30. mai 2014

Om eit år...

...gir me kvarandre våre "ja" foran familie, vener og andre kjente som betyr mykje for oss. Eg gir mitt "ja" til han der fine. Om eit år skal eg ha på meg ein kvit kjole og (forhåpentleg) blå sko. Han i finfin dress. Om eit år skal me feire kjærleiken ein heil dag saman med så mange fine folk. Eg gleder meg samstundes som eg er veldig spent. Det er ikkje kvar dag ein seier "ja" til noko så stort. Me har ein del å ordne til den store dagen, men før den tid koser me oss enno i Reykjavik. The Blue Lagoon stod på planen i dag, og det var berre heilt fantastisk! Svømme og flyte rundt i det varme vatnet medan vinden uler rundt oss; akkurat slik var det faktisk :) Elles så har me "feira" dagen med å gå rundt i byen, sjå den fine Hallgrimskyrkja, spise middag på tyrkisk restaurant og drikke ein god kopp kaffi latte og dele eit kakestykke, på ein merkeleg, men herleg kafé (bilete får komme seinare ein gong...). I morgon flyr me av garde til New York, og det er me i alle fall spente på.

29. mai 2014

Ei lita helsing frå Island

Eit lite biletedryss frå oss på Island! Me har det alle tiders, og det heile starta med gratis mat på Sola lufthavn fordi flyavgangen vår hadde blitt utsatt til seint på kvelden (sjølv om me visste det for over to veker sidan...). Flyturen gjekk veldig greitt, og me fann fint fram til leiligheita sjølv om klokka var ett, lokal tid, då me kom fram. I går bada me i byens største svømmeanlegg, Laugardaslaug, og det var berre herleg! Hadde ein liten shoppingrunde også før me tok kvelden (og dei har visst rustne menn her i byen, akkurat som i Stavanger). Tidleg opp i dag, for me skulle på busstur for å sjå The Golden Circle - ein rundtur der me får sjå både Geysir, Gullfossen og Thingvellir. Kjempekjekk tur, og eg må seie at Gullfossen var vel høgdepunktet. Kunne ha lagt ut så utruleg mange bilete, men eg skal spare dykk for det ;) I morgon skal me bade i The Blue Lagoon, så ja, me er ordentleg turistar. Kanskje drar me tilbake ein gong, leiger oss ein bil og køyrer rundt på Island sjølve, sånn ei vekes tid?! Island har mykje å by, og det er nesten litt dumt at me drar vidare allereie på laurdag. Sånn til slutt: gratulerer med bryllaupsdagen, mamma og pappa!

27. mai 2014

Snart, så snart

Om berre nokre timar sit me på flyet. Eg trur me begge grugleder oss, og om ikkje anna så er me veldig spente. Det heile er nesten litt surrealistisk; på fredag og laurdag stod me midt oppi flyttinga og på sundag brukte me dagen på å rydde på plass flyttelasset. Fyrst i går byrja me å pakke til reisen, og no merkar eg at det ikkje er lenge igjen. Mange sommarfuglar i magen. Koffertane står klare, det same gjer sekkane. Neste gong eg skriv eit innlegg, er me anten på Island eller i USA (for eg håper på å kunne leggje ut nokre innlegg med bilete av korleis me har det på turen). Sjåast!

25. mai 2014

Topp 5 – 80-talssongar

Etter nokre hektiske dagar, er me no vel losjert her på Sola. Ein kan jo trygt seie at me kom litt skeivt ut på fredag i og med at flyttebilen var nesten tre timar forsinka! Men med litt berehjelp i går, var me til slutt på vegen i retning Stavanger/Sola klokka fire i går. Då hadde me bore, vaska, rydda og organisert sidan klokka ni om morgonen. Og vore ein tur på bossplassen, Fretex og skulen. Kom heim til god middag, før me bar inn akkurat det me trong. Dimed har det blitt mykje bering i dag også. Men det har gått relativt greitt, så no sit me og lagar hugseliste for turen vår. Tenk – berre to dagar igjen! Sånn elles så er det jo sundag i dag, og med det nok ei topp fem-liste. Det blir vel den siste på ei stund; trur ikkje eg "stressar" med det medan me er ute og reiser ;) I dag blir det mine favorittsongar frå 80-talet. Å, gurimalla, mange rare, vittige, harry og artige songar frå dette tiåret! Kjenneteikn: synthesizer, saksofon, modulasjon. Her er det mange songar å velje mellom, til dømes "Take On Me" med sjølvaste a-ha, Grand Prix-låta "La Det Swinge" (den vann jo konkurransen i 1985), "Live is Life" med eit trommeriff i byrjinga som er lett å kjenne igjen, ja, denne lista er ganske så lang. Songane på mi liste er kanskje ikkje dei "folk flest" tenkjer på når dei tenkjer på 80-talet, men det er i alle fall songar som eg av og til høyrer på og koser meg med:

"NeverEnding Story" med Limahl - modulasjon, høgt hår på artisten, eit refreng som er lett å syngje med på. Kan det bli betre?! Og nei, eg har (enno) ikkje sett filmen, men same namn altså, som songen er frå ;)

"Nothing's Gonna Change My Love For You" med Glenn Medeiros - hugser enno eg høyrde denne på programmet Gylne Tider som gjekk på TV2 ein gong på byrjinga av 2000-talet. Songen opnar med ein saksofonsolo, og resten av songen er nokså klissete, men akk så songbar og nostalgisk 80-talet.

"Tarzan Boy" med Baltimora - det er ikkje lenge sidan eg oppdaga denne klassikaren frå 1985, men gurimalla, så fengane refreng. Ha, ha! Eg tar meg sjølv i å gå rundt og syngje: "oh oh oh oh...", for dette er eit refreng som alle kan syngje til.

"A Heart In New York" med Art Garfunkel - songen passar perfekt no som me snart er i NY. Saksofonen som kjem midt i songen gjer jo verkeleg sitt for å skape ei ekte 80-talsstemning, og stemmen til Garfunkel er nydeleg

"Kyrie" av og med Mr.Mister - rett og slett berre ein ordentleg kjekk song å høyre på :)

23. mai 2014

Mykje som skjer

For to dagar sidan leverte han der fine masteroppgåva si, og eg er så utruleg stolt av han! At han har vore på skulen mesteparten av dagane dei siste vekene medan eg har vore heime, rydda og ordna har ikkje alltid vore like kjekt, men tenk – no er oppgåva levert, me flyttar i morgon og me toppar det med ein reise. I tre veker! Det må vel vere ei heil grei feiring av at masteroppgåva er levert?! ;) Eg gleder meg, både til å reise saman med kjærasten min og eg gleder meg med han, for den oppgåva har tatt mykje tid, kosta ein del krefter. Eg veit eg har sagt det før, men eg vil berre fortelje kor glad eg er i denne fine mannen, kor mykje han betyr for meg. Eg er stolt av han, og om eit drygt år er det vår tur til å seie "ja" til kvarandre, foran alle dei me er så glade i. Eit nytt kapittel startar, men før det skal me oppleve mykje, og det startar med flyttinga i morgon ♥

21. mai 2014

Flyttedagen nærmar seg

Her skrubbast og vaskast det, me pakkar og ryddar, kryssar av på lista vår når det eine punktet etter det andre er gjort. Og så klart: oppi alt det som skal gjerast, er eg blitt så bort i hampen forkjøla. Ikkje noko særskilt gøy no, akkurat no når me skal til å flytte. Det byrja så vidt på syttande mai, og så er det blitt verre. Men pakke, vaske og flytte må me, og eg satsar på å vere frisk og rask til me reiser. For no er det plutseleg berre seks dagar igjen til me er av garde på tur :D

19. mai 2014

Små gleder i det siste

På laurdag flyttar me. Om fem dagar er me på vegen med flyttebil i retning Stavanger. Bilete er tatt ned frå veggane, ein del av serviset vårt og andre kjøkkenreiskapar er pakka ned i esker, flyttebil er tinga. Det byrjar å bli klart, og det byrjar å gå opp for meg at me faktisk skal flytte. Flytte frå denne byen, frå alle dei fine folka me har blitt kjent med. Eg innrømmer at eg grugleder meg til å flytte; gleder meg fordi eg kom inn på det studiet eg ville, at me forhåpentleg kan flytta inn i vår eiga leilegheit, men gruer meg fordi me må starte på nytt. Eit nytt miljø, nye mennesker. Men det skal jo bli kjekt også, og heldigvis er det jo byane berre ein togtur unna kvarandre :) Før eg forset med nedpakkinga, deler eg denne fine lista med dykk, den aller siste som eg skriv her i Kr.sand by:

✦ få studieplass på mastergraden i Stavanger
✦ endeleg klippe håret kort
✦ kjempeartig og søt video med ein liten andunge i hovudrolla
✦ fin og koseleg avslutning med det beste brassbandet
✦ herleg og velskrive kommentar om at "lærere er ingen sutrekopper"
✦ "Can't imagine what he's dreaming"
✦ berre åtte dagar igjen til me reiser til Reykjavik; tida har gått så utruleg fort
✦ her var det mange artige biletet (og nei, eg har ikkje sett gjennom alle hundre)
✦ sjå fine tulipanar i sterke, klare fargar rett ved ein busshaldeplass
✦ svømme og slappe av på Aquarama saman med han der fine
✦ kjempekjekt å lese ei historie om ein brudekjole som dette
✦ gå i bunaden min
✦ grilling saman med fine folk på syttande mai sjølv om eg var aldri så trøytt etter å ha gått ein god del skritt
✦ kulaste nettsida med så mange fiffige filmbileteidéar
✦ at me skal på Broadway

18. mai 2014

Topp 5 – reiseopplevingar eg gleder meg til

Om berre ni dagar sit me på flyet til Reykjavik. Skal bli så kjekt, spennande og fint å reise på tur i tre veker saman med verdas beste :) Før den tid, er det mykje som skal ordnast og fiksast, alle tinga våre skal pakkast ned i esker og posar, leilegheita må me vaske, ja, det er ein del som skal bli gjort. Men sånn er det jo, og det gjer det jo nesten endå kjekkare at me etter å ha gjort alt dette, skal ut og reise. Hadde ein koseleg kveld i går med fine folk, men me var ikkje så seine i seng, for eg var ganske gåen etter all den gåingå i bunadsko. I og med at turen nærmar seg med stormskritt, vil eg denne sundagen prøve å lage ei topp fem-liste basert på det eg gleder meg mest til å oppleve:

bade i Blue Lagoon og i varme basseng - for ei badenymfe som meg, er det ikkje til å komme bort i frå at dette er noko av det som verkeleg freistar med Island. Me skal jo ikkje vere der mange dagane, og må difor velje berre eit par ting å oppleve, så får me heller reise tilbake ein annan gong; det er jo trass alt eit av våre naboland :)

Broadway - ein av mine største draumar er å sjå eit show, ein musikal, på sjølvaste Broadway. Har vore i London to gongar og begge gongane såg eg ein musikal på West End. Dette er minne som sit veldig sterkt hos meg og når me no skal til New York, er dette verkeleg eit av høgdepunkta. Me har allereie tinga billettar til musikalen Once (eg elskar filmen og musikken derifrå), og gleder meg som ein liten unge!

vintagebutikkar - i dei siste åra har eg fått meir og meir auga opp for vintagemote og det å kjøpe brukte klede. For det fyrste er det miljøvennleg, for det andre kan ein finne så mykje fint som ingen andre har. Eg har allereie sett meg ut nokre butikkar som eg skal besøke medan me er i New York, og så må eg jo så klart innom Brooklyn Flea.

traske rundt i Central Park - treng eg å seie meir?! Her kan me nok bruke mange dagar på å berre gå rundt, traske, sjå på fine statuar og kanskje stikke innom Central Park Zoo

oppdagingsferd - heile denne reisa vår blir jo ei lang oppdagingsferd. Tenk det å berre gå rundt i Brooklyn (det er der me skal bu), finne ein favorittkafé, berre slappe av. Og på Island: oppleve Golden Circle! Oppdagingstrongen min, som eg har hatt no gjennom heile vinteren etter at me tinga flybillettane i desember, skal snart bli dekt ;)

17. mai 2014

Hurra for 17.mai!


Sol, blå himmel, vaiande flagg, korps, folk i bunad, is! Gratulerer med dagen, alle saman! Ordentleg 17.mai her i Kr.sand i år, siste i byen for denne gong. Og sjølv om eg er aldri så sliten etter to tog i steikande sol, skal me på grilling hos nokre fine venar seinare i kveld :)

16. mai 2014

Klar til morgondagen

Bunadskjorta er stroke (det gjorde eg faktisk i førre veke...), sølvet er funne fram og sjekka, bunaden er også funne fram og trombonen er vaska og klar, med ei sløyfe og det heile. I morgon er det nasjonaldagen, det er tohundre år sidan me fekk vår eigen grunnlov. Sjølv skal eg gå i to tog, med instrumentet i handa og bunaden på :) Vil ønskje dykk alle ei riktig god syttande mai-feiring!

14. mai 2014

Forandringar

Ny frisyre til den syttande. Kjensla av slitt hår som blir klipt av, som dett ned på golvet, er for meg fantastisk! Kjenner meg ein del kilo lettare med ein gong :) Men den største forandringen: me flyttar til Stavanger til hausten! Eg kom inn på det masterstudiet eg hadde mest lyst til, master i lesevitskap. Veldig greitt å vite det allereie no, og ekstra kjekt at eg kom inn på fyrstevalet mitt! Etter at håret var klipt på oss begge to i går, var me på Aquarama der me fyrst svømte nokre rundar før me etter kvart berre slappa av i dei varme bassenga, sat litt i badstova og rann i skliene. Finfin dag med andre ord. Og då me kom heim, var det rett ut for å ta bilete av håret i vinden. Glad og nøgd, både med frisyren og med skuleplass. Og at me om tretten dagar sit på flyet :)

12. mai 2014

Beste brassbandet!

Tusen takk til alle de som var med på å gjere laurdag til ein uforgløymeleg dag! Takk for tre flotte år saman med de alle i Agder Brass! Eg er nok enno ein janitsjarperson, men for nokre flotte folk som er i det korpset sjølv om dei er "brassare" (med andre ord: brassfolk). På laurdag hadde me sommarkonsert på torget nede i sentrum og etterpå blei det grillfest her hos oss. I løpet av dagen trur eg me faktisk var atten stk. Veldig kjekt med så bra oppmøte! Og med fine blomar, gåvekort og heimelaga avskjedsgåve, så kunne eg jo ikkje anna enn å bli rørt. Kanskje blir me her til hausten også, det veit me ikkje enno. Uansett så har me sagt at me er gjerne med når Siddis Brass går av stabelen til hausten, så heilt ferdige med korpset er me ikkje ;) Tok ingen bilete på laurdag, for me hadde det så kjekt og koseleg med grillmat, artige samtalar, musikk og berre heilt fantastiske folk! Men bilete av det me fekk frå korpset, det har eg ordna. Artig, og ganske så kreativt, med slike heimelaga gåver, og eg vil berre få seie at eg set veldig pris på det! Eg har fått med meg mange erfaringar som korpsleiar, eg har blitt kjent med mange fine menneske og eg har hatt det så utruleg kjekt, gledt meg til kvar måndag. Tusen takk for no alle saman, så sjåast me uansett igjen!

11. mai 2014

Topp 5 – Poirotepisodar

"Ah, Hastings, my dear friend, they were good days. Yes, they have been good days... Hercule Poirot". Slik sluttar den aller siste episoden av TV-serien Agatha Christie's Poirot med den beste David Suchet som Poirot. Til saman blei det tretten sesongar med variert tal på episodar i kvar sesong. Episodane i sesong 1-5 er for det meste basert på novellene Christie skreiv med Poirot som hovudperson, og dei varer difor "berre" i femti minutt. Frå sesong seks og ut er episodane basert på romanane og varer i halvannan time. Sjølv må eg seie at eg liker best dei nyare episodane fordi dei framstiller Poirot ikkje fullt så karikert og at dei i det heile tatt har ein litt mørkare tone. Med heile sytti episodar, er det vanskeleg å plukke ut berre fem, men eg skal likevel prøve:

Cards on the Table (Kortene på bordet) - ein eksentrisk mann, fire såkalla detektivar og fire som kanskje er skuldige i mord. Kan det bli betre?

Peril at End House (Livsfare ved siste hus) - på ferie saman med venen Hastings, møter Poirot ei dame som er i fare og som kjenner seg trua på livet. Det som gjer at eg framleis hugsar denne episoden er slutten – nemleg det at mordaren ikkje er den du skulle tru.

The Disappearance of Mr.Davenheim (Mr.Davenheim forsvinner) - okei, dette er ikkje den mest spennande eller den mest originale forteljinga, men når ein faktisk skjønner handlinga utan å bli forvirra av Poirot si oppklaring (som ofte på ingen måte stemmer med det ein skulle ha trudd), så "må" jo dette bli ein av favorittane ;)

Dumb Witness (Det tause vitnet) - hunden som speler ei av (hovud)rollene er berre så søt. Og ganske så smart. Og grønfargen på skodda rundt hunden si matmor når ho blir tatt av dage, sit enno i minnet.

Curtain: Poirot's Last Case (Teppet faller: Poirots siste sak) - sist, men ikkje minst, må den aller siste episoden vere med på lista mi. Historia er ei verdig avslutning, og då eg såg episoden førre veke, skuffa den ikkje sjølv om eg hadde høge forventningar etter å ha lese boka relativt nyleg. Inst inne vil eg jo ikkje at det skal vere ferdig, eg vil dei berre skal forsetje å lage så mange Poirotepisodar som mogleg. Men Agatha Christie skreiv ikkje fleire historiar, og med Curtain er det slutt for godt. Bra det finst DVD-ar slik at eg kan sjå favorittepisodane om og om igjen :)

9. mai 2014

Til ein vegg

Sommarkonsert og grilling med brassbandet i morgon. Sidan grillinga skal vere her hos oss, har me i dag rydda, støvsuga, rett og slett gjort det klart til å få besøk. Kan vel ikkje seie at det er så mykje å ta bilete av, så eg legg heller ved nokre bilete av ramme- og biletesamlinga mi. Gleder meg så utruleg mykje til å kunne henge dei opp på veggen når me finn ei leilegheit! Rammene er kjøpt brukt for ti, tjue kroner på bruktbutikkar som Kyrkjetorget, Shalam og NMS Gjenbruk. Har så samla på bilete, klipt dei ut og sett dei inn i dei forskjellige rammene. Ei ordentleg fin samling :)

7. mai 2014

Hekta på hekling

Sjølv om vêret har vore alle tiders her i byen, har det vore litt vind i lufta og dimed greitt å ha noko rundt øyra. Som eit panneband. Dette pannebandet har eg hekla sjølv, og det var eit enkelt og kjekt hekleprosjekt. Idéen og oppskrifta fann eg i boka Hekta på hekling, ei bok eg lånte på biblioteket og som er skrive av Susann Michaelsen. Og det var vel eigentleg det eg hadde å seie for no :)

5. mai 2014

Gladliste på ein måndag

Ein ny månad, og ei ny veke, er her. Sommarkonserten med brassbandet nærmar seg, det same gjer nasjonaldagen. Og flyttedagen. Og sist, men ikkje minst, reisedagen. Som eg allereie har nemnt nokre gongar, så kjem mai til å fly av stad, og før me veit ordet av det er me av garde til "det store utland". Eg gleder meg! Før denne veka tar til for fullt, vil eg berre poste eit innlegg med fine lenkjer og andre fine ting som har fått meg til å le, smile eller rett og slett berre vere glad:

✦ om berre tre veker og ein dag sit me på flyet
✦ litt nerdete, men "If Harry Potter was an Anime"
✦ tulipan i forskjellige fargar
✦ søt kylling og endå søtare babyelefantar (ja, eg er nok glad i dyreungar)
✦ gå turar saman med verdas beste i vårvêret
✦ sjå den siste episoden av Poirot, noko som var veldig vemodig, samstundes som det var veldig fint og ein verdig avslutning
✦ "ja, eg klarte det"
✦ å le av desse vittige svara og denne teikneseriestripa
✦ så utruleg nydelege bilete i dette blogginnlegget
✦ tulle og tøyse i senga om morgonen før me står opp og tar fatt på dagen :)
✦ veit ikkje om eg er klar til å gjere dette med min brudekjole, men nokre av desse bileta er ganske så stilige
✦ "Truest Facts Ever" – her var det mykje artig :)
✦ forlatne stadar kan faktisk vere ganske fine
✦ kafédate i byen med ei veldig god veninne
✦ tenk å vere så kreativ og flink med hendene; dette er jo berre fantastisk å sjå på

4. mai 2014

Topp 5 – smaken av...

"Det er hva jeg kaller en smak av honning" (deLillos). Min betre halvdel har i dag laga nokre energibar (langt nede på sida) med nøtter, rosiner, ein god dose honning og litt mørk sjokolade. Sjølv er eg ikkje så glad i honning, men dei smakte no litt godt likevel ;) Elles har det vore ei fin helg med marsjseminar i går, og i dag har me hatt ein snarvisitt av mamma og pappa og gått ein tur i finvêret :) Nok ein sundag, nok ei toppliste. Mi topp fem-liste i dag er "smaken av":

nybakt brød med gulost - og då snakkar eg så klart om heimebakt brød. Det smaker berre så heilt fantastisk godt, kunne jo nesten ha ete opp heile brødet på ein-to-tre!

sjokolade - dette er vel ei av mine svake sider, for det er vanskeleg å ete berre litt sjokolade når ein fyrst har det i hus. Men me prøver å berre ha litt i helgene, og då gjerne mørk sjokolade, slik at det ikkje blir altfor mykje ;)

mamma sin makaroni- og pølsegrateng - ein av dei beste middagene, og om eg fyrst har bursdag når eg er heime, vel eg glatt denne gode retten framfor pizza, taco eller liknande!

iste eller iskaffi ein varm sommardag - er eg veldig tyrst, så er fyrstevalet mitt vatn, men det er veldig godt å slappe av med eit glass ferskeniste eller kanskje litt iskaffi ute på terrassen under ein varmande sol

risgraut - ingen lille julaftan utan risgrauten; og gjerne andre dagar i året :)

2. mai 2014

Å pakke ned i esker og posar

Dagane går. Eg pakkar, han sit på skulen og skriv på oppgåva si. Me går turar i det fine vårvêret om kvelden, me planlegg resten av pakkinga, reisen vår og litt bryllaup innimellom. For tenk – om berre eit drygt år står me foran alteret og gir kvarandre våre "ja". Men det er jo mykje som skjer før den tid. Mai månad kjem til å gå så fort, snart sit me på flyet til Reykjavik. I og med at me har byrja på pakkinga allereie, er det nokre av veggane som ser tomme ut: både DVD-hyllene og bokhylla er skrudd ned og filmane og bøkene er putta ned i esker. Ja, ja. Sjølv om det kanskje ser litt rotete ut, og sånn sett litt ukoseleg ut, er det herleg å ha byrja. For etter fire år som sambuare er det mange saker og ting som ventar på å bli pakka ned i posar og i esker ;) Med andre ord: ting tar tid.