31. aug. 2014

Siste dagen og helga i august

Etter ein ordentleg flyttedag i går, var det nok med ein køyretur frå Sola til Stavanger i dag. No er nemleg alle eskene og så godt som alle tinga våre godt plassert, men ikkje pakka ut, i leilegheita. Har enno nokre småting her heime som skal bort, som klede og dyner, men det tar no ikkje lang tid å flytte på når den tida kjem. Kom oss av garde med varebilen litt over ti etter frukost, og før klokka var elleve, hadde me tømt heile bilen og var på veg til Sola igjen. Herleg å få det gjort! Fekk skifta til litt finare klede, og så drog kjærasten min og eg ein tur ut til Tou Scene der det var haustmarknad. Her var det både gamle ting og vintageklede, god mat og også fine og heimelaga ting som smykke, vesker og måleri. Fann ei knallraud kåpe til hundre kroner og ein grøn kjole med kvite prikkar til femti kroner, så eg synest det var vel verdt turen. Traff i tillegg ei barndomsveninne og det er jo alltid koseleg :) Skulen igjen i morgon, men før den tid koser eg meg med sundaglista:

overta bustaden og gå rundt i den og kjenne at "denne er vår, dette skal bli vår eigen heim"
✦ sjå Endeavour (eller Unge Inspektør Morse som serien heiter på norsk)
✦ som vanleg le litt og kose meg med fine dyrebilete som dette og dette
✦ og også le av denne bileteserien der ein mann har fridd til fleire av Disneyprinsessene
✦ høyre ein mann spele "I Don't Know How To Love Him" frå Jesus Christ Superstar, "I Know Him So Well" frå Chess og "Ballade Pour Adeline" av Richard Clayderman på eit piano medan eg vandra rundt på Kvadrat
✦ lese ein fin kommentar om det å vere introvert
✦ gå rundt på Tou Scene, som nesten er ein stor labyrint, og kikke på alt det fine
✦ tenk å ha ein sånn herleg stil som Jennifer (Ali MacGraw) har i Love Story, og då særskilt den raude kjolen eit stykke ned på sida
✦ for ein fargerik heim
✦ få flytta så å seie alle tinga våre på litt over eitt døgn
"9 tegn på at dere bør gifte dere" og "Triller terningkast på ekteskapet hver dag"
✦ gå rundt i sommarkjole siste dagen i august

30. aug. 2014

Offisielt huseigarar!

Tre lass med ting og tang er køyrt til leilegheita i dag. I går fekk me jo nemleg nøklane – me er offisielt huseigarar. Enno er det ting som skal flyttast på, veggar som skal få litt farge, og møblar som må bli kjøpt. Men me er i gong, og det er ei herleg kjensle! Blir nok meir bering i morgon, slik det alltid er når ein driv og flyttar på seg. Skal også innom ein brukt- og kunstmarknad på Tou Scene, noko som blir ei fin avkopling oppi all flyttinga. Håper alle har ei fin helg :D

28. aug. 2014

Bøker til studiet

Pensumbøkene, i alle fall ein del av dei, er komme i posten. Dei fine notisbøkene frå Søstrene Grene er tatt i bruk. Skulen har altså byrja for fullt. I og med at eg ikkje hadde skule tysdag eller onsdag, brukte eg desse dagane på å fikse litt her i heimen, blant anna fiksa ferdig trekka til krakkane som skal vere med i leilegheita og rydda eit av romma her i huset (og det trongst...). Kjekt å vere på forelesning i dag i det inføringsemnet, og då særskilt kjekt å snakke meir med dei folka eg skal studere saman med. Eg er den einaste som tar studiet på heiltid, så eg ser berre desse personane kvar torsdag i og med at dei ikkje tar talespråkemnet. Men sidan me er så få, er det jo uansett greitt å prøve å bli kjent med dei folka som er der :) I morgon er det fredag og med det plutseleg helg igjen. For vår del blir det nok ein god del flytting som står på planen. Og litt pensumlesing.

26. aug. 2014

Plakat til ein vegg

Forelesninga i går var kjekk og engasjerande sjølv om eg ikkje hang med på absolutt alt. Men det er jo slik det skal vere i starten; utfordrande og interessant. Håper eg til jul sit igjen med mykje ny kunnskap om talemål, sosiolingvistikk i både ny og gammal drakt, dialektar i Rogaland og ein god del meir. Skal også ha eit anna emne i løpet av hausten, innføring i lesevitskap. Fyrste forelesning er på torsdag, så eg veit enno ikkje heilt korleis det emnet er, men eg trur og håper det også blir bra. Etter skulen, jobb og middag var me i går ein tur innom IKEA. Kjøpte denne fine dagsenga som me skal ha inne på gjesterommet/kontoret. Veldig klassisk seng som ein kan bruke som sofa, seng, dobbeltseng og oppbevaring, og i mine auge er den finare enn ein vanleg sovesofa. Me kjøpte også ei ramme slik at me kunne ramme inn plakaten han fine fekk av meg til bursdagen i juni: ein typografisk plakat med nokre stilige illustrasjonar og namnet "Wes Anderson". Plakaten tinga eg frå ein butikketsy.com, og Anderson er altså ein filmregissør som lagar heilt herlege filmar (som Moonrise Kingdom, Rushmore og The Grand Budapest Hotel). Den skal henge på veggen i gangen vår :) I kveld blir det fyrste øving i Sandnes, og eg må innrømme at eg grugleder meg.

24. aug. 2014

Fyrste skuleveke på UiS er unnagjort

Om under ei veke har me nøklane i handa. Og sjølv om me ikkje er klare for å flytte inn og bu der, så kan me no flytte nokre esker. Før den tid er det fyrste forelesning i morgon, og eg må seie eg er spent. Veit jo ikkje heilt kva eg skal vente av dei forskjellige emna enno, så det skal bli interessant å sjå. Lite nye bilete denne veka, men synest det ovanfor frå førre veke er fint. Fine ting denne veka:

✦ sitje i sofaen med kaffi og Baileys' i koppen og sjå på Heartbeat
✦ for ein stilig og kul kroppskunst, og også desse bileta frå ein Instagramkonto
✦ plystre på ein song, i dette tilfellet "You & I" fra Chess, og etter på sette den på iTunes for å høyre om eg byrja på rett tone, noko som eg faktisk gjorde
✦ vere i kontraktsmøte
✦ å lese rørande historier som denne og denne
✦ kjekt å lese og sjå at gjengen frå Downton Abbey klarer å gjere denne tabben om til noko veldig positivt
✦ få ei veldig bra filmoppleving med Boyhood på kino, og dagen etter med Garden State heime i stova
✦ at det er under ei veke igjen til med overtek nøklane til leilegheita
kose meg med herlege dyrebilete og -videoar: ein liten og stor katt, kattesirkus og ein opp-ned-undulat
✦ byrje så smått å innreie leilegheita, om ikkje anna så i alle fall i hovudet
✦ drøyme meg vekk med desse himla fine svømmebassenga og fine, små, moderne hus
✦ le ordentleg høgt av denne lille "musikk"videosnutten :D

23. aug. 2014

"Boyhood"



Å sitje pal foran ein kinoskjerm i godt over to og ein halv time, er ikkje berre berre. Men Boyhood greip meg frå fyrste sekund og eg koste meg gjennom heile filmen. Det å lage ein film som går føre seg over tolv år med dei same skodespelarane er vel omtrent aldri blitt gjort før, men regissør Richard Linklater får det til. I bakhovudet meiner eg å ha høyrt om ein film som skulle strekke seg over ein lengre tidsperiode, men lite visste eg at filmen kom til å få så himla gode meldingar (til dømes seksar hos Filmpolititet). Og eg visste heller ikkje at det var same regissøren som Before-filmane som eg fall for i fjor haust. Boyhood følgjer som sagt dei same skodespelarane i tolv år, og då særskilt frå Mason jr. (Ellar Coltrane) sine auge. Åra går glidande over i kvarandre frå Mason er seks år til han er atten og flyttar ut for å gå på college. Filmen er ikkje spennande eller fylt med ein særskilt handling, men likevel klarer den å fengje. Kanskje er det nettopp det at den følgjer nokre personar, ein heilt gjennomsnittleg familie, gjennom nokre år i tjukt og tynt, som gjer den fengjande. Ein kan relatere seg til filmen nettopp fordi historia ikkje er ektraordinær; det skjer jo ikkje noko spesielt. Men for meg er dette også eit punkt som gjer den engasjerande. Den er underfundig, herleg, rørande og annleis på same tid som sjølve historia er veldig vanleg: ein gut som veks opp i det moderne, amerikanske samfunnet. Ein film eg varmt anbefaler til alle som ein!

22. aug. 2014

Berre ei veke igjen

Bustadperm i boks! På onsdag var me nemleg i kontraktsmøte saman med seljar og meklar, så no er papira underskrive og me ventar spent på overtaking, noko som skjer neste fredag. Berre ei veke til. Me kjem ikkje til å flytte inn med ein gong i og med at me skal gjere nokre småting (måle, setje opp servantskap inne på badet), men det skal uansett bli kjekt å flytte tinga våre, skru, innreie, setje på plass alt saman, og så til slutt flytte til vår eiga bustad. Vekene kjem til å gå fort denne hausten, det merkar eg allereie no etter ei veke med skulestart, infomøte, kontraktsmøte og i går var det "kabaretlunsj" på instituttet (institutt for kultur- og språkvitskap). Kjekt å møte nye folk og også høyre på korte og kjekke foredrag frå folk som studerer og jobbar ved instittutet. Fyrste ordentlege forelesning er på måndag, og eg er spent. Har fått øvd litt på trombonen i dag, for på tysdag skal me på øving med Sandnes Symfoniorkester (tidlegare Sandnes Orkesterforening). Det blir også spennande. Men fyrst er det helg. Me skal kino og sjå Boyhood og elles berre ta det heilt med ro.

20. aug. 2014

Heilt greitt med litt regn

Nokre gongar er det veldig fint med regn. Som her om dagen, trur det var sundag, då det berre bøtta ned, regnbogen viste seg og eg måtte ta ein tur ut med kameraet for å ta nokre bilete av fine roser og regnvåte bjørnebær. Med regnjakka på, var det ikkje så altfor ille å vere ute i regnet. Det er så fint å se på regndropar som heng der, vakre og klare. Infomøtet på skulen i går var ganske så okei med grei informasjon og hyggeleg folk. Var også innom jobb i går sidan dei trong ein ekstra person; dei timane gjekk fort. Må seie at det er heilt greitt med litt ekstra pengar i lommeboka :)

18. aug. 2014

På GamlaVærket

Skuleåret er offisielt i gong. Har nettopp komme heim frå studiestartopninga der det blei halde taler av blant anna rektor, ordfører og også kunnskapsministeren. I tillegg var det innslag av musikk, som Tønes og og strykeensemblet 1b1, og humor med komikar Rune Bjerga. Ein fin start på skuleåret. I morgon er det infomøte på studiet mitt; undervisninga startar ikkje før neste veke. Vil eigentleg berre dele eit par bilete frå kaffidaten vår som me hadde på laurdag. Då var me nemleg ein tur i Sandnes for nokre ærend, og då det var unnagjort, sat me oss ned på GamlaVærket. Ting tok litt tid (mange folk), men etter kvart nøyt me kvar vår kopp med god kaffi og ein makron kvar. GamlaVærket har ordentleg god stemning, og sjølv om det ofte er mange folk og med det litt trangt, er dette ein stad der eg kan sitje, berre sjå på folka rundt, prate, slappe av.

17. aug. 2014

Fine roser og kaffidate

Siste dag av ferien er her. I morgon er det offisiell opning av skuleåret 2014/2015 ved UiS. Ute regnar det, litt av og på, ikkje heile vegen. Me koser oss inne og prøver å verkeleg nyte desse timane før ferien plutseleg er over. Men på eit vis det skal jo bli godt å komme i gong igjen. Også denne sundagen har eg ei lita liste med fine saker og ting som har gjort meg glad i løpet av veka:

✦ kjøp av leilegheit
✦ ein adoptert og herleg katt som til no har meir enn 1 million følgjarar på Instagram
✦ få nydelege roser av kjærasten etter leilegheitskjøpet
✦ å le av denne videoen, for eg må ærleg innrømme at eg kjenner meg igjen
✦ høyre songen "Under Pressure" heilt isolert, kun med Freddie Mercury og David Bowie sine stemmer
✦ tenk at me har slike heilt utruleg fine hytter rundt om på fjella i Noreg
✦ ordentleg kjærastelaurdag med et par småinnkjøp til leilegheita, kafébesøk og filmkveld
✦ smile av dyrevideoar som denne frå akvariet i Ålesund og denne med nokre elefantar i sentrum
✦ sitje inne med ein kaffikopp i handa og høyre at det pøser, ja, det dett ned, med regn ute
✦ denne fantastiske talen om korleis det er å vekse opp med to mødre
✦ ha besøk av ei god barndomsveninne med taco, prat, film og litt feiring

15. aug. 2014

Ei lita feiring :)

Her har me nettopp ete gode, heimelaga falafler til middag – ein veldig god og enkel vegetarrett. Og med kvitløkskesam, fullkornspita og salat smaker dei endå betre. Fin start på helga. Eller for oss byrja den i går då me feira leilegheitskjøpet med taco, god drikke, roser og besøk. Eg hadde nemleg avtalt å vere med ei barndomsveninne, så ho kom til oss i fem-tida i går, berre et par timar etter at me hadde kjøpt leilegheita. Me laga god taco, prata masse, eg måtte vise bilete (både av leilegheita og bilete frå turen vår), ho viste meg bilete, prata meir og til slutt såg med den herlege komedien My Big Fat Greek Wedding. Ein kjempekoseleg og kjekk kveld! No sit me her gode og mette etter falafelmiddagen. Få planar for helga, men det er eigentleg heilt greitt. God helg!

14. aug. 2014

Vår eiga leilegheit!

Hurra! Etter ein del om og men, fram og tilbake, er me no blitt huseigarar. Sånn heilt på ordentleg. Oss to! Me bydde på ei leilegheit i Sandnes for to veker sidan, men det blei det ikkje noko av. Men no i august har det jo komme fleire og fleire for sal, og den me no har kjøpt ligg på Saxemarka i Stavanger. Badet skal få litt meir farge og skap, men elles er me veldig nøgde med korleis den ser ut allereie no. Akkurat passe stor (to soverom, så det er berre til å komme på besøk), og med berre 2,5 km til skulen og jobb, er det jo sykkelavstand, noko som passar oss perfekt. Vår eiga plass å bu, eit heim me kan innreie akkurat slik me vil. Eg trur me kjem til å trivast der. Han og eg 

13. aug. 2014

Interiør og mitt fine instrument

Sit her i stova og koser meg med ein kopp kaffi medan eg blar litt i den nye IKEA-katalogen. Me har ikkje funne ein bustad enno, men eg må jo få lov til å drøyme meg litt vekk og kikke på alle tinga dei har på IKEA. Heldigvis har me jo ein stad å bu i motsetning til mange andre, så det går greitt enn så lenge. Tidlegare i dag tok eg fram trombonen, fekk smurt den litt og til og med spelt nokre tonar. For ja, eg har hatt sommarferie og har ikkje rørt instrumentet på ei god stund. Det gjekk overraskande greitt, men heilt i toppform er eg ikkje. Får vel øve litt kvar dag, så er eg der ;)

11. aug. 2014

Svipptur til Kr.sand

Fredag for halvanna veke sidan, hadde eg ein kafédate med ei av mine beste veninner. Tidlegare i år kjøpte ho og kjærasten ei leilegheit i Kr.sand, men me fekk aldri besøkt dei før me flytta til Vestlandet. Så då ho føreslo at me kunne ta ein tur ei helg, slo me til. På fredag dro me av garde etter at han var ferdig på jobb, og på grunn av rush og bobilar (igjen) tok det drøye fire timar før me var framme. Men sjølv om det var kveld då me kom fram, fekk me nokre timar med mykje snakk. Fyrst åt me alle fire litt taco og etter kvart satte me oss ned i sofaen og berre prata. Kjempekjekt, og plutseleg var klokka halv ett! Me la oss i pandasengetøy og sov til ti dagen etterpå. God kaffi blei drukke, Fædrelandsvennen blei lese (no går det jo for det meste i Aftenbladet), eg berre måtte ta eit bilete av alle Agatha Christie-bøkene og me rakk å prate enno meir før me køyrde heim klokka halv tre. Kjærasten min fekk til og med besøkt ein studiekompis, så me fekk mykje ut av dei få timane me var i byen. For eit kjekt besøk, og turen heim gjekk sånn toleleg greitt trass i ekstremt mykje regn. Tusen takk for eit fint vertskap; neste gong er det vår tur til å invitere :)

10. aug. 2014

Ein fin katt og fleire fine folk






















Litt rart at skulen byrjar om berre ei veke (og ein dag), men samstundes skal det bli godt å komme i gong med rutinar og kvardagslivet igjen. Me har ikkje funne ei leilegheit enno, så enn så lenge bur me her på Sola. Det går jo greitt, men eg håper at me finn noko snart, for eg er innmari klar til å kjøpe noko eige, innreie det, kunne styre alt sjølve. Her er i alle fall sundagslista for denne veka:

✦ ordentleg jentekveld med ei av dei finaste – mimring frå Vinjerock og langt tilbake, kattekos og berre mykje moro
✦ bursdagsselskap for eit lite piggsvin
✦ besøke kjærasten på jobbkontoret hans på UiS
✦ eit fint blogginnlegg om "fargerike"
✦ sitje inne og ete heimelaga pizza medan det regnar og blæs ute
✦ herlege bilete som er tatt i akkurat rette augneblink
✦ svipptur til Kr.sand for å besøke eit venepar av oss i deira nye leilegheit, og sjølv om besøket varte under eit døgn, fekk me ei overnatting og me hadde nokre utruleg kjekke timar med mykje prating
✦ fuglar kan eigentleg vere ganske morosame
✦ ordentleg date, med både god middag og film, med den finaste
✦ ein bra artikkel som både er god og vond å lese
✦ ei veke til med ferie
✦ "Det er noe spesielt med unge mennesker som leser Harry Potter-bøker"

8. aug. 2014

Fredag og god musikk



Det er helg, og i det høve vil eg berre dele ein herleg song med dykk. Okei, den er ikkje ny og kanskje har nokon sett den før, men sidan det er fredag, så er det alltid kjekt å høyre på ein fengande song. Eller i dette tilfellet mange, for dette er ei god blanding. God helg, folkens :)

6. aug. 2014

Skikk og bruk og skravlekveld

For ein superduper kveld eg har hatt heime hos forlovaren min! Rett etter jobb var eg ein liten tur nedom sentrum før kjærasten min og eg drog for å sjå på to leilegheiter. Spennande! Etter det, sånn i tre-tida, møtte eg opp hos veninna mi, og saman hadde me ein kveld med mykje prating (og då meiner eg mykje, og ein god del handla om bryllaup og gutar), god mat og litt is til dessert, klapping av katt, musikk, bilete og mykje mimring. Me las også litt i ei bok om skikk og bruk, litt for moro skuld med tanke på bryllaupet, og i den stod det mykje artig. "Forlovelser hører framfor alt ungdommen til". Hi, hi! Er så fint å ha slike jentekveldar innimellom, berre synd me ser kvarandre så altfor sjeldan no som me bur i kvar vår by. Men det er i alle fall veldig fint å ha nokre vener ein kan sjå ein gong eller to i året utan at det gjer noko, vener som er der, vener ein har heile livet 

4. aug. 2014

På bakken

Av og til, om ein ser litt ned og ikkje berre rett fram, kan ein finne ganske så fine ting på bakken. Som denne fargerike påfuglfjøra eg fann på jobb. Tviler på at den er ekte, men fin er den no likevel. Slike fine småting gjer for meg den (av og til) kjedelege kvardagen litt lysare og finare :)

3. aug. 2014

Høljeregn, pizza og gode vener

Veka har gått utruleg fort, og plutseleg er august her. Ikkje lenge igjen til skulen byrjar no. Sjølv om eg har vore på jobb dei siste fem dagane, har eg hatt tid til å møte fine vener, både ute på byen etter jobb, på kafé før jobb og ute på Mosterøy. Travelt, men så innmari kjekt og hyggeleg! Har no tre dagar igjen på jobb før det blir nokre fridagar og til slutt skulen. Mi lille sundagsliste ser de under:

✦ jentekveld (i alle fall så godt som) i eit fint naust ute på Mosterøy med grillmat, mykje prat og latter, bading, kake og kaffi og fantastiske folk
✦ for nokre heilt fantastiske bilete
✦ sjå piggsvin på veg til jobb
✦ tenk å skulle forklare dette til neste generasjon (ganske så vittig)
✦ ha ein kjærast som lagar mat til meg og hentar meg i ein travel sommerjobbkvardag; du er den finaste eg veit 
✦ sitje ute under taket på jobb i herleg sommertemperatur medan det hølja ned rundt oss
✦ mykje gøy ein kan finne på når ein ser ein statue
✦ å le av denne lille teikneserieruta som kjærasten sende meg
✦ "Må dere spille så høyt?"
✦ ete god, heimelaga pizza saman med kjærasten og broren min etter jobb i dag
treffe ei av mine beste studieveninner på kafé her i byen sånn rett før jobb
kjempesøt video der ein katt er i fokus, saman med snøen

1. aug. 2014

Eit søtt, lite vesen

Å sjå og "helse" på eit piggsvin på veg til jobb er sånn sett heilt okei. Dei er så himla søte der dei tuslar seg i veg over til andre sidan, akkurat slik som den eg såg i går. Og når me snakkar om piggsvin: denne videoen er jo berre den mest fantastiske piggsvinvideoen som finst! Drog tidleg inn til byen i dag, for eg skulle møte ei veldig god veninne på kafé før jobb. Heilt utruleg koseleg!