Viser innlegg med etiketten korps og orkester. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten korps og orkester. Vis alle innlegg

9. jan. 2024

Glitrande blått


Seinare i dag er det fyrste øving med orkesteret for sesongen. Blir spennande å komme i gong med Tsjajkovskijs sjette symfoni. Når me fyrst snakkar orkestermusikk: det var berre så gøy å vere i konserthuset fredagskveld og få med oss SSO sin nyttårskonsert! Sopran Caroline Wettergreen briljerte, dirigent Mikhail Agrest loste orkesteret gjennom dei varierte stykka og det var artig å høyre skodespelarane Ole Christoffer Ertvaag og Per Kjerstad vere konferansierar i lag. Fliflets Bræins "Ut mot havet" var det vakraste stykket (inga overrasking et det kom nokre tårer...), og "Cunegondes arie" frå Candide av Leonard Bernstein med Wettergreen som solist var akkurat passe leikent med høge, herlege tonar! Me har jo spelt ouverturen frå Candide sjølv, og det er alltid kjekt å høyre et stykke ein godt slik at ein nesten kan nynne med ;) Og når det fyrst var nyttårskonsert, var det gøy å glitre litt. I haust fann eg nemleg denne kjolen på Fretex for dryge to hundre kroner. Tihi, eg blir aldri lei av fargen kongeblå, og med glitter i er denne kjolen ein ekte nyttårskjole! Smykket og øyredobbane som eg kjøpte American Museum of Natural History for snart ti år sidan passa forresten heilt ypperlege til kjolen. Stas å bruke smykke med minne frå ein fabelaktig tur.

25. mars 2022

Kjærleikstema x2





To forskjellige versjonar av ein og same låt. Kjærleikstemaet frå filmen Cinema Paradiso, komponert av Andrea og Ennio Morricone. Tåreperse. Eg har nemnt denne filmen og låten før, delt den i fleire sundagslister, men endeleg skal eg få vere med og spele den sjølv. I kveld skjer det. Trøkk blir det når me skal spele "The Imperial March" frå Star Wars, låge tonar får du høyre når musikken frå The Pirates of the Caribbean kjem, dei høge kjem med E.T. Garantert gåsehudfaktor når oboisten skal spele "Gabriels obo" og tubiasten får skine i "Jaws". For meg er det Cinema Paradiso som tronar høgst av desse og dei andre låtane, det har du sikkert allereie skjønt. Men som eg nemnte i dette innlegget førre veke, gleder eg meg veldig til å spele all den kule filmusikken for publikum i kveld, og det kjem til å bli kjempestas. Tidlegare i dag spelte me tre skulekonsertar – kjenner det litt i leppene, men me har heldigvis nokre gir igjen å gå på til konserten i kveld ;)

16. mars 2022

Dette blir stas! 🎶🎺





Berre ni dagar til det brakar laus! Tre skulekonsertar på dagtid og ein litt lengre konsert for publikum på kvelden, altså fire konsertar på ein og same dag. Men det gjer ingenting, for på programmet står det filmmusikk. Låtar frå Flåklypa Grand Prix, musikken frå Pirates of the Caribbean-filmane, Harry Potter, The Avengers, The Mission og kjærleikstemaet frå den aller finaste Cinema Paradiso. Og det er ikkje alle, det blir jaggu meg musikk frå enda fleire filmar. Mannen min må til og med ha med seg begge tubaane for å kunne spele alle stykka slik dei står på notane. Å, som eg gleder meg til denne konserten – repertoaret har vore klart i to år sidan me eigentleg skulle spele denne konserten i mars 2020. No er det på tide! Er du i området, stikk innom Sandnes kulturhus fredag 25. mars kl. 19, dette blir bra og me er så klare til å spele for dykk!

17. des. 2021

Trombonen med på jobb


Slapp unna det utruleg dårleg bookingsystemet etter ei snau veke, for no er svømmehallen stengd i (minst) fire veker. Ønskjer så klart ikkje at det skal vere stengd og håper at me ikkje må ha så lenge stengd som i fjor (tre og ein halv månad!), men å få sleppe alt det styret rundt ein måte å få inn badegjestane på som ikkje i det heile fungerer, det er eg glad for. Akkurat no har eg attpåtil juleferie, satsar på at eg klarer å senke skuldrene og la jobb vere jobb. Lite speling med orkesteret for tida, men eg har spelt litt på jobb: å ta fram trombonen og spele Tre nøtter til Askepott-temaet og "Selmas sang" frå Snøfall, det har verkeleg fått opp humøret. Nokon av dei i bassenget har klappa og komme med koselege tilbakemeldingar, så eg håper at det har fått fram smilet hos andre også.

 



Isroser på vindauga. Ikkje denne veka, men heller ikkje lenge sidan. Det blir som eg skreiv på måndag, at eg prøver å ta med meg alle lyspunkta eg kan. Kulden og vinteren, som med mørket og hausten, er ikkje det eg liker best. Kanskje er det då ekstra viktig at ein held fast på det som får fram smilet, lyser opp dagen litt ekstra. Anten det er store ting eller alt det små, det kvardagslege, små drypp av noko fint kvar dag. Som å høyre Benedictus på julesonglista mi, lese ei kjekk bok, artig humor på jobb, sollyset i andletet eller isroser på vindauga. Som at det er fredag og juleferie.

3. nov. 2021

Finland vaknar



Stemme på stemme. Heilt utan andre instrument. Røyster som alle skin gjennom, mjuke og vakre. For ein nydeleg a capella-versjon av Jean Sibielius' "Finlandia". Eg har spelt den ved fleire høve både med ungdomssymfoniorkesteret og med Sandnes symfoniorkester. Det er eit tonedikt Sibelius komponerte i 1899, og som orkesterstykke er det heftig og kraftfullt. Sibelius ønska å vise kor vill og vakker Finlands natur var. Stykket er også eit symbol på finsk nasjonalkjensle då Finland var under russisk herredømme fram til 1917, og "Finlandia" blei stadig framført under andre namn for å unngå russisk sensur. VOCES8 sin versjon er kanskje mjukare, men får likevel fram krafta i songen.

1. okt. 2021

Gershwin-galla 🎵



Om to dagar brakar det laus i Sandes kulturhus: me skal spele vår fyrste konsert på eitt år i lag med orkesteret! På programmet står det musikk av George Gershwin, og me får med oss Eva Bjerga Haugen som solist og Reid Gilje som dirigent. Du får blant anna høyre den kjente låta "Summertime" (i lenkja sunge av Anne Brown, ho som spelte Bess i originaloppsettinga av Porgy and Bess. Brown flytta til Noreg i 1948 og blei sidan norsk statsborgar). Me skal også spele tonediktet "An American in Paris" som Gene Kelly gjorde kjent i 1951-filmen med same namn. "I Got Rhytm" skal me også spele, sjekk ut denne dansescena med kul stepping. Gene Kelly kunne danse, det er det ingen tvil om. Å, eg gleder meg veldig til å endeleg spele saman med orkesteret og for publikum igjen. Kom gjerne og høyr oss på sundag kl. 18, dette blir bra!

21. aug. 2020

Bruremarsj

Lenge sidan eg har spelt noko særskilt på instrumentet – koronasituasjonen stoppa all orkesterøving i fleire månadar, og så kom sommarferien. Men no er me i gong, i alle fall littegrann, og i morgon brakar det laus. Både han og eg skal nemleg spele i vigsla til veneparet vårt, det same bryllaupet der eg også skal vere forlovar. Å, eg gleder meg og trur det blir ein kjempefin dag! Ein av låtane me skal spele er "Bruremarsj" av Jan Magne Førde. Hi, hi, eg aner ikkje kor mange gongar eg har spelt den i korps opp gjennom åra, men no er det lenge sidan sist og det er jo ein herleg låt. Ute brakar det også laus, for det lyner og torar. På ruta renn regndropane sakte nedover. Eg har fri og slappar av med ei god bok før det seinare i kveld blir øving i lag med dei andre musikarane.

12. des. 2019

"Swinging Christmas" – årets julekonsert 🎄🎶

Berre to dagar igjen til årets julekonsert med orkesteret. På laurdag er det nærmare tjue songar på programmet og eg trur det blir ein kjempebra konsert. Eit par av songane er instrumentale, men dei aller fleste er med vokal på. Me har fått med oss to dyktige vokalistar, nemleg Erik Røe og Mareike Wang, og med songar som "Selmas sang", "Silent Night", "White Christmas" og fleire andre, vil ein garantert komme i julestemning. Det skjer i Sandnes kulturhus på laurdag kl. 19.

7. apr. 2018

Orkesterøving på ein laurdag

Snart er det av garde til øving med orkesteret. Konserten er i morgon. Eit bra, kjekt og variert program med blant anna "Valdresmarsj", "Finlandia", "Kjempeviseslåtten" og "Bojarenes inntogsmarsj"! Trur det blir ein super konsert, så kom gjerne og høyr på (og som alltid når eg tar bilete av trombonen på golvet, kjem eg og halve stova med)! Håper laurdagen din er like fin.

2. feb. 2018

Konsertdag

Og kva har ei bok med konsert å gjere?! Vel, med tre skulekonsertar på dagtid og ein vanleg konsert på kveldstid, må det vere lov til å ta ein pause eller to med ei god bok. For akkurat slik har denne fredagen vore. Me spelte skulekonsertane tidlegare i dag og ventar no på at klokka skal bli seks. Ute skin sola, solstrålane tittar inn i stova og ei god bok ligg foran meg. Ein travel og herleg fredag.

30. jan. 2018

Urframføring

"Sammen og alene". Det heiter musikkspelet som orkesteret skal framføre musikk til no fyrstkommande fredag. Me skal ha tre skulekonsertar på dagtid og ein open konsert på kvelden. Spennande opplegg, både fordi det er ei urframføring og fordi det er ein ganske annan type konsert enn det me pleier å spele. Det er ein tekst om ein klasse, om tihøyrsel og om mobbing. Teksten blir lesen av ein forteljar medan me speler små satsar med musikk som er komponert spesielt til teksten. Er du i nærleiken på fredag, ta turen innom Vågensalen i Sandnes kl.18.

21. okt. 2017

Orkesterhelg

Tittar berre innom for å seie "hei" og "god laurdag". Me har nettop vore på ei lita øving med orkesteret og klokka seks i kveld blir det konsert. Halvorsens symfoni nr. to og Beethovens Trippelkonsert står på programmet. Det blir også konsert klokka sju i morgon kveld, så dette blir med andre ord ein ordentleg orkesterhelg. Forhåpentleg får me også tid til å lese litt, slappe av, sjå ein film, gå ein tur viss vêret er bra nok. No er det pause med kaffi og roleg musikk på øyret.

12. sep. 2017

Tysdag = orkesterdag

No er me godt i gong med orkestersesongen. Denne hausten skal eg spele fyrste stemme (i trombonerekkja pleier det å vere fyrste, andre og basstrombone), og det er litt meir utfordrande enn dei stemmene eg pleier å spele når eg sit på andre trombone. Så eg prøver å øve litt kvar veke, notere på notane der eg treng ei påminning og eg høyrer på musikken på Spotify. Stykket me skal spele er Johan Halvorsens symfoni nr. 2, eller "Fatum" som den heiter. Å spele med orkesteret er ei fin kvardagsglede (les: i alle fall når me speler musikk der ein må øve og ikke kun telje takter).

22. mars 2017

Filmmusikkens meister


På fredag er det duka for den store filmmusikkkonsertdagen (puh, det blei eit langt ord). Me skal ha to skulekonsertar midt på dagen (eg avspaserer med fleksitid på jobb) og ein vanleg konsert på kvelden. Viss det skulle vere nokon tvil, så skal me spele filmmusikk komponert av John Williams. Eg tør å påstå at han er den store meisteren innan filmmusikk. Hans Zimmer (The Lion King, Inception, The Dark Knight), Ennio Morricone (The Good, The Bad & The Ugly, Cinema Paradiso), Harry Gregson-Williams (Narnia, The Rock), Howard Shore (Ringenes Herre-filmane, Philadelphia), Danny Elfman (mange av filmane til Tim Burton) og James Horner (Titanic,  A Beautiful Mind) er andre som har komponert mykje filmmusikk, og mykje av musikken høyrer eg ganske ofte på. Men John Williams altså... Star Wars, Harry Potter, Jurassic Park, Schindler's List, E.T, Indiana Jones og mange, mange fleire filmar som dei fleste av oss nok har sett. Det har vore kjempekjekke øvingar med orkesteret gjennom heile dette prosjektet, og det har vore mykje å øve på. For det er ikkje alltid at ein som messingblåsar har like mykje å gjere på kvart stykke i eit symfoniorkester, men denne musikken har vore utfordrande; berre tenk Star Wars eller marsjtemaet frå Superman. Og når me fyrst er inne på John Williams: sjekk ut denne topp 10-videoen. Oi, blogginnlegget blei litt lengre enn planlagd, men filmmusikk er jo alle tiders!

31. mai 2016

Musikk ute på tur

Annankvar dag med pøsande regn og strålande sol her i byen for tida, og då må me jo prøve å utnytte dei fine dagane best mogleg :) På sundag gjekk me difor ein tur i nabolaget der me traska gater og stiar me ikkje hadde gått før. Alltid kjekt å vandre rundt og kikke omkring, oppdage fine og artige detaljar, slik som ein liten allé med "klubbete" tre og blomar i alle slags fargar.


Måtte stoppe opp og nyte utsikta litt også innimellom all trasking (ein kan skimte Ullandhaugtårnet heilt til høgre i det øvste biletet). Eg måtte hysje litt på min betre halvdel, for plutseleg meinte eg at eg kunne høyre noko brassbandmusikk. Og joda, oppe ved Vålandstårnet hadde Stavanger Brass Band ein konsert med herleg musikk, og der var det også eit lite olabilløp. Kjekt å høyre korpsmusikk og snakke med nokre bekjente ute på ein liten spasertur den siste sundagen i mai.

18. mai 2016

Syttande mai totusenogseksten

Heller ikkje i år blei det korpsspeling på nokon av oss på nasjonaldagen. Det er framleis rart, men eg må jo innrømme at det er heilt greitt å ha god tid om morgonen, kunne nyte ein god frukost og ein kopp eller to med nytrakta kaffi. I elleve-tida traska me bort til ein skule i nabolaget der me delte eit kakestykke, veiva litt med kvart vårt flagg og såg skulekorpset marsjere i skulegarden.


Fekk også høyre korpset spele og då var dagen redda; i fjor høyrde me nemleg ikkje på noko korps, og utan korps, ingen 17. mai! Kjekt å sjå fargerike heliumballongar og så berre måtte eg ta bilete av dette skiltet. Litt uheldig med kor store mellomrom det var mellom dei ulike bokstavane.


Og litt bunadbonanza må jo til når det er 17. mai! Om det er noko som helst tvil, så er eg veldig stolt av bunaden min, glad i den, og eg er utruleg takksam for at eg har ein bunad med historie (tenk, den er 61 år no i desse dagar...). Fekk til og med tatt eit bilete av mannen i finstasen ;) Etter å ha høyrt korpset spele, drog me heim der me slappa av nokre timar før det blei grilling, latter, mykje prat og knallgod pavlova saman med fine vener. Ei kjekk og akkurat passe feiring av nasjonaldagen!

7. des. 2015

Nede i (orkester)grava

Starten på veka har gått med til å transkribere intervju, drikke ein god del kaffi, transkribere meir, vaske klede, få på plass ei skapdør og måle med den herlegaste grønfargen på soveromsveggen. Ein grei start på veka med andre ord :) Kom på at eg tok eit par bilete nede i grava då me spelte "Nøtteknekkeren" førre veke. Dei er tatt med mobilkamera, så særskilt gode er dei ikkje. Alltid like trangt og mørkt (me har no i alle fall leselys), men det er jo likevel ein sjarm ved det heile ;)

11. okt. 2015

Vakker vigslemusikk

For de av dykk som ikkje veit det, møtte mannen min og eg kvarandre i eit korps. Me har jo også hatt mykje å gjere med korpsmiljøet i åra våre saman, både som musikantar, instruktørar og dirigentar, i både skulekorps og vaksenkorps. Difor var det heilt sjølvklart for oss å ha med eit musikalsk bidrag i form av ein grovmessingkvartett i vigsla vår. Jentene på trombone er to av mine fine vener frå vgs. Han på tuba er kjærast med ei av desse jentene i tillegg til at han og mannen min budde saman ei stund her i Stavanger (før dei fire åra i Kr.sand). Og han siste på trombone speler i lag med oss i orkesteret. Me er begge så takksame for at dei kunne stille opp og gjere seremonien ekstra spesiell. Stykket dei spelte var kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso, ein film og ein song med begge har veldig kjært. Eg kan enno hugse korleis han og eg såg på kvarandre medan dei spelte; det var så fint og vakkert, og eg både smilte og lot tårene renne. Ei nydeleg oppleving som kjem til å sitje i minnet lenge, lenge, lenge. Bileta er tatt av bryllaupsfotografen vår. Eg vil berre få seie tusen takk til de alle fire for at dykk sa "ja" til å spele i vigsla vår. De er så fine alle saman :)

27. aug. 2015

Fram med instrumentet

Sidan byrjinga av mars har det vore lite orkesterspeling på oss. Det er to ganske forskjellige ting å spele med i eit korps og spele med eit symfoniorkester. Den største forskjellen for oss som er messingblåsarar, er at i ein del av prosjekta med orkesteret er det ikkje stemme til oss og me blir permittert. På den måten saknar å spele i korps, men eg kan ikkje seie at eg saknar å vere med i konkurransar. Me skulle eigentleg vere med å spele ut mai månad med orkesteret, men i og med at konserten måtte flytte frå fyrste helga i juni til siste helga i mai, mao. til vår bryllaupshelg, blei det ikkje noko meir speling på oss før no. På tysdag er det nemleg fyrste øving for sesongen. I løpet av hausten blir det i alle fall Sibelius-konsert og "Nøtteknekkeren" av Tsjajkovskij. Eg gleder meg allereie, men det betyr også at trombonen må meir fram i lyset enn det den har vore i det siste ;)

12. mai 2014

Beste brassbandet!

Tusen takk til alle de som var med på å gjere laurdag til ein uforgløymeleg dag! Takk for tre flotte år saman med de alle i Agder Brass! Eg er nok enno ein janitsjarperson, men for nokre flotte folk som er i det korpset sjølv om dei er "brassare" (med andre ord: brassfolk). På laurdag hadde me sommarkonsert på torget nede i sentrum og etterpå blei det grillfest her hos oss. I løpet av dagen trur eg me faktisk var atten stk. Veldig kjekt med så bra oppmøte! Og med fine blomar, gåvekort og heimelaga avskjedsgåve, så kunne eg jo ikkje anna enn å bli rørt. Kanskje blir me her til hausten også, det veit me ikkje enno. Uansett så har me sagt at me er gjerne med når Siddis Brass går av stabelen til hausten, så heilt ferdige med korpset er me ikkje ;) Tok ingen bilete på laurdag, for me hadde det så kjekt og koseleg med grillmat, artige samtalar, musikk og berre heilt fantastiske folk! Men bilete av det me fekk frå korpset, det har eg ordna. Artig, og ganske så kreativt, med slike heimelaga gåver, og eg vil berre få seie at eg set veldig pris på det! Eg har fått med meg mange erfaringar som korpsleiar, eg har blitt kjent med mange fine menneske og eg har hatt det så utruleg kjekt, gledt meg til kvar måndag. Tusen takk for no alle saman, så sjåast me uansett igjen!