31. okt. 2013

På toget...

...på veg til Stavanger og deretter Sola. Ute er det mørkt, men det gjer eigentleg togturen ekstra koseleg. Gjekk til skulen i dag i herleg haustvêr – for ein gongs skyld titta sola fram. Har elles hatt ein lang dag med skule, jobb og litt venting på at toget skulle køyre. Men i morgon blir ein fin dag der me kan slappe av, besøke PWC-messa, kanskje nokre andre ærend, middag med familien før me utpå kvelden skal øve med brassbandet. Og på laurdag er det Siddis Brass. Både laurdag og sundag kjem til å gå unna på ein blunk, men likevel trur eg dette blir ei veldig fin helg :)

30. okt. 2013

"Tusen ganger god natt"




Etter å ha vore hos frisøren i går, møtte eg kjærasten ved kinoen i Kr.sand sentrum. Klokka var berre to, men i og med at me skulle på jobb seinare på dagen, passa det greitt å gå på kino sånn midt på dagen (og så fekk me nytta oss av tilbudet til Chess med 2 for 1 på kinobillettar på tysdagane). Filmen me såg var Tusen ganger god natt regissert av Erik Poppe. Og for ein film! Det er ein film som verkeleg følgjer deg heim, som du tenkjer på når du legg deg i senga om kvelden. Kanskje er det ikkje slik for alle, men for meg var det nettopp sånn. Juliette Binoche speler den dyktige krigsfotografen som etter ei alvorleg ulykke bestemmer seg for å slutte å ta bilete i konfliktramma område fordi hennar mann og deira unger er livredde for å miste henne. Men samtidig er det nettopp slike bilete som driv henne, det er "eit instinkt", som ho sjølv seier, å få fortalt alvorlege historier med bilete. Klarar ho verkeleg å slutte på dagen, slutte å fortelje historier som mange ikkje veit om finst?! Binoche speler så utruleg bra, blikket hennar er så levande. Og Nikolaj Coster-Waldau, kanskje best kjent som Jamie Lannister i Game of Thrones, gjer også ei veldig god rolle (må seie at han overraska, for eg har tidlegare berre sett han i litt meir actionfylte roller). Tårene mine rann ned gjennom mesteparten av filmen. Erik Poppe har tidlegare laga blant anna Hawaii, Oslo og deUSYNLIGE, der den sistnemnde verkeleg er ein film eg kan anbefale. Poppe er ein mester med lyssetting, fine, sårbare bilete og god dialog. Er det ein film du bør sjå no i haust, ein som ikkje berre er harbarka action eller lett komedie, er det Tusen ganger god natt.

29. okt. 2013

Før – etter

Fy flaten, det var herleg å vere hos frisøren i dag! Fekk tatt vekk ganskje mykje hår, både fordi det byrja å bli slite i tuppane og fordi eg trivst best med ein kortare frisyre. Kjempenøgd!

28. okt. 2013

Noko å glede seg over ein regntung måndag i oktober

Nok ein grå måndag er her. Men eg vil ikkje at det skal øydeleggje starten på veka mi og eg har dimed, akkurat som måndag for to veker sidan, laga ei lita lista over ting som gjer dagen litt lysare:

✦ prikkete klede
✦ PWC-messa i Åsenhallen, heime på Sola, fredag og laurdag (her går det an å finne fine julegåver)
✦ ete god, heimelaga pizza saman med kjærasten min
✦ sitje inne under eit varmt pledd og sjå på regnet som dett ned ute
✦ Siddis Brass i Stavanger no til helga
✦ legge meg i reint sengetøy etter ei lang helg
"Mammas moderate matpakker" - eit herleg debattinnlegg om matpakketrenden som kanskje har tatt litt av: kvifor er det ikkje lenger godt nok å "berre" lage ei matpakke med litt brød og frukt?
✦ kose meg litt kvar kveld med den femte boka om Harry Potter
✦ oppdage ny musikk
✦ høyre denne lille dialektreisa
✦ at ein no kan sjå sesong fire av Downton Abbey på norske TV-skjermar og på NRK Nett-TV (og den fekk terningkast fem i VG)

Bra seminarhelg – snart er det Siddis Brass

Ei fin og bra seminarhelg er over, og me byrjar å bli klare til Siddis Brass som er i Stavanger no til helga. Det er berre nokre dagar igjen. Sjølv om eg gleder meg mykje, så gruer eg meg litt også. Ikkje berre fordi det er ein konkurranse, men også fordi helga kjem til å gå i eitt, det blir omtrent ikkje tid til å setje seg ned og slappe av. Skulekorpsa som me jobbar i, skal nemleg ha ein Halloweenkonsert her i Kr.sand på sundag, så rett etter at me har vore på scenen på laurdag, ber det tilbake til Kr.sand. Heile sundagen går dimed med til denne konserten. Men, men. Det blir jo uansettt kjekt å bu nokre dagar heime på Sola igjen, sjå foreldra mine, treffe kjentfolk på Siddis Brass, berre gjere noko anna enn det me pleier å gjere i helgene. Liker å ha det litt travelt også av og til ;)

27. okt. 2013

Topp 5 – Ylvis



Ylvis er jo i vinden som aldri før, så eg tenkte at eg kunne dele mine fem favorittar frå desse brørne. Dei har laga så mykje bra sånn utanom "The Fox", både når det gjeld musikkvideoar, sketsjar og andre finurlege sakar. Humor og talent har dei i massevis, så kos dykk med desse klippa:

"Jan Egeland" - kven er denne mannen? Ein vittig musikkvideo, og så er nokre av klippa filma rett før ein Mods-konsert, så publikummet er ganske så stavangersk av seg ;)

"Pie Jesu" - ein litt grotesk, men akk så artig, songsketsj som dei framførte under Gullruten 2011

"Verdensreglesangen" - å halde tunga beint i munnen under denne songen er ikkje lett, men dei klarar det med glans

"Stonehenge" - "what's the meaning of Stonehenge?" - treng eg å seie noko meir?!

"Afrikansk song?" - denne må dykk berre sjå (det er videoen lengst nede i artikkelen). Her viser dei kor dyktige dei er, og dette er over ti år sidan allereie

25. okt. 2013

Alle snakkar korps

Fire korpshelger på rad. To med skulekorpsa, to med vaksenkorpset. Denne helga blir det korps frå ende til annan: i går var eg på jobb i Hånes og Tveit skolekorps; i dag, i morgon, på sundag og på måndag er det vaksenkorpset som får all oppmerksemda (seminar i dag og fram til sundag, og på måndag er det jo vanleg øving). Du kan jo trygt seie at det blir ein del kaffi på slike seminar, ja. Midt oppi alt det som har med korps å gjere, har eg endeleg fått byrja på semesteroppgåva som me har i litteraturemnet denne hausten, så eg har nok å finne på om dagane. Og med denne lille oppdateringa, ber det rett i seng. Blir ein lang nok dag med korpsmusikk i morgon :)

23. okt. 2013

roggbif

"Livet er for kort til å være grått. Fyll deg selv og dine dager med farger." (Karsten Isachsen)

21. okt. 2013

Haustmarknad og jentekveld

Vil berre dele nokre bilete frå dagens forelesning og også nokre bilete frå helga som nettopp er over. På laurdag var det haustmarknad med Hånes og Tveit skolekorps, og då var eg med – både som aspirantdirigent og som supervikar på grovmessing i hovudkorpset. Aspirantane var superflinke og kom gjennom songen dei skulle spele utan noko problem :) Og før eg drog heim, hadde eg fått med meg denne fine kaffikverna: det var nemleg også nokre lopper på marknaden og eg synest denne var så fin at eg slo til. Seinare på kvelden kom det to veninner på besøk, og me hadde ein herleg jentekveld med to ordentlege jentefilmar, god mat og mykje snakk! Kjempekjekt å ha ein slik jentekveld, utan gutar i nærleiken, i ny og ne ;) I går gjorde me null-niks-nada. Litt småforkjøla, regn og grått vêr ute... Det blei dimed ein skikkeleg innedag med stearinlys, bok, kjærast og film. No er det ein ny måndag, ei ny veke med blant anna øynordiske nasjonalsongar og bokutdeling i forelesningen. Gleder meg til korpsøvinga i kveld :) Tenk – om berre to veker er det Siddis Brass!

20. okt. 2013

Topp 5 – minne frå musikklinja

Neste år er det allereie gått fem år sidan eg slutta på musikklinja på St. Svithun vgs. Eg hadde tre veldig fine, kjekke og morosame år der. Okei, eg skal innrømme at det til tider var veldig travelt, men som regel på ein god måte. Og i løpet av dei tre åra, traff eg på så utruleg mange flotte menneske; mange av dei er eg god ven med enno. Så i dag blir det litt mimring her på bloggen med fem fine, kjekke, artige, lærerike og gøyale minne frå tida mi på musikklinja:

kvardagen på skulen - med alt frå fransktimar til dirigering, Super Mario ute i skulegarden, norskprosjekt med dokketeater, dans på BUL-huset og song i gangane

Chess-vekene - å vere med på å setje opp musikalen Chess i fyrste klasse var for meg et av dei absolutte høgdepunkta i løpet av mine tre år på musikklinja

nissefest på Mosterøy - me hadde klassefest ute på Mosterøy det fyrste året, og det blei både graut, nisseluer og dans rundt "juletreet" (som for anledningen var ein stol med ei raud bøtte oppå)

Fredens Ansikt - komponere musikk til dikt som elevar frå Kongsgård vgs. hadde skrive, framføre dei ute om kvelden midt i Stavanger sentrum og så til slutt spele songane inn på CD i NRK sitt studio: alle tiders!

musikkfestar - mange herlege, kjekke og så utruleg gøyale festar med desse herlege folka, og så klart blei det alltid mykje synging, alt frå Mozart til "Tore Tang"

18. okt. 2013

"I feel wonderful because I see the love light in your eyes..."

Nær. Varm hand. Eit bryst å lene seg mot. Eit fang å leggje hovudet på. Smil. Latter som boblar frå magen og ut gjennom munnen. Ein å smile til, ein å le med. Av og til ein å krangle med, diskutere heftig med. Ein å bli sint på i det eine sekundet, medan i det andre sjå inn i det same andletet og vite at du framleis er like glad i han eller ho. Elske og å bli elska. Kyss. Draum. Drøyme om å reise saman, kjøpe ei leilegheit. Saman. Snakke, lytte, forstå. Vakne opp med ein arm rundt kroppen. Trygt, samtidig spennande. Så utruleg fint å vere nær. Nær den eine, den du er så utruleg glad i.

Kjenne meg flott og pen fordi du, akkurat du, seier det til meg. Og eg trur deg. Med deg er eg heil. Du tar meg for den eg er, og elskar meg akkurat slik eg er. Når du er borte, lurer eg på kva du held på med, for eg saknar å vere med deg, saknar å ta del i din kvardag. Vår kvardag. Tosomheit. Snart er det gått fem år sidan det blei oss. Fem fine år saman med deg, du som får meg til å føle meg som verdas finaste, verdas heldigaste. Eit lite innlegg til deg fordi du fortener det. Verkeleg.

16. okt. 2013

Trøytt

Å stå opp om morgonen når det framleis er mørkt ute. Å sykle heim frå jobb i mørket når klokka berre er sju om kvelden. Det er grunnen til at eg ikkje er noko særleg glad i hausten; det er mørkt både når eg står opp om morgonen og det er mørkt før eg er ferdig på jobb om kvelden. Og når det regnar, sånn midt på dagen, blir det også mørkt. Sjølv om eg skryter av sola som skin så fint på dei fargerike haustblada, synest eg det ofte blir litt for dystert ute. Dystert ute, kaldt inne. Vinden blæs, regnet piskar, mørket blir større. Med mørket blir eg trøyttare. Med vinden og regnet blir eg kaldare i kroppen. Eit teppe hjelper på kulda, men då freistar det meir å berre leggje seg langt ned i sofaen, sove. Ergo blir eg trøytt av det også. Og når eg på jobb spring fram og tilbake for å ta kopiar av diverse musikknotar, ikkje finn instrumentet eg pleier å bruke, kaos og diskusjonar oppstår, hjelper ikkje akkurat det heller på humøret. No skal ikkje dette bli ein syteblogg, men det er herleg å få det ned på papiret. Eg er ikkje like glad og vaken heile vegen sjølv om eg for to dagar sidan skreiv eit innlegg om ting som gleder meg midt oppi denne mørke årstida. Eg får heller ta å tenne nokre lys, opne ein ny pose med kaffi, setje på fin musikk, krølle meg godt under det rutete teppet. Drøyme meg vekk til eit anna land, varmare dagar, lysare dagar. Eg gleder meg allereie til våren.

14. okt. 2013

Ei lita, men fin liste på ein elles grå måndag

Måndagar er så absolutt ikkje min dag. Det er noko med det å prøve å komme i gong igjen etter helga, og eg synest det er like tungt kvar bidige gong den der måndagen skal til å byrje. Eg veit at ein ofte seier "ny veke, nye moglegheiter", og på det punktet kan eg nok bli ein god del flinkare. Men det eg liker å gjere som for min del gjer ein tung, grå dag mykje lettare og så fort mykje kjekkare, er ei liste eller to over fine ting (tidlegare lister kan du finne under merkelappen "hygge"). Ting som gleder meg, som rører meg, som får meg til å smile eller som eg ler høgt av:

✦ prikkenotisbok frå Søstrene Grene
✦ køyre heim frå seminaret i Laudal på laurdag i strålande solskin, slik at alle dei fine fargane på trea verkeleg lyser opp
✦ at rollefigurane Grace Van Pelt og Wayne Rigsby endeleg fekk kvarandre og gifta seg i den nyaste episoden av The Mentalist
✦ vere aleine ein kveld slik at eg kan sjå ein ordentleg jentefilm
✦ Filmpolitiet si liste over "5 varmende høstfilmer", for på den lista står blant anna den nydelege Cinema Paradiso
✦ lese mange, mange gode bøker når det blæs som verst ute
✦ 40 bilete frå gamle dagar som ein må sjå
✦ prøve ut badeanlegget på Aquarama heilt gratis (linjeforeningen vann nemleg ein gratis aktivitesdag på Aquarama, som var i går), og det var kjempedigg
✦ løyse kryssord saman med kjærasten min
✦ denne Indiana Jones-parodien frå TV-serien Fast and Loose - du må berre sjå heile videoen (ja, eg har delt denne før, men det er lenge sidan, så eg deler den ein gong til)
✦ oppdage ny musikk, som "Colors" av Laleh

13. okt. 2013

Topp 5 – filmar i svart-kvitt

Mine topp fem i dag er, som de sikkert allereie har skjønt, filmar i svart-kvitt. Eg kjem ikkje til å ta med "nyare" filmar, som The Artist og delvis Schindlers Liste, som bruker svart-kvitt meir som eit verkemiddel. Nei, lista over mine topp fem i dag er filmar i svart-kvitt då akkurat det var det aller vanlegaste, med andre ord før det blei vanleg med fargefilm:

It's a Wonderful Life - som Filmpolitiet seier: "slutten regnes som en av historiens lykkeruser, og får filmens tittel til å virke sannferdig". Mange kallar den "den ultimate julefilmen", og James Stewart i rollen som den desperate, men akk så herlege, George Bailey, ber mykje av filmen

12 Angry Men - ein jury med tolv menn inne i eit rom høyrest ikkje ut som ei filmoppleving av dei store, men eg må seie at denne filmen overraska meg; på ein måte er det utruleg fascinerande å sjå korleis ein mann kan vere så sta og halde på sitt og... nei, eg kan ikkje røpe korleis filmen endar ;)

Some Like It Hot - ein herleg komedie med forviklingar utan like og med Marilyn Monroe i spissen

Citizen Kane - Orson Welles speler aviskongen Charles Kane som uttalar "Rosebud" som sitt siste ord før han døyr. Filmen tar for seg hans liv og virke gjennom tilbakeblikk kor jornalistar prøver å finne ut kva Kane meinte med "Rosebud" (noko som så klart blir avslørt i siste scene)

Roman Holiday - eller Prinsesse på vift som den heiter på norsk, er ein fin film om ei prinsesse (spelt av finaste Audrey Hepburn) som er lei av at timeplanen hennar alltid er full. Når ho kjem til Roma som ein del av ein tur rundt om i hovudstader i Europa, stikk ho av for å utforske byen på eiga hand. Gregory Peck speler den mannlege hovudrollen, og filmen er ein skjønn og herleg romantisk komedie

11. okt. 2013

Pensumlesing på ein fredag (og litt Harry Potter innimellom)

Som tittelen på innlegget tilseier, så er dette ein fredag kor eg verkeleg har lese ein god del pensum. Men for å ikkje gå heilt lei, har eg også tatt fram bok nummer fire i serien om Harry Potter og venene (til dels også fiendane) hans. Bileta over er frå slutten av bok nummer tre, Harry Potter and the Prisoner of Azkaban, kor Sirius, gudfaren til Harry, nettopp har sendt Harry eit veldig fint brev (og som vanleg blir jo eg litt rørt...). Elles er det lite som skjer her; det er skule, jobb og korps det går i. I morgon er det seminar med det eine skulekorpset, og neste laurdag er det haustmarknad med det andre. Og sjølv om hausten ikkje er min favorittårstid, blir eg ikkje lei dei fargerike blada som heng på trea eller ligg på bakken. Med dette ønskjer eg alle ein riktig god helg!

9. okt. 2013

God te og herleg genser

Etter dagar med generell nordisk språkhistorie, ei slags tidslinje innanfor litteraturvitenskapen og mørkare kveldar, er det fint å kunne krype opp i sofaen med god og varm te i den fine kattekoppen frå Krakow. Og saman med teen, gjer ein fin og lun genser susen. Ein genser som mamma og eg fann på loftet i sommar. Kjempenøgd med den fangsten der; den er allereie blitt ein av mine favorittgenserar, både fordi den er kvit (eg har for det meste blå, raude, grøne, lilla eller gule genserar), fordi den har eit litt anna snitt enn dei fleste andre (forandring frydar) og til slutt det faktum at den blei funne på loftet. Å finne gamle klede, anten det er på Fretex, på loftet, i leilegheita til mormor eller på ein marknad, er for min del alle tiders. Gjenbruk + klede som ingen andre har = innmari kjekt. Eg føler eg skil meg litt ut utan at det blir for mykje (noko som passar meg midt i blinken). Så ja takk til meir varm, god te og meir fine klede som ein finn på loftet.

7. okt. 2013

Bursdagsfeiring for to flotte personar


Vil berre leggje ut nokre bilete i frå bursdagen me var i på laurdag. Det var ein fest som byrja i fem-tida slik at dei som har småbarn også kunne ta turen innom før leggjetid. Me gjekk bort, med muffins som eg hadde laga, i seks-tida, og me var der til godt over midnatt. Trur ikkje eg lyg når eg seier at me ei stund var rundt tretti personar på festen :) Fine folk (mange nye fjes, noko som berre var ekstra koseleg, for det er jo alltid kjekt å treffe nye menneske), nydeleg livemusikk (ja, eg blei innmari rørt), god mat, mykje snakking, latter og glede. Rett og slett ordentleg herleg stemning!

6. okt. 2013

Topp 5 – sterke livsskildringar





Sjølv om eg for det meste les skjønnlitterære bøker, det me ofte kallar fiksjon, har eg opp gjennom åra også lese bøker om små og store livsskildringar. Nokre om eit helt liv, andre er bøker som skildrar noko som gjekk føre seg over nokre månadar. Likskapane til desse fem bøkene på lista mi i dag, er at dei alle har gitt meg eit inntrykk. Nokre av dei er rørande, tøffe, nokre er meir morosame:

Historien om Helen Keller av Lorena A. Hicock - eg veit ikkje kor gammal eg var då eg las denne boka for fyrste gong, men livshistoria til Helen Keller, ei sterk dame som blei blind og døv etter sjukdom då ho berre var to år gammal, har alltid fascinert meg

Dagfinn Enerly: så fort kan livet snu av Jens O. Simensen og Dagfinn Enerly - ja, livet kan snu veldig fort, noko fotballspelaren Dagfinn Enerly opplevde då han blei alvorleg skada under ein fotballkamp

Jeg velger å leve av Sabine Dardenne - i åtti dagar blei ho, Sabine som berre var tolv år, holdt fanga av ein viss mann i Belgia (dei fleste har nok høyrt om saka), men ho var ei av to som overlevde, og dette er hennar historie om dei åtti dagane i eit mareritt

Idas dans – en mors beretning av Gunnhild Corwin - ei tøff forteljing om ei aktiv, danseglad jente som blir veldig sjuk (les meir her)

Gutt av Roald Dahl - mange, mange gode minne om denne boka som me høyrde på lydbok på biltur då eg var yngre. Her fortel Dahl om sine somrar som barn og fram til han har fylt tjue år (kan også tilråde På egne vinger som då er fortsetjinga)

4. okt. 2013

"Parissyndromet"

Når det regnar verre enn verst ute, er det kjempefint å ha ei god bok i fanget, ei bok ein kan kose seg med mens ein sit under eit varmt teppe og litt kaffi i koppen. Joda, eg har nok pensum å lese, men eg må jo ha noko ved sidan, noko som eg verkeleg kan kose meg med. Via hjartesmil sin fine blogg, finn eg mange, gode forslag til bøker som eg trur eg liker (ho og kjærasten gir faktisk ut ei bok i desse dagar, ei bok eg håper eg får til jul...). Ei av bøkene som eg fekk lyst til å lese fordi eg såg den på bloggen, var Parissyndromet av Heidi Furre. Og den skuffa ikkje! Den er skrive på nynorsk, ei målform eg er blitt meir og meir glad i, og den er så fin og sår på same tid: ei ung dame flyttar til Paris, kanskje for å "finne seg sjølv", etter brot med kjærasten. Å flytte åleine til ein annan by, eit anna land, er ikkje berre berre. Det er så fine skildringar av byen; eg får lyst til å dra dit sjølv om eg ikkje kan så altfor mykje fransk. Og det å lære seg eit nytt språk og finne nye vener i ein ukjent by, det er ikkje så enkelt, men ho lærer seg så utruleg mykje nytt på eitt år, både om seg sjølv, om andre og om franskmenn. Ei bok eg verkeleg tilråder no når det går mot mørkare tider og ein treng noko, noko fint, varmt og lunt, å drøyme seg vekk med!