14. aug. 2023

Muumimuseo


Tenkjer eg startar veka med eit tilbakeblikk på Mummimuseumsbesøket i Tampere. Eller, eg burde kanskje skrive Muumimuseo sidan det heiter det på finsk. Elskar illustrasjonen som ein blir møtt med i inngangspartiet, og i byrjinga av utstillinga kan ein sjå Tove Janssons fyrste Mummibok, Småtrollene og den store oversvømmelsen, i eit kjempeformat. Så mykje å sjå overalt.


I trappa ned til kjellaretasjen, heng det eit større kunstverk som skal førestille kometen frå boka Kometen kommer. Stilig laga til og veldig effektfullt. Museet har mange av Janssons originale illustrajonar i tillegg til tablåa som Pietilä laga med inspirasjon henta frå alle bøkene. Så mykje gøy å utforske, alle detaljane, historiene, karakterane, fargane og det å lære meir om Mummiverda.




Lite glimt frå eit tablå og nokre originalteikningar på veggen. Som tidlegare nemnt, er det ikkje lov til å ta nærbilete av originalmateriala, men er du glad i Mummiverda og Tove Jansson, då må du få med deg dette museet – det er verkeleg ein fryd for auga! Utanfor museet er det ein koseleg park, og som dei turistane me var, måtte me jo ta bilete ved sidan av den søte Mummistatuen.

Legg igjen ein fin tanke