31. mars 2014

Fine vårdagar i slutten av mars

Å kunne sitje ute på graset med ei god bok og påskeliljer i full blomstring – det er fint, det. Å drikke heimelaga bananmilkshake (av noko så enkelt som ein banan, ein dæsj melk og ei spiseskei vaniljekstrakt) medan sola varmar i andletet er også ordentleg fint. Slik har dagane vore her i det siste. I går hadde me konsert og brukte heile dagen på kjøring fram og tilbake Arendal, øving og sjølve konserten, så vêret blei diverre ikkje nytta til det fulle. Men å ha eit slikt vêr med mykje lys hjelper i alle fall på humøret om ikkje anna :) På laurdagskvelden hadde me besøk av eit venepar og me hadde ein kjempekjekk kveld med gode samtalar, artige spørjespel og ein god porsjon med latter! Håper alle mine lesarar får ein fin start på veka, med eller utan sol og ordentleg vårvêr :)

30. mars 2014

Topp 5 – nye songar



Eller i alle fall nye for meg, for ikkje alle songane på denne lista er nye av året eller frå i fjor. Mange av songane høyrer eg på radio sånn tidleg om morgonen når me et frukost. Andre høyrer eg på TV, i ein serie eller kanskje i ei lenkje som nokon leggjer ut på nettet. Eg er ikkje så flink til å høyre på ny musikk, høyre andre songar enn dei eg kan syngje til så høgt som eg berre vil nettopp fordi eg kan tekstane. Men innimellom finn eg nokre songar som er fengjande, fine eller berre minnerike:

"Little Lies" av og med Fleetwood Mac - 80-talet, det er sikkert og visst. Songen er frå 1987 og eg høyrde den fyrste gong på Popquiz. Kan ikkje songen så godt enno, men den osar av eit visst tiår, og det er herleg!

"Let It Go" med Idina Menzel - denne har eg jo nemnt før denne veka, men eg synest songen er fin og ganske så Disney, akkurat slik den skal vere

"Starman" av og med David Bowie - høyrde denne på radioen for nokre veker sidan, og med tanke på at eg har høyrd mykje på songen "Space Oddity" tidlegare, var det lett å høyre at dette var Bowie. Songen er frå 1972, så ny er den ikkje. Melodien festar seg fort og på refrenget er det berre til å nynne med

"Before" av og med Laurence Fox - Fox veit eg at eg har nemnt nokre gongar her på bloggen, men eg blir ikkje lei stemmen hans, melodiane og tekstane han skriv. Eg følgjer han på Facebook og her får eg alltid med meg når han har laga ein ny song (må også nemne "The Best Mistake" og "The Great Unknown"). Dette er musikk som eg høyrer på jamt og trutt

"Scotland" av og med The Lumineers - herleg song som eg kjenner frå serien Reign.

29. mars 2014

For omtrent eit år sidan

I fjor, sånn omtrent på denne tida, hadde eg blitt fridd til av verdas finaste, eg hadde kjøpt meg mitt fyrste speilreflekskamera, eg hadde feira noko av påska hos sviger. Inspirert av dette innlegget, tenkte eg å "reise" tilbake i tid og sjå kvar eg var på denne tida i fjor. Eg hadde som sagt blitt fridd til av verdas finaste, ein tid med mange tankar, for det er ikkje kvar dag at ein sei "ja" på ei så stort spørsmål. Oppi alle tankane, var det i tilleg ein hard, mørk og kald vinter; snøen låg til langt uti mars. Med det var verkeleg ikkje humøret mitt på topp, eg var nok ekstra rask til å ta til tårene og eg trur ikkje eg kan ha vore så enkel å leve med. Etter kvart blei det heldigvis varmare vêr, tanken om bryllaup og ekteskap var plutseleg ikkje like skummel lenger, og humøret blei med det mykje lettare. Og då folk spurde når den store dagen skulle vere, svarte me berre "veit ikkje, men kanskje vår/sommar 2015". Det viste seg å stemme, for bryllaupet er sett til 30.mai 2015 :)

Me feira som sagt noko av påska hos svigers. Fredagen før påska, 22.mars, drog me til Sjøholt og var der fram til skjærtorsdag. Kjekt å vere der ein tur, gjere noko anna enn "berre" å vere på hytta heile påska. Skjærtorsdag tok me fly til Sola der eg kjøpte meg mitt fyrste (eit brukt, men okei) speilreflekskamera. Eg har brukt det så mykje, men eg har nok ein god del igjen å lære. Og så var me ein tur innom hytta også, der biletet er frå, tatt akkurat for eit år sidan, før me til slutt dro heim til Kr.sand. Påska i år blir nok veldig lik.

For eit år sidan drøymde eg om å reise på ein større tur; om to månadar sit me på flyet til Island og etter kvart til New York. For eit år sidan kverna det mange tankar i hovudet, særskilt om giftarmål og framtida. No er eg sikrare. Eg veit ikkje alt, men eg veit at eg vil gifte meg med han, kjøpe leilegheit saman, få oss ein katt, skape fleire minne saman, vere med han. Me er ikkje einige om alt, nokre gongar kranglar me, men me er blitt sikrare på kvarandre. For eit år sidan hadde eg enno ikkje gjort ferdig bachelorgraden min, eg hadde enno ikkje blitt tante. Så mykje kan skje på eit år. Nyt tida, dagane, vekene – dei går så utruleg fort! Eg gleder meg til resten av 2014!

27. mars 2014

Issmaking og bursdagsmiddag

Artig med dugnad på tysdag etter jobb! Me fekk tolv isprøver som me skulle smake på og seie noko om, som konsistensen på isen, smaken, utsjånad osb. Var godt me hadde eit vassglas og to ved sidan av oss, for det hadde blitt rimeleg småkvalmt å skulle ete alle prøvene utan å ha noko å skylje det ned med ;) I går var eg på Egon saman med ti-tolv andre jenter. Me feira nemleg bursdagen til ei veninne der og det var verkeleg koseleg! Var ikkje mange eg kjente frå før, men praten gjekk lett og det blei ein kjempefin kveld :) Elles kjem dagane til å gå fort med jobb i dag, treffe korpsfolk i morgon, fine gjester på laurdag, konsert på sundag og så er det plutseleg måndag igjen.

25. mars 2014

Disney!



Eg har enno til gode å sjå den nyaste Disney-filmen Frost (eller Frozen på engelsk), men eg har i alle fall høyrd på nokre av songane frå filmen. Let It Go med Idina Menzel er ein av dei, og då eg hadde høyrd den, kom eg over ein artig versjon, nemleg den du kan sjå i videoen over: ein fyr som syng songen i mange forskjellige, men kjente, Disney-stemmer. Slike videoar gjer meg så glad – eg sit her og nesten flirer fordi den er så morosam! Sjå den og bli i godt humør du også!

24. mars 2014

Fine ting på ein måndag

Vil berre få dele ei lita liste med dykk på ein fin måndag som denne. Bileta er frå den lille turen vår til Lillesand (i el-bil) førre onsdag. Var så koseleg å berre vandre rundt, sjå på og oppdage alle dei små, fine detaljane. Merkar at eg har veldig lyst til å reise no med ein gong, oppleve mange nye ting, utforske nye plassar men eg får glede meg over dette medan eg tel ned dagane, ventar:

tur til Lillesand
veldig kjekt å lese at det er "kult med brukt"
denne lille stripa om korleis å bli meir produktiv ;)
kose oss ekstra med presskannekaffi i helga
nydeleg bileteserie med par som har vore saman i over femti (!) år
✦ at me i morgon skal på issmaking med korpset (les: dugnad) og at eg på onsdag skal i bursdagsmiddag med ei veninne som eg kjenner frå linjeforeininga
✦ ein velskriven kronikk om livsfjern matematikk
✦ den nyaste Wes Anderson-filmen
"Slik kan du "dele" uten å være på Facebook" - ein fantastisk parodi på alt det som blir delt og lagt ut på Facebook
✦ blogginnlegg om nestekjærleik
✦ det faktum at dagane blir lysare, det blir varmare ute og blomar poppar opp over alt
✦ herleg parodiSherlock
✦ å lese nokre innlegg av Laurence Fox

23. mars 2014

Topp 5 – heimelaga saker og ting

Å strikke eller hekle ei lue, å måle eit bilete, det å lage noko med hendene, trivst eg veldig godt med. Til hytta har eg hekla dette teppet og sydd knappar på denne puta. Allereie no klør det i fingrane etter å lage noko og innreie vår eiga leilegheit. Vel, eg får nøye meg med å hekle litt, måle litt, lage kort og drive med decoupage i mellomtida. Vekas topp fem er mine favorittsaker som eg har laga sjølv som eg har her i Kr.sand, til dømes eit plagg, noko pynt eller eit bilete:

1) måleri - biletet av oss måla med akrylmåling laga eg medan eg gjekk på folkehøgskulen. Mykje småpirk for å få det så fint, men til dags dato er dette noko av det beste eg har laga sjølv!

2) lue - har strikka nokre luer før, men aldri ei så vanskeleg som denne. Fekk oppskrifta og garn til jul for nokre år sidan av svigers, men eg måtte ha hjelp for å komme i gong, for byrjinga på oppskrifta var ikkje så lett å forstå. Men det var kjekt å strikke den då eg fyrst kom i gong, og resultatet blei jo kjempebra :)

3) oppslagstavle - denne laga eg saman med pappa slik at eg kunne ha ei finfin oppslagstavle til å henge kort og bilete på inne på rommet mitt på folkehøgskulen. Inspirasjonen til å lage ei slik oppslagstavle, fann eg i Gjør det selv, ei bok av Helene S. Lundberg. No heng tavla inne på soverommet vårt med kort og bilete, akkurat slik eg brukte den då eg budde på Bømlo

4) fillerye av gamle T-skjorter - hugsar ikkje kvar eg fann denne idéen (eller oppskrift om du vil), men det finst mange forslag ute på den store verdensveven til korleis ein kan hekle ei fyllerye eller ei baderomsmatte av gamle klede. Den eg har hekla, ligg ute i gangen vår :)

5) sitat med bokhjarte - boksidene som hjartet er laga av, er til og med dyppa i kaffi (eller var det te?!) for å få dei til å sjå enno eldre ut (idéen fann eg på pinterest.com)

21. mars 2014

"The Grand Budapest Hotel"

Heilt sidan me såg Moonrise Kingdom på kino for snart to år sidan, har me leita fram og verkeleg kost oss med filmar som Wes Anderson har regissert. Å sjå ein film han har laga, er som å dykke ned i eit eiga univers, han har ein heilt eigen måte å fortelje på. Så mange fargar (berre sjekk ut desse fargepalettane frå filmane hans), så mange rare, men akk så herlege, karakterar og ikkje minst så mange fine historier. Moonrise Kingdom er berre ei av dei; den er så fin om den fyrste kjærleiken og om kor mykje rart ungar kan finne på :) Og så er det The Royal Tenenbaums, The Fantastic Mr.Fox (jepp, basert på Roald Dahl si bok), The Life Aquatic with Steve Zissou, Rushmore og The Darjeeling Limited. I mange av desse filmane, dukkar dei same skodespelarane opp: Bill Murray, Edward Norton, Owen Wilson, Jason Schwartzman, Anjelica Huston, ja, de skjønner teikninga. Det er også noko av det som kjenneteiknar Anderson sine filmar. Grunnen til at eg skriv dette innlegget, er at det no har komme ut ein ny film av Anderson på kino: The Grand Budapest Hotel. Då eg ein gong tidleg i år fann ut at filmen skulle ha norsk premiere i dag, 21.mars, sa eg til sambuaren min at denne kvelden skulle me halde av nettopp for å sjå den på kino. Som sagt, så gjort. Og filmen? Den skuffa ikkje! Ralph Fiennes i rolla som M. Gustave er eit funn (joda, han var god som Voldemort også), og blandinga av spenning, humor og eit estetisk særpreg gjer denne filmen til ei kinoopleving utenom det vanlege! Og hotellet er jo berre så fint! Sat i salen og storkoste meg gjennom heile filmen. Kom deg av garde på kino allereie i morgon, for denne filmen bør du få med deg – spesielt om du vil sjå noko anna enn ein vanleg blockbuster!

19. mars 2014

Til Lillesand i el-bil

Nesten kvar gong familien min og eg køyrde til Austlandet då broren min og eg var små, stoppa me i Lillesand og overnatta på Gryten Motell. Då kjærasten min skulle til ein skule i Lillesand i dag og fekk låne universitetet sin el-bil, blei eg lett med ut på tur (og som du kan sjå på det fyrste biletet, dukka Kardemomme by opp på kartet medan med køyrde mot Lillesand). Motellet finst ikkje lenger, så det blei ikkje noko gjensyn med akkurat det. Men det å berre gå rundt i gatene, sjå på kvite sørlandshus, titte innom mange butikkar med både små og store duppedittar, ta ein kaffi med noko attåt og og lese i ei krimbok på kafé er ordentleg fint. Kjekt å sjå butikknanm med "blaude" konsonantar ;) Til slutt besøkte eg NMS Gjenbruk, og der eg fann fine bileterammer, ein film, den herlege boka Kabalmysteriet av Jostein Gaarder og ei fin, lita veske eg kan ha til ein fin kjole :)

17. mars 2014

Fargerike krakkar

Sjølv om me ikkje veit korleis vår framtidige bustad kjem til å sjå ut, heller ikkje akkurat kva stil me vil ha, har eg byrja å sjå på interiør. Noko av det eg har sett på, er ting og tang det går an å fikse og lage sjølv, slik som denne krakken. Ikkje i dei same fargane, men idéen om ein krakk med heimehekla trekk, synest eg er kjempekult (såg det vel fyrste gong på folkehøgskulen då ei av veninnene mine hekla seg eit trekk)! Eg kjøpte ein billig krakk på Fretex, oppdaga at det eigentleg var ein krakk frå IKEA, og fekk dimed tak i ein til. Det er ein rund krakk, liknande denne, med fire bein. Eg har hekla eit trekk som er firkanta, ei stor bestemorsrute, der kvart hjørne skal festast rundt beina på krakken, og eg har hekla eit trekk som er like rund som krakken. Oppskriften på det runde trekket, er henta frå boka Fargeglade oldemorsruter, skrive av Sarah London. Lett oppskrift å følgje, og det har vore så moro å ha eit hekletøy mellom hendene igjen. Hekling og ein kopp med kaffi er tingen. Manglar to små puter som eg kan ha mellom trekka og krakkane, men eg veit dei har heilt enkle, både runde og firkanta, stolputer på IKEA, så det fiksar seg :)

16. mars 2014

Topp 5 – amerikanske krimseriar


Eg har alltid likt å lese spennande krimbøker eller sjå krimseriar. Britiske krimseriar, slike seriar som følgjer politifolk eller ein privatdetektiv (til dømes Inspector Morse eller Poirot), dei finst det mange av, og eg synest det er kjempevanskeleg å plukke ut berre fem. Så eg tenkte eg heller skulle plukke ut mine topp fem når det gjeld ikkje-britiske krimseriar, altså amerikanske krimseriar. Det var ikkje så lett å finne seriar som "berre" er krim; mange er blanda med element som litt humor, FBI, mysterium, horror osb. Men eg har klart å plukke ut dei eg liker best og som eg meiner er krimseriar. I denne betraktninga har eg ikkje tatt med seriar som The Killing – ein amerikansk versjon av den danske Forbrydelsen – eller Prime Suspect som også er ein amerikansk versjon av den britiske serien med same namn. Legg gjerne igjen ein kommentar i kommentarfeltet om du har tips til gode krimseriar. Under er i alle fall mine topp fem amerikanske krimseriar:

Cold Case - Lilly Rush og teamet hennar i Philadelphia Police Department jobbar med cold cases - saker som ligg nokre år tilbake i tid (alt frå eit år til seksti-sytti år), men som enno ikkje er oppklarte. Serien skiftar mellom notid og fortid, noko som for meg gjer hele serien :)

Rizzoli & Isles - Rizzoli jobbar i politiet medan Isles jobbar som patolog. To herlege damer som ikkje berre jobbar saman, men som også er veldig gode veninner. Herleg serie med ein god dose humor, kjærleik og familieforviklingar. Ein "lett" serie som eg fekk anbefalt av ei veninne av meg :)

Unforgettable - tenk at du hugsar alt som har skjedd, kva vêr det var på den og den datoen for ti år sidan, kva klede venen din hadde på seg for nøyaktig to år sidan? Politibetjent Carrie Wells har ein slik hugs og det gjer at ikkje mange kriminelle kjem seg unna når ho er på saka. Men det er ein ting ho ikkje klarer å hugse: systera hennar blei drepen då dei var born, og denne hendinga er eit svart hol i Carrie sitt minne. Samtidig er det dette som driv ho i jobben som politibetjent

Dexter - denne serien er det nok mange som har sett, men eg tar den med. Serien handlar om blodsprutanalytikaren Dexter Morgan som jobbar hos Miamipolitiet. Det ingen veit, er at han på kveldstid er ein seriemordar som dreper skurkar. Dobbeltmoral? Ja. Fascinerande? Ja. Heile åtte sesongar blei det laga før siste sesong gjekk på skjermen i fjor. Ikkje alle var like bra eller like originale, men me, eg såg denne serien saman med kjærasten, har hatt nokre nervepirrande timar foran skjermen med Dexter.

Lie To Me - britiske Tim Roth speler hovudrolla i den amerikanske krimserien Lie To Me. I serien speler han dr. Cal Lightman som saman med teamet sitt hjelper organisasjonar og det lokale politiet til å løyse krimgåter eller andre liknande problem. Lightman er nemleg ekspert i å lese ansiktsuttrykk, microexpressions, og ved hjelp av dette og psykologi, kan han dimed sjå når nokon prøver å skjule kjensler. Ein interessant og annleis serie nettopp fordi det er psykologi og ansiktsuttrykk som står i sentrum for å løyse gåta, og ikkje DNA og fingeravtrykk.

14. mars 2014

Jegersberg

På onsdag åt me middag på skulen – veldig greitt å gjere det lettvint ein gong i blant – og etterpå tok me på oss gode sko, eg hadde på meg den nye jakken eg fekk då eg var på byttekveld, og så gjekk me ein tur rundt Jegersberg, eit fint turområde som ligg rett ved skulen. Det var der eg såg hakkespett, hestehov og vatn som sildra, det var der me gjekk hand i hand og berre naut vårlufta og -dufta. Nokre av plassane var det heilt stille, berre oss og vinden i dei tørre lauva. Å nyte den stilla ein får når ein er ute og går i skog og mark, det er nesten noko magisk ved det. Å kjenne sola i andletet, berre gå rundt på ein sti utan noko mål eller meining, berre vere ute og kjenne at vinteren er over og at våren er her, for meg er det ei kjensle som er ordentleg god og skikkeleg fin.

12. mars 2014

Det som gleder meg...



...denne veka. Og førre veke, ja, sånn sett generelt på denne tida av året. Me er nesten midt i veka allereie og det går slag i slag med korpsøving, gåtur og sykling til jobb (det er så herleg at me endeleg kan sykle til jobb kvar veke og ikkje måtte ta bussen på grunn av så utruleg mykje snø). Eg har nok nemnt det før, men våren er mi absolutte favorittårstid! Under er mine gledespunkt:

✦ vårluft
✦ ein god og viktig kronikk på aftenposten.no
✦ artig bileteserie med dyr som er fanga i møblar
✦ gå tur hand i hand, vere ute i strålande sol og knallblå himmel, sjå hakkespett, hestehov, vatn som sildrar
✦ førre sundag var det jo Oscar-utdeling, og her kan ein draume seg vekk i nydelege kjolar frå tidlegare utdelingar
✦ få blomar, sånn heilt uoppfordra, av sambuaren min
✦ filmkritikarprisen til Erik Poppe for Tusen ganger god natt (ein pris han også vann med filmane Hawaii, Oslo og deUSYNLIGE)
✦ ein skal tidleg krøkast
✦ at me har funne, og tinga, bryllaupslokale
✦ hekletøy
"Trust me, I got this"
✦ sjå gradestokken krype over ti gradar
✦ oppdage at det kun er to og ein halv månad til me reiser

10. mars 2014

Reinstorm

Å tusle rundt i byen, titte inn gjennom butikkvindauga, dagdrøyme, plutseleg finne ein fin butikk fylt av gamle klede eller nye klede i ein gammal (retro) stil, det er fint, det. Eg gjorde nemleg det på laurdag då det var så herleg vêr og eg var nede i byen for nokre ærend. Hadde god tid, så eg gjekk rundt og berre kikka. Eg hadde sett på nettet at det var ein ny vintagebutikk som nettopp hadde opna, så eg prøvde å finne den då eg fyrst hadde tida til det. Og eg fann den. Reinstorm. "Reinstorm virvelvintage – nytt og gammelt". Butikken er ikkje den største, men eg kunne gått rundt her i nokre timar, berre sett på alle dei fine kleda, nye som gamle. Herleg atmosfære i butikken med gamle møblar, prikkete ballongar, fine bilete og ikkje minst alle kleda som ein ikkje finn i "vanlege" butikkar. Her kjem eg garantert til å ta turen innom igjen seinare :)

9. mars 2014

Topp 5 – denne veka

Denne veka vil eg seie har vore fin med vinterferie, regn og sol om kvarandre, familietid og gode krimbøker. Kjekt og herleg med ei litt annleis veke, trur ein treng det innimellom. Under kjem det fem punkt som viser det beste med denne veka, og desse punkta utgjer altså vekas topp fem-liste:

vere heime ein tur hos familien min - eg liker jo å bu for meg sjølv saman med kjærasten min, men det er eit eller anna med å vere heime hos mamma og pappa (gratulerer så mykje med dagen i dag, pappa) ein tur, sove på rommet mitt, vere på Sola. Og så er det veldig fint at me har tinga reise til min svigerfamilie i påska

køyre rundt og kikke på forskjellige bryllaupslokale - veldig greitt (og så klart kjekt) å vere ordentleg i gong med bryllaupsplanlegginga

høyre fine og kjekke songar som "I'll Never Find Another You" med The Seekers og "One Night In Bangkok" med Murray Head på Popquiz - me pleier å høyre på Popquiz kvar laurdag (ev. på nett-radio på sundagen), og så klart er det ekstra kjekt å vite svara på det progamleiaren spør om

blomar - då kjærasten min kom heim frå skulen i går, hadde han med seg ein fin bukett med roser i forskjellige fargar. Ikkje veit eg om det var ei forsinka valentinsgåve eller om det var ei lita oppmerksemd på kvinnedagen, men eg blir alltid like glad når han kjem med roser til meg :)

gå tur i det herlege vårvêret - nyte vårlufta, gå hand i hand, kjenne sola i ryggen, sjå på fine krokusar og dei vakre snøklokkane som poppar opp rundt omkring

8. mars 2014

Boligmesse

Strålande vêr her i Kr.sand i dag med ein varmande sol og blå himmel, noko heilt anna enn det me opplevde i Stavangerområdet i går. Kjempeherleg! Stod opp sånn nokolunde tidleg, åt god frukost, og litt over ti sykla me til Gimlehallen, for der tenkte me å stikke hovudet innom årets boligmesse. Førre tysdag var me innom Bohus og der fekk me gratisbillettar til messa. Var ikkje så mykje å sjå på for vår del med tanke på at me ikkje eig eit eige hus eller ei eiga leilegheit, men kanskje neste år :) Etterpå sykla han til skulen for å skrive på oppgåva si og eg sykla til byen der eg hadde nokre ærend. Fantastisk å kjenne sola i andletet, vinden i håret medan eg sykla, berre vere ute og nyte godvêret! Håper verkeleg å få fleire slike dagar i veka som kjem – eg elskar våren!

7. mars 2014

Utstein Kloster

I jakten på bryllaupslokale, var me i går innom Utstein Kloster Hotell. Det ligg perfekt til ved sjøen og lokalet er nydeleg. Ikkje fullt så fint ute med det vêret me hadde i går, men i mai månad trur eg det kan bli kjempefint. Og trass i eit ordentleg ruskevêr, tok me turen heilt ut til klosteret (altså Utstein Kloster om de lurer). Eg kan ikkje hugse å ha vore der før sjølv om det berre er ein drøy halvtime med bil frå Sola. Sjølve klosteret var ikkje opent, men likevel kjekt å sjå det utanfrå. Og ein finfin hest. Pappa og eg var ein tur innom mormor før middag, noko som var koseleg, og etter middagen hadde me besøk :) I dag har me vore ute på Kronen Gaard Hotell, det siste lokale me skulle sjekke ut medan me var på Sola. Har høyrt mykje bra, men aldri vore der sjølv. Ordentleg fint og her såg eg, ser eg, verkeleg for meg at ein bryllaupsfest kan bli veldig fin! Sit på toget no på veg til Kr.sand, og vil få takke mamma og pappa for all hjelp så langt i bryllaupsprosessen.