30. juni 2016

Vassliljer i Vannassen

Vassliljer. Nøkkeroser. Kjært barn har mange namn, men like fine er dei uansett. Vakre, nydelege og nesten litt eksotiske med dei spisse kantane på sjølve blomen. Dei er ikkje i full blom enno, men dei har byrja og det er så fint eit syn. Kvardagsglede og kvardagsmagi, begge delar på same tid.

29. juni 2016

Om studietida i Stavanger

Kva skal det bli av meg? Kva er det eg held på med? Sidan eg byrja på studiet i fjor haust, har eg stadig tatt meg sjølv i å lure på kva det er eg eigentleg vil. Eg har enno ikkje komme fram til noko svar. Då studiet byrja, var eg pepp og klar til å ta fatt på nye utfordringar og lære ny kunnskap. Eg skal ikkje seie at eg ikkje har lært noko, for det har eg. Men som einaste fulltidstudent har det vore vanskeleg å få til eit ordentleg miljø. I tillegg, når lærararne innanfor det same emnet ikkje er einige seg i mellom, eller ikkje klarer å formidle kva krava for ei gitt oppgåve er, er det tøft. Annakvart emne har vore bra strukturert, så eg meiner ikkje å sutre og klage på alt, men hadde eg visst det eg veit no, trur eg me hadde blitt i Kr.sand. Der kunne eg ha studert nordisk språk og litteratur samstundes som eg hadde eit sosialt miljø både på skulen, i brassbandet og i jobben som korpsinstruktør. Eg liker å bu i Stavanger, eg liker byen og området, og heldigvis har me nokre fine folk som me kan vere med. Men å kjenne at ein ikkje er ein del av eit studentmiljø og også slite med å forstå kva det er ein eigentleg studererer, er tungt. For etter endt mastergrad, kva jobbar kan eg få, kva kompetanse har eg når eg ikkje heilt forstår kva studie eg har gått?

Kanskje hadde eg for høge forventningar då eg byrja, men eg er ikkje den einaste som har vore frustrert. Og kanskje er det den mørke årstida som gjer at eg kjenner meg litt ekstra frustrert akkurat no. Eg veit ikkje. Eg veit eg er heldig som har mogelegheita til å studere det eg vil. Eg veit eg har det trygt og godt i motsetnad til så mange andre her i verda. Men eg treng likevel å få ut noko av frustrasjonen, og sjølv om bloggen min for det meste handlar om dei små gledene i kvardagen, er det her eg faktisk kan skrive ned det eg går og tenkjer på.

Dette skreiv eg i midten av november i fjor, med andre ord for over eit halvt år sidan, faktisk nærmare åtte månadar sidan. Eg har ikkje posta innlegget før no av fleire årsaker. For det fyrste så treng slike blogginnlegg å modnast litt innimellom slik at eg ikkje skriv noko eg ikkje meiner. For det andre trengte eg "berre" å skrive det ned ein plass for å kunne gå vidare. For det tredje har det skjedd mykje sidan eg byrja på innlegget, og eg har kjent på at eg ikkje kunne leggje ut alt medan eg framleis heldt på å skrive masteroppgåva. Men de har sikkert skjønt at det har vore tungt. Ein ting er det med studentmiljøet som eg allereie skreiv i november og også det at lærarane ikkje alltid har vore einige seg i mellom. Noko anna er det når administrasjonen på instituttet ikkje har fungert optimalt, lærarar har blitt permittert, andre lærarar har vore sjukemelde utan at me har fått beskjed og generell informasjon over itslearning har vore lik null. Og dette er berre noko av det.

Det er så mykje som har gjort at prosessen med å skrive denne oppgåva har vore mykje tyngre enn det hadde trengt å vere. Eg har ikkje tal på kor mange gongar per veke eg har gråte i denne perioden. Greitt, eg er ein emosjonell person til vanleg, men dei siste månadane har det vore endå meir enn vanleg. Eg har jamt over vore sliten, trøytt og ganske mange gongar hatt lyst til å gi faen i heile oppgåva. Til å vere ein person som sjeldan banner, er dette sterke ord, men det er sant. Heldigvis er det litt lettare no. Eg veit enno ikkje heilt kva eg "kjem til å bli", men eg har i alle fall fått gode jobberfaringar ved biblioteket. Smilebandet er stadig oftare framme, det same er roa. Når det gjeld tida mi ved UiS: No kan eg leggje det bak meg, eg er ferdig med mastergraden, ferdig med ørten månadar med oppgåveskriving, ferdig med munnleg eksamen. No kan eg leggje det bak meg.

27. juni 2016

Breiavatnet v6

Juni er snart over, og på fredag er juli i gong. Nok ein gong deler eg nokre bilete frå byens lille, vakre Breiavatnet. Om ein ser på bileta frå mai og samaliknar dei med bileta frå denne månaden, ser ein at det er lite forandring ved Breiavatnet. Eller, dei eg tok i mai er tatt på gråare dagar enn no i juni, men blada er like grøne og fontenen like fin. Folk som sit på benkane, sola som skin, fuglane som flaksar omkring og svanene som ligg så stille i vatnet. Idyllisk. Var ei litt anna stemning i dag tidleg då eg plutseleg måtte fare på jobb for å opne kl. ti sjølv om eg ikkje skulle vere der før tolv. Den som skulle ha vore der, var blitt sjuk. Fekk i meg frukost, på med regntøy og var framme akkurat klokka ti. Så jo, det gjekk. Og sånn elles: Gratulerer så mykje med dagen til broremann! :)

26. juni 2016

God bok, mykje jobb og null skule

Denne veka har det vore jobb frå måndag til og med i går, både nede i byen og på Madla. Veldig kjekt, men kjenner eg kunne ha hatt ein dag til med fri med tanke på at det er jobb igjen i morgon. Heldigvis har eg hatt null skule å tenkje på, berre jobb, og har jo sånn sett hatt kveldane fri. Skuldrene har vore senka, eg har hatt tid til å lese, fortsetje med å lage fotobok, gå nokre små turar, ta det med ro. Tenk – om berre nokre dagar er juli her. Her er sundagslista, den siste i juni:

✦ lese ut den fine, såre og gode boka Eleanor & Park
✦ når eg ser slike bilete, kunne eg fint ha reist til Island no med ein gong
✦ hjelpe nokre turistar på bussen som skulle av ved Jernaldergarden
✦ den niande episoden av Synne sin podcast, blir så glad kvar gong det kjem ein ny episode
✦ at mannen min las dei 20 spørsmåla frå Dag og Tid ved frukosten onsdag morgon
✦ "Room filled with empty people", eit sitat henta frå den vittige filmen Murder by Death
✦ vere på kino med ei god veninne der me såg Et helt halvt år og så eit kafébesøk etterpå :)
✦ alle desse fine dyra som er så glad i kvarandre
✦ rydde heile klesskapet, både han og eg, og det blei til saman tre fulle posar med gi-vekk-klede
✦ sjekk ut desse espressokoppane – eg er særskilt svak for dei gule :)
✦ apropos espresso: teste ut den nye espressokanna og bruke dei fine koppane frå Kyrkjetorget
✦ om lesekampanjen Sommerles som me blant anna har på Sølvberget denne sommaren
✦ ete ute på restaurant med familien min ^^
✦ opent brev frå kronprinsparet i samband med Pride
✦ vassliljene i Vannassen
✦ denne lista med så mange ting ein kan gjere om sommaren som nesten alle er gratis, hos Emma
✦ hjelpe til med å flytte barnebiblå frå 3. til 2. etasje; Nye Sølvberget kjem til å bli så bra

24. juni 2016

Rundt Hafrsfjord - del 2

På turen rundt Hafrsfjord hadde me så klart med oss kaffi og noko å ete (banan, brødskive og eit par kjeks). Kaffi er alltid ein slager! Han luringen hadde også tatt med seg ein liten pose med svensk chips som me hadde kjøpt i Mathallen dagen før ;) Fann ein benk som stod litt i le, for sjølv om det var sol så å seie heile tida, var det ein del vind og det kunne fort ha blitt kaldt å sitje i ro.


Sjå så fint det er! Små og store hus, brygger ved vatnet, vakre blomar og lukta av sjø. Turstien går langs sjøen nesten heile vegen, men innimellom måtte me inn i nokre bustadfelt. Ikkje at det gjorde noko, då fekk me litt variasjon, og turen er relativt godt merka slik at me heile tida var på rett veg.


Tidlegare denne månaden opna kommunen denne fine gangbrua, ei bru som bind saman turstiane på begge sider av Håhammaren. Det vil seie at ein no kan gå heile stavangersida av Hafrsfjord. Ordentleg fin bru med sitjeplassar som me måtte prøve, så det blei nok ein liten kaffipause :)


Kom oss til slutt vidare langs stien, langs fjell og berg, langs sjø og fjord. Plutseleg var me nesten framme ved Sverd i fjell og der var det ein vikingmarknad. Stappfullt med folk, og det var faktisk vanskeleg å komme oss forbi. Klarte det til slutt og tok så fatt på siste biten heim. Fantastisk tur!

23. juni 2016

Restaurantbesøk i nabobyen

Etter jobb i går, var det rett heim, på med litt finare klede og då klokka var ti på sju, blei me henta av mamma og pappa. Broren min var også med :) Mannen min hadde jo bursdag på laurdag, broren min har bursdag måndag og er ferdig med bachelorgraden sin og eg er jo ferdig med masteren. Med andre ord: ein del ting å feire. Difor var me alle fem ute på restaurant i går, nærmare bestemt på den brasilianske Fogo i Sandnes. Her tinga me alle buffé der me gjekk og henta det tilbehøret me ville ha medan kjøttet blei servert nygrilla ved bordet. Klossen på bilete to viser om ein vil ha meir eller om det er nok (grøn eller raud). Blei visst eit bilete av oss også :)


Middagen var veldig, veldig god, men eg prøvde no å spare plass til dessert også. Dei som jobba i restauranten fekk nyss i at mannen min hadde hatt bursdag, og då desserten kom, var det med bursdagssong på høgtalaren og eit lite lys, det lilla som ligg på bordet. I og for seg så var det jo vel så mykje til broremann som jo snart har bursdag ;) Karamellpudding og ein kaffi latte for min del, og som middagen var det kjempegodt. Alt i alt ein toppers kveld med god mat og godt selskap!

22. juni 2016

Rundt Hafrsfjord - del 1

Tok så mange bilete på sundag at eg deler det inn i to blogginnlegg :) Me gjekk jo ikkje rundt heile Hafrsfjord, men langs austsida og bort til Sverd i fjell før me sette snuten heim. Det var ein heilt fantastisk tur med fin tursti, bittesmå, firkanta hus og store villaer, lukta av sjø i det eine sekundet og lukta av skog i det neste. Diggar forresten det artige skiltet om "levende gressklippere" ;)


Me såg kanskje ikkje så mange av dei levande grasklipparane (les: sauer), men desse hestane var no ganske så fine. Folane stod der, tett i tett. På ei eng med både blomar og gras. Det er sommar.


Blomar og svaner, både små og store. Det heile var så idyllisk. Etter to intensive og travle veker med eksamensførebuing og jobb, var det så godt å kjenne på den roa, den som kjem når skuldrene senkar seg og ein tar til seg alle dei inntrykka som omgir ein. Naturen. Sjø, luft, skog, dyr og stille.

20. juni 2016

Sølvfarga blad

I juni har temaet i skaparutfordringa Monthly Makers vore växter (om nokon lurer: planter på norsk). Blomar, buskar, ugras, blad og andre saker og ting. Eg har alltid latt meg inspirere av blad, særskilt dei med litt mønster og taggete kantar. Akkurat no held me på å finne ut kva me kan ha på den eine veggen på badet, for me tenkjer ein biletevegg med diverse innramma motiv. Plutseleg slo det meg: spraylakkerte blad. Kjøpte ein boks med sølvspray på Biltema, fann ein del blad rett utanfor blokka vår og brukte pappemballasje for å beskytte i tillegg til vanlege ark som underlag.


På dei vanlege arka som eg hadde brukt som underlag, blei det fine mønster, så dei må eg jo nesten gjere noko med etter kvart. Etter at sprayen hadde tørka over natta, hadde blada krølla seg litt, noko som gjorde det vanskeligare å lime dei på arka som skulle inn i rammene. Dette får eg hugse på til neste gong og ev. leggje dei litt i press før eg sprayar. Men ved å bruke litt tack-it ("lærartyggis") og forsiktig dytte dei ned og feste dei på arka, ordna det seg ganske så bra. Blada blei i alle fall i mine auge ordentleg vakre med litt sølvfarge på :) Eit passe enkelt og veldig dekorativt prosjekt. Eit prosjekt som er mitt bidrag i denne månadens Monthly Makers.

19. juni 2016

Ein vintagekjole og to bra feiringar

Tenk at masterutdanninga er ferdig. Har ikkje heilt gått opp for meg enno, og det kjem nok til å ta nokre veker. Særskilt når det er jobb som står på planen dei neste vekene. Me har no i alle fall hatt ei kjempefin helg der me har tatt heilt fri, berre slappa av, gått ein lang tur og sett ein gammal film. Ei bok er blitt lese ut, ei anna er blitt starta på. Fin veke med andre ord, oppsummert i denne lista:

✦ ferdig med mastergraden
✦ "Å lese Harry Potter på nytt..." – eit finn blogginnlegg inne hos Lisa
✦ feire mannen sin bursdag med ein avslappa laurdag og betre lunsj på Ostehuset Øst
✦ og feire enda mastegrad med den gode gjengen ute på restaurant
✦ for ein skjønn og herleg kattunge
✦ ta oss tid til å gå ein lang sundagstur på ukjente vegar (austsida av Hafrsfjord), ein tur som blei over ei mil frå start til slutt
✦ ein gammal, sjarmerande og veldig fin bustad
✦ bruke kjolen som eg har arva frå svigermor
✦ låne bil og få unnagjort koffertkjøp, henting av gulvlampe og kjøp av utemøblar
✦ at det på tysdag var sju og eit halvt år sidan me blei kjærastar
✦ sjekk ut denne marmoreringsteknikken (via Monthly Makers på Facebook)
✦ lage noko i samband med junitemaet av Monthly Makers
✦ det er tjuefem år sidan Sofies verden kom ut
✦ finne ein vakker lapp i ei bokhylle på jobb
 rett og slett ha ein ordentleg frihelg utan å tenkje på skule eller jobb

18. juni 2016

Ei lita bursdagshelsing 🌹

Å ha bursdag er noko som fortener ei lita helsing og eit bilete: Gratulerer så mykje med dagen, kjærasten min! Eg vil du skal vite at du er så himla bra, du er min viktigaste støttespelar og min aller beste ven! Alt det du har gjort for meg dei siste månadane... eg har ikkje ord. Å ha deg uansett kva, er nok den største grunnen til at eg kom meg gjennom dei tyngste dagane med oppgåveskriving og eksamensførebuingar. I dag er det din dag, ein dag der du kan senke skuldrene og ha beina på bordet. Gleder meg til bilferie i sommar ;) Eg elskar deg, mannen min ♡