30. aug. 2013

Ein liten, grøn firehjuling


Nokre gongar når ein berre traskar litt rundt i nabolaget og eigentleg ikkje har nokon intensjon om å ta mange bilete, kjem ein plutseleg over fine fotoobjekt. Og denne bilen er eit slikt objekt. Kvar gong mamma ser eller høyrer om ein slik bil, ein Citroën 2CV, høyrer eg eit lite sukk eller eit stort kvin. Før broren min og eg blei fødd, hadde ho ein slik bil, berre den var kvit og grøn. Gleda er stor kvar gong ho ser ein bil av same type. Håper du koser deg med bileta, mamma!

28. aug. 2013

Kreative fotoidéar

Sånn. Då har eg vore ein tur på biblioteket og førehandsstemt. Eg synest det er like skummelt, eller spennande, kvar gong. "Tar eg rett lapp no? Bretter eg setelen rett veg?". No har eg i alle fall gjort det, og det å bruke stemmeretten er ei god kjensle. Men det var ikkje det eg skulle snakke mest om. Eg vil nemleg tipse dykk om ei finfin bok som kom i posten på laurdag. Ei bok om fotografi. Ikkje berre om kva kamera eller utstyr ein bør ha, eller kva slags teknikkar ein skal bruke. Nei, dette er ei bok frå bloggarane bak A Beautiful Mess, og den heiter A Beautiful Mess Photo idea book med undertittelen "95 inspiring ideas for photographing your friends, your world, and yourself". Her er det så utruleg mange idéar til korleis å bli meir kreativ når du skal ut på tur med kameraet eller når du skal ta sjølvportrett inne i heimen. Eg gledde meg som ein liten unge til at boka skulle komme i posten (eg førehandsbestilte den på amazon.com, link til boka her), og no gleder eg meg til å kose meg med den når hausten kjem med mørkare dagar :) Nokre ville kanskje satt pris på ei meir teknisk bok om korleis ein best brukar kameraet, men spør du meg så finst det nok av slike bøker på biblioteket. Dette er ei bok med flotte idéar og bilete, og ønskjer ein å vite meir om personane bak boka, er det berre til å besøke bloggen deira; der kan du verkeleg finne mykje fint :)

26. aug. 2013

Varme og fine augustdagar

Andre heile veka vår her i Kr.sand etter at ferien er over, og me er atter i gong med ei ny veke. På laurdag besøkte me antikvariatet igjen, og denne gongen kjøpte me faktisk nokre bøker, fire stykk for å vere nøyaktig (to av dei står på pensumlista i litteraturemnet). Etterpå vandra me rundt i byen, tok ein matbit og sykla heim der me plukka litt plommer i hagen. Utpå kvelden sykla me bort til eit venepar, og der blei me møtt med tiger og sjørøverflagg i hagen. Elles blei det mykje snakking, god mat og brettspel der me skulle kjenne igjen flagga til ulike land (eg fekk blant anna Kypros, Uganda og Kenya). Kjekk kveld med fine folk; me må absolutt gjere det igjen om ikkje så altfor lenge. I går var det fint vêr, det er det også i dag, så eg har fått lese litt pensum ute i sola. Og slappa av – det er jo slik sundagar og fridagar skal vere, og ein må jo nyte sommaren så lenge ein kan :D

25. aug. 2013

Topp 5 – norske filmsitat

Filmsitat. Eg byrjar i det små, for å plukke ut berre fem filmsitat frå utanlandske filmar er ikkje så veldig enkelt. Norske filmar er ikkje det eg ser mest av, det skal eg ærleg innrømme, men eg har nokre som eg har sett mange gongar (og som du kan sjå er tre av fem barnefilmar):

"Høm, høm...HØM, HØM"
"Er'e meg du snakkær te?"
"Kæm ællårs?"
"Det stå'kke her at jeg heter høm-høm"
- fantastisk dialog mellom Nøtterø og Bergen i Stompa, selvfølgelig! (som ikkje er med på biletet fordi filmen ligg på Sola)

"Beklager. Jeg greide å miste kaffen i veggen"
- Jon etter å ha kasta kaffikoppen rett i veggen i deUSYNLIGE

"Men du? Har du någen gang sett at skyene kan likne på ting? Det e all slags der oppe. Hunder, katter, mennesker, alt. Ser du, Jarle, ka syns du det likne på? Ein kanin kanskje" 
- noko av det siste som blir sagt i den fine stavangerfilmen Mannen som elsket Yngve

"Og til frokost får vi nydelige, åtte dager gamle brødskiver med masser av ingenting på. Vi får det naturligste av det naturligste, det sunneste av det sunneste å drikke" 
"Hva da?"
"Vann" 
- Sebastian som forklarer til lille, søte Kamilla kva han får av mat og drikke i fengselet i Kamilla og tvyen II

"Voi, voi. Kem skulle trudd at eg skulle få rockefot? [...] Bravo! Dette vil me ha i Norsk Riskkringklasting"
- kringkastingsjefen etter framføringa av "Valborg oh oh ye ye", sunge av Kjell, Egon, Benny og Dynamitt-Harry, i Olsenbanden jr. på rocker'n

23. aug. 2013

Pensum ute i sola

Nydeleg vêr ute i dag, og med null forelesning på timeplanen, kan eg sitje ute og verkeleg nyte sola. Og pensumlitteraturen! Eller ikkje. Skulle gjerne ha lese noko anna enn pensumlitteratur ute i finvêret, og spesielt sidan den eine boka (den ein kan sjå på biletet) ikkje er lystig lesing. Men, men. Med radio på øyret, litt iste og fine, fargerike blomar blir det litt lysare. Legg ved lenkja til peplumutfordringa på bloggen til Girl with Curves. Ho fekk inn mange bilete, og her er det mange flotte damer i fine peplumtoppar eller -kjolar. Absolutt verdt å ta ein titt, generelt heile bloggen :)

21. aug. 2013

Noko kongeblått

Fyrste, andre og tredje forelesning er allereie unnagjort (byrja sånn ordentleg for to dagar sidan). Eg trur det kjem til å bli eit okei sistesemester her på UiA. Tar både språk- og litteraturemne, akkurat som i fjor haust og i vår. Denne haustens litteraturemne er, heldigvis, meir fokusert på korleis me les ein tekst, ikkje berre læraren si tolking, og pensumet er meir overkommeleg. Men – det eg eigentleg skulle skrive om, var at det kom ein pakke til meg i posten på måndag. I dette innlegget fortalde eg om nokre utruleg fine øyredobbar, kongeblå øyredobbar. Til slutt klarte eg ikkje å vente lenger, det var nemleg berre dette eine paret, så førre veke klikka eg dei heim. Sjølv om eg måtte betale litt i frakt, kom det heile på under to hundre kroner, og det var verkeleg verdt det. Då dei kom i posten på måndag, reiv eg nesten opp pakken. Oppi låg det eit fint brev frå seljaren og øyredobbane var fint pakka inn i ei lita gåveeske. Eg opna gåveeska og der låg dei. Fargen er berre nydeleg, og den er endå djupare enn på biletet (eg vil nesten ikkje vise dei no, for dette er øyredobbar eg fint kan tenkje meg å bruke i bryllaupet mitt; noko farge må eg få ha på meg...) Ein kan finne så mykje fint på etsy.com, sjå på alt det folk har laga, berre drøyme seg bort.

19. aug. 2013

Eit lite antikvariat

Etter tips frå ein kompis av kjærasten min, tok me syklane fatt og drog til Kallestads antikvariat på laurdag. Det ligg berre eit par minutt på sykkel frå oss og har opent torsdagar og laurdagar. Så sjølv om me hadde stått tidleg opp og eigentleg sat veldig godt i sofaen, tok me turen. Og gurimalla, for ein butikk! Det verkar veldig lite når ein kjem inn, men så er det jo ein kjellar i tillegg, fylt opp med bøker. Bøker på alle kantar! Nokre nye, mange gamle, og nokre av dei har eg mange gode barndomsminne om. Det var også andre gamle gjenstandar til pynt, både blant bøkene og i vindauget. Me kunne gått der i fleire timar, og eg trur nok me kjem til å gå der nokre gongar. Rart at me ikkje har oppdaga antikvariatet før no, for her kan ein verkeleg finne nokre klassikarar :)

18. aug. 2013

Topp 5 – bruktskattar frå marknad eller butikk

Tittelen seier seg sjølv: objekta som blir presentert i dagens liste, er ikkje frå privatpersonar eller frå loftet heime. I sommar har eg funne så mykje heime, spesielt klede, som mamma eller mormor har brukt. Dimed kunne lista ha vore fylt opp berre med ting eg har funne i sommar, anten på loftet heime eller i mormor si leilegheit. Han fine og eg synest det er veldig kjekt og utruleg spennande å gå på loppemarknad, Fretex eller eit antikvariat. Ikkje for at me alltid treng noko eller må kjøpe noko, men berre for å sjå. Og av og til finn me noko, som dei fem på lista under:

1) raud, varm genser på Fretex for sytti kroner - kjempefin genser som eg kjem til å bruke når hausten nærmar seg (den originale lappen hang på, så eg veit at den eigentleg kosta trehundre)

2) globus for ti kroner på loppemarknaden på Lund - som eg seinere skal bruke som lampe

3) to brødformer på Fretex - desse har me brukt så utruleg mykje, og me fekk dei begge to for under hundre kroner

4) skål - hadde eit stort serveringsfat frå før frå Hadeland Glassverk, då eg såg skåla, i same serie, på marknad i Posebyen før sommarferien

5) ei lita blå serveringsskål - med fleire "rom", kjøpt på Kyrkjetorget

17. aug. 2013

Linserisotto

Har nettopp vore med på eit kjempeartig speleoppdrag i Grimstad! Stod opp så tidleg som kvart på seks, for sjølve oppdraget byrja klokka halv åtte. Det å spele så tidleg, og ute i tillegg, er ikkje akkurat det beste, men med fine folk og ei herleg sol, gjekk det så det suste. Eg får heller legge ved bilete seinare, men eg kan seie at det er slike oppdrag ein gjerne vil ha meir av ;) Til middag i går prøvde me ut noko nytt, nemleg linserisotto. Eg er ikkje særleg fan av konsistensen som bønner og linser har, men det var mykje betre enn forventa! Linser er (heldigvis) ikkje så store som bønner, og dimed blir ikkje konsistensen så tydeleg heller. Og så var det mykje anna godt oppi, og det beste er at den er ein ordentleg vegetarrett. Oppskrifta kan du finne her. Prøv den ut du også!

16. aug. 2013

Style challenge: Peplum

Okay, so here I go with a blog post in English. One of my favorite bloggers, Girl with Curves, is having a style challenge and this time the challenge is to select two pictures with your favorite peplum tops. I'm in love with peplum tops as you can see in this blog post. It's kind of fun to participate in a challenge like this now and then. I was out in the sun yesterday with two of my absolute favorites and here you can see the result. The one in black and nude can you buy here, and the one in royal blue is from Tara (I got it from my parents as a Christmas present). When I took the picture with the black and nude peplum top, a dragonfly came by and I got a bit startled. But I like the picture because it shows the top very well and I also think it's a lively picture :)

14. aug. 2013

Solfylte dagar i Kr.sand

Fyrste forelesning er overstått. Eller vent. Det var visst ikkje forelesning likevel denne veka, for læraren er bortreist. Ja, ja. Så har eg fri i nokre dagar til. Skal ikkje klage over det :) Her har me for det meste berre slappa av, handla litt mat og slikt som me treng til leilegheita, vore ute i sola med ei god bok (The Rosie Project som er ei veldig herleg bok) og iskaffi, gjort litt husarbeid og på måndag var me ute i hagen for å prøve det nye bocciaspelet som han fine fekk til bursdagen sin. Ordentleg artig (og så må det nemnast at eg vann)! I dag, utenom å ha vore ein bomtur på skulen, har me vore nede i byen der me åt på restaurant. Det er nemleg greitt å vere student når du kan slippe å lage middag og heller ete ein god middagsrett ute for hundre kroner :)

12. aug. 2013

Ny shorts og bolero

...eller jakke om du vil. Dette er i alle fall grunnen til at eg no kan seie at eg er byrja å bli godven med symaskinen. Shortsen er klipt om frå ei gammal bukse, og etterpå har eg sydd på stoff. Må seie at eg blei kjempenøgd med resultatet! Boleroen, eller jakka, kall det akkurat det du vil, kjøpte eg i ein vintagebutikk for femti kroner. Den såg litt gammaldags ut med knyting der den svarte knappen no er og med ein krage. Eg klipte av kragen og knytinga og mamma sydde heile boleroen litt inn. Så sette eg i nåler øvst, sydde rundt og klipte til eit knappehol. Til slutt sydde eg i den svarte knappen, og den var også gjenbruk i og med at den har høyrt til ein hatt eg ikkje bruker lenger. Kjekt å kunne bruke gamle ting om igjen. Og så er det jo også veldig kjekt å ha noko handarbeid å halde på med i ny og ne :) Takk til mamma for gode råd og hjelp med symaskinen!

11. aug. 2013

Topp 5 – Disneysongar

Helga har gått altfor fort med blant anna besøk frå Sunnmøre, tur nede i sentrum og lesing ute i sola. Uansett. Vekas topp fem-liste er Disneysongar. Dette er også ein kategori kor eg kunne ha ramsa opp ganske mange songar, så eg har dimed nokre kriterium for å plukke ut mine topp fem: den må vere med tekst og den skal vere frå ein rein animasjonsfilm (viss ikkje kunne omtrent alle songane vore frå Mary Poppins). I tillegg skal fem filmar vere representert på lista, berre ein song frå kvar film, for å få variasjon. Her kjem dei, mine favorittsongar frå Disneyfilmar:

"God Help the Outcasts" frå The Hunchback of Notre Dame - nydeleg song som eg har spelt mange gongar frå ei av Disneybøkene mine (spelebøker for trombone som eg fekk då eg var yngre)

"I Just Can't Wait to Be King" frå The Lion King - livleg song med ein god del lydar, til dømes løvebrøl

"Colors of the Wind" frå Pocahontas - hugsar godt at me song denne i skulekoret, og eg liker faktisk den norske versjonen også

"Kiss the Girl" frå The Little Mermaid - herlege Sebastian, krabben over alle krabbar, syng denne songen med stor innleving

"Hail to the Princess Aurora" frå Sleeping Beauty - eigentleg ikkje ein song eg høyrer ofte, men eg har alltid likt namnet Aurora, og melodien er fin, majestetisk og lett å hugse ;)

10. aug. 2013

Fine saker og ting i det siste

Eller "things I like lately" som det heiter på bloggen Hei!. Inspirert av bloggen og akkurat den lista, fekk eg lyst til å lage ei lita liste sjølv med fine saker og ting som eg har oppdaga i det siste:

✦ herleg retroinspirerte notisbøker frå Søstrene Grene
✦ det faktum at eg har byrja å bli godven med symaskinen
✦ å finne ein kjole, den nydelege som ein kan sjå på biletet, på Floyd til halv pris av raud pris (opphavleg pris: 1199 kr, raud pris: 300 kr, eg fekk den for 150 kr)
✦ at denne boka kjem i postkassa til meg om ein månads tid
✦ marknad i Posebyen (gamledelen av Kr.sand sentrum)
✦ han fine har endeleg vore ein tur hos frisøren
✦ desse fine kongeblå øyredobbane på etsy.com
✦ sol og sommar her i Kr.sand etter fleire dagar med grått vêr og opprydding på Sola


Og nokre ting eg ikkje liker fullt så godt:







✦ kjærasten min blei ein smule solbrent i går ("Det er Norge i rødt, hvitt og blått...")
✦ at skulen byrjar på måndag, med fyrste forelesning på onsdag
✦ lukta av våt kjellar
✦ altfor lenge igjen til jul

8. aug. 2013

"Fantasi"

Midt oppi alt kaoset, har me kost oss om kveldane med litt kortspel, symaskin, film og spelet "Fantasi". Eg har tidlegare omtalt "Cranium" der eg nemnde at det liknar litt på klassikaren "Fantasi". "Fantasi" er verkeleg eitt av mine favorittspel, det får latteren til å boble og ein blir full av energi. Kjempegøy med miming, teikning og så klart gjetting. Hadde siste dagen vår på Sola i går, og no er me tilbake i Kr.sand. Skulen byrjar på måndag. Merkar at eg ikkje er klar, ikkje i det heile tatt. Er så mykje eg skulle ha gjort, så mange eg skulle ha vore med. Slik er det alltid med sommaren – den går så altfor, altfor fort. Og så ser det jo ikkje ut heime på Sola no, det er rett og slett ting og tang over alt. Men mamma og pappa har tatt seg ein velfortjent tur til hytta, så får ting skje når dei skjer. Slik er det berre nokre gongar. Og sjølv om eg kanskje ikkje er heilt klar for skule og kvardag, skal det blir veldig greitt å komme i gong med faste rutinar ;)

6. aug. 2013

Jeremias

Sommarferien nærmar seg slutten, og her på Sola går dagane i eitt. Trur me alle lever litt i ei eiga boble med tanke på alt som skal bli gjort og alt det som me ikkje får gjort på grunn av vatnet i kjellaren. Som mamma seier: "nå blir det unntakstilstand i øve ett halvt år her...". Men slik er det berre, og det gjeld ganske mange i gata vår. Dei, mamma og pappa, er i alle fall veldig glade for at dei har bestilt sydentur i september :) Har ikkje tatt noko særskilt med bilete dei siste dagane (utanom bilete av kjellaren – alle kleda og tinga som låg der nede), så difor deler eg heller nokre bilete av Jeremias. Finaste pusen. Men han var litt redd meg då eg kom til Sjøholt med trillekoffert midt på natta for snart to veker sidan. Stakkars. Eg fekk lov til å kose med han dei siste dagane, og då var det også fram med kameraet. Ein ordentleg fotogen pus!