31. jan. 2016

Roser, hagl og ny jobb

Rart å ha vore ei veke på den nye jobben allereie. Denne veka har gått så fort samstundes som den har gått ganske seint. Vanskeleg å forklare det heile noko særskilt betre enn det ;) Men at det har vore ei kjekk veke er sikkert og visst. Trivst veldig godt blant alle bøkene og så klart blant alle dei fine kundane og kollegaene som eg jobbar saman med! Når det gjeld skrivinga, så bli det i alle fall gjort litt etter litt kvar dag. Og om ein ser bort i frå det og jobben, så er det vel berre vore litt speling med orkesteret som er noko å nemne :) Sånn går det når ein byrja i ny jobb og ein prøver å finne rutinar å halde seg til. Har jo ein god del kjekke saker og fine ting å vise til også denne veka:

✦ det absolutte høgdepunktet denne veka: byrje å jobbe ved biblioteket :D
✦ denne lille saka med Laurence Fox (gleder meg innmari til albumet hans kjem i posten)
✦ pakke meg godt inn og finne fram med smilet på veg til jobb i ei lita haglskur
✦ klein, men morosam musikkvideo med lærarar frå Sola ungdomsskole, min gamle skole ;)
✦ komme heim med roser til mannen min berre fordi han er den han er
✦ "10 crime shows you should watch" hos Mariell – eg har sett ni av ti
✦ få omvisning ved Sølvberget og helse på alle dei folka som jobbar der
✦ denne fine og herlege katten hos Alicia
✦ kakao midt i veka
✦ Jonna skriv så bra i tillegg til å ta heilt nydelege bilete, og dette innlegget er ikkje noko unnatak
✦ topp ti-liste med dei beste figurane frå Wes Anderson sine filmar :D
✦ endeleg hengje opp gardiner på soverommet vårt
✦ "Sandra och skogen: Januari" – vakker bileteserie hos Sandra
✦ finne mykje bra inspirasjon på Instagram (og følg meg gjerne her)
✦ sjå ferdig den aller siste episoden av Lewis, noko som var kjekt, rørande, spennande og vemodig!

29. jan. 2016

Kakao i det finaste kruset

Me har nettopp ete risgraut og du kan tru det smakte godt etter jobb frå åtte om morgonen til halv ni no i kveld. Slik er det når to jobbar overlappar kvarandre. Heldigvis har eg ikkje mange av dei dagane. På onsdag sette me av litt tid til både ein liten gåtur og ein god kopp med kakao då me kom heim. Når dagane er litt kalde og grå og timane går i eitt, er det ekstra godt og koseleg å kunne ta seg ein pust i bakken :) Fyrste veka på biblioteket er over, og det har vore så utruleg kjekt! Å vere på eit bibliotek, og ikkje minst jobbe ved eit, er som å komme heim! God helg til alle som les dette ^^

27. jan. 2016

Tankar om eit spennande, tøft og fantastisk år

Snart er det på tide å søke. Neste måndag, den fyrste februar, byrjar skulane å ta inn elevar. Kva skular er det eg siktar til? Jo, eg snakkar om opptaket ved alle folkehøgskulane me har her i landet. Innan neste måndag bør ein ha søkt om ein ønskjer å komme inn ved den skulen ein helst vil. Eg veit ikkje kvifor eg tenkjer ekstra på dette no i år, men slik er det berre. Det er heile sju år (!) sidan eg sjølv var midt i prosessen med å velje skular og søke på dei eg ville gå på. Gjennom heile tredje klasse på vidaregående var eg bestemt på at eg skulle ta eit år på folkehøgskule. Eg var lei av skulearbeid med karakterar, samstundes som eg ville bu eit år vekke, så for meg var folkehøgskule meir aktuelt enn å ta eit jobbeår medan eg skulle bu heime. Før fyrste semester av 3. klasse var over, fekk eg meg kjæraste, og eg hugsar at ei i vaksenkorpset sa til meg at "du  søke på folkehøgskule viss det er det du vil sjølv om du har fått deg type." For meg var det heilt sjølvsagt,
til ein folkehøgskule skulle eg (og den kjærasten, det er han eg er gift med i dag).

Mamma og eg sat nokre kveldar med folkehøgskulekatalogen foran oss. Bladde i den, fann fram post-it-lappar der me skreiv pluss- og minusider ved dei skulene eg ville søke på. Til slutt kom me fram til ein skule (eller var det to? Litt usikker der) som eg ville søke på. Eg visste om ei eg kjente frå franskklassen som også hadde søkt på den same skulen, og det var innmari kjekt å vite at me begge to hadde komme inn :) Å velje den skulen eg gjorde, bu der i i nærmare ni månadar, bli kjent med så mange fine, rare, tøffe, morosame og kjekke folk er eit val eg aldri har angra på at eg gjorde. Jo, innimellom var det tungt fordi ein er sjeldan aleine på folkehøgskule og eg er i alle fall ein person som treng aleinetid sjølv om eg også er ganske sosial. Men gurimalla så mykje eg lærte om meg sjølv, om korleis eg reagerte i forskjellige situasjonar, korleis det var å bu heimanfrå og det å måtte klare mykje meir sjøl. Samstundes var det ein myk start på vaksenlivet, for ein får jo til dømes servert måltidane, og i kvardagen var det mykje lått og løye med så mange herlege personar!

På desse ni månadane fekk eg vere med på så mykje forskjellig, eg opplevde så mange ting på ganske kort tid. Safari i Masai Mara, besøk ved ein barneheim i slummen i Nairobi, skiveke på Hovden. Skremmekveld der lærarane våre var utkledde og skremte oss noko heilt utruleg. Tur til Krakow og rafting på Nilen. Eg tok dykkarlappen på Zanzibar, rappellerte ned ei 30 meter høg bru på Bømlo og eg blei introdusert for musikalen RENT for fyrste gong. Lista er lang, eg kunne ført opp så utruleg mykje meir. Ein god del av desse opplevingane har eg skrive om på bloggen, for det var på folkehøgskulen eg byrja å blogge. På dialekt og på ein heilt annan stil, men mykje av det ligg framleis i arkivet. Å få oppleve eit år på folkehøgskule er noko som enno sit i kroppen, noko eg aldri ville vore forutan. Eit langt innlegg her i dag, men eg hadde rett og slett mykje å seie når det gjeld det å vere eit år på folkehøgskule. Dette er mine opplevingar, mine meiningar og erfaringar om eit fin og heilt fantastisk år. Folkehøgskule er verkeleg verd å bruke eitt år av livet sitt på!

25. jan. 2016

Den fine, rosa himmelen

For eit nydeleg syn å møte idet ein går av bussen etter endt dag på jobb. Dette synet møtte meg i dag, og det var rett og slett magisk. Kvardagsmagi. Fyrste dag på jobb var forresten veldig kjekk med greie arbeidsoppgåver og fine kollegaer. Og eg kjenner at det gjer godt å ha noko fast å gjere ved sidan av masterskrivinga :) Berre ei lita oppdatering. Håper alle har hatt ein bra start på veka!

24. jan. 2016

Meir puslespel og morosame gulrøter

Nok ei veke i januar er snart unnagjort. Skal eigentleg bli godt å vere ferdig med denne veka og starte på nytt igjen i morgon. Den oppgåva skriv seg ikkje sjølv, og det har vore nokre tunge dagar med ein del frustrasjon. Heldigvis har eg ein mann som prøver å hjelpe så godt han kan, og ved å skrive lister og huke av for ting som er gjort, går det heile vegen framover :) Blir så utruleg spennande med ny jobb i morgon, og for de som lurer er det ei vikariatstilling som saksbehandlar ved biblioteket her i byen (ved den eine av to avdelingar). Og så har det jo vore ein del fine ting denne veka som tur i det fine vintervêret. Nedanfor har eg samla saman alt det fine i veke 3:

ei heilt nydeleg tekst om det å ha tid til å leve, skriven av Rania
✦ Sandra har så mange fine og inspirerande innlegg, dette og dette er ikkje noko unnatak :)
✦ setje av tid til å lese i ei krimbok
✦ er glad for å ha ein så fin gjenbruksbutikk i gåavstand :)
✦ gå turar i det heilt fantastiske vintervêret
✦ denne morosame og fine bileteserien, og denne i same slengen
✦ har endå ikkje klart å sjå ferdig den aller siste episoden av Lewis, men den ligg og ventar på meg
✦ pusle ferdig puslespelet med 1500 bitar
✦ Ida si melding av denne Harry Potter-boka
✦ ein pose med "sjitne gulerøde"
✦ herleg kattevideo :)
✦ signere jobbkontrakt og starte på vikariatstillinga i morgon
✦ alltid så mange vakre og stemningsfulle bilete hos Niina
✦ vere på Instagram (følg meg gjerne her)
✦ "Gee, you're beautiful...It's funny, I had so much to say. And now I can't think of a darned thing." Robert Davis (Fred Astaire) i filmen You Were Never Lovelier frå 1942
✦ spele litt på dette Downton Abbey-spelet

23. jan. 2016

Ei veke med skriving og tedrikking

Sånn som dette har ein del av dagane mine sett ut denne veka. Sit også i dag og skriv på denne oppgåva. Var på veiledning i går, og eg har mykje å ta tak i. På eit eller anna vis skal eg klare å bli ferdig, men det er eigentleg galskap at eg har takka ja til det jobbtilbodet eg fekk førre veke med tanke på at det er mykje som skal skrivast og analyserast fram mot mai. Samstundes kunne eg ikkje takke nei, og tenk, eg startar allereie på måndag. Travle og spennande tidar i møte :D

22. jan. 2016

"Winter Wonderland"

No er snøen i ferd med å smelte. Temperaturen gjekk frå ni kalde i går morgon til fem varme i dag tidleg. Men i går gjekk me ein tur rundt Vannassen i kveldinga, og sidan det var trygg is, gjekk me faktisk ein liten tur ut på vatnet :) Bileta i dette innlegget blei tatt på tysdag på veg til skulen. Er så fint med frost og snø, på bakken, på tre og på kongler. Og med sola framme, var det ekstra vakkert!


Tenk at skulen ligg rett til høgre for denne skogen, så himla fint område! På veg ned bakken, såg eg plutseleg ein hane på rømmen. Då eg viste mannen min bileta med hanen, sa han at om eg hadde vist bileta til gjengen i Agder Brass og spurt dei om å gjette kva song, hadde svaret vore "Theme from Chicken Run". Ha, ha, den er intern kan du tru. Å, akutt sakn til den besteste gjengen!


Eg må vel kunne seie at det heile er paradoksalt: eg liker ikkje vinteren og snø sånn generelt, men viss snøen kjem i små dosar, berre som eit fint teppe, då går at det an. Viss vinteren ikkje er altfor kald, altfor lang eller altfor kaotisk (slik eg opplevde den i Kr.sand då snøen aldri slutta å dette ned og det innimellom kjentest umogleg ut å komme seg frå A til B), då må eg innrømme at det heile er ganske så okei, ja, faktisk litt vakkert. Akkurat slik har det vore dei seinaste dagane her i byen :)

20. jan. 2016

Kjøleskapskunst

Fyrste temaet i år av Monthly Makers, har vore avtrykk. Som med dei fleste andre tema, er dette noko ein kan tolke akkurat som ein vil: kanskje potettrykk, banke blomar inn i eit tøystykke, bruke stempel eller noko heilt anna. Sjølv har eg lenge hatt lyst til å prøve meg på enkel preging (embossing) på papir. Fann fram akvarellpapir og tapetkniv, printa ut nokre bokstavar og skar ut nokre bokstavar. Tok fram eit nytt akvarellpapir der eg leika meg med kaffi, pensel og kaffikopp. Har alltid syntest at avtrykk etter ein kaffikopp er ganske fint (på rett stad vel å merke, ikkje på ein fin duk eller liknande). Brukte denne enkle instruksjonen og ei sikkerheisnål då eg skulle prege.


Og slik blei resultatet til slutt. Rett og slett noko til å hengje på kjøleskapet, litt kjøleskapskunst saman med magnetar, bilete, postkort og små teikneseriestriper. Ikkje noko veldig stort, men eg er likevel nøgd med korleis det blei :) Dette er altså mitt bidrag til januartemaet av Monthly Makers.

18. jan. 2016

Breiavatnet

På veg til jobben i går føremiddag. Så fint og lyst ute sjølv om eg generelt ikkje er så veldig glad i snø. For å komme meg til jobben med buss, må eg gjere eit bussbytte nede i sentrum, og det var på veg frå den eine bussen til den andre at eg tok fram mitt lille kamera. Nydeleg å gå rundt Breiavatnet i ordentleg solskin og herleg, frisk vinterluft. Ein tur til jobb ein sundag i januar.

17. jan. 2016

Puslespel og fint vintervêr

Den andre veka i 2016 er over om berre nokre timar, og den har gått nesten litt for fort. Me har begge arbeidt ein del med jobb og skule og spelt med orkesteret, eg har hatt jobbhelg og han spelte ein liten cup med bedriftsfotballaget i går. Vêret har vist seg frå ei veldig god side, og etter jobb og skule på torsdag, gjekk me heim i den friske vinterlufta. Så fantastisk herleg! Til veka har eg sett av mykje tid til skriving, noko som eg er spent på om eg klarer å få til i realiteten og ikkje berre i tankane. Men må ein, så må ein ;) Ingen sundag er komplett utan sundagslista, så her kjem den:

✦ endeleg førehandstinge den nye CD-en til Laurence Fox
✦ ta bussen i lag til skulen og seinare gå heim, hand i hand, i frisk vinterluft
✦ slappe av med kaffi og "gjenbrukspuslespel" om kvelden
dette er verkeleg meg om morgonen
✦ høyre hanen ved skulen gale torsdagsmorgon
denne saka om å bytte ut litt av teorien i skulen med fysisk aktivitet
✦ sitje på bussen på veg til jobb og sjå eit eldre par gå ute i vintervêret hand i hand
✦ to bøker eg ønsker meg til bursdagen: denne og denne
✦ få eit jobbtilbod på ei vikariatstilling etter at eg var på intervju førre veke
✦ Sandra si "pojkvänslista" – så mykje fint i ei og same liste!
✦ nyte vêret på veg til jobb i dag tidleg: sol og blå himmel, snø på vatnet og stilla rundt meg :)
✦ gode reisetips og like gode ryddetips
✦ ta i bruk kamerastativet
✦ at eg, etter mange år utan, no er på Instagram (siljehusmor), og at finaste Ida nemnte dette i hennar blogginnlegg tidlegare i dag
✦ setje av litt tid til Monthly Makers sitt tema denne månaden, nemleg avtrykk

15. jan. 2016

Utsikt frå Vålandstårnet ein onsdagskveld

I midten av desember hadde eg med meg kameraet opp til Vålandstårnet for å ta nokre bilete over byen i kveldsmørket. Julelys og andre lys overalt. No er det ikkje lenger noko julelys å sjå, men lys frå hus, bilar og lyktestolpar er det jo heile vegen. Me var nemleg oppe ved tårnet ein tur på onsdag, og denne gongen hadde eg med meg kamerastativet som eg fekk til jul, i tillegg til kameraet så klart. Veldig kjekt å få testa ut stativet! Bileta blei klarare og meir fokuserte sidan eg slapp å halde kameraet sjølv, men eg ser eg må jobbe med kvitbalansen. Uansett stas å få tatt i bruk stativet :)

13. jan. 2016

Sjeldne gjestar i Stavanger

No i dag blir det sikkert laga endå fleire snømenn, for her i byen har det snødd ein god del i dag. Eit sjeldan syn i Stavanger. Disse snømennene blei derimot laga i helga. Klarer du å sjå snømannen på bilete nr.2? Eg syntest det var litt artig at det var laga ein snømann ikkje langt unna den fagre statuen som er i fokus på biletet. Den siste snømannen var laga rett utanfor blokka vår, og med både lue, auge, øyre og armer, var den ganske så tøff :) Kanskje me også må ut og lage ein?! ;)


Om ein innimellom ser litt ned på bakken, kan ein sjå mykje rart: eit ufokusert bilete av beina til mannen min, dyrespor i snøen, eit skilt frå ein bil eller liknande, og til slutt eit bilete av mine slitte og ganske så gamle joggesko og eit hint av den fine, raude kåpa mi. Vinteren er kanskje ikkje min favorittårstid, men det gjer utruleg godt å gå ute i frisk vinterluft og med den varme og pene kåpa.


Eit par snøfnugg kan så vidt skimtast i lufta. Det var ein fin dag å gå tur på, sjølv om det "berre" var rundt Mosvatnet. Og fleire turar, både korte, middels og lange, skal det bli i løpet av året ☺︎

12. jan. 2016

Den kulaste kalenderen!

Ein gong før jul, då me begge var nede i sentrum for å få unnagjort nokre ærend, var me innom Platekompaniet. Der hadde dei nokre kalendrar til sals. Eg peika på ein av dei og sa "den kan du kjøpe til meg til jul." Tenkte ikkje noko særskilt meir over det, men gjett kva som låg under juletreet frå han til meg?! Den perfekte Harry Potter-kalenderen! No heng den på soverommet og eg kunne ikkje ha vore meir nøgd. Kvar månad har sitt bilete, og det er bilete frå alle dei åtte filmane. Biletet for januar er henta frå den aller fyrste filmen. Ei kul gåve til og for alle Harry Potter-fans :)