30. apr. 2023

Siste rest av april




Forkjøla heile denne veka, og byrjar å bli rimeleg lei no. Eg har vore relativt grei i formen og dimed vore på jobb, i motsetnad til mannen min som har hatt heimekontor med hoste og litt feber, men det er aldri noko særskilt i miste stemma slik eg omtrent alltid gjer når eg er forkjøla. Om kveldane har me tatt det med ro, om ikkje anna har eg fått lese mykje og strikka ein god del. Kjekt å ha personalsamling på Vitengarden på måndag, for då fekk eg moglegheita til å helse på dei fine dyra dei har der. På tysdag var eg forresten med på eit DKS-opplegg som dei har på Vitenfabrikken med leire og teglverk i fokus (DKS = Den kulturelle skolesekken). Var ute og traska ein liten tur i går medan han skreiv på ein artikkel og i dag har eg ordna litt i heimen. I morgon er det fri og samstundes ein ny månad, april gjekk nesten litt for fort. Skal runde av veka med dette:
 
elska Å vanne blomster om kvelden, og De tre av same forfattar var nok ei sterk leseoppleving
ommøblere litt inne på gjesterommet
møte ei veninne fra vgs-klassen på togstasjonen og prate med ho på vegen heim
knallflott bukett inne hos Et katteliv
sola som forsterka fargane i ein bruktbutikk 
artig å sjå sesongpremieren på Mysteria i Brokenwood, for mykje av det er som ein musikal ;)
byrje på nye bøker som eg til no verkeleg koser meg med å lese
så mange herlege og fine handfarga garnnøste hos ulldesign.no
skuggespel om morgonen
regnbogefargar frå sola gjennom vindauget i den gule trappa på jobb
boka The Lost Ticket av Freya Sampson var berre heilt herleg feelgood
snøklokker er nydelege også som ei lita akvarellteikning
diktsamlinga Å jage ein hjort i døden av Svanhild Amdal Telnes
kveldssola som skein sine strålar gjennom skylaget
katten som slappa av på ein benk ved Vannassen
små geiter i pyjamas, det blir ikkje søtare enn det
laurdagspizza, halvpart av ein kjekk film og ein runde "Exploding Kittens"
gå innom ein av bruktbutikkane i Sandnes og sjå eit servise med flott mønster
kortreist mat og kor ein kan kjøpe det her i Rogaland
ein liten haug med skjønne grisungar ute på Vitengarden
etter husarbeid i dag: strikking og ein kopp med kaffi

28. apr. 2023

Vannassen på ein overskya dag


Til og med i littegrann gråvêr, kan det vere fint å gå ein runde rundt Vannassen. Ser det blir mange innlegg her på bloggen med bilete frå små turar, blomar og flotte ting utandørs, men det er jo ikkje så rart no når det poppar opp ute, alt blir grønare og lysare. Rundt vatnet her ein dag såg eg ein hegre i sivet, ein svane i einsam majestet og ein flott katt som slappa av på ein benk. Såg rett og slett ganske greitt ut å berre liggje der og ikkje gjere noko anna enn å ta det heilt med ro. Fredagskjensla.

26. apr. 2023

Tre lodne sjarmtroll


Lamma ved den økologiske garden på Ullandhaug, berre sjå så søte dei er! Tre lam som alle er mørke i andletet og nedst på føtene, og den eine med morosamme dalmatinarflekkar. Kan ikkje klage på det å få helse på slike finingar i nærområdet vårt, tre lodne sjarmtroll utan like.

25. apr. 2023

Hypnotiserande


Oppe på Abelloftet, den øvste etasjen på Vitenfabrikken, blir eg av og til ståande og berre titte. Blir nesten hypnotisert. Hypnotisert av det eine kaleidoskopet som står der. I det kan ein sjå ein film på fleire minuttar, og filmen har fleire små klipp, særskilt frå naturen, som alle blir til fargerike og fascinerande mønster på grunn av speglane og vinklane på desse. Ein lite pusterom i kvardagen.

24. apr. 2023

Solstrålar både morgon og kveld




Togturen kvar morgon, ein månad full av klare soloppgangar. Og ein veld ved fjorden der solstrålane akkurat viste seg gjennom skylaget medan det byrja å bli rosa over horisonten. April med dagar som blir grønare, fuglane som kvitrar og dagar der det går an å sitje i T-skjorte ute på balkongen. "Jeg velger meg april", skreiv Bjørnson, og det har han så rett i. Litt kaldt var det å gå ute på haugane ved Vitengarden i dag, for det blåste kan du tru, men det var no veldig kjekt å helse på dyra som dei har der (Vitengarden er ein del av Jærmuseet, nett slik Vitenfabrikken og Garborgsenteret er). Med slike morgonar på toget og lyse, solstrålande kveldar vel i alle fall eg meg april i nokre dagar til.

23. apr. 2023

Å spele i Fartein Valen-salen




Knallgøy å spele konsert i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus i går med orkesteret og eit stort kor! Skal innrømme at eg var litt nervøs, for det er ikkje ofte me speler i ein så god og flott sal, men eg klarte å kose meg og publikum jubla høgt då me var ferdige! På tysdag hadde mamma bursdag, og då var det kake, gåver og prat på Sola. Alle dagane med sol og nesten sommar, solskinet om morgonen og blomar på trea, alt dette har gitt meg litt ekstra energi og eg smiler på veg til og frå jobb. For det er ikkje langt å gå mellom togstasjonen og jobben, men det akkurat nok til at eg kan kjenne sola varme og høyre fuglane kvitre. Mykje orkester, men også ein del boksider og garnnøste. Og krim på skjermen, og resten av veka mi kan du lese i dei punkta som kjem no:
 
fortsetje å lese om Bergman-brørne, og Frankie og Ren i Always Only You er eit herleg par
sjå Nedgravde hemmeligheter på NRK Nett-TV
solstrålane medan eg venta på bussen den eine morgonen 
Art by Mari – fleire vakre måleri i flotte fargar
spele ein superbra konsert i Stavanger konserthus i lag med det beste orkesteret
måtte byrje på fotoboka på nytt (grunna gammal programvare), men er endeleg godt i gong
nokon nemnde Bangkok i lunsjen og rett etterpå høyrde eg "One Night in Bangkok" på radioen
lesestund i morgonsola på perrongen 
høyr kor flott songen "Mu süda ärka üles" av Cyrillus Kreek er, det var ein av dei me spelte i går
soloppgangen sett frå togvinduaget
blomar på trea og lilla krokusar i graset 
søtaste kvalpen som helser på bittesmå kattungar
lese ut Do You Know Me?, bok nummer to om Tally og det å vere nevroatypisk
tre nye og fargerike øyredobbpar
lese ute på balkongen etter jobb fleire av dagane denne veka
Pacman-figurar på LEGO-veggen
regndrope på ei grein med fine gåsungar
synest det er tøft og blir samstundes glad av å lese om denne 80-åringen som skal ut på interrail
gult er kult i kaleidoskopet på Abelloftet
kaffi frå eit fint servise og mammas "krasjkake" (som smakte betre enn den såg ut) ;)
roleg sundag med mykje lesing og litt strikking

21. apr. 2023

Kvite tre




Sol og blå himmel når eg går frå toget om morgonen, det same når eg frå jobb til togstasjonen. Desse dagane i april har vore så flotte, og eg kjem til å ta vare på dei når regnet antakeleg snart kjem. Fuglane som syng, graset som blir grønare og trea som har byrja å få blomar. Såg til og med ei lita humle på det eine treet, alt som verkeleg høyrer våren til. I kveld har eg lese litt ute på balkongen og sånn sett berre tatt det med ro, i morgon blir det ein ordentleg orkesterlaurdag.

19. apr. 2023

Øyrepyntdilla




Trur eigentleg tittelen seier det meste ;) Som eg skreiv i dette innlegget tidlegare i år, er det litt ekstra gøy å pynte meg med øyredobbar i glade fargar etter fleire år i svømmehallen med klorvatn og det heile. Angélica León er ein favorittsmykkedesignar for min del: ho lagar dei kulaste smykka med taguanøtt som materiale. Mange kallar ofte taguanøtta for vegansk elfenbein fordi strukturen og kjensla kan likne på vanleg elfenbein (som ein absolutt ikkje skal leite etter, verken i smykke eller andre ting). Då eg var i Oslo med veninna mi i mars, fann eg to heilt nydelege øyredobbpar designa av León, det grøne hadde eg sikla på lenge medan det burgunderraude paret berre fall eg pladask for. På Skaperverket Oslo fann eg også eit stilig øyredobbpar i keramikk frå Teigenkeramikk. Men no kan eg vel kanskje seie at eg har nok fargerike øyredobbar å velje mellom, eller kva?! ;)

17. apr. 2023

Fjørkledde finingar






Hanen som gjel og kalkunane som lagar ein annan og heilt særeigen lyd. Hønene som trippar og gjessene som berre ligg og slappar av i graset. Alltid like koseleg å stikke innom dyra på garden oppe på Ullandhaug ein liten tur, dei er så søte og artige der dei spankulerer omkring i deira tempo.

16. apr. 2023

Påskekrim x3 (og litt påskekrim på skjermen)




Tysdag var fyrste dag på jobb etter ferien og for mange var det visstnok planleggingsdag. Dimed var det mange som stakk innom Vitenfabrikken, både store og små, og det var ein travel dag på jobb. Sidan var det litt av og på med gjestar, og plutseleg var det helg. Blomar på jobb og blomar langs jobbvegen har gleda meg desse dagane, om kveldane har eg fått lese mykje og kost meg med strikketøy. Kan ikkje påstå me har gjort så mykje denne helga, men eg smiler og er nøgd når eg får tid til ei ordentleg lesestund. Ein tur oppom Ullandhaug i sola var me også no i dag medan i går blei heimekveld med laurdagspizza og ein klassikar av ein film. Blir ei travlare veke den som kjem no sidan me skal ha konsert fyrstkommade laurdag. Som vanleg ein sundag med fleire kjekke punkt:
 
lese ei ny krimbok frå Trude Teige som ei av årets påskekrimbøker 
svane i einsam majestet i Breiavatnet midt i Stavanger sentrum
gule blomar og fargerike serviettar frå ei av mine beste veninner
alle dei flotte fargane i Markagarn frå Oslo Mikrospinneri, kunne ha strikka med dei alle saman!
diggar at Gode varsler (Good Omens) stod såpass synleg i ei bokhylle på biblioteket
gøy å knuse glaset med stemma mi i Tonefangeren på jobb
orkesterøvinga på tysdagskveld var kjekk, og no er det berre ei veke til konsert
heilt nydeleg utgåve av klassikaren The Secret Garden av Frances Hodgson Burnett
og apropos den boka: interessant å høyre forskjellige meiningar om språket som blei brukt før 
krokusar i full blomstring
synest det kvite serviset med lilla blomar og grøne blad som eg såg i ein bruktbutikk, var litt fint 
fleire krokusar og lange skuggar
endå ein påskekrim: Perfect Day av Romy Hausmann (ikkje hennar beste i mine auge)
vil gjerne besøke Ganske fint brukthandel, for berre sjå alt det fine inne hos Ei blå stugu
spankulerande hane oppe på Ullandhaug
for ein spennande film: Heat frå 1995
sesongpremieren av Eides språksjov, så artig med handskriftekspert og mykje bra musikk 
mykje tid til både lesing og strikking, litt om kveldane og endå meir i helga
Jonnas nyaste vlog med hunden Nanook like fin som alltid
sjå Vera på NRK Nett-TV – britane er dei beste til å lage gode krimseriar
Giftige krystaller var denne månadens Christie-bok (eller Sparkling Cyanide på engelsk)

14. apr. 2023

Blomar ute og blomar inne


Langs grøftekanten og på plenane den vegen eg går til og frå jobb i Sandnes, eg blir framleis like glad når eg ser alle dei lilla blomane i det grøne graset. Det som blir grønare og grønare for kvar veke. Vår, du kjære vår, eg blir ordentleg varm om hjartet av alt du bringar med deg! Og når ei god veninne kjem innom jobb for å gratulere meg på etterskot på ein flott blomebukett og fargerike serviettar, blir eg ikkje mindre varm om hjartet – tusen takk, finaste og besteste deg ♥︎

12. apr. 2023

Ro, hygge og latterkrampe oppe på hytta





Glimt frå årets hyttepåske. Opp til hytta hadde me med oss heimelaga scones med lime curd og clotted cream. Kaffi i ein favorittkopp, påskeduk og gule fuglar på ein serviett. Zalo var med der det skjedde, og kanskje særskilt då songen "Karis-Pers Polska" dukka opp om morgonen i det beste radioprogrammet: "Påskelabyrinten". Sola inn i stova om morgonen då eg sat med ei krimbok eller strikketøyet, kaffi og litt godt frå påskeegget. Og ja, slik eg ofte er i gong med fleire bøker, er eg også i gong med fleire strikkeprosjekt. Viss du kjenner igjen det grøne garnet, så stemmer nok det. Eg laga ein Markatopp i fjor, men blei liksom aldri hundre prosent nøgd. Difor rekte eg opp heile toppen og er no i gong med noko nytt med det same flotte garnet. Trur det kan bli veldig bra til slutt.
 

Sitronostekake ein dag på etterskot (og den var ordentleg god). Balto var også ein del av hyttegjengen, og han er jo nesten ein kamuflasjehund når han ligg på det golvteppet. Knallgøy å teste ut det nye spelet "Hint". Klarer du å sjå kva broremann har prøvd å teikne her? Spelte også "Ticket to Ride", merka det var lenge sidan sist, for me brukte tid på å komme ordentleg i gong og hugse alle reglane, tihi. Hygge og avslapping på hytta i lag med ein fin gjeng, påskeferien 2023.