Luftetur her ute. Gå ut på berget, kjenne lukta av sjø, høyre bruset frå bølgjene. Både fargen og dufta frå nyperosene, synet av den mjuke myrullen, stoppe opp for å sjå på "Brutt lenke"-monumentet, eit minnesmerket etter Alexander Kielland-ulykka. Tenkje på det fine, store havet som også tar liv. Pust ut, pust inn. Sidan gå vidare og berre vere ute, i eitt med naturen for ei lita stund.
9. juli 2026
Brutt lenke
Luftetur her ute. Gå ut på berget, kjenne lukta av sjø, høyre bruset frå bølgjene. Både fargen og dufta frå nyperosene, synet av den mjuke myrullen, stoppe opp for å sjå på "Brutt lenke"-monumentet, eit minnesmerket etter Alexander Kielland-ulykka. Tenkje på det fine, store havet som også tar liv. Pust ut, pust inn. Sidan gå vidare og berre vere ute, i eitt med naturen for ei lita stund.
Merkelapp
tur
7. juli 2026
Bodleian Library
Divinity School og Duke Humfrey's Library i Oxford var absolutt eit av høgdepunkta på fjorårets interrailtur, og eg har spart dette besøket til slutt. Altså, sjekk ut taket! Å, det var utruleg stas å få ei lita omvisning der med så mange gamle bøker (og lukta av desse), arkitekturen og stemninga
Duke Humfrey's Library frå slutten av 1400-talet er den eldste lesesalen ved Bodleian Library i Oxford. Tenk å kunne sitje her og studere, eller berre lese av all lyst. For å komme inn på dei forskjellige romma, til dømes Radcliffe Camera, må ein tinge billettar på førehand. Desse blir lagt ut på nett ein månad i forkant (akkurat på datoen), så eg var spent på om me klarte å få tak i billettar. Heldigvis gjorde me det, og me valde den guida omvisninga som varer i ein halvtime. Ein treng ikkje alltid så lang tid for å kjenne magien og historia som sit i desse salane, eit perfekt bibliofilbesøk!
5. juli 2026
Kattebok og nabolagskatt
Sit her og prøver å oppsummere nok ei veke, slik eg ofte gjer om sundagane. Er ikkje alltid like enkelt, særskilt når hovudet ikkje heng heilt med. Det er liksom litt rart når mannen min har "ferie" og ikkje eg (han er lærar), nokre av dagane på jobb er framleis supertravle (det er ikkje berre berre å byrje i ny jobb midt i høgsesongen), og så er det den der rare greia med fotball-VM – det er ei spent stemning som også eg kjenner på sjølv om eg ikkje er interessert i fotballspetakkelet. Oppi alt tar eg vare på alle dei gullkanta augeblinkane og samlar dei opp, slik som kundeserviceskryt, gårsdagens frukostquiz eller kveldens familiegrilling. Eg kjem nok til å leggje med før kampen set i gong:
✦ som eg hulka medan eg las denne: The Travelling Cat Chronicles av Hiro Arikawa gjorde inntrykk
✦ tinge setereservasjonar til togferien vår
✦ grilling og speling i lag med familien på Sola i dag
✦ lurer på om eg burde ha lese Mine venner av Fredrik Backmann i papirformat og ikkje på lydbok
✦ kva bokelskarar blir kalla i forskjellige delar av verda, her er det mange fine og artige variantar
✦ nabopusen er framleis litt skeptisk når den ser oss, men fin er den lell
✦ knalloransje grøftekantbukett
✦ trass ein del vind, har eg nokre av dagane hatt flotte lesestunder ute i hagen
✦ nyperoser, sjølukt og blå himmel ved Brutt lenke-monumentet på gårsdagens lille luftetur
✦ Closely Watched Trains av Bohumil Hrabal var ei passe surrealistisk leseoppleving
✦ høyre "He Ain't Heavy, He's My Brother" med The Hollies på radioen ein morgon
✦ traske ein liten halvtime i nabolaget tidlegare i dag
✦ laurdagspizza og LOTR-film nr. to i lag med broremann
✦ glimt av kontorlivet: Mummi-flaske og -skrivebok, ein finfin kaffikopp og ein ypperleg penn
✦ Zalo er like artig å ha på besøk gong etter gong, eit sjarmtroll som kvitrar i veg
✦ bake kake og ha med på jobb fordi ein av kollegaane mine hadde bursdag
✦ gult er alltid kult, særskilt på asfalten på ein regntung dag
✦ frukosthygge med den besteste gjengen, takksam for slike stunder i lag med fine folk
✦ frukosthygge med den besteste gjengen, takksam for slike stunder i lag med fine folk
✦ og så klart blei det både quiz, kaffigodt og ein heil haug med herlege digresjonar
Merkelapp
sundagsliste
3. juli 2026
Lindgren-klassikar med Leseklubben
Ordentleg lesestund i lag med mannen min no i kveld. Eg las to kapittel i ein fantaysklassikar og ein del sider månadens Christie-bok, og før eg gav meg heilt, var det fram med sjølvaste Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren. Eg les den jo i lag med Leseklubben på NRK, og det er kjekt å høyre (eller sjå på, alt etter kva ein sjølv ønskjer) ein podcastepisode i veka etter å ha lese dei aktuelle kapitla. Boka hadde eg ståande i bokhylla. Lenge sidan sist eg las denne svenske klassikaren, og det er både fint, kjekt og rørande å lese denne på nytt saman med mange andre lesarar og lyttarar!
Merkelapp
bøker
1. juli 2026
Der det skjer 🦜
Sjølv om han kanskje ikkje er i like full fart som tidlegare, vil Zalo vere med der det skjer. Som vanleg. Han har vore her hos oss no den siste veka, og der han dei fyrste dagane var litt daff og veldig roleg, har han no vore ute og floge og å sitje på hovudet er framleis "heilt konge" (rakk ikkje å ta bilete, for plutseleg var han på vingane). Artig å høyre at han liksom syng til radioen og pratar med oss, men det aller kjekkaste er når han kan slenge ned eggeskalet frå toppen av buret. Eg trur han kunne blitt verdsmeistar i eggeskalkasting! Tihi, når han gjer det, er han ein fin, liten raring!
Merkelapp
hygge
29. juni 2026
Bursdagspiknik
Attpåtil i ein botanisk hage. Inkludert i Morgenleveringa som kom på døra laurdagsmorgon, var det ein ordentleg bollebonanza (jepp, pakka heiter det). I staden for å ete bollane inne, fann me fram piknikteppet og -korga og sykla det lille stykket til den botaniske hagen rett ved universitetet.
Las nokre sider i kvar vår bok etter å ha ete. Kaffi måtte me jo så klart ha, ingen piknik utan, eller kva?! Og så er det kjekt å bruke kule våre turkoppar av emalje. Me sat der ikkje så lenge som me ønska sidan det kom eit brudepar med fotograf som ville ta bilete i det området me sat. Ja, ja, det var no uansett ein veldig fin utflukt der me slappa av blant alle dei vakre, fargerike blomane.
Merkelapp
hygge,
mat og drikke
28. juni 2026
Seint i juni
Bursdagsveke også denne veka sidan broremann hadde bursdag i går. Han er på besøk hos oss nokre dagar, og me feira dagen med Morgenlevering som mamma og pappa hadde bestilt (dei hadde verkeleg slått på stortromma), piknik og ordentleg filmkveld. Å ha på meg kjole utan strømpebukse gir meg ei ordentleg kjensle av sommar, og det skjedde faktisk både på fredag og i går. Litt annleis jobbveke sidan me har hatt vedlikehaldsstengt, og alle saman var med på å rydde, kaste, sjaue og organisere lagerhallane. Det blei jo tid til litt kontorarbeid innimellom, altså. Gode lesestunder om kveldane og i alle fall litt meir senka skuldre i helga, her er resten av seint i juni:
✦ bøkene i kosekrimserien Mord under solen, der Intriger i Amalfi er bok nr. to, er artige å lese
✦ sjeldan eg les gotisk horror, men Shirley Jacksons Vi har alltid budd på slottet er eit unnatak
✦ klokkeblåstjerner i fleire fargar
✦ sjå eit par episodar av Mysteria i Brokenwood
✦ rydde og organisere lagerhallane på jobb
✦ velfortent å ete vaffel ute i lunsjpausen etter all sjauinga
✦ gul blomekjole og vakre prestekragar
✦ spele "Takenoko" (aka. Pandaspelet) etter laurdagstacoen
✦ lesing i hagen nokre av dagane
✦ regndropar på ein rododendron
✦ høyre på lydbok medan eg jobba på kontoret
✦ trass kritikk frå kundar, har me fått ein del skryt også i løpet av desse dagane
✦ emballasje til nye produkt i fint design og herlege fargar
✦ koselege Stavanger antikvariat
✦ quiz, Morgenlevering og ein halvtidleg laurdagsfrukost
✦ piknik i den botaniske hagen, det gir sommarkjensla, det!
✦ søt, liten måseunge rett ved inngangen til jobben
✦ sprette champagnen som me fekk då me flytta inn (!), ete taco og sjå ein bra film
✦ lese E. M. Forsters skeive klassikar Maurice
Merkelapp
sundagsliste
26. juni 2026
Heimtur på skjener
Får håpe toget går når me skal ut og farte om ein snau månad, for det har vore ein god del forsinkingar og innstillingar langs Sørlandsbanen den siste tida. Men eg tar uansett eit tilbakeblikk på ein tur langs den same ruta 31. juli i fjor (snart eitt år sidan med andre ord). Åt ein god frukost på båten, slappa litt av i lugaren og i ti-tida om morgonen la me til land. Buss for tog til Drammen, men elles var det tog som tok oss med heim til Stavanger. Ute var det sol og blikkstille vatn.
Inga overrasking at me las mykje, togtur er heilt perfekt til ei god lesestund eller fem. Drakk kaffi, titta ut av togvindauget og såg landskapet fyke forbi. Tok vel ein liten dupp også. Etter kvart blei landskapet meir kupert, høyballane låg på rekkje og rad – me visste at no er me komme til Jæren. Etter å ha gått av toget på stasjonen, var det berre sjarmøretappen igjen, det vil seie bussturen frå stasjonen og heim til bustaden vår. Ferien var plusteleg over, men om litt kjem det ein ny.
Merkelapp
reise
25. juni 2026
Stavanger antikvariat
Søte, fargerike paraplyar i vindauget, ei eiga hylla med Agatha Christie, synleg regnbogeflagg og gamle bøker overalt. Her om dagen fekk eg tatt ein tur innom Stavanger antikvariat i lunsjpausen då me var i sentrum og ikkje i kontor- og lagerlokalet på Gausel. Spennande å gå rundt og sjå kva som finst der, ståande i hylle etter hylle. Eg fann ei bok av Ursula K. Le Guin til mannen min, og før eg gjekk, stod eg ei lita stund og prata med seljaren. Å prate om bøker med andre som er like glad i bøker som ein sjølv, det er sånt som alltid får fram smilet, både der og då og etterpå på veg heim.
Merkelapp
bøker,
loppis og gjenbruk
Abonner på:
Innlegg (Atom)









