Musikalen Jesus Christ Superstar har eg skrive om fleire gongar, til dømes her, her, her og her. Med andre ord har eg nemnt denne musikalen heilt spesifikt i fire eige innlegg, så eg skal ikkje skrive så mykje om den anna enn at den er musikalen som nok har vore med meg lengst her i livet. Konseptalbumet frå 1970 med Ian Gillian, Murray Head og Yvonne Elliman vil for alltid vere den eg set på når eg skal høyre på songane, men filmen frå 1973 med Ted Neeley er på ein veldig sterk andreplass. Britiske Sam Ryder skal spele tittelrolla i London no i sommar, og nyleg gav han ut "Gethsemane". Han stod på sitt om å ta opp songen på analog måte, og eg diggar resultatet. Og viss du lurer: eg tar fram denne songen no fordi me skal sjå den på scena i London i sommar! Musikalen er ein klassikar, i motsetnad til den nye Paddington-musikalen. Men eg trur at også den allereie er i ferd med å bli ein klassikar, og me var så heldige å få tak i nokre rimelegare billettar til denne forestillinga. Er blitt så glad i songen "The Explorer & The Bear", og eg synest det er råtøft korleis dei har fått til sjølvaste Paddington med ein person inni, ein person som syng bak scena og ansiktsutrykka som er fjernstyrte med animatronikk. Ein finn ikkje ein søtare bjørn enn Paddingto.
Viser innlegg med etiketten film og tv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten film og tv. Vis alle innlegg
5. juni 2026
Musikalklassikar og ein musikalsong som snart er ein klassikar
Musikalen Jesus Christ Superstar har eg skrive om fleire gongar, til dømes her, her, her og her. Med andre ord har eg nemnt denne musikalen heilt spesifikt i fire eige innlegg, så eg skal ikkje skrive så mykje om den anna enn at den er musikalen som nok har vore med meg lengst her i livet. Konseptalbumet frå 1970 med Ian Gillian, Murray Head og Yvonne Elliman vil for alltid vere den eg set på når eg skal høyre på songane, men filmen frå 1973 med Ted Neeley er på ein veldig sterk andreplass. Britiske Sam Ryder skal spele tittelrolla i London no i sommar, og nyleg gav han ut "Gethsemane". Han stod på sitt om å ta opp songen på analog måte, og eg diggar resultatet. Og viss du lurer: eg tar fram denne songen no fordi me skal sjå den på scena i London i sommar! Musikalen er ein klassikar, i motsetnad til den nye Paddington-musikalen. Men eg trur at også den allereie er i ferd med å bli ein klassikar, og me var så heldige å få tak i nokre rimelegare billettar til denne forestillinga. Er blitt så glad i songen "The Explorer & The Bear", og eg synest det er råtøft korleis dei har fått til sjølvaste Paddington med ein person inni, ein person som syng bak scena og ansiktsutrykka som er fjernstyrte med animatronikk. Ein finn ikkje ein søtare bjørn enn Paddingto.
Merkelapp
film og tv,
musikk
17. mars 2026
Dagen i går
Altså, ikkje bokstaveleg tala dagen i går. Men me såg ein Studio Ghibli-film med det namnet frå 1991 her heime for ikkje så lenge sidan. På engelsk heiter den Only Yesterday medan den heiter おもひでぽろぽろpå japansk, noko ein kan omsette med "minna strøymer på". Filmen er ulik dei andre Ghibli-filmane me har sett då den ikkje inneheld fantastiske element eller ei større historie den vil fortelje. Eller, kanskje den eigentleg har noko stort å fortelje, for ofte er det dei små historiene som sit igjen. Hovudpersonen ser tilbake på barndommen sin, på kontrastane mellom bygd og by, medan ho i notida er på besøk på landet hos nokre slektningar. Eg skal ikkje skrive så mykje meir anna enn at medan den siste scena rullar på skjermen, kan ein høyre ein velkjent song. "The Rose" er skrive av Amanda McBroom, og Bette Midler gjorde den kjent i 1979-filmen med same namn. Innimellom kan eg kjenne at eg synest songen er overspelt, men då eg høyrde den i sluttscena av Dagen i går, på japansk, trilla tårene. Miyako Harumi syng den, og ho får fram ei stemning som eg trur me alle kan kjenne oss igjen i. Med eitt – sjølv om eg ikkje skjønner orda – gav songen meining.
Merkelapp
film og tv,
musikk
21. feb. 2026
Høgare enn ord
Handling snakkar høgare enn ord, eller på engelsk "actions speak louder than words." I januar var det tretti år sidan Jonathan Larson, mannen bak musikalen Rent, gjekk bort. Songane frå den musikalen kan eg utanat, dei vil for alltid vere minne om eit år på folkehøgskule. Filmen tick, tick...BOOM! er basert på musikalen Larson laga, noko ein kan kalle ein sjølvbiografisk musikalmonolog som Larson laga etter avvisinga av musikalen Superbia, og også songane frå denne musikalfilmen høyrer eg på innimellom, til dømes "Why" og nettopp "Louder Than Words". Eg veit at musikalar ikkje er for alle ("kvifor syng dei heile vegen!?"), men for meg er musikalar ei sann glede. Akkurat som bøkene som ventar på meg, alle sidene som eg gleder meg til å ta fatt på.
Merkelapp
film og tv,
musikk
29. jan. 2026
Morse Bar
Eller ikkje berre ein tur på bar, men ei vandring i fotspora til sjølvaste Endeavour Morse rundt om i Oxford i juli i fjor. Via nettsida Interview Room One, fann eg eit kart over Morse-relaterte lokasjonar i Oxford. Både Hertford Bridge og Radcliffe Camera har eg lagt ut bilete av her tidlegare, men det blei ein ny tur dit faktisk to av dagane då det var litt enklare å ta bilete med tanke på sollyset. Brua var på kartet, ein lokasjon som ein kan finne på tvers av dei tre Morse-seriane (Inspector Morse, Lewis og Endeavour). Radcfliffe Camera stod ikkje på kartet, men pyttsann, det var flott å studere litt nøyare uansett. Covered market stod også på kartet, og sjølv om puben Lamb & Flag er under oppussing, traska me forbi og såg den frå utsida (den er med i fyrste episode av Endeavour). Rett over kan ein sjå eit lite bilete frå Bodleian Library der me var på omvisning eit par timar før me drog tilbake til London. Å, for ei magisk oppleving, så klart kjem det fleire bilete frå dette biblioteket!
Høgdepunktet på vår lille byvandring i Morses fotspor, var nok The Morse Bar. Inne på The Randolph Hotel har dei laga ein bar som er dedisert forfattaren av bøkene og ikkje minst den originale TV-serien. Me tinga kvar vår drink som begge hadde namn etter serien, og eg skal innrømme at det var stor stas å sitje i ein god stol i ein staseleg bar omgitt av ekte Morse-stemning. Alle detaljane, lysekronene, flaskene i vindauget og så klart ei Morse-bok i fanget. Tihi, me sat og las i bøkene våre, det gjorde me, men boka er den fjerde i serien og eg kjøpte den i Oxford før eg hadde lese bok to og tre, så den er mest med som ein liten rekvisitt. Alltid kjekt med slike litterære besøk!
Merkelapp
bøker,
film og tv,
reise
11. juni 2025
Favorittmusikal på nynorsk
Tihi, dessert før middag ;) Då me kom til Oslo på fredag, sette me frå oss i bagasjen i ein oppbevaringsboks på Oslo S og gjekk litt i gatene. Fann mellom anna ein Norli-butikk (han måtte ha ei bok til togturen heim) og me delte ein knallgod gelato frå Paradis gelateria. Skyene over Stortinget byrja å bli mørkare og mørkare, og det byrja å regne medan me sat på Casa Pisano for å ete middag.
Middagen var veldig god, og etterpå var det tid for musikal. Medan folk flest såg fotballkampen mellom Noreg og Italia denne kvelden, koste me oss med Once på Det Norske Teatret. Indiefilmen frå 2007 med Glen Hansard og Markéta Irglová er ein av dei aller finaste filmane, og det er også den filmen songen "Falling Slowly" kjem frå (Hansard og Irglová vann Oscar for beste originale song året etterpå). Eg har høyrt mykje på dei begge to, og i juli kjem dei jo som nemnt med eit nytt album som The Swell Season, som eg gleder meg! Men no er det altså Once det handlar om, filmen som blei musikal i 2011 og som me såg på Broadway i 2014. Før forestillinga byrja, spelte nokre av musikarane i foajéen og sidan på scena før det blei mørkt i salen og det heile starta.
Utruleg flott å oppleve ein av mine favorittmusikalar live, og attpåtil på nynorsk! Eg syntest den minimalistiske scenografien fungerte veldig bra, musikarane var dyktige (dei spelte på scena og ikkje nede i grava, og var dimed med som ein del av skodespelarane) og hovudrollene passa ypperleg som karakterane ho og han. Tårene rann fleire gongar, ikkje minst når dei song og spelte "Styrte sakte". No er det lagt ut fleire forestillingar til hausten, og eg anbefaler varmt å få med seg denne musikalen! Etter forestillinga, tok me toget til Ski og buss til Langhus. Ute bøtta det ned, sånn verkeleg bøtta ned. Me traska frå busshaldeplassen og heim til svogerfamilien, og det var litt ekstra godt å komme inn, ta av oss regntøyet og helse på dei som var heime, mellom anna pusen Mika. Ho låg på senga og ville gjerne bli klappa ei lita stund før me til slutt sa "god natt" og sovna.
Merkelapp
film og tv,
musikk,
reise
1. okt. 2024
Ennio
Fem gongar var han nominert til Oscar for beste originalmusikk, men fyrst i 2016, den sjette gongen han var nominert, vann han for musikken i filmen The Hateful Eight (han fekk ein æres-Oscar i 2007). Maestro Ennio Morricone. Førre veke såg me ferdig dokumentaren om hans liv og ikkje minst musikken hans, og tårene berre rann dei siste førtifem minutta. Ikkje fordi det var trist, men fordi musikken hans, og då særskilt frå The Mission og Cinema Paradiso, er heilt utruleg vakker. I 2019, året før han gjekk bort, var me i Oslo og fekk sjå han dirigere, og det vil for alltid stå igjen som ei av dei største musikkopplevingane. Kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso blei jo spelt i vigsla vår, og det var stort å få spele den på konsert med orkesteret for to år sidan (så som du skjønner, betyr Morricones musikk mykje). Dokumentaren om Morricone, som ligge ute på NRK Nett-TV, er regissert av Guiseppe Tornatore, ein italiensk regissør som Morricone samarbeidde med på heile tretten filmar. Me kjenner jo godt musikken til The Good, the Bad and the Ugly, The Untouchables, Once Upon a Time in America og dei andre eg allereie har nemnt i innlegget, men det var mange filmar me ikkje hadde høyrt om. Dokumentaren går kronologisk til verks, og det var interessant å få meir kjennskap til andre filmar og komposisjonar. Over kan ein sjå traileren til dokumentaren, og så har eg lagt ved ein video der Morricone dirigerer musikken frå The Mission. Dei fleste kjenner "Gabriel's Oboe", men musikken frå filmen er så mykje meir, høyr berre korleis dei forskjellige temaa frå filmen ligg oppå kvarandre mot slutten av stykket – det er filmmusikkens magi, det.
Merkelapp
film og tv,
musikk
23. juli 2024
Råtøffe songar
Tidlegare har eg delt songen "Heaven on their Minds" frå 1973-filmen Jesus Christ Superstar der Carl Anderson spelte Judas, i dag er det "Gethsemane" frå same filmen med Ted Neeley i hovudrolla. Og sjølv om det for alltid vil vere konseptalbumet frå 1970 med Murray Head og Ian Gillian i dei to nemnde rollene som er dei eg fyrst og fremst høyrer på, er det heilt rått å høyre Neeley treffe dei høge tonane midtvegs i songen. Her kan du forresten høyre originalversjonen av same songen med Ian Gillian, og så må eg berre lenkje vidare endå ein videosnutt med Neeley: så utruleg tøft at han i fjor, femti år etter at filmen kom ut, framleis trefte dei høge tonane!
Og når me fyrst er i gong: her er to smakebitar frå Scenekvelders versjon av musikalen som skal gå på Folketeateret i haust. Som nemnt, er det mykje som skal til for å toppe originalen, og eg skal også innrømme at rollevalga overraska, men når eg høyrer det dei har lagt ut til no, trur eg dette blir kjempebra! Billettane er tinga for lengst, må berre prøve å ikkje syngje høgt under forestillinga ;)
Merkelapp
film og tv,
musikk
29. mars 2024
Endeavour
Påskekrim
både i bokformat og på TV-skjermen. Gleder meg til å lese ein del no i
påska, og eg har så klart med meg litt krim i sekken opp til hytta.
Seriane Shetland og Vera som ligg ute på NRK Nett-TV, får
vente (og den som ventar på noko godt...). Ein av seriane som ikkje er
årets påskekrim, men som kunne ha vore det, er sesong ni av Endeavour. Eller Unge inspektør Morse.
Sesongen var tilgjengeleg i arkivet fram til førre veke, og eg rakk
akkurat å sjå den siste episoden. Den aller siste episoden av ein serie
eg verkeleg har elska. Tidskoloritten, detaljane, tempoet, karakterane
og dei stadige referansane til den originale Inspector Morse-serien. For Endeavour er
laga som ein forgjengar til serien som gjekk frå 1987-2000 med John
Thaw som Morse. For dryge ti år sidan, var eg ferdig med å sjå alle
episodane som blei laga av den originale serien, og eg har jo i tillegg sett oppfølgjaren Lewis som gjekk frå 2006 til 2015. For dryge fem år sidan blei originalserien faktisk kåra til den aller beste britiske krimserien, og det skjønner eg godt. I mine auge er Endeavour vel så bra, og eg kjem til å sakne den. Shaun Evans spelte Morse ypperle, heilt ut til fingerspissane. Og noko som er ganske kult: Shaun Evans var førtitre då han spelte inn siste episoden, John Thaw var førtifire då han byrja å spele den! Over kan du sjå London Metropolitan Orchestra spele musikken frå serien for siste gong, og eg får gåsehud. I eit anna klipp fortel Shaun Evans litt om det å spele Morse. Karakteren dukka for fyrste gong opp i boka Last Bus to Woodstock i 1975 av Colin Dexter. Kanskje eg no må lese bøkene? Tihi, det sa eg også då eg var ferdig med å sjå originalserien ;) Om ikkje anna, har eg i alle fall storkost meg med å sjå alle desse tre seriane over lang, lang tid.
Merkelapp
bøker,
film og tv,
musikk
2. feb. 2024
Sett på kino


To kinofilmar på kort tid: Poor Things og The Holdovers. Tidlegare i dag var han fine og eg ein tur nedom sentrum for å sjå Poor Things, regissert av Yorgos Lanthimos. Emma Stone er heilt rå i rolla som Bella Baxter i denne merksnodige filmen. Som ei veninne av meg sa etter at ho hadde sett den for eit par veker sidan: "eg vett ikkje heilt ka eg egentlig såg", og det oppsummerer filmen bra. For her er det filma i uvanlege format (mellom anna med fiskeaugelinse), det er filosofiske funderingar og etiske dilemma, det er blod og gørr, det er frigjering og surrealisme, ein film ein må oppleve sjølv for å skjønne kva det er eg prøver å beskrive. Willem Dafoe og Mark Ruffalo gjer også supre rolleprestasjonar! På sundag var me ein liten gjeng som såg The Holdovers på det store lerretet (eg fekk tatt eit lite stillbilete av traileren som surra og gjekk på skjermane). Å, eg elska tidskoloritten, det tidlige 70-talet med alt det brune og oransje. For ein hjartevarm og berre heilt herleg film. Paul Giamatti speler den noko trongsynte læraren Paul Hunham med bravur, og etter kvart blir ein som sjåar på ein måte litt glad i han. Da'Vine Joy Randolph og Dominic Sessa (i hans debutrolle) må eg også nemne, desse tre karakterane er så forskjellige samstundes som dei utgjer ein finfin trio. Begge filmane er Oscar-nominerte i kategorien Beste film, saman med mellom anna Oppenheimer. Å oppleve gode filmar på kino, er framleis noko eg finn glede i sjølv om me har masse å velje mellom når ein tenkjer på straumetenester. Og at ein av mine favorittfilmar, den aller finaste Cinema Paradiso, framleis har plass på ein av veggane på kinoen, det gjer meg varm om hjartet.
Merkelapp
film og tv
13. des. 2023
Rockeopera med stor R
Går det an å bli så hoppane glad at tårene nesten byrjar å renne på grunn av ein musikal? Ja, det gjer visst det, tihi. For då eg på fredag las at Scenekvelder skal setje opp rockeoperaen Jesus Christ Superstar på Folketeateret neste år, var det akkurat slik eg reagerte. Musikalen har eg nemnt før, mellom anna i dette innlegget etter at ei veninne og eg såg eit oppsetting av den med MDD-elevar ved Kongsgård vgs., avdeling Bjergsted. Mamma har LP-en heime, og eg har høyrd songane om og om igjen gjennom store delar av oppveksten. Jesus Christ Superstar starta jo som eit konseptalbum i 1970, og det er Andrew Lloyd Webber og Tim Rice som står bak musikken og songtekstene. Sjølv om me ikkje har platespelar, berre måtte eg kjøpe LP-en då eg såg den i ein bruktbutikk tidlegare i år ;) Filmen frå 1973 med Ted Neely som Jesus, ei rolle han har gjort fleire gongar opp gjennom åra, er ein bra film, men det er albumet frå 1970 med Ian Gillian, Murray Head og Yvonne Elliman som er den versjonen eg set aller høgst. Berre høyr "Heaven On Their Minds" med Murray Head eller "I Don't Know How To Love Him" med Yvonne Elliman, to av songane eg har høyrt så mange gongar før. I tillegg til å ha sett den i Bjergsted, såg eg den i Sola kulturhus med lokale artistar for ganske mange år sidan. No får eg endeleg moglegheita til å sjå den på ei stor scene og eg gleder meg allereie!
Merkelapp
film og tv,
musikk
22. nov. 2023
Keltiske folkemytar
Av og til kjem ein over ei bok eller ein film som lenge ettet at den er ferdig, sit i kroppen, i tankane, i hjartet. Song of the Sea er ein slik film. Animasjonen, søskenkjærleiken, det mystiske og ikkje minst musikken – ikkje eit auge var tørt då den byrja å nærme seg slutten (når til og med mannen min merka det i augekroken...). Musikken av Bruno Coulais og Kíla har me begge høyrd om og om igjen no i det siste. Tomm Moore har regissert tre filmar i det han har kalla "Irish Folklore Trilogy", og foreløpig har me sett Song of the Sea frå 2014 og The Secret of Kells frå 2009. The Secret of Kells var kanskje ikkje like vakker, men spennande var den, inspirert av Kellsboka og med ein like unik animasjon og bra musikk som Song of the Sea. No manglar me berre å sjå Wolfwalkers frå 2020.
Merkelapp
film og tv,
musikk
12. okt. 2023
Finalesongar
Musikalar, både på film og på scena, er noko i alle fall eg synest er veldig gøy. Okei, det er jo ikkje slik at me på ekte går rundt og syng alt som skjer i staden for å seie det utan melodi, men likevel er det eit eller anna som fengar meg når eg sit og ser på ein musikal. Om ikkje så lenge skal eg sjå Moulin Rouge på ei scene i Oslo, og førre månad var det jo Miss Saigon på Folketeateret. Eit par av favorittane er Chess (var jo med på å setje den opp då eg gjekk musikklinja), Jesus Christ Superstar (den har alltid vore med meg) og Rent (gode minne frå folkehøgskuletida). I videoen over finn du ei liste med tjue av dei beste sluttsongane frå forskjellige musikalar. "Do You Hear the People Sing?" frå Les Misérables er øvst på lista. Andre du kan høyre er: "Finale" frå In the Heights, "You'll Never Walk Alone (Reprise)" frå Carousel, "King of Pride Rock/Circle of Life Reprise" frå, jepp, The Lion King, "Tomorrow is a Latter Day" frå den kulaste The Book of Mormon (trur aldri eg har ledd så mykje av ein musikal verken før eller etter) og "Finale B" frå den aller finaste Rent. Kos deg!
Merkelapp
film og tv,
musikk
26. juli 2023
For fjerde gong 📺
Om berre to dagar kjem sesong to av Good Omens. Rett før me drog på ferie, såg me den fyrste sesongen for fjerde (!) gong. Måtte jo lade opp, og så er den så innmari kul og full av britisk humor, eg kan sjå den om og om igjen. Boka las eg for eit par år sidan; eg las den på norsk samstundes som min betre halvdel las den på engelsk, ordentleg artig og koseleg. David Tennant og Michael Sheen speler så utruleg bra i lag, og det blir spennande å sjå kva dei finn på i den nye sesongen!
Merkelapp
film og tv
17. juli 2023
Raske føter
Kvifor er det ikkje meir stepping i dagens filmar? Det er jo så gøy å sjå på! Og fordi i alle fall eg blir i ekstra godt humør av å sjå steppedans, her er tjue heilt supre steppescener frå tjue forskjellige filmar. Alt frå Billy Elliot til Happy Feet, "Good Morning" frå Singin' in the Rain der Gene Kelly er ei av stjernene, og Fred Astaire er jo så klart med på lista. Kos deg med dansinga og musikken!
Merkelapp
film og tv,
musikk
20. feb. 2023
Le otto montagne

"Det fine med innsjøer i fjellet er at du ikke venter å se dem på veien opp, dersom du ikke på forhånd vet at de er der, og du ser dem ikke før du tar et siste skritt og trår over kanten, og der, rett for øynene dine, åpenbarer det med ett et helt nytt landskap." (s. 71)
"Han sa det slik: Sommeren sletter minnene på samme måte som den smelter
snøen, mens isbreen er snøen fra fjerne vintre; den er et vinterlig
minne som ikke vil bli glemt. Først nå forsto jeg hva det var han
snakket om." (s. 149)
I 2021 las eg boka De åtte fjellene av Paolo Cognetti. Eg brukte tid på å lese den, ikkje fordi den var dårleg, men fordi eg ønska å fordøye alle dei vakre og harde naturskildringane. Dei stille orda om oppvekst og venskap, kva fjellet gjer med deg som menneske. Og no går den på kino. Filmen har fått gode meldingar i fleire aviser (til dømes her og her), og i går stakk eg til byen for å sjå den på filmlerretet. Å kunne sjå dei høge fjella og
det ville landskapet, få oppleve venskapet mellom Pietro og Bruno,
musikken, cinematografien, ein
film som sakte tar deg med på ein oppvekst og eit liv høgt oppe i dei
italienske alpane. Det var på ein måte som å lese boka på ny samstundes som det var ei ny oppleving. Du må ha tid for å sjå filmen, den varer ei stund, men for ein fin, sårvakker film.
Merkelapp
bøker,
film og tv
13. des. 2022
Alle vise og vidunderlege ting

Som med dei fire andre bøkene eg har lese av Herriot, har eg kost meg med å lese både nummer fem og seks. All Things Wise and Wonderful inneheld eigentleg både nummer fem og seks (Vets Might Fly og Vet in a Spin på engelsk), men så fann eg plutseleg den sjette boka på norsk i ein bruktbutikk, akkurat slik eg fann nummer ein og fire tidlegare i år. Småler for meg sjølv av alt det Herriot opplevde i løpet av sine år som veterinær, og i den femte og sjette boka får me også ta del i tida hans ved det britiske luftforsvaret under andre verdskrig. Å lese Herriots skildringar av landskapet, bergtar meg framleis, tenk at me var der i sommar og fekk sjå det han skildra. At me også fekk vore innom museet i Thirsk, er ei oppleving eg set veldig høgt. Og tenk, på fredag kjem den tredje sesongen av (den nye) All Creatures Great and Small ut på NRK Nett-TV – eg gleder meg! Gleder meg også til å lese fleire Herriot-bøker neste år, før den tid deler eg desse to sitata:
"Then we were on the top, facing into the wide free moorland and the
clean Yorkshire wind and the cloud shadows racing over the greens and
browns. Helen's hand was warm in mine as we wandered among the heather
through green islets nibbled to a velvet sward by the sheep. She raised a
finger as a curlew's lonely cry sounded across the wild tapestry and
the wonder in her eyes shone through the dark flurry of hair blowing
across her face." (s. 292, All Things Wise and Wonderful)
"Solen stekte varmt mot ryggen min mens jeg la frem instrumentene mine
ute på marken like ved våningshuset. Sceneriet var typisk for mange
store dyreoperasjoner jeg har foretatt opp gjennom årene: den friske,
grønne gressmatten, de grå steinbygningene og de mektige åsene som
reiste seg med toppene i skarp silhuett mot hvite bomullsdott-skyer på
den knallblå sommerhimmelen." (s. 72, Dyrlege i spinn)
Merkelapp
bøker,
film og tv
9. des. 2022
Ein song til livet
Fyrste gong eg høyrde "Gabriellas sång", var i konfirmasjonen til broren min. Hugsar eg sat i kyrkja og tårene rann då denne scena frå filmen blei vist på lerretet. Songen er så sterk i seg sjølv utan å kunne heile historia, utan å ha sett heile filmen. Filmen er frå 2004, og etter å ha høyrt songen i konfirmasjonen, har eg sett filmen nokre gongar, ja. Og høyrt fleire av songane om og om igjen på Spotify. I 2018 kom musikalen, fyrst i Sverige og sidan her i Noreg. På grunn av pandemien var det ikkje mange som fekk sett den, men den fekk veldig gode meldingar. I haust var dei endeleg ute på turné, og det var stor stas at dei mellom anna kom hit til byen. Ei god veninne blei med meg til konserthuset, og ho var så glad for å oppleve denne musikalen – sjølv kan eg ikkje hugse å ha ledd og grine så mykje om kvarandre som den kvelden for nesten ein månad sidan. Etter å ha sett musikalen, har eg høyrt songane frå nettopp musikalen fleire gongar om dagen, og frå det svenske albumet er Malena Ernman sin versjon av "Gabriellas sång" heilt rå der ho går opp på dei siste tonane. Jannike Kruses stemme passar også veldig godt denne songen. Å sitje i salen og høyre "En sang til livet", det var så flott! Songen er skriven til musikalen og eg hadde dimed ikkje høyrt den før, men no kan eg den så godt som utanåt. Då alt var stengt ned, laga det svenske ensemblet denne heilt herlege versjonen over nettet, ein blir rett og slett både ordentleg glad og litt rørt av å sjå videoen.
Merkelapp
film og tv,
musikk
6. des. 2022
TV-serie i både ny og gammal drakt
Noko av det eg likte best med Herriot-museet i Thirsk, eller The World of James Herriot som er det offisiell namnet, var variasjonen mellom alt det som blei vist i dei forskjellige romma. Oppe på loftet var det eit eiga rom med fleire aktivitetar for dei yngste og i ein gammal sauestall var det laga ein minikino der me til dømes kunne sjå intervju med Jim Wight sjølv. Og ein annan plass fekk me sjå korleis det såg ut då dei tok opp og laga den gamle TV-serien. Tihi, mannen min tok til og med telefonen som ringte, akkurat slik Wight gjorde midt på natta då han måtte ut og redde ein kalv.


Klagar ikkje på djupdykket i bøkene og den gamle TV-serien, men eg syntest det var stor stas at dei også hadde fått plass til bilete og detaljar frå den nye TV-serien. Må seie det var litt rart å sjå gamle veterinærinstrument utstilte i glasskap, det er plutseleg då du ser at det var ei heilt anna tid før. Uansett, dette er eit kanonflott museum! Og i løpet av dei vekene me var på togtur, blei det jaggu meg heile tre slike forfattarmuseumsbesøk – det synest eg er alle tiders og heilt storveges!
Merkelapp
bøker,
film og tv,
reise
5. des. 2022
The World of James Herriot
James Alfred Wight, betre kjent under namnet James Herriot. Ein veterinær i Yorkshire som dreiv praksis der i nesten femti år. Hugsar ikkje heilt korleis det starta, men eg veit at me prata om den gamle TV-serien All Creatures Great and Small då den eine onkelen min var på besøk for eit par år sidan. Sidan lånte eg serien på DVD frå biblioteket og eg blei hekta. I 2020 byrja det ein ny versjon av serien, den har eg så klart sett og likt like mykje som den originale, og bøkene som seriane er inspirert av er eg godt i gong med å lese. I Thirsk har dei laga eit kjempeflott museum i dei gamle praksislokala til Wight, og det var så mange kule detaljar. Forskjellige miksturar i all slags fargar, kjøkken med tidsriktige matvarer og handskrivne syltetøylappar og fleire rom innreia ganske så tidsriktig og slik dei kanskje såg ut då Wight og familien levde der på 1940- og 50-talet.

Merkelapp
bøker,
film og tv,
reise
Abonner på:
Innlegg (Atom)









