest er litt artig med tanke på det som skjer seinare i boka

"No," said Ron seriously, "I mean we should tell them to get out. We don’t want anymore Dobbies, do we? We can’t order them to die for us—". There was a clatter as the basilisk fangs cascaded out of Hermione’s arms. Running at Ron, she flung them around his neck and kissed him full on the mouth. Ron threw away the fangs and broomstick he was holding and responded with such enthusiasm that he lifted Hermione off her feet. "Is this the moment?" Harry asked weakly, and when nothing happened except that Ron and Hermione gripped each other still more firmly and swayed on the spot, he raised his voice. "Oi! There’s a war going on here!". Ron and Hermione broke apart, their arms still around each other.
- endeleg seier eg berre!

"Have you grown to care for the boy, after all?"
"For him?" shouted Snape. "Expecto Patronum!". From the tip of his wand burst the silver doe: she landed on the office floor, bounded once across the office and soared out of the window. Dumbledore watched her fly away, and as her silvery glow faded he turned back to Snape, and his eyes were full of tears. "After all this time?" "Always," said Snape.
- Snape til Dumbledore om sin kjærleik til Harry si mor Lily.

"Tell me one last thing," said Harry. "Is this real? Or has this been happening inside my head?" Dumbledore beamed at him, and his voice sounded loud and strong in Harry's ears even though the bright mist was descending again, obscuring his figure. "Of course it is happening inside your head, Harry, but why on earth should that mean that it is not real?"
- har denne med rett og slett fordi eg synest det er vittig sagt

"Albus Severus," Harry said quietly, so that nobody but Ginny could hear, and she was tactful enough to pretend to be waving to Rose, who was now on the train, "you were named for two headmasters of Hogwarts. One of them was a Slytherin and he was probably the bravest man I ever knew."
- Harry til den yngste sonen sin som er redd for at valhatten skal plassere han i Slytherin og ikkje i Gryffindor