30. juni 2017

Den fyrste dagen i Berlin

Fyrste jobbdag etter turen er over, bagasjen er komme til rette, det er fredag og helg. Me reiste heim etter to uker på farten i går, frå Budapest til Stavanger via Oslo. Flya gjekk som dei skulle, men på grunn av bagasjekaoset på Gardermoen i går, fekk me ikkje bagasjen før i dag. Det kunne vore verre. To veker er allereie gått sidan me drog til Berlin, vårt fyrste stopp på Interrail-turen.


Etter middag vandra me litt rundt på Potsdamer Platz og fann også Holocaust-minnesmerket. Minnesmerket ligg tett ved Brandenburger Tor og er sette saman av over totusen betongklossar på eit område som er 19 000 m2. Det blei innvia i 2005 og er laga av Peter Eisenman. Spesielt og eg trur ikkje ein skjønner kor store klossane er og kor mykje plass dei tar før ein har vore der sjølv.


Måtte jo, turistar som me var, ta eit bilete av Brandenburger Tor og TV-tårnet. Før me til slutt fann tilbake til hotellet, tok me turen innom parken Tiergarten. For to musikknerdar som oss, var det kanskje litt ekstra artig å sjå den staseleg statuen av Beethoven, Haydn og Mozart ;) Og det var fyrste dag ute på tur. Eg har ein heil haug med bilete, og dei vil nok komme litt etter litt. Men eg veit at det kjem til å ta tid å gå gjennom, lagre, redigere og ev. slette nokre av bileta (TTT – ting tar tid), så blogginnlegga kjem nok til å bli posta gjennom resten av sommaren og utover hausten. Eg har laurdagsvakt i morgon, så no er det på tide å skru av her. God helg alle de som les dette :)

28. juni 2017

Junibacken på Djurgården

Ein av mine kollegaer anbefalte meg å besøke Junibacken ute på Djurgården då me var i Stockholm. Verken mannen min eller eg hadde høyrt så mykje om Djurgården, men det er jo der blant anna Vasamuseet ligg. Det enda med at me var der ute neste heile sundagen, og då blei det eit besøk på Junibacken. Junibacken er eit opplevingssenter og museum med fokus på barnelitteratur og då særskilt på Astrid Lindgren, perfekt for ein som har lese bøkene hennar eller sett filmane. Senteret hadde tjueårsjubileum i fjor, og namnet kjem frå (den fiktive) garden der Marikken budde.


Når det gjeld kven som var mest gira, var det nok meg, så medan eg betalte for å komme inn slik at eg kunne reise med Sagotåget, slappa han av med ein kopp kaffi. Sagotåget er noko av det ein kan oppleve, og det er altså eit tog (eller meir som enkeltvogner på ei skjene) som tar oss gjennom Astrid Lindgren si verd med miniatyrfigurar, små hus og landskap. Marit Törnqvist står bak scenografien, og eg må seie at det var som å dykke rett ned i Lindgrens bøker og filmar. Før vogna tok meg av garde, fekk eg velje kva språk eg ville høyre, for i kvar vogn er det ein høgtalar med ein stemme som tek deg gjennom stad for stad. I etterkant burde eg nok ha valt svensk – det er nemleg Lindgren sjølv som snakkar. Men, men. Fyrste stopp var Marikken og etterpå var det til Katthult og Emil. Ida hang i flaggstonga og Emil låg i snikkarbua. Mange små detaljar, alle så livaktige.


Det var natt i Stockholm då vogna tok meg til lillebror og Karlsson på taket. Inne hos Karlsson var det ganske så rotete, så der ville me ikkje vere lenge (det var omtrent det som blei sagt i høgtalaren, og eg synest det var litt artig). På bilete nr. to kan ein sjå eit slags vitrineskap og ei form for dør. Midt i mellom er det ein sprekk, og plutseleg opna den seg og eg blei ført gjennom og vidare til Ronja Røvardottar, både ute i skogen og ved Mattisborgen. Eg var heilt med gjennom heile turen.


Siste stopp på turen var hos Kavring og Jonatan. Fyrst det brennande huset, deretter Kirsebærdalen i Nangijala. Og ja, Katla er framleis skummel. Idet Kavring sa "Ja, Jonatan, ja, jag ser ljuset", var turen plutseleg over. Lettrørte meg sat der med nokre tårer i augekroken.


Før eg traska ut for å finne mannen min, titta eg innom Villa Villekulla. Tenk å vere barn og få leike her. Stakk også innom butikken der dei sel både bøker, T-skjorter, koppar og andre ting frå Lindgren si verd, Tove Jansson og andre kjente barnebokforfattarar frå Norden. Eg klarte å la vere å kjøpe med meg ein haug med bøker (eg har jo det meste eg treng og har lyst til å lese på jobb), men nokre postkort med fine motiv blei med meg heim i sekken. Eit vellykka besøk på Junibacken.

26. juni 2017

Kvardagslykka er...

...å vakne opp ved sidan av den finaste
...å kjenne dufta av nytrakta kaffi
...å oppdage nye stiar i nærområdet
...å leggje seg i reint sengetøy
...å ha eit lite teselskap med ei god veninne
...å sjå snøklokkene om våren, dei fargerike blada om hausten
...å høyre på filmmusikken til The Theory of Everything eller musikken til Enya
...å tenne stearinlys om hausten


...å gå tur hand i hand med mannen min
...å krype under eit teppe og drikke ein kopp med god te
...å sykle til jobb medan fuglane syng, kjenne sola i andletet, få ein bra start på dagen
...å finne fram favorittboka på ein elles grå dag
...å oppdage ein ny song eller ei ny bok som straks blir ein favoritt
...å gå på kafé
...å vere på jobb blant alle bøkene
...å komme heim til middag og ein trygg famn

25. juni 2017

"...waiting here for evermore"


Heilt sidan eg såg Beauty & The Beast på kino for tre månadar sidan, er dette ein song eg med jamne mellomrom berre må høyre på. Dei fyrste dagane høyrde eg songen to-tre gongar om dagen (ha, ha, trur mannen min blei passe lei), og teksten blei pugga. Alan Menken har skrive musikken, og teksten er skriven av Tim Rice. Inga sundagsliste i dag, men kos dykk med denne vakre songen.

23. juni 2017

Solnedgang i Stockholm

For snart ein månad sidan var me på kveldstur med båten S/S Stockholm. Eg nemnte i denne bloggposten at me den kvelden fekk oppleve ein nydeleg solnedgangen og vel, her er den.


Båten hadde snudd og me var på veg tilbake til kaia då sola byrja å gå ned. Sjølv om det blåste littegrann, måtte eg jo ut på dekk nokre gongar for å følgje med det fantastiske synet på himmelen.


Tenk å seile på havet når ein får oppleve ein slik solnedgang... Eg er vel ikkje ein stor seilefantast, men den kvelden såg no ut til å vere perfekt for ein tur med seilbåt med familie og gode vener. Det varme lyset frå sola, lukta frå havet, kjensla av å vere fri, vite at no er det nesten sommar.


Til slutt, etter at me var komme i land og nesten framme ved hotellet, såg himmelen slik ut. Me budde nær jernbanestasjonen, og biletet er tatt rett over jerbanespora. Himmelen var lilla, rosa, blå og oransje om kvarandre. Berre så nydeleg og ei perfekt avslutning på vår fyrste dag i Stockholm.

21. juni 2017

Liten sniktitt på Interrail-turen

Ei lita helsing frå Český Krumlov, ein by heilt sør i Tsjekkia. På desse seks dagane har me vore i Berlin og i Praha, og over ser du ti bilete, fem frå kvar av desse to hovudstadane. Me har besøkt Zoo Berlin og Aquarium Berlin, vore på fantastisk konsert med Berliner Philharmoniker, ein snartur innom to bibliotek (mest faglitteratur) og tatt toget vidare frå Berlin Hauptbahnhof til Praha. Me har fått sett utsikta over Praha både i dagslys og i solnedgang (vakkert syn), hatt kaffipausar, lese bok i parken og tatt ein snartitt på den gamle delen av Praha hovudtogstasjon. For dei som følgjer med på Instagram er dette kanskje gammalt nytt, men likevel. Turen så langt har vore veldig, veldig bra, og me har opplevd mykje meir enn det lille eg viser i dette blogginnlegget. Men akkurat no er det på tide å seie "god natt"

Slumreteppe

Ein eller annan gong i haust byrja eg å hekle bestemorsruter som til slutt skulle bli eit teppe. Eg gjorde det ferdig tidleg i år, men har heilt gløymt å vise det fram. Så her er det: eit perfekt lite slumreteppe til dei dagane der ein vil kose seg litt ekstra, til kalde dagar og mørke netter. Diggar framleis kombinasjonen av okergult, raudlilla og grått og synest det passar bra her i stova.

20. juni 2017

Stockholms stadsbibliotek 📚

I mitt hovud går det aldri an å bli lei bøker, og eit bibliotek er jo drømmeplassen å utforske når ein er på jakt etter ei ny bok. Då me var i Stockholm, hadde eg på førehand sagt til mannen min at eg gjerne ville ta ein tur innom biblioteket i sentrum, og då ein av butikkane me var innom den måndagen låg rett ved biblioteket – vel, då var det gjort. Og sjå kor vakkert! Bøker i fleire små etasjer, eit sirkelforma rom, ei gammal klokke. Stilen minner meg om Daunt Books. Eg fann bøker på blant anna norsk og islandsk i tillegg til svensk, og hadde me hatt litt betre tid, hadde me tatt turen innom dei andre avdelingane også. Likevel var det verkeleg verdt besøket. Bøker altså :)