31. jan. 2022

Høgtlesing av fine minne




Årets fyrste månad er snart over. Også i fjor skreiv me fleire lappar til å ha i minneglaset, og i går byrja me å lese eit par av dei. På ein måte kjennest det ikkje ut som om 2021 har vore – det gjekk liksom i eitt med 2020. Men det er rart med det, for når ein les høgt det som står på mange av lappane, er det likevel mykje bra me har gjort og opplevd i løpet av fjoråret. Til dømes ein dag i den stilige skulpturparken Kistefos. Framleis mange lappar til gode å lese, ein veldig koseleg tradisjon. Lurer på om me er på det tiande året med dette minneglaset. Enkel og samstundes ein finfin måte å oppsummere året som har gått på. God sjokolade og stearinlys, roleg musikk, han og og eg ♥︎

30. jan. 2022

Etter storm og eit lite stikk








Storm i kasta og hurramegrundt. Ingen løyndom at me stort sett har vore inne i helga med det vêret som har vore, akkurat slik eg skreiv for to dagar sidan. Fredagsettermiddag tok me i tillegg tredje vaksinedose, og formen i går var ikkje heilt på topp – me var ikkje ordentleg dårlege eller noko, men litt daffe var me og begge kjente at armen var øm. I dag har me tatt ein tur ut av leilegheita for å øve og hente nye bøker. For min del var det jobb måndag, tysdag og onsdag og sidan fri. Mest lesing (er i gong med fleire gode bøker for tida og eg koser meg veldig), noko strikking, kvardagsglede i hente det me har kjøpt på REKO-ringen og rolege innedagar. Snart er det måndag og ei ny veke, og for min del startar den tidleg sidan eg byrjar på morgonskiftet. Har ikkje meir å skrive, her er mi veke:

✦ ta tredje stikk
✦ etter stormen: glad av å sjå sola lage skuggespel på Christie-bøkene mine
✦ spele eit par rundar med "Bezzerwizzer" i lag med mannen min og broremann
✦ Ramona og Aaron sitt vakre og flotte nedtona bryllaup, eit såkalla "sensory-friendly" bryllaup
✦ kanskje ikkje den beste krimboka, men Langsom ild var til tider spennande
✦ stilig med ein kaffikopp på ein vegg her i byen
✦ fleire episodar av Verda rundt på skjener med sir Tony Robinson er no ute på NRK Nett-TV
✦ så å seie strikke ferdig den kjoletunikaen eg byrja på i desember
✦ gratulerer så mykje til finaste Ida som i desember fekk "ring på fing" 
✦ REKO-ringen på torsdag der me handla forskjellige matvarer, og så mange koselege skilt
✦ stille morgonar med bok og stearinlys
✦ "Top 10 Reasons Why Harry Potter is Still So Beloved" – fordi HP var mi ungdomstid
✦ lese ut 500 Miles from You, den siste boka i Scottish Bookshop-trilogien av Jenny Colgan
✦ Trekronå på Ogna – å, tenk å få oppleve ei natt her
✦ lar meg nok ein gong fascinere av Jonna sitt liv med ein ny vlog
✦ smakte godt med laurdagspizza og filmen Møtet på valmueåsen var akkurat passe søt og morosam
✦ komme i gong med å lage fotobok frå fjorårets biltur
✦ Patricia Routledge er berre herleg som Hetty i kosekrimserien Hetty Wainthropp Investigates
✦ blir både rørt og glad av å sjå denne bittelille pusen som kjem fram frå ein busk og får ein heim
✦ byrje å øve på notane til filmmusikkonserten me skal spele med orkesteret i slutten av mars
✦ Obie is Man Enough av Schuyler Bailar er ei knallbra bok om kjønn og identitet på idrettsarenaen

28. jan. 2022

Skribleri på ein frifredag


Ventar berre på stormen. Det var ordentleg ruskevêr i går, og det er venta slikt vêr i alle fall i morgon også. Der det tidlegare i januar var mykje sol og turgåing, ser eg det no blir mest lesing, strikking og kosekrim på skjermen. Og vel, det blir kanskje ikkje bra blogginnlegg av slike dagar, men hygge er det. Telys i Mummi-englespelet, varme pledd og ei god bok fanget. Kanskje blir ikkje vêret så ille slik at me kan gå tur i helga, viss ikkje skal me slappe av inne, gjere dei siste dagane av januar så mjuke som mogleg. For eg skal innrømme at januar innimellom har vore tung, den eine dagen lys og fin, den neste full av regn og grått humør. Veit liksom ikkje frå dag til dag kva som ventar med nye restriksjonar, kanskje færre, om me blir sjuke på jobb når me er i kontakt med så mange badegjestar, om orkesteret kan byrje å øve til filmmusikkonserten – du skjønner teikninga. Takksam for at eg har ein stor lesehaug med gode bøker som eg kan drøyme meg bort i når eg treng det. Ein mann som stadig er der med ein varm armkrok og trøystande ord. Og i dag er det fredag, eg har heilt fri. Skal ingenting. Ingenting anna enn å kose meg med både lesinga og strikkinga.

26. jan. 2022

Tonar som stilnar tankar



Åtte dagar i strekk på jobb. Ettermiddagen har vore stille, kjenner eg er litt sliten og daff etter travle jobbdagar. Høyrer på spelelista mi med rolege songar og prøver å senke skuldrene. "Nimrod", variasjon nr. 9 henta frå Edward Elgars Enigmavariasjonane, er ein av songane på lista mi. Variasjonane er dedisert til Elgars nære og kjære, og dei seiast også at det er ei gåte gjennom variasjonane: Elgar skal nemleg ha sagt at det innimellom skjuler seg ein velkjent melodi. Trur eg har til gode å høyre denne melodien, og generelt dei andre variasjonane, men det skjer noko når eg høyrer "Nimrod". Tankane står stille, eg berre lyttar til musikken som gradvis bygger seg opp, blir sterkare. Får ei ro i meg av desse tonane. Messinggruppa kjem inn når det nærmar seg det sterkeste partiet og det veks og veks. Tenk om me kan spele den med orkesteret ein gong! 

24. jan. 2022

Moonrise Kingdom


Ti år sidan denne filmen rulla over kinolerreta. Finaste Moonrise Kingdom. Ti år sidan me oppdaga ein regissør som har laga dei mest underfundige og stilfulle filmane, nemleg Wes Anderson. Atmosfæren i hans filmar med heilt særeigne rollefigurar og tidskolorittar utan like, sukk. Du må sjå ein av filmane for å skjønne det fullt ut. Alt frå The Royal Tenenbaums til The Grand Budapest Hotel. Ja, til og med ein animasjonsfilmen av Roald Dahls Den fantastiske Mikkel Rev. Nyleg såg me Moonrise Kingdom, trur det blei for tredje gong. Ein slik film ein kan sjå gong på gong og stadig oppdage noko nytt. Eg elskar sekstitalsnostalgien, det estetiske uttrykket, dei heilt fantastiske karakterane og den unge kjærleiken: "We're in love. We just want to be together. What's wrong with that." (Suzy). Og så bruken av Benjamin Brittens "The Young Person's Guide to the Orchestra", så stilig. Stilig er også kostyma, for kan det bli betre enn ein ekte sekstitalskjole med kvit krage?! 

23. jan. 2022

Lite nytt






Sjølv om ein kan lese på aftenbladet.no i dag at fleire badegjestar i Stavanger og Sandnes ikkje er nøgde med å stå i kø, og at mange av dei synest bookingsystem fungerte "så bra", har det for oss vore ei mykje kjekkare veke enn tidlegare. Travelt, ja. Og det er ikkje så kjekt å sjå at mange må stå i kø og at dei blir skuffa. Men foreløpig opplever me likevel at dei aller fleste er blide og at dei skjønner at slik er det akkurat no. Puh. Nok jobbprat for i kveld. På planen min denne veka har det stått mykje lesing, god kaffi, litt strikking og krimseriar. Tihi, ikkje noko nytt eigentleg. Me er framleis mykje heime og lite sosiale, håper verkeleg at våren blir noko enklare og lysare enn det dei siste månadane har vore. Kva anna har skjedd? Lite, eg køyrer heller rett på med vekesoppsummeringa:

✦ fyrste bok ut i #readchristie2022 var Stevnemøte med døden, ei bok inspirert av Christies reiser
✦ godt å kjenne vintersola varme
✦ Château de Hohbarr, for eit slott i ein episode av Great Canal Journeys der dei var i Frankrike
✦ sjå kjekke filmar om laurdagane, mellom anna finaste Moonrise Kingdom
✦ hugsar enno Fragglene (spesielt songen) og her er ein sniktitt på den nye serien
✦ endå fleire episodar av Agatha Raisin
✦ "Top 10 Epic Ballet Scenes in Movies" – Billy Elliot er ein av dei nydelegaste filmane
✦ starte kvar dag med god frukost og etterpå litt lesing, til og med no i helga før jobb
✦ av og til treng ein ikkje meir enn søtaste Coco, den lille kattepusen er like festleg kvar gong
✦ taco og film etter jobb i går
✦ lyserosa rose langs ein vegg langs jobbvegen min midt i januar
✦ trur ikkje eg kjem til å sjå Peacemaker, men introen med ein Wig Wam-song er kjempekul!
✦ boka Eight Perfect Hours av Lia Louis var akkurat passe søt
✦ Mosvatnet ein dag, er ganske nøgd med å ha dette i nærområdet vårt
✦ byrje å lese ei favorittbok for andre gong
✦ Ramonas lille videosnutt som har vore ute på biltur og besøkt fleire av plassane frå HP-filmane
✦ at mannen min kunne hente meg dei få dagane snøen låg som eit kvitt teppe
✦ kan ikkje anna enn å smile breitt når ein elefantunge leikar med vatn
✦ pizzarestar til middag og småhumra av Whose Line is it Anyway? i lag med min betre halvdel
✦ morgonstund med stearinlys, kaffi i ein Mummi-kopp, bok og strikking litt innimellom

21. jan. 2022

Vålandstårnet og ein runde i nærområdet vårt


Kvitt på bakken ute. Berre bittelitt dei siste dagane, og no er det i ferd med å forsvinne heilt. Kvitt var det ikkje i helga då me gjekk ein minitur i vårt kjære nabolag. Kanskje ikkje det aller finaste vêret den sundagen, men likevel var det godt å komme seg ut. Frisk luft gjer alltid godt, i alle fall når hovudet kjennest tungt og ein berre har vore inne dagen før. Traska opp til Vålandstårnet og titta utover byen vår. Gjekk ned til Vålandsparken, vidare over motorvegen og sidan nesten ein heil runde rundt Mosvatnet. Prøvde å fange det spesielle lyset over vatnet, og alléen rundt er fin både vinter og sommar. Og dei koselege endene. Å, ein slik liten sundagstur i godt selskap var akkurat det eg trong i helga. Fredag er her, for min del blir det å jobbe i kveld og heile helga. Spent på kor mange som kjem for å bade, for sjølv om me ikkje har bookingsystemet lenger, er det jo eit øvre tak på antal personar inne på anlegget om gongen. Kryssar fingrane for at køen ikkje blir altfor lang. 

19. jan. 2022

Mitt bokår 2021 📚


Til no har eg lese ut åtte bøker i 2022, nesten det same som då eg skreiv eit likt innlegg i fjor. Det vil aldri vere viktig kor mange bøker eg les så lenge eg koser meg med lesinga. Drøymer meg vekk, slappar av eller sit ytst på stolen fordi det er så spennande. Likevel må eg jo innrømme at det er gøy å ha lese 150 bøker – sånn går det når det blir mykje tid for oss sjølv, slik eg trur det har vore for mange. Som eg nemnde i sundagslista, skal eg i år utfordre meg sjølv til å lese ei bok i månaden av ein "ikkje-vestleg forfattar", altså lese meir frå andre kontinent enn "berre" Europa og Nord-Amerika. I tillegg skal eg også i år vere med på å lese ei Agatha Christie-bok i månaden (#readchristie2022) og eg vil også fortsetje å lese meir frå mi eiga bokhylle – i fjor blei det 67 bøker frå eiga hylle, heile 42 prosent, og 83 lånte bøker. Når det er sagt, er det bokåret 2021 dette innlegget skal handle om. 
Les som regel litt i kvar sjanger, og krimsjangeren er ofte ein eg vender tilbake til. Kanskje mindre i fjor enn tidlegare sidan eg har valt å lese ein del feelgood-bøker for å få opp humøret. Men ei Christie-bok i månaden har det blitt og Poirot er ein stor favoritt. Speilmannen av Lars Kepler likte eg ikkje (trur ikkje eg kjem til å lese meir frå den kanten) medan å byrje på årstidskvartetten frå Shetland av Ann Cleeves var ei sann glede. Det minner meg på at må lese fleire av hennar bøker. Noko av det kjekkaste innan krim, var å lese dei to fyrste bøkene i serien om dei fire herlege hovudkarakterane i Torsdagsmordklubben
 av Richard Osman. Å sitje under eit varmt pledd med noko varmt i koppen, ordentleg kosekrim som for meg er lik ein god, varm klem.



Reising utanfor landegrensa har det berre blitt på skjermen og mellom boksidene. Men å lese bøker om togreise, har fått meg til å glede meg veldig til me nok ein gong kan reise meir som vanleg igjen. Togeventyret av Bjørn Stærk og Togferie av Erik Sveberg Dietrichs har begge gitt meg mykje inspirasjon. Erika Fatlands Sovjetistan var ei fascinerande reise og djupdykk i land som eg ikkje har visst så mykje om, for ei lærerik og fargerik reiseskildring. 
Emily's Quest av L. M. Montgomery, den siste i trilogien, fekk meg nok ein gong til å reise tilbake til vakraste Prince Edward Island (trur eg seier det kvart år, men å, som eg innimellom saknar den øya). Bøkene om Fremmesteds reisebyrå av L. D. Lapinski har tatt meg med på ei ordentleg eventyrleg reise.



Å sluke ei bok, bli heilt oppslukt av handlinga, av ei eiga verd. Her er det mange gode kandidatar, men ein som skil seg veldig ut er Tilly og bokvandrerne av Anna James. Å kunne snakke med sine favorittkaraktarar og bli med dei til deira verd, tenk om me faktisk kunne det. Las bok nummer to i same serie rett etterpå og eg håper snart det kjem fleire bøker i denne magiske serien. Any Way the Wind Blows, den siste boka i serien om Simon og Baz av Rainbow Rowell, fekk meg også til å oppleve magi, og det same med tidsreiseboka One Last Stop av Casey McQuiston som også hadde ein god dose skeiv kjærleik og herlege karaktarer. Slukte også den
 tredje boka i Tremarnock-serien av Emma Burstall, gleder meg til å lese vidare om Liz, Rosie og heile gjengen. Og så må eg ikkje gløyme at eg las heile Narnia-serien av C. S. Lewis. Gøy!



The Girl with the Louding Voice av Abi Daré er ei tøff historie om det å gå sin eigen veg, og det er ei sterk kvinnekarakter som ber denne forteljinga. Sterke kvinner fann eg også i
 For alle vinder av Kristin Hannah, medan Heidi Furres Makta skildrar ei rå og tøff hending og korleis denne framleis pregar livet til hovudpersonen. When My Heart Joins the Thousand av A. J. Steiger, fekk meg til å bli glad i Alvie og Stanley, ei historie om to einsame sjelar som finn kvarandre i denne vakre boka. Noe tapt og noe vunnet av Tara Westover og Jente, kvinne, annet av Bernardine Evaristo, Shuggie Bain av Douglas Stuart og til slutt Hard Land av Benedict Wells skildrar alle oppvekst på ein tøff og sår måte. Fire forskjellige bøker som framleis sit igjen i minnet.



Kva som er vakkert, vil alltid vere subjektivt. De åtte fjellene av Paolo Cognetti overraska meg med sitt vakre språk og sine tøffe skildringar av fjellet. Tøffe skildringar finn ein også i Plikt av Marianne Clementine Håheim. Stjernenes knitring av Jón Kalman Stefánsson og Reise i måneskinn av Antal Szerb er også bøker som bergtok meg med sitt språk. Las Trollvinter av Tove Jansson, og hennar ord skaper ei heilt eiga og særskilt stemning. Likte også novellesamlinga Øksa og ishavet og romanen Forklaringen av Gaute Heivoll. Og nok ein gong har Linn Skåber og Lisa Aisato gitt ut ei vakker og rørande bok: Til oss – fra de eldste



Apropos overraske, klassikaren
The Railway Children av E. Nesbit overraska meg, kanskje mest fordi eg ikkje visste kva eg skulle forvente og så enda eg opp med å bli veldig glad i dei tre søskena, deira påfunn og korleis dei prøvde å finne seg til rette på ein ny plass, få nye venar og prøve å forstå kvifor faren deira er så langt borte. Å lese utan å vite så mykje om boka på førehand, det er alltid litt spennade og noko spesielt. Mannen min utfordra meg til å lese ei bok av Terry Pratchett, og den boka min betre halvdel fann fram til meg var Trollmannens stav. Eg koste meg ganske mykje med å lese den boka, det skal eg ærleg innrømme. Loveless av Alice Oseman (meir om Oseman seinare) var også ei bok som overraska meg, for sjølv om eg visste handlinga og temaet, veit eg ikkje om eg hadde trudd at eg kom til å like den og sluke den slik eg gjorde.



Tårene renn ganske ofte når eg les, det skal eg ærleg innrømme. J
uleboka Et hjerte av gull av Florence McNicoll fekk tårene mine til å trille fleire gongar og den var så himla mykje meir enn "berre" ei søt julebok. Må også nemne Autoboyography av Christina Lauren som rørte meg med historia om å måtte flytte frå ein by til ein annan for å kanskje kunne vere seg sjølv. Kjæreste Emmie av Lia Louis, Sofia Lundbergs Den røde adresseboken og A Walk to Remember av Nicholas Sparks må eg vel også plassere i kategorien "bøker som har fått meg til å gråte".



Sjølv om eg blir fort rørt, er det ikkje alle bøkene eg græt av. 
Crazy, Stupid Bromance av Lyssa Kay Adams, den tredje boka i Bromance-serien, har fått meg til å småhumre, og det same med Solan og Ludvig i Tre små venner av Kjell Aukrust. Nok ein gong har bøkene til Mandy Baggot, både sommarbøkene frå finaste Korfu og julebøkene hennar, fått meg til å smile, og Brudetesten av Helen Hoang har dei herlegaste karakterane. The Boyfriend Material av Alexis Hall (litt artig med den der fake dating-klisjéen), Bare på besøk av Beth O'Leary og Stompa, dagens helt av Anthony Buckeridge er også tre bøker som ein sikkert kan kalle feelgood-bøker. 



Ei av julebøkene, Christmas by the Book av Anne Marie Ryan var så varm og fin at det kan godt hende eg kjem til å lese den ein annan gong det er jul. Og eg sa eg skulle nemne Alice Oseman igjen. Dei fire grafiske romanane i 
Heartstopper-serien er alle bøker eg glatt les om igjen. Kjærleiken mellom Nick og Charlie og generelt mangfaldet i denne teikneserien går rett i hjartet. Bøkene om The Paper & Hearts Society av Lucy Powrie er også ein YA-serie som har eit flott mangfald og når dei i tillegg handlar om andre bokelskarar, kan det bli betre?! 

17. jan. 2022

Litt mjukare start




Kjenner eg treng ein mjuk start på veka, og det kan denne fine pusen gi. Av og til når eg syklar forbi fylkeskommunebygget til eller frå jobb, ser eg denne mjuke pelsdotten av ein sjarmør. Sjølv om han (eller ho) ikkje alltid er like interessert i å helse på meg, er den eit kjærkome syn. Ein gong sat den på vakt oppå eit gjerde, ein annan gong kom den bort til meg for å få kos og no nyleg oppdaga den eit eller anna i buskane – eg lurer på kva. Måndagen har gått med til å lese og sjå nokre episodar av Agatha Raisin. Snartur innom butikken, meir lesing og kanskje eg skal strikke litt. Eller fortsetje å plukke ut bilete til fotoboka frå fjorårets biltur. I alle fall noko som ikkje krev så mykje energi.

16. jan. 2022

Dagar som har vore lange og litt tunge




Kan eg få seie at dette har vore ei lang veke?! Fem tidlege morgonar, to av dei så tidleg som halv fem. Energien har vore lik null, motivasjonen likeins. Å valse rundt i ein svømmehall utan å ha badegjestar der veke etter veke, det er ikkje slik det skal vere. Generelt har eg kjent meg litt utanfor. No opnar hallen litt igjen, så eg satsar på at kveldsvakta neste veke blir hakket betre. Gåturar heim frå jobb, strikking, sollys, kjekke TV-seriar og lesing har fått meg til å smile. Eg har foreløpig avbrote ei bok i år, men dei andre har eg kost meg med. Eit av lesemåla er å lese meir av asiatiske, latin-amerikanske og afrikanske forfattarar, ei slik bok i månaden, og eg har lese ut januarvalet. Meir om bøkene eg las i fjor og om lesemål for dette året kjem i eit eiga innlegg, no er det ei sundagsliste:

✦ fascinerande å lese brevvekslinga mellom Sara og Astrid over fleire år, dette er ei unik bok
✦ tur opp til Vålandstårnet, alt det brune lauvet i Vålandsparken og til slutt Mosvatnet
✦ Synne si årsoppsummering, ho set verkeleg ord på kjensler eg sjølv har hatt i 2021
✦ sollyset på Våland då eg traska heim frå jobb tysdagsettermiddag
✦ nydeleg blåfarge på ein vindaugskarm eg såg langs jobbvegen min
✦ kulaste fuglen Tico som syng med på "Hotel California"
✦ tenne lys i den fine lyshaldaren som heng i stovevindauget
✦ konsert med Stavanger symfoniorkester på NRK Nett-TV
✦ to blogginnlegg inne hos Niina, her og her, og eg berre nyt dei stemningsfulle bileta
✦ laurdagspizza og filmen animasjonsfilmen Whisper of the Heart
✦ byrje å sjå sesong to av Lykkeland
✦ sjekk ut denne kanonfine kjolen som Maria nyleg har sydd
✦ Agatha Raisin er ein herleg karakter i komikrim-serien med same namn
✦ Aune Design har så mykje fint og stilig tilbehør til strikking
✦ spele spel som "Exploding Kittens" i lag med broremann og mannen min
✦ mannen min som er ved mi side kvar dag, så takksam for at du er her ♥︎
✦ "Godt nytt år fra mørket" – kjenner meg igjen i det Ida skriv om å måtte kvile i starten av 2022
✦ har fint kaffiservise allereie, men likte blomemønsteret på dette serviset eg såg i ein bruktbutikk
✦ kjekt å sjå at mottakaren (les: mannen min) er nøgd med sin Vinterseilergenser
✦ to elefantfamiliar som blir kjente med kvarandre, elefantar er nokre fantastiske dyr!
✦ sundag med strikketøy, varmt pledd, kaffi og bok etter ein gåtur – treng slike dagar
✦ lese ut Usynlighetens historie som januarvalet i mitt lesemål

14. jan. 2022

Mjughaugturen


Ut mot havet ein laurdag i januar. Som nemnt i sundagslista, gjekk me den såkalla Mjughaugturen laurdag som var. Noko av det fyrste me såg, var ein klatreplass i stein. Eller ein leikeplass eller kanskje kunst. Eg er noko usikker, men eit stilig blikkfang var det. Turen går eit godt stykke ute langs havet i Kvernevik bydel. Blå himmel, nydelege fargar på svaberga og sola laga lange skuggar.

 







Hafrsfjordbrua i motlys, sola bak dei kvite skyene mot ein lyseblå himmel og brua frå eit anna perspektiv. Etter kvart bevegde me oss inn meir inn i bustadsområde og denne gongen fann eg ikkje så mykje særskilt å sjå på eller ta bilete av. Men ein svipptur innom Hålandsvatnet blei det, og der såg me både kanadagjess og kvitkinngås. Nesten litt majestetiske med den lange halsen deira. Eit smilefjes på ein stubbe inne på ein liten skogssti fekk meg til å smile. Og med tanke på denne tunge og mørke starten på året, tar eg i mot med åpne armar alt som får meg til å smile og le.

12. jan. 2022

Vinterseilergenser




Å, eg har heilt gløymt å vise korleis resultatet blei av genseren eg strikka til mannen min. Blei ferdig seinhausten i fjor, og me var nyleg ute og tok bilete. Tihi, han er nok ein som liker best å vere bak kameraet og ikkje foran. Oppskrifta er Vinterseilergenser frå Pickles. Garnet er Tweedy frå same produsent, det same garnet som på min Twiggygenser – eg berre diggar det garnet. Hovudfargen heiter rødbet medan stripane er strikka i fargen natur. Halsen blei litt vid, men elles er den akkurat passe lang og herleg kosete. Mottakaren blei i alle fall veldig nøgd, og det er det aller viktigaste ;)

10. jan. 2022

Luftetur med solstrålar overalt






Traska heim frå jobb i dag. Herleg å ta beina fatt, men noko surt var det. Surt var det ikkje då eg måtte ut på ein luftetur på torsdag. Kaldt, men ingen vind. Rimet låg på strå og greiner, på Mosvatnet låg det eit tynt lag med is der måkene stod støtt medan endene låg på graset og sola seg. Det skjønner eg godt. Sjølv fekk eg solstrålar i håret og var ganske blid. Er framleis veldig nøgd med Twiggy-genseren eg strikka ferdig i fjor, så varm og god, i ein nydeleg farge og unikt garn.