8. aug. 2023

Togtur Helsinki-Joensuu

 
Og me suser vidare – det er allereie dryge tre veker sidan me drog frå Helsinki til Joensuu. Kvifor akkurat byen Joensuu? Jo, me ønskte nemleg å ta ein lengre togtur utan å måtte sitje heile dagen på toget, og frå Helsinki til Joensuu er det snaue fem timar med toget. Med andre ord: akkurat passe. Toget stod klart på perrongen (to etasjar og det heile), og ute fauk både sjø og land forbi.
 



"Dei tusen sjøars land". Skjønner godt at ein ofte seier det om Finland, for me suste forbi fleire vatn. Andre plassar var det blomar og grøne enger. Me hadde tinga plass i dyrevogna; det byrja å bli lite plass i dei andre vognene (sidan me ville sitje ved sidan av kvarandre). Litt lyd frå hundar som helste på kvarandre, men stort sett var det veldig roleg. Og berre sjå på ein av dei skjønne hundane som sat ikkje langt unna oss! Viktig med både bok og kaffi, då storkoser me oss verkeleg på toget!

Legg igjen ein fin tanke