29. nov. 2019

Kult hotell i Stockholm

Hei, hei, og god fredag! Roleg start på helga med lesing, liten gåtur, god kaffi og ein bra julemarknad rett over vegen. Bileta over er dei aller siste frå Sverigeturen vår i august. Etter at me hadde tatt ferja frå Gotland og over til fastlandet, køyrde me mot Stockholm. Der leverte me leigebilen og fann fram til hotellet som me skulle sove på, nemleg Hotel With Urban Deli. Sjølv om hotellet ligg midt i byen, er det lite støy inne på rommet sidan dei alle ligg under bakken. Stilige rom og eit like kult bad. Og så dørene inn til kvart rom, hihi! Frukosten dagen etterpå var heilt super, og så var det å finne fram til bussen. Viss me skulle ta toget, måtte me ha bytta to gongar på grunn av jernbanearbeid. Difor blei det buss frå Stockholm til Oslo før me til slutt tok nattoget til Stavanger. Frå bussen tok eg eit siste bilete av Stockholm og eit i Grums kommune (eg måtte berre, for det er eit litt uheldig namn om ein kjenner til Harry Potter-universet). Ein kjempebra ferie!

28. nov. 2019

Julehelsingar i posten

Fram med ein blå penn, enkle konvoluttar og årets julekort. I kveld har eg byrja å skrive julekorthelsingar på korta som eg tinga frå Fotoknudsen i oktober. Det er ein årleg tradisjon som me har hatt sidan me flytta i lag hausten 2010. Kaffi i ein finfin kopp og ei herleg bok som eg les på lesebrettet har også stått på planen i løpet av dagen. Kvardagshygge ein kveld seint i november.

27. nov. 2019

Siste dag på Gotland

Lite sol og blå himmel her i dag – ute har det regna stort sett heile dagen. Siste dagen vår på Gotland var det derimot strålande sommarvêr. Me pakka koffertane våre etter ein nydeleg frukost og køyrde inn til Visby. Tusla rundt i byen og tok det heilt med ro. Fann fram til fine Almedalen med fargerike blomar, ei fontene og fleire ender etter forslag frå svigers. Sidan det var så varmt, måtte me ha ein iskrem kvar. Enda opp på Gute glass der dei sel iskrem laga på Gotland. Seier berre ein ting: "nam!". Før me skulle ta ferja over til fastlandet, stakk me innom eit par butikkar, og Akantus var ein av dei. I den butikken finn ein både vintagemøblar, flotte gåveartiklar og interiørinspirasjon. Mykje fint, men me trong ikkje noko spesielt (og me hadde vel heller ikkje så god plass i koffertane). Bra siste dag ute på øya. Å, Visby og Gotland, eg vil tilbake allereie!

25. nov. 2019

Adventskalender med omtanke

I år blir det ingen pakkekalender her i heimen, og det er allereie nokre år sidan me hadde det sist. Frå meg til han har eg funne eit stilig julepuslespel og me kjem til å pusle litt kvar dag fram mot julaftan. For eit par år sidan hadde han laga i stand ein kalender til meg der eg kvar dag fekk ein lapp. Lappane kunne vere eit heimelaga gåvekort eller eit dikt og andre fine sitat. Nokre av lappane har eg framleis, og dei er så koselege å ta fram i ny og ne. Det enkle er ofte det beste.

24. nov. 2019

Nesten tid for julemusikk

Julemusikk på full guffe. Okei, ikkje heilt enno, men me er jo i gong med orkesterøvingar fram mot konserten me skal ha 14. desember. Og tenk, neste sundag er det allereie advent. Starta veka med to fridagar før eg byrja på kveldsskiftet onsdag. Eg har fått lese mykje, noko eg alltid set pris på. Slappar sånn av med ei god bok eller tre. Dagane på jobb har stort sett vore veldig kjekke med fine folk og god stemning. Veit ikkje om det eigentleg er så mykje meir å seie om denne veka. Helga har gått med til å jobbe, så timane har gått fort unna. No i kveld har eg kost meg med Endeavour og snart er det fram med ei bok før det til slutt er leggjetid. Men aller fyrst vekas fine punkt:

✦ veldig kjekt å vere i gong med å øve fram mot julekonserten i midten av desember
✦ starte veka med fri og setje av mesteparten av tida på lesing
✦ tihi, søt og artig videosnutt med Benedict Cumberbatch og ein gjeng herlege kvalpar
✦ lese ut den spennande Elephants Can Remember som denne månadens Christie-bok
✦ den raude pandaen, eit dyr som alltid er like søtt og sjarmerande
✦ skrive lapper til minneglaset i lag
✦ "Fem serier for novembermørket" – mange bra forslag til kjekke TV-seriar inne hos Kristine
✦ gå til jobb i dag tidleg hand i hand med min betre halvdel
✦ endå fleire sommarminne inne hos Niina
✦ kjekke dagar på jobb i lag med kollegaene mine, herleg humor og mykje god prat
✦ ler høgt av Kongen befaler, sjå til dømes her og her, så skjønner du kvifor
✦ søte, søte Maya – ein herleg, liten kattunge
✦ sollyset som skin inn i stova vår, eg blir like glad kvar gong, særskilt no om hausten
✦ ny vlog frå Jonna i eit vinterkvitt landskap
✦ berre diggar den nye bokputa mi
✦ britisk krim er den aller beste (ser på deg, Endeavour)
✦ fint å lese om Katelyn og Special Olympics
✦ å framleis kunne sjå dei nydelege haustfargane ute
✦ Linda Eide og resten av gjengen i Eides språksjov
✦ Kara og Nate som reiser med tog over heile verda har blant anna prøvd nattoget her i Noreg
✦ Datteren, den siste boka om Neshov-folket, og avslutninga fekk fram tårene hos meg

22. nov. 2019

Når sollyset skin inn i stova...

...blir eg litt ekstra varm om hjartet. Hausten og vinteren kan vere tunge og grå, og når eg då kan starte dagen med ei bok medan sollyset tittar inn gjennom balkongdøra, blir dagen med eitt mykje lysare. Når dette skjer, kjem lyset inn akkurat slik at det treff den fine trefiguren og lydsporet av songen vår som er ramma inn. Ikkje at eg skal leggje så myke i det, men det kjenst litt ekstra fint ut at sola treff akkurat der, på to ting som betyr nok ekstra for oss begge to. Som står framme slik at me kan sjå dei kvar dag, men som me nok ikkje alltid tenkjer så mykje på. Som lyser opp grå dagar, som får fram eit smil om morgonen. Slik starta dagen i går, slik starta denne fredagsmorgonen.

20. nov. 2019

A bookworm's belongings 📖📚

Denne illustrasjonen er berre så meg, tihi! Lånekort, bokmerke i mange variantar, alle dei fine minna, ein favorittkopp... vel, det er akkurat slik det er når ein er over gjennomsnittet glad i å lese. I alla fall for min del ;) Hugsar ikkje kor eg såg illustrasjonen fyrste gong, men den er laga av Oh Jess Marie. Ho har også fleire andre illustrasjonar som er kjempefine, og inne på Society6 kan ein tinge heim dei forskjellige motiva på alt frå puter til T-skjorter, klistremerke og plakatar og ganske mykje anna. Sjølv har eg mangla ei ekstra pute i senga til dei kveldane me tar med oss kvar vår bok for å lese ei lita stund, med andre ord ei lesepute. Valet var difor enkelt då eg såg motivet og fann ut at eg kunne få det på ei pute. Foreløpig har den fått plass i sofaen, for eg synest puta er så fin at den må liggje framme slik at den blir sett. Eigentleg har me akkurat passe med puter i sofaen, og eg treng framleis ei lesepute, men for no får den liggje her. Til beundring og glede.

19. nov. 2019

Naturreservat i Rone

Gotland har så mange vakre og unike naturopplevingar å by på. Ikkje langt unna der me budde, finst Ålarve naturreservat. Det ligg heilt ute ved kysten, og stien tar deg med gjennom skog og mark og heilt ut til havgapet. Me gjekk oss ein kveldstur ein av kveldane medan me budde på Gula Hönan. Sollyset var gyllent, og då eg såg dette fine steingjerdet, stoppa eg opp ein liten augneblink for å fange sollyset gjennom gjerdet. Og det varme lyset som stakk fram mellom trea, vakkert!


Ganske aleine var me den kvelden der me gjekk på ein liten sti ut mot havet, men ikkje heilt. På vår veg, ute på enga, både låg det og stod det fleire sauar. Nokon var sorte, andre kvite, nokon begge delar. To av sauane kom mot oss og ville helse på, og det syntest jo me berre var koseleg.


Ute ved havgapet. Solnedgangen sett gjennom små strå. Ein varmrosa himmel, kveldslyset som blei meir og meir gyllent. Noko usikker på kva den kvite tingen er, men det likna på eit bittelite fyrtårn utan sjølve lyset. Og fyrtårn er jo blitt ei greie, for både i Canada og på Gotland såg me fleire slike bygg. Nydeleg landskap og område, og vår siste kveld ute på øya blei avslutta på best mogleg måte.

18. nov. 2019

Grå, men fargerik måndag

Måndagsvêr. Grå himmel, lite lys, regn på bakken. Ikkje den dagen som gir mest energi og glede, men eg har fri og koser meg inne med ei fin bok. Så får vêret gå sin gong ute. Var ein snartur på butikken tidlegare i dag, og på vegen stoppa eg opp for å berre sjå på regndropane. For regnet er på ein måte litt fint – så lenge eg ikkje treng å vere ute i fleire timar medan det bøttar ned. Årets siste månad nærmar seg, men her i byen kan ein framleis sjå haustfargar rundt omktring. Eg blir ikkje lei, fargar er og har alltid vore ein del av livet mitt. Oransje, raudt, grønt og gult. Fargerik måndag.

17. nov. 2019

Hund, katt og meir til

Variert veke på jobb med to vanlege dagar, kurs på onsdag og NM kortbane torsdag og fredag. Og for ein person som ikkje er morgonfugl, er halv sju tidleg å byrje på jobb. Men det har gått greitt, og vêret har vore bra slik at eg har fått til å sykle ned kvar morgon. I heimen har me for det meste slappa av. Lesing kvar dag (mest no i helga), me koser oss med å sjå His Dark Materials på HBO og Eides språksjov på NRK, og eg synest det er kjempestas at det no er komme ein ny sesong av Endeavour. Tidlegare har eg jo sett heile Morse-serien og Lewis, og Endeavour er ein kjempebra vidareføring av dette universet. Me er endeleg i gong med eit nytt prosjekt orkesteret (partiturfri altfor lenge...), og i kveld skal eg vere med å spele litt i lag med Stavanger Amatørsymfoniorkester. Elles ein roleg sundag med litt øving på instrumentet, bok og heimelaga latte. Mange punkt på lista:

✦ gøy å lese vidare om Baz, Simon, Penelope og Agatha i Wayward Son
✦ lyden av isen som sprekk, fanga på opptak og filma av Jonna
✦ kvardagshygge å kunne passe  ein fin førarhund ein times tid inne på kontoret på jobb
✦ gå tur opp til Ullandhaug, og vel oppe stikke innom butikken til den økologiske garden
✦ fargerik katt på ein benk rett utanfor ein kafé
✦ vere med på eit grunnkurs i brannvern
✦ mykje fin keramikk hos Reinrosa – julegåver anyone?! ;)
✦ vere med å spele Beethovens femte symfoni på ein liten konsert no i kveld
✦ synest initiativet om berre ei bursdagsgåve frå klassen, ei klassegåve, er heilt supert
✦ nye episodar av besteste Endeavour (Unge inspektør Morse) ute på NRK Nett-TV
✦ besøke Kafé Go nok midt i Gamle Stavanger, god kaffi og koseleg atmosfære
✦ lese Ulmebrann, den nye krimboka i serien om journalisten Alice Bratt
✦ "Det var du som reddet meg" – rørande skrive om finaste Bianco inne hos Et katteliv
✦ solnedgang med eit fargespekter så nydeleg som aldri før
✦ Gillian sine tankar om kva ei favorittbok er, kjenner meg veldig igjen at ein kan ha mange
✦ koseleg å traske rundt i byen med dei fine lysskilta: "Håler i himmelen" og "Fyga i lausa loftå"
✦ mange søte hundekvalpar
✦ at ein av stamkundane våre hadde sett Jesus Christ Superstar i Bjergsted
✦ lite tilbakeblikk på sommaren, for Niina har publisert endå eit stemningsfullt blogginnlegg
✦ å framleis sjå at nokre av trea har gule blad, for dei haustfargane er så innmari fine
✦ Eides språksjov er eit heilt herleg program, og me gleder oss til kvar episode

16. nov. 2019

To fine fat av teak

For halvannan månad sidan var me jo hos svigers, og slik me gjer omtrent kvar gong me er der, var me innom bruktbutikken Kyrkjetorget. Eg har heilt gløymt å vise fram desse to teakfata som eg fann der. Tenkte at eg kan bruke dei til servering og liknande så vel som rekvisitt til alle dei bokbileta eg tar jamleg. Begge fata var litt slitte i overflatene og noko blasse i fargen, så eg fekk låne verkstaden til svigerfar. Pussa fyrst forsiktig med sandpapir før eg olja dei med teakolje. På det øvste biletet kan ein sjå at det venstre fatet er uolja medan det til høgre er nyolja. På det andre biletet er begge fata olja, og olja har fått tørke inn i treverket. Kjempenøgd med resultatet!

15. nov. 2019

Ruinar i Roma

Så artig å skilt til Roma då me var på Gotland i sommar. Det var så klart ikkje Roma i Italia, såpass skjønte me. Roma, eller Romakloster, er ein tettstad på øya, og kjem av ordet rom som i samlingsstad. Gotlandståget går jo frå Roma, og etter at me hadde vore på den lille togturen, drog me til klosterruinane som ligg ikkje så langt unna. Klosteret blei bygd i 1163 eller 1164 og tilhøyrde cistercienserordenen. Tøft å gå rundt og titte på noko så gammalt. Om sommaren set dei opp ei scene og speler teater utandørs. Det var forresten der me kjøpte den nye karaffelen vår. Måtte også ta bilete av eit anna skilt me køyrde forbi: staden Gothem. Hadde ein bytta ut e-n med ein a, hadde det stått "Gotham", og det er byen som Batman bur i ;) Humor på høgt nivå, eller kva?!