31. juli 2019

Forfriskande drikk i varmen

Sikkert litt mykje snakk om bringebær no, men det er så godt og akkurat passe søtt. Eg er ikkje så glad i jordbær slik dei aller fleste er, og føretrekker difor bringebær. I helga då det var så veldig varmt, laga me oss ein enkel bringebærmilkshake. Litt vaniljeis, melk, bringebær og ei halv skei med vaniljeessens og – voilà! Kaldt og forfriskande, akkurat det me  trong i sommarvarmen!

29. juli 2019

Liten sommartur i nærområdet vårt

I natt lynte og tora det som aldri før, og for min del blei det lite søvn. Lyden heldt meg vaken, og plutseleg var klokka halv seks og eg måtte stå opp. Så ein noko trøtt start på veka blei det, men, men. På onsdag som var, gjekk me ein tur opp til Ullandhaug. Det er så grønt og fargerikt overalt. Prestekragane i enga og nokre andre blomar og fine, rosa bringebær langs stien. For me plukka litt sjølv i tillegg til å kjøpe hos ein lokal bonde. Og så sauane, den eine med eit ordentleg spraglete ansikt. Søte er dei! Like takksam kvar gong for at me bur akkurat her. Nærområdet vårt <3

28. juli 2019

Vestlandsk sommar

Måndagen var grå medan det dei siste dagane har vore sol, knallblå himmel og over tretti gradar. Med andre ord har me hatt ein typisk vestlandsk sommar den siste veka, hi, hi. I år valde me å unngå Gladmatfestivalen både på grunn av det himla varme vêret, men også på grunn av folkemengda. Kan fort bli litt for mykje av det gode sjølv om det på ei anna side er kjekt å oppleve liv og røre innimellom også. På jobben har det vore både mange og få badegjestar innom, litt forskjellig frå dag til dag, alt etter vêret (er det veldig fint vêr, vel nok dei fleste å bade i sjøen eller i utebassenget på Gamlingen). Lesinga har gått strålande også desse dagane, ingenting er kjekkare enn å slappe av med ei finfin bok. Om ikkje så lenge er det nok ein gong måndag og med det ei ny arbeidsveke. Under ei veke igjen til me reiser på ferie, så eg skal ikkje klage. Som nemnt i innlegget på fredag hadde me ingen planar i helga, me har slappa av ute på balkongen og inne i sofaen då det blei for varmt, ein liten tur opp til Vålandstårnet i dag, sett på kulaste QI og me har lese i kvar vår bok. Senka skuldrene. Eg set pris på slike helger. Veka mi kort oppsummert i ei liste kjem no:

✦ lese ute på balkongen i det heilt fantastiske sommarvêret
✦ synest det var så mykje fint i dette innlegget inne hos Et katteliv
✦ sykle i morgontåka, det er jo nesten litt mystisk
✦ ny sesong av Victoria er ute på NRK Nett-TV
✦ tur opp til Ullandhaug med fine prestekragar, gode bringebær og kule sauar
✦ kor søt er ikkje dette lille dovendyret?! ;)
✦ kaffi og bok inne då det regna og var grått ute tidleg i veka
✦ lage knallgod bringebærmilkshake av dei bringebæra me kjøpte på den lokale garden
✦ endå ein søtnos, for koalaane er også veldig nusselege
✦ Nye språk i Norge, interessant å lære meir om språka som blir snakka her i landet
✦ hihi, måtte sjå den fyrste episoden av Good Omens om igjen, for den humoren og dei karakterane
✦ like fint kvar gong å sjå sola skine inn i oppgangen vår
✦ nokre fun facts om den andre filmen i Harry Potter-serien
✦ ein katt som eg har sett nokre gongar no foran ein Coop-butikk, trur den koser seg i sola
✦ passe på ein fin førarhund medan eiaren var inne og svømte
✦ boka Eg får aldri sjå verda igjen er ei sterk historie eg varmt anbefaler til alle
✦ Jonna som nettopp har gifta seg og som viser litt av dagen her
✦ villblomar i flotte fargar i nærleiken av Vålandskogen
✦ tok ein ny veg då eg sykla til jobb og såg dette fine sennepsgule huset

26. juli 2019

Bringebær frå ein gard i nabolaget

Over tretti gradar ute i dag. Hu og hei, ikkje ofte det er så varmt ute her i byen. På onsdag gjekk me ein liten kveldstur opp til Ullandhaug, og då gjekk me forbi ein gard som sel bringebær. Store og gode og for ein rimeleg penge – stas å støtte lokale bønder. Bringebær og kald iskrem, så godt som dessert i denne varmen! Og ein kopp kaffi slår aldri feil, det blir ein del av det sjølv om det er varmt ute ;) Me har begge to tatt det heilt med ro etter jobben i dag, lese i kvar vår bok og prøvd å drikke mykje vatn. Foreløpig få planar i helga, så satsar på å kunne lese mykje om ikkje anna.

24. juli 2019

Morgontåka

Tåka låg foran meg som eit teppe i dag tidleg. Ikkje den aller tjukkaste tåka, men tjukk nok til at ferjene i byen måtte stoppe opp og vente (las det på nyheitene seinare på dagen). Nesten framme på jobb måtte eg stoppe opp og titta litt ekstra på desse rosene som heng over eit kvitt stakittgjerde. Nydeleg farge! Og fascinerande å sjå spindelveven som ein liten, tynn tråd frå rose til rose.

22. juli 2019

Bok, pledd og kaffi etter jobb

Ingen tvil om at det har blitt mykje lesing dei siste vekene. Det er også slik eg startar mi veke denne måndagen. Var på jobb fyrst, men då eg kom heim, var det fram med eit pledd og ei god bok. Ute har det vore rimeleg grått i dag, og då gjorde det ekstra godt å krype under pleddet, drikke ein kopp med kaffi og kose meg med å lese vidare i ei av dei mange bøkene som ligg i lesehaugen min. Eg har ikkje heilt bestemt meg kva bøker eg skal ha med meg på ferie, men det blir vel for det meste å reise lett, det vil seie å ha bøker på lesebrettet. Har du lese ei god, spennande, humoristisk eller herleg bok i det siste? No er det tilbake til boka, eg håper måndagen din har vore tipp, topp, tommel opp.

21. juli 2019

Sundagslista denne veka

To veker igjen til me tar ferie. Kjenner at eg lengtar etter den no, for eg innrømmer at det går i eitt med annankvar dag tidleg- og seinvakt, og helgene går litt for fort. Heldigvis er det stort sett fine badegjestar og kjekke dagar, altså. Men eg trur det er godt for alle å komme seg litt ut av byen og oppdage nye plassar. Også denne veka har eg prioritert å setje av tid til å lese, noko eg kjenner gjer veldig godt. Eg ler, eg gråter, eg slappar av, eg gløymer tid og stad. I bøkenes verd, innimellom er det der eg vil vere, tihi. Ein liten tur rundt Mosvatnet, grilling før helga tok til for fullt, ein bra film og beina på bordet er veka kort oppsummert utanom timane på jobb. Ikkje så mange timar igjen av denne veka, så det er på tide å dele mine høgdepunkt frå desse dagane i ei liste rett under:

✦ boka The Secret Adversary, den fyrste historia om Tommy og Tuppence
✦ morgondisen som låg som eit tynt teppe over graset
✦ "Top 10 Best Opening Scenes In Animated Films" med Lion King og Up høgt oppe
✦ få eit kort i posten frå finaste Sæby, ein dansk by som eg har mange gode barndomsminne frå
✦ litt småvittig å kjenne seg som Askepott når me sorterer armband (billettar) på jobb ;)
✦ interessant dokumentar om Orientekspressen ute hos NRK no, for tenk å reise med eit slikt tog
✦ å ha null planar no i helga
✦ grille ute på grasplenen med ein gjeng frå blokka vår
✦ endå ein gong dei fine skuggane på veggen som kjem når sola tittar inn
✦ traileren til HBOs TV-versjon av His Dark Materials – dette kan bli bra!
✦ plukke prestekragar og ha i eit vassglas på jobb
✦ sjå filmen The Untouchables med musikk komponert av Ennio Morricone
✦ Ine sine bilete frå vakre Efjord
✦ ny, kongeblå benk ved Mosvatnet
✦ sitje ute på balkongen og lese ein av dagane det var sol og ordentleg sommar
✦ byrje på den nye sesongen av Poldark, også denne på NRK Nett-TV
✦ ein koala som liker å bli klappa på magen
✦ gleder meg til å besøke Gotland når eg ser denne bloggposten inne hos Emma
✦ trilogien om Don Tillman er no ferdig, og eg likte veldig godt den siste boka: The Rosie Result

20. juli 2019

Ein rast på ein benk ved eit vatn

Kaffi på termos og ein banan til kvar. Og ein yoghurt (meg) og ei skive (han). Ein rast på ein benk i nærleiken av eit eller anna hus med rustraud takstein og den gulaste mosen på steinane. Viktig å setje av tid til ein ekstra kopp med kaffi og noko godt attåt etter at lunsjen er eten opp. Sånt blir det god stemning av :) Og så er det så fint ute no med alle dei forskjellige villblomane rundt omkring.


Sat på benken ei lita stund før me til slutt tok fatt på siste del av rundturen. Eit anna lite hus med mykje gras på taket gjekk nesten i eitt med trea og alt det grøne rett ved. Litt bortgøymd og samstundes fint. I skogen som me gjekk gjennom såg me ei stamme der greinene og blada bukta seg inn i kvarandre. Tøft! Eit bringebær og to fann me også, og dei smakte godt. Før me kom fram til syklane, såg me denne rare "tingesten" som eg måtte knipse eit bilete av. Så sjølv om vêret ikkje var heilt strålande, blei det ein god tur. Me sjåast nok igjen, du fine Stokkavatn!

19. juli 2019

Førre laurdag

Sola skulle skine og himmelen skulle vere blå førre laurdag, og me hadde tenkt oss ein tur ut for å gå rundt Stokkavatnet. Det var rett og slett meldt ordentleg sommarvêr. Vêret blei dessverre ikkje så fint, men det var no opphald og heilt grei temperatur, så tur blei det. Sykla bort til vatnet, og noko av det fyrste som venta oss var eit fint rådyr. Hettemåker i lufta og på rekke og rad, både små og store sothøner og ei svane med ein svaneunge. Også ved dette vatnet er det mykje liv!


Vassliljene er så vakre i alle slags fargar, år etter år. Alle blomane i enga – høge og i forskjellige fargar – og ei humle hadde funne seg ein rosa blome. Blir så glad kvar gong eg ser ei humle eller to! Vidare på vår veg trefte me også på sauar, dei aller finaste grasklipparane. Me stoppa for å ta ein rast, gjekk gjennom ein skog, slappa av og hadde det herleg ute i det fri, meir om det i morgon.

17. juli 2019

Snart ein ferietur til Sverige

Jobba morgonvakt i dag, og dei timane etter jobb, har eg for det meste brukt på å lese. Lesegleda er verkeleg stor for tida og eg ønskjer å halde på den kjensla lengst mogleg. Sitje ute på balkongen med ei bok i fanget, det er slik eg kan gjere kvar einaste dag. Ja, så lenge det er sol, då ;) I starten av august skal me ha to veker ferie der turen går til Stockholm, Gotland og eit par dagar sør i Sverige. Me har bladd litt i denne reisehandboka og funne nokre aktivitetar og museum som me vil få med oss, men me tar gjerne i mot tips viss det er noko du meiner me bør sjå og oppleve.

15. juli 2019

Bysommar i det grøne

Det er ikkje slik at me går lang tur når me er ute og går, av og til blir det ein kortare tur rundt Mosvatnet eller Vannassen. Me er i alle fall heldige som har ein del slike turområde å velje mellom, anten rett utanfor døra vår eller ein liten sykkeltur unna. Flott rundt Vannassen no i juli: sollyset som skin gjennom grøne og oransje blad slik at dei nesten blir gjennomsiktige, bittesmå, søte blomar og dei rosa vassliljene. Så når sola tittar fram, er sommaren her i Stavanger ganske okei.