2. aug. 2023

Biblioteksbesøk i den finske hovudstaden





Spasertur i Helsinki. Etter å ha overnatta på ferja frå Stockholm, var me framme i Helsinki før klokka ti måndagsmorgon. Fann hotellet ganske raskt og fekk lagt frå oss bagasjen. Resten av dagen brukte me på å berre vandre rundt i Helsinki. Byen har ein heilt særeigen arkitektur med pompøse bygg og mange kule statuar og skulpturar. Fyrst eit lite postkort frå Helsinki med både katedral, parisarhjul og eit flott bybilete. Sidan mannen min på ein benk i Tove Jansson-parken, ein statue av den svenskfinske nasjonalpoeten Johan Ludvig Runeberg i Esplanadparken og storslåtte Uspenskij-katedralen. Og eit par andre større skulpturar me såg på vår ferd i byen den dagen.


Biblioteksbesøk er alltid ein slager, og Oodi er eit smykke av eit bibliotek. På finsk heiter det Helsinging keskustakirjasto Oodi, eller Helsinki sentralbibliotek Oodi på norsk. Biblioteket opna i 2018 og det er ALA Architects som står bak arkitekturen. Gøy å berre gå rundt og sjå på alle formene i taket, sjå på utvalet av bøker og dele eit kakestykke og drikke kvar vår cappuccino på takterrassen.


Sjølv om me ikkje kom til byen med toget, måtte me jo finne togstasjonen og ta ein titt på bygget både inne og ute (og me skulle jo ta toget eit par dagar etterpå). Stasjonen er opprinneleg frå 1862, medan det noverande bygget er frå 1919. Morske menn på utsida, heldigvis koselegare inne. Kul bil rett ved hotellet, ein liten fugl som ville ha litt av nista vår og eit lite bilete av buplassen medan me budde i Helsinki. Det var ei studioleilegheit i Noli Studios, og der laga me både frukosten og middagen sjølve. Funka veldig greitt, og så hadde dei ei lita spaavdeling med badstue, dampbadstue og boblebad som ein kunne bruke. Herleg. Var innom marknadshallen, og på veg tilbake til Noli, knipsa eg eit bilete av dette bygget som gav meg Poirot-vibbar. Stora Enson vanha pääkonttor er ikkje frå same periode som Poirot, men likevel. Kontorbygget stod ferdig i 1962, og det er den kjente arkitekten Alvar Aalto som har designa det. Sukkerbiten som bygget også blir kalla, er eit av dei mest kontroversielle bygga til Aalto då fleire meinte av det var firkanta og stygt og stod i altfor stor kontrast mot til dømes Uspenskijkatedralen like ved – eg synest no bygget er ganske stilig!

Legg igjen ein fin tanke