31. mars 2019

På tampen av årets tredje månad

Eg må nesten le litt av vêret i dag, den siste dagen i mars. Me vakna opp til eit lite lag med snø, men før klokka var elleve, skein sola ute og me ville gå ein liten tur. Hadde ikkje gått meir enn ti minutt før det verkeleg byrja å dale ned samstundes som det blåste noko inni granskauen. Fem minutt etterpå varma sola igjen. Ein sundagstur med fire årstider, hi, hi! Også denne veka har det vore full rulle på jobb, til dømes var eg og ein av dei andre ute på handletur i fire timar (!) på tysdag. Fleire hyller er på plass, personalkjøkkenet byrjar å bli ferdig, svømmarar har vore innom på kveldstid og me ansatte prøvde bassenget på fredag før me drog heim. Herleg! Lesegleda er framleis på topp, og eg kjenner det gir meg så mykje når eg kjem heim etter ein travel dag og berre kan slappe av med ei god eller spennande bok. Helga har vore roleg og eg byrjar å bli klar til å ta fatt på ei ny veke på jobben. Og ein ny månad, for "Jeg velger meg april." (B. Bjørnson). Over til sundagslista:

✦ månadens Christie-bok, ei av mine absolutte favorittar: Endless Night
✦ sjå ein kanin rett ved UiS ute på tur i dag
✦ litt lite bilete, men veldig kjekt å hente fotobøkene frå Fotoknudsen på postkontoret
✦ kanskje me skal prøve ein kikertsvariant neste gong me lager vaflar
✦ nydelege blomar på eit tre ved hovudkontoret til Stavanger natur- og idrettsservice
✦ smakte godt med kakao etter den lille sundagsturen vår
✦ bra øving med orkesteret, trur det blir ein bra konsert om ei veke
✦ ein ny vlog inne hos Jonna, for det er kjekt å følgje me på hennar kvardag
✦ klassikaren eg las no i mars var Persuasion (eller Overtalelse) av Jane Austen
✦ gult er alltid kult, her med nuperellesmykket mitt og det kule ullskjørtet
✦ vakker solnedgang over Mosvatnet på veg til jobb
✦ 8 sitat frå den kulaste detektiven – så klart snakkar eg om Hercule Poirot
✦ songen "Kamilla og Sebastian", frå filmen Kamilla og tyven, i fredagens Beat for beat
✦ laurdagstur med bussen til Sandnes for å fikse ei bursdagsgåve
✦ har sett ein del av dei før, men her er 17 forslag til forskjellige romantiske komedie
✦ og ein til om filmar: "30 Irish Films You Need To Watch"
✦ teste bassenget rett før me gjekk heim og tok helg
✦ fugl Føniks høgt i sky, eller ein storslått solnedgang
✦ gjensyn med den finaste og herlegaste filmen Notting Hill, blir ikkje lei den

29. mars 2019

Vakre tonar og ei fredagshelsing



Tårene rann då eg høyrde denne låta fyrste gongen. Ole Edvard Antonsen spelte denne på julekonserten som me var på i desember, og den er så nydeleg. Utruleg vakker, og eg får gåsehud. "Benedictus" heiter den og er ein del av messa The Armed Man, komponert av den walisiske musikaren og komponisten Karl Jenkins. Sjekk også ut 2CELLOS sin versjon av låta, dei er så dyktige og speler herleg fløyelsmjukt. Trykk på "play", set deg tilbake og nyt dei flotte tonane. Det skal i alle fall eg gjere her. Akkurat her og no. Vil med dette ønskje dykk alle ei flott helg!

27. mars 2019

Beina på bordet midt i veka

Liten stemningsrapport frå stovekroken. Timane på jobb fauk av garde i dag med alt frå kursing i badeanlegget til vasking av garderobar og bestilling av fleire varer. Og i går var det orkesterøving på kvelden, så i kveld har me hatt beina på bordet – han me tøflane på – og kost oss med ein god te i koppen. Ute byrja det å skumre og den blåfargen på himmelen er noko av det finaste eg veit. Inne skein den gule og kule lampa vår og gardinene er eg like glad i no som då me flytta inn for fire og eit halvt år sidan. Sit no og høyrer på filmmusikk. Tar snart fram ei bok før me byrjar å tusle til sengs.

25. mars 2019

På badetur til Bergen

Med meg på jobbturen førre veke, hadde eg berre mobilen og ikkje eit av dei to systemkameraa mine; var jo berre vekke eit døgn. Her kjem no likevel nokre bilete tatt gjennom mobilen. Me drog av garde frå Stavanger i ein nisetar klokka åtte. Fyrste stopp var Tysværtunet som er eit kulturhus der dei bl.a. har kino og bibliotek i tillegg til eit badeanlegg. Synest skiltet med "Badevettregler" var veldig stilig, ein litt artig måte å få fram korleis ein skal oppføre seg når ein er der og svømmer. Vidar gjekk turen til Stord, og også der er badeanlegget i kulturhuset. Diggar stilen inne i hallen, får ei slik herleg retrokjensle og eg trur det kunne passa rett inn i ein Wes Anderson-film! Me fekk også ta ein titt på utstillinga "MOT" av Marta Nerhus. Flotte verk laga av metalltråd og streng.



Vel framme i Bergen, budde me på Scandic Byparken. Ikkje dei største romma, men det var no heilt greie, og frukosten dagen etterpå var suveren. Eg skifta til eit litt finare antrekk og møtte dei andre nede i resepsjonen. Åt god middag – laks med kjempegodt tilbehør – på ein restaurant på Zachariasbryggen. Hamna på Børskjelleren etterpå der me blei med på ein musikkbingo. Bra musikk og veldig kjekk stemning! På torsdagen stod me opp, åt ein god frukost i samla tropp og drog til AdO arena. Arenaen er kalla opp etter svømmaren Alexander Dale Oen og stod ferdig i 2014. Her er det stupetårn opp til ti meter, eit 50-metersbasseng, stor sklie og ein god del anna. Flott arena, ingen tvil om det. Var der i nærmare fem timar før me tok fatt på vegen heim. Eg synest det var kjekt å få til ein slik tur, både for å sjå og lære, og for å bli kjent med dei eg skal jobbe med.

24. mars 2019

Fyrste jobbveke i svømmehallen

Puh. Eg veit at eg allereie har skrive det, men desse dagane, heile denne veka, har verkeleg gått i eitt. Det er mykje å gjere på jobb, men sidan handverkarane ikkje er ferdige med alt, er det mykje me ikkje kan gjere enno. Som å setje på plass rekvisita, stelle i stand på kjøkkenet og leggje frå oss ting i personalgarderoben. Likevel har me stått på og fått gjort det me kunne, og det kjem til å bli veldig bra. Veldig kjekt med ein jobbtur til Bergen der me var innom tre forskjellige badeanlegg i tillegg til å ete ute og ha ein sosial kveld. Eg har fått til å lese litt kvar dag, og mykje no i helga sidan me "berre" har vore heime, utan å ha noko på programmet. Heilt herleg og tommel opp! Trur eg skal gjere det enkelt og ikkje skrive så mykje meir, heller gå rett på vekesoppsummeringa:

✦ bake pestosnurrar som eg kan ha med meg på jobben no til veka
✦ filmen Our Souls at Night – nydeleg filmatisering av Kent Harufs bok med same namn
✦ vakker gatekunst, noko som eg verkeleg liker med byen vår
✦ "Slutt! Klabb igjen! Eg går galen!" – om det å snakke under konsertar, og er så einig!
✦ te, bok og stearinlys fredagsettermiddag etter ein travel dag på jobb
✦ å vere glad for dei små gleda i kvardagen og i livet, så fint om ein lykkedag
✦ for ei spennande bok: Koke bjørn av Mikael Niemi
✦ får veldig, veldig lyst til å reise med Orientekspressen når eg ser dette videoklippet
✦ litt artig å gå rundt i verneutstyr på jobb
✦ å dra på tur med gjengen frå jobb for å sjå på badeanlegg og bli betre kjent
✦ tenkjer eg vil besøke Vintagefabrikken på Kungsholmen neste gong eg er i Stockholm
✦ bruke helga på å senke skuldrene og lese mykje
✦ bivoksduk er kjempepraktisk, og her er ein god oppskrift til korleis ein kan lage dei sjølv
✦ kanskje ikkje den beste nettsida, men her kan ein likevel finne mange gode tips til togreiser
✦ og det er kanskje ikkje så praktisk å reise med tog Noreg-England, men hadde vore gøy å prøve
✦ stoppe innom ei kunstutstilling på Stord med kunst laga av Marta Nerhus
✦ å få sjå svømmehallen før den er heilt ferdig, for kjekt å sjå progresjonen fram til me opnar
✦ 19 filmar som er basert på eller inspirert av bøkene til Jane Austen
✦ likte godt den fyrste boka om bibliotekkatten Dewey og likte også Dewey's Nine Lives
✦ lage ferdig tre fotobøker

22. mars 2019

Fredagshygge etter travle dagar

Som forventa har dei siste dagane gått fort med mykje nytt å lære og mykje å gjere. Frå onsdag til i går var me på ein liten teambuildingtur til Bergen, og så gjekk det i eitt på jobb i dag frå sju til tre. Trur me alle trengjer helg no. Etter å ha sykla heim i vind og regn, var eg litt kald då eg kom heim og det var fint å setje på ei kjele med vatn, lage meg god te, tenne lys og lese i ei bok. Akkurat passe avslappa start på helga. Og så skal eg prøve å senke skuldrene i morgon og på sundag også.

20. mars 2019

Når ein er ute og går ein plass ein ikkje har vore før

Me gjekk ein tur i nærområdet på laurdag. Traska bort til Vannassen og derifrå gjekk me vidare inn i eit bustadsområde kor me ikkje hadde vore før. Alt i alt ikkje ein særskilt lang tur, men gøy å gå ein annan stad, oppdage nye ting. Som nokre små, fine påskeliljer (gult er kult), eit leikent skulebygg (kvifor har me ikkje fleire slike bygg?!) og ein lysegrøn port (det er vel no eg skal seie at "håpet er lysegrønt"). Tre små glimt frå ein passeleg gåtur i lag med min betre halvdel.

18. mars 2019

Ny jobb og ein ny kvardag

Fyrste dag i svømmehallen er unnagjort, og den har gått i eitt. Alt er ikkje heilt på plass enno, så dei neste vekene kjem me til å jobbe på ein byggjeplass. Med verneutstyr og det heile. Rekkverket til stupetårnet må fiksast og elles er det masse utstyr som skal på plass inne på lagera, elektrisitet må på, hyller skal skruast saman, inngangspartiet – både ute og inne – er heller ikkje ferdig. Kunne nok ha ramsa opp meir, men me er alle einige om at det kjem til å bli bra når svømmehallen opnar 11.april for publikum etter å ha vore stengd i to år for oppussing. Som du sikkert forstår, blir det nokre travle veker framover, men er jo gøy å få vere med på litt av byggeperioden også.

17. mars 2019

Roleg veke med mykje fint

Og så er det sundag, endå ei veke er over. Veka har vore nokså roleg og eg har fått lese mykje, akkurat slik eg ønskja. For i morgon er det i gong med ein ny jobb og eg veit det kjem til å bli mindre tid til lesing. Men når eg tar fram ei god bok, slappar eg av, og difor ønskjer eg å setje av tid til i alle fall ei leseøkt kvar dag. Anna denne veka er to blogginnlegg om Hurtigruten inne hos Ida (takk for lenkje i innlegget), liten laurdagstur i nærområdet, hente bøker på biblioteket på Madla, prate med mine fine tidligare kollegaer, hekla litt og ei nettsak om Kaptein Sabeltann: "De fleste gutter, og mange jenter, født etter 1985 lekte Sabeltann da de var barn. Det gjorde også jeg. Jeg lekte Sabeltann med gutta i nabolaget. Vi fektet med lekesverd. Og sang alle sangene." Sjølv så kan eg plutseleg byrje å syngje på mange av dei fyrste Sabeltann-songane, "Kongen på havet" og "Grusomme Gabriel" er ordentlege barndomsminne. Samstundes småhumrar eg litt, for mannen min, som er født akkurat i 85, har ikkje noko særskilt forhold til denne sjørøvaren og ser rart på meg når eg plystrar, syngjer eller nynnar til ein av songane. Ha, ha, det er blitt ei greie her i heimen! Meir om mi marsveke og lenkjer til andre kjekke ting finn du i lista som kjem…no:

✦ torsdagsdate med knallgod vegetargryte, stearinlys og ein episode av Heartbeat
✦ knallblå himmel over naboblokka midt i veka
✦ kjenner meg veldig igjen i dette biletet på IG, for Harry Potter var min barndom og ungdom
✦ boka En trofast hustru (og vel, biletet er tatt for ein god månad sidan, ligg litt etter)
✦ "Sabeltann og meg" – om kva Sabeltann har vore for ein person, og sånn sett ein heil generasjon
✦ lita HP-utstilling i ein bokbutikk på senteret på Madla
✦ dei nye handdukane våre i fargane sennepsgul og terracottaraud
✦ fine blogginnlegg om Hurtigruten: del 1 og del 2
✦ leggje ferdig puslespelet med alle dei små bileta frå forskjellige Disney-filmar
✦ solstråle på ein fin og fargerik pute i stova vår
✦ "You Raise Me Up" med to hundre barn og ungdommar som syng a capella
✦ ungdomsboka More Happy Than Not, der premisset kan minne om denne filmen
✦ fire tips til korleis å lese meir inne hos Michelle – liker veldig godt punkt nr. tre
✦ teste ut fleire forskjellige hekla sekskantar
✦ ny vlog inne hos Jonna der me får sjå glimt av draumehuset
✦ små påskeliljer som eg såg då me var ute og gjekk i nærområdet i går
✦ kose meg med finalen av Downton Abbey for andre gong
✦ og Maggie Smith er berre så kul i nemnde serie, berre sjå her
✦ "Top 10 Epic Broadway Villain Songs" – særskilt "Dentist" og "Stars"
✦ kule og oppmuntrande helsingar på dialekt på golvet på Amfi Madla
✦ gløymde denne førre veke, men kaffi på kafé der sola skin inn gjennom vindauget er alltid fint

15. mars 2019

Flott gåtur i eit like flott turområde

Ny fredag, ny helg. Vêrmeldinga for helga er grå og med ein god del regn. Ja, ja. Får mykje tid til å lese om ikkje anna. Førre helg derimot, og då tenkjer eg særskilt på sundagen, var vêret heilt nydeleg. Me sykla bort til Sørmarka, sette syklane frå oss, tok beina fatt og gjekk ein god runde der. Sola skein, temperaturen var ein vårdag verdig og det var ei avslappa kjensle. Gå hand i hand, vinke til skuggane våre, nyte utsikta over byen og den knallblå himmelen. I skogen fann solstrålane vegen gjennom trea og der sola ikkje nådde fra, låg det innimellom bittesmå pyttar dekte med is. Ei fjør i ei grein og ein vakker raudstrupe i ei større grein. Takksam for eit slikt turområde i nærleiken.

14. mars 2019

Mikke i mange små bitar

Viss eg ikkje hugsar feil, er det tredje gongen, om ikkje fleire, eg har pusla dette puslespelet. Andre gongen i lag med min betre halvdel. Kan godt hende eg har lagt ut bilete av dette puslespelet før, men pyttsann. Motivet er Mikke Mus og eg trur det heiter "Mickey in the Spotlight". Det som gjer det spesielt, er at biletet består av mange små bilete, alle henta frå forskjellige Disney-filmar.


Ramma var enkel å leggje, men eg må innrømme at eg hadde gløymt kor vanskeleg mykje av det andre er: nokre av brikkane er nemleg så like, både når det gjeld minibileta og fasongen, at dei kunne ha passa fleire plassar. Av og til sa eg nok "argh", eller noko som i alle fall likna. Likevel er det jo kjekt med ei utfordring, og det er ein koseleg aktivitet å kunne gjere saman om kveldane.

13. mars 2019

Gylne fargar i heimen vår

Får alltid litt ekstra energi når eg ser at det skin ute og at ein solstråle eller to finn vegen inn til oss. Slik som i dag då det skein inn på den eine puta i sofaen. Fargane blir hakket meir framståande på slike dagar. På ein god måte, altså. Når me snakkar om fargar, må eg berre vise fram dei nye handdukane me har investert i til badet. Sennepsgult og terrakottaraudt. Varme og gylne fargar som er ypperlege til dei andre fargane inne på badet. Den minimalistiske, skandinaviske stilen er fin å sjå på når eg ser i interiørblad og i butikkar, men sjølv må eg ha ein del fargar rundt meg. Eg har alltid vore slik. Kongeblå og raudt har alltid vore favorittane, og no er også jordfargar blitt ein del av kvardagen. Er det no eg skal seie meir fargar til folket?! Hi, hi, eg tenkjer eg gjer det, eg.

11. mars 2019

Om brukte bøker

Sjølv om eg sjeldan kjøper bøker, nye eller brukte, eller ønskjer meg bøker til bursdag eller jul, synest eg det er veldig kjekt å gå rundt i bokbutikkar og sjå. Særskilt i bruktbokbutikkar der ein finn bøker som har ei historie. Kanskje er dei blitt lesne femti gongar eller berre ein gong. Nokre av bøkene har eseløyre og kanskje eit namn og ei adresse skrive inn på den aller fyrste sida. Lukta av gamle bøker. På fredag stakk eg innom Løvås bruktbu som ligg så å seie midt i sentrum. Kan ikkje hugse at eg har vore der før, og eg blei der lenger enn eg hadde tenkt; det var så mykje å utforske. Fann Sommerboken av Tove Jansson til tretti kroner, så den berre måtte bli med heim. Blir kjekt å lese den etter kvart. Eg var også innom NMS Gjenbruk på Hillevåg, og då var det Brødrene Løvehjerte som blei med meg i veska. For det er verkeleg ei bok ein kan lese om og om igjen.

10. mars 2019

Gatekunst i byen vår, favorittbøker og ein musikal

Berre ei veke (og ein dag) til eg byrjar i ny jobb. Har få planar neste veke og vil då prøve å nytte sjansen til å lese mykje, gå ein tur viss vêret er bra, lese meir og sjå noko kjekt på skjermen. Ei veke går fort, og plutseleg er eg i gong med ein ny kvardag. Kjenner eg grugleder meg. Denne veka har eg gjort ein god del, alt frå å lese gode bøker til å sjå ein musikal på teateret saman med ei veninne. Mange småærend er også unnagjort. Rundt juletider i fjor, høyrde me eit kapittel av lydbøkene Ongane i gadå av Ajax (eg. Andreas Jacobsen) som ein adventskalender, og ei av forteljingane me høyrde var "Håler i himmelen". Sitatet er henta frå denne: "Ka e sjerner for någe? spørt'an Broremann ein kveld då han og 'u Johanna va på vei heim fra ein barnaforening. Sjerner? Hu Johanna kjikte opp i den klara vinterloftå. - Sjerner e' håler i himmelen, sa 'u. Det e englane så har lagt di for te fylla med i ka så fåregår på jorå." Synest det er ei koseleg forteljing, og artig å sjå referanse til denne midt i byen. Og før eg startar på sundagslista, må eg også nemne Korfu-trilogien. Til jul kjøpte eg nemleg sesong ein og to av serien The Durrells til mamma til. Eg visste at dei var basert på ein boktrilogi på dei åra mora til Gerald Durrell tok med seg han og resten av familien til Korfu i mellomkrigstida. Men lite visste eg at bøkene var så bra! Lang innleiing i dag, så no skal eg avslutte og heller vise andre fine ting og lenkjer som eg ønskjer å framheve denne veka:

✦ ein siste mohikanar på ein vegg nede i sentrum, for eg diggar gatekunsten i byen vår
✦ gode refleksjonar og tankar om sosiale medium i denne Instagramposten hos Rebecca
✦ lukta av kaffi og ei eldre bok
✦ Jonna sin vlog der ho fortel meir om dei tøffe vekene og om draumehuset
✦ sjå ein episode av Downton Abbey, alltid kjekt med eit gjensyn
✦ dei fine bokanhenga og den stilige nøkkelringen
✦ stikke innom Løvås bruktbu – her er det verkeleg bøker i lange baner
✦ her kjem endå ein video av lille, søte Maya – det går ikkje an å ikkje smelte av dette synet
✦ laurdagskveld med taco og latterkrampe til filmen Hello, Dolly! frå 1969
✦ og eg fann gatekunst på ein kjøpesentervegg, også dette midt i sentrum
✦ lese ut The Map of Us på kafé, likte den boka veldig godt
✦ "The 11 Most Romantic Moments in the Harry Potter Series"
✦ glas"biletet" i byen med orda "Håler i himmelen"
✦ synest finalen av Unbreakable Kimmy Schmidt var akkurat passe fin, artig og herleg
✦ kjekt å vere i gong med orkesterøvingar igjen etter nokre veker med partiturfri
✦ me såg ein raudstrupe på vår veg då me var ute og gjekk sundagstur
✦ eg har lenge hatt lyst til å prøve "punch needle" og får i alle fall lyst etter å ha sett dette broderiet
✦ musikalen Cabaret på Rogaland teater saman med ei veninne
✦ blå himmel over byen vår no i dag
✦ har storkost meg med å lese den fyrste boka i Korfu-trilogien: My Family & Other Animals