31. jan. 2017

Dei flottaste bøkene på The British Museum

Eg fortset litt til med å vise fram bilete frå The British Museum. Som dei fleste større museum, har også dette museet ein større butikk der ein kan kjøpe alt frå souvenirar til fagbøker. I tillegg til fagbøker, finn ein også ein haug med skjønnlitterære bøker. Og desse bøkene, akkurat dei du ser på biletet rett ovanfor, dei kunne eg gjerne hatt med meg heim. Alle saman. Heilt nydelege omslag!


På eit av stativa i butikken, stod det nokre bittesmå bøker som blir rekna som klassikarar. Artig konsept, og både han og eg fann kvar vår lille bok: han ein av Shakespeare og eg tok med meg den knallgrøne Sherlock Holmes-boka. Hi, hi, denne miniboka kan eg jo ha med meg overalt :D

30. jan. 2017

The British Museum

Sidan eg hadde bestemt aktivitetar som musikalen Wicked og tur til Harry Potter-studioet (okei, sistnemnde var jo fjorårets bursdagsgåve frå han til meg), ønskja han seg ein tur innom The British Museum. Museet er eit av verdas største, og det er på heile 72 000 kvadratmeter (!), fordelt på 94 galleri. Som ein sikkert skjønner hadde me ikkje ein sjanse til å tråle heile museet på berre nokre timar, men det er litt stas å ha vore der, og ikkje minst var det fascinerande og interessant.


Allereie rett innanfor inngangen blei eg ståande og berre sjå, opp i taket, rundt i rommet. Storslått!


Mannen min var fyrst og fremst interessert i galleria med gresk og romersk historie, og difor prøvde me å prioritere desse. Tenk at alt dette har personar for mange hundre år sidan laga.


Ein av statuane frå Påskeøya står utstilt i museet, og den er mykje større i "levande live" enn det eg nokon gong har tenkt over. Me fann Rosettasteinen, ein svart granittblokk der den same teksten er skriven med tre forskjellige skriftar: hieroglyfar, demotisk og gresk. Den er frå oldtidas Egypt (dvs. før 664 f.Kr.), og sidan den greske teksten lett kunne bli omsett, blei inngangen til å kunne skjønne hieroglyfane. Historie, altså :) Mosaikkfigurar og marmostatuar var andre gjenstandar me titta på.


Fargerike glas, nydelege smykke og brosjer, gullmyntar. Det var så mykje utanom dette som me ikkje rakk å sjå, og eg tullar ikkje når eg seier at me måtte nok ha brukt eit par-tre dagar viss me ville sjå alt. Men då hadde i alle fall eg fått utruleg vondt i føtene ;) Meir å sjå til neste gong.

29. jan. 2017

Sundagsliste, nesten rein Londonversjon ;)

Vel heime etter ei kanonbra langhelg i London! Trur nok denne sundagslista blir fylt opp med ein god del av høgdepunkta frå Londonturen, men så klart har eg litt anna også som oppsummerer veka. Den starta forresten med nydeleg solnedgang (ser du regnbogen?!) ved Mosvatnet, god kaffi, turplanlegging og ny bok på jobb. Så klart kjem eg til å dele mange av bileta frå turen etter kvart, men det er ein liten jobb å gå gjennom dei, og så kjenner eg at eg må la alle inntrykka synke inn. Uansett blir det på'an igjen med jobb i morgon, så her går det slag i slag. Mi veke, som vanleg oppsummert punktvis i ei liste (denne gongen med nesten berre Londonpunkt), kan du lese under:

✦ sykle heim og stoppe opp for å sjå den vakraste solnedgangen
✦ Mummibutikken i Covent Garden
✦ tøffe jenter, og eg er så glad for å kjenne ei av dei, ein heilt fantastisk og nydeleg person
✦ god, heimelaga kaffe latte og sjå i reisehandboka vår
✦ fargerike hus i Notting Hill
✦ søtaste koalaen
✦ alt det gamle og fascinerande på The British Museum
✦ i farta ved plattform 9 3/4 på King's Cross
✦ vakre bilete av ein strandtur inne hos Sandra
✦ plukke med meg ei ny bok heim av ein japansk forfattar, og berre sjekk ut omslaget
✦ besøke Warner Bros. Studio Tour, The Making of Harry Potter, her frå settet til The Burrows, altså huset til Weasley-familien :)
✦ overnatte på same hotell som førre gong me var i London
✦ broderi på vinyldisk
endeleg få sett musikalen Wicked – så kult og for nokre songstemmer!
✦ og også sjå teaterversjonen av The Curious Incident of the Dog in the Night-Time på Gielgud Theatre, for ei oppleving, så himla bra, tøffe visuelle effektar og dyktige skodespelarar!
✦ har kanskje delt denne før, men sjekk ut "Disney Characters in real life" av ein finsk illustratør
✦ gå ein liten tur i Kensington Gardens der me blant anna såg fleire fine ekorn
✦ lese i den herlege The Rosie Effect, oppfølgjaren til den besteste The Rosie Project
✦ bokhandelen Daunt Books i Marylebone

27. jan. 2017

Anne fra Bjørkely

For meg har denne boka, ja, heile serien, alltid vore der, men den har aldri betydd noko spesielt. Eg har visst at den er ein klassikar, men har ikkje hatt noko behov for å ta den med meg heim og lese den. Ein gong i fjor bestemte eg meg for å sjå filmane, det vil seie dei tre filmane med Megan Follows i rolla som Anne. Som sagt, så gjort. Desse filmane overraska meg positivt, og plutseleg fann eg ut at eg ville lese den fyrste boka i serien, nemleg Anne fra Bjørkely, ei bok som på originalspråket kom i 1908. Denne har blitt omset fleire gongar frå engelsk til norsk, men dessverre er nokre av omsetjingane sterkt forkorta. I 2014 blei den nok ein gong omset, denne gongen av Kristina Quintano. Planen er at alle bøkene i serien (ni til saman) skal bli omsette, men det har ikkje skjedd enno. 2014-versjonen er rikt omset, alt det Anne drøymer om og snakkar om, er blitt med og det heile er så herleg detaljerikt. Innimellom er det nokre slurvefeil, som etternamnet Blythe utan e, men okei, utanom det storkoste eg meg gjennom heile boka, eg såg Anne så klart og tydeleg for meg. Og så er omslaget vakkert, så enkelt og fint. Ei god og ekte leseoppleving!

26. jan. 2017

På rulleskøyter



Vel, ikkje eg altså ;) Men Fred Astaire og Ginger Rogers kunne det. På laurdag såg me ein gammal film, slik me ofte gjer dei laurdagane me er heime. Denne gongen fall valet på filmen Shall We Dance (som faktisk har tittelen Skal vi danse? på norsk, akkurat som danseprogrammet på TV2). Filmen er frå 1937 og er med andre ord heile åtti år i år. I ein av scenane går hovudrollene på rulleskøyter i Central Park, og gurimalla, det er så gøy og veldig fascinerande å sjå på. Å seie at dei går på rulleskøytene er å underdrive, dei dansar med dei på! Tenk å kunne gjere det.

25. jan. 2017

Eit tynt, grått teppe

Tåke. Ei slags grå skugge som ligg som eit tynt teppe i lufta. Eller tjukt teppe. Då eg sykla til loppemarknaden på laurdag, sykla eg via Mosvatnet, og tåka låg der, ikkje særskilt tjukk, men tjukk nok til at den laga ei trolsk stemning. Og nok ein gong er det nokon som har hengt opp lappar med fine beskjedar på rundt lysløypa. Ordentleg koseleg! Dette blogginnlegget er publisert på førehand, for akkurat no er me snart i London. Har eit par innlegg til på lur medan me er ute på reis :)

23. jan. 2017

Bøker på loppis

Årets fyrste loppemarknad gjekk av stabelen på laurdag i Ynglingehallen, rett ved skulen der eg gjekk på musikklinja. Fann ikkje så veldig mykje som eg ville ha med meg heim, men det er jo eit eller anna ved det å berre sjå seg omkring. Sjekk ut desse gamle lampene med artige skjermar!


Inne i hallen var det mange folk, og det var visst endå fleire då dei opna klokka ti ifølgje aftenbladet.no; eg var der ikkje før klokka hadde passert elleve. Titta på desse koppane i Astrid-serien frå Figgjo. Frå før står ei søt, lita fløtemugge i hylla her i stova saman med ein tallerken i akkurat denne serien. Men eg synest koppane blei for store og tunge, så det blei med tittinga.


Bøker finn ein jo alltid på ein loppemarknad. I Ynglingehallen hadde dei klart å sortere dei slik at ein kunne gå etter kategoriar som barnebøker, kokebøker og liknande. Sjølv om eg meiner at me i botn og grunn har nok bøker (i alle fall dei me treng og som gjer oss glade eller betyr noko for oss), kunne eg ikkje la vere då eg såg De elendige (Les Misérables) av Victor Hugo i ein fin klassikarserie. Så dei to bøkene blei med meg heim ;) Og det var den loppemarknadturen, den fyrste i 2017.

22. jan. 2017

Tre gåturar, to gode bøker og ei ordentleg jobbveke

Må innrømme at det gjorde veldig godt å ha ei heil helg fri. Eg har jo jobba to laurdagar på rad, og ein merkar at når ein jobbar laurdag, blir helga ganske avkorta. Me har slappa av, gått tur, eg var innom ein loppemarknad, bøker er blitt lesne, ein film er blitt sett og nokre koppar med kaffi har me drukke. Mykje av veka har elles gått med til jobb, både som skrankevakt, som datahjelp og det var også eit allmøte der årsplanen blei lagt fram. Dagane går fort, og om tre dagar sit me på flyet til Gatwick, London. Ser fram til det, men før den tid blir det jobb, orkesterøving og ei sundagsliste:

✦ trolsk stemning rundt Mosvatnet
✦ ein katt som adopterer ein liten apekatt, så søte begge to
✦ kose meg med Anne fra Bjørkely
✦ knakande fint blogginnlegg inne hos Mariell med ting som ein kan gjere for å kjenne seg betre
✦ sjå ferdig fyrste sesong av The Crown
✦ ta turen innom ein loppemarknad, årets fyrste for min del
✦ slike bra tiltak når det gjeld skule, praksisplass og yrkesliv
✦ vise fram mitt bidrag i Monthly Makers med temaet kontrast
✦ setje av tid til å gå turar, både i dagslys og om kvelden, er så godt å kjenne lufta i andletet
✦ "10 tiltak som gir mer tid til lesing" – super liste, via HeiAstrid
✦ titte på norsk porselen på gårsdagens loppemarknad
✦ endeleg sjå ein Fred Astaire og Ginger Rogers-film
✦ å kunne pusse opp og fikse på gamle stolar heilt sjølv
✦ treffe på ein kjenning frå tida mi på musikklinja
✦ ta ein del vaktar ved biblioteket i byen, både i skranken og som datahjelp
✦ kjempefine, gamle kaffibokser, ordentleg retrostil, inne hos June
✦ lese ut den rørande og sterke boka Rom, så bra skriven av Emma Donoghue
✦ denne søte, lille krabaten, berre ein handfull stor
✦ sitje og planleggje turen til London

21. jan. 2017

Ein blomstrande ildtopp

Ildtoppen i stova har byrja å blomstre! Tidlegare i dag titta sola inn, og ein solstråle lyste så fint rett på bloma (sjå bilete på Instagram). Små, men viktige gleder. Elles har eg vore ein tur på ein loppemarknad i dag, faktisk årets fyrste, og akkurat no er det lunsj og god presskannekaffi :)

20. jan. 2017

Vålandsparken v1

Vålandsparken eller Vålandsskogen, plassen er den same. Førre sundag, altså 15. januar, tok me turen ut i sola, i det kalde vêret, ut for å nyte den lille snøen som låg på bakken, gjorde dagane lysare. I år vil eg prøve å ta bilete av skogen til omtrent same tid kvar månad, følgje forandringane gjennom årstidene, slik eg gjorde ved Breiavatnet i fjor. Denne januardagen kasta sola lange skuggar, lyset var gyllent og det var ein perfekt, liten sundagstur. Fredag er her, no er det helg!