30. apr. 2013

Kva eg driv med utanom eksamenslesing

No i desse eksamenstider, er det fint å ha noko å sjå fram til, noko som er heilt fri for norrøn grammatikk og norsk litteraturhistorie. Det kan vere ein film, det å gå på loppemarknad, gå ein tur i det fine vårvêret, eller det kan rett og slett vere å dra på korps ein måndagskveld. Så ja, det går for det meste i korps utanom eksamenslesinga, og då reknar eg med jobben kvar tysdag og torsdag. Men det er måndagen som er høgdepunktet. Spele kjekk musikk saman med fine folk, det er alle tiders, det. Som leder og notearkivar, har eg nok å gjere når pausen kjem. Men berre det å vere på øvinga, spele saman, le saman av artige kommentarar, vere ein del av eit miljø, det er det eg liker best ved korps. Sånn var det i skulekorpset, og slik er det enno. Gleden ved å spele saman og føle at ein er ein del av eit fellesskap, er ei fin kjensle. Og no som eg er midt i eksamenstresset, er det fint å ha noko å sjå fram til ein gong i veka. Det er jo fint uansett om du lurte, men særskilt no :)

28. apr. 2013

Loppemarknad

Lese norrøn grammatikk: check. Ute på byen ein liten tur med nokre av folka frå brassbandet: check. Loppemarkand: check. Gjere litt husarbeid og lese litt meir pensum: check. Slappe av: check. Veninnebesøk utpå kvelden i går: check. Med andre ord: ei finfin helg, akkurat slik den skal vere. Her er to bilete frå loppemarknaden i går. Det var stappfullt, både med folk og med gjenstandar, men så er det jo litt artig å gå rundt og sjå på alt livet og alle dei rare tinga. Fann nokre småting, deriblant den fine globusen på biletet. Ti kroner skulle dei ha for den, så då var valet enkelt. Eg skal nemleg dele den i to og lage ei lampe ut av den, slik som her. No gjeld det berre å få tak i eit gammalt skulekart, for eg skal prøve å dekorere kjøkkenbordet vårt med det slik at bordet og lampa står i stil. Difor er det berre å skrike ut om du sit på eit gammalt skulekart (som er over ein meter, slik at det kan dekke eit bord). Veldig kjekt å vere ute på fredag, og så fekk me som nemnt besøk av ei veninne i går kveld. I dag derimot tar me det berre med ro med litt lesing, kaffidrikking og kanskje litt Wii-speling. Skal nyte dei siste timane av denne fine helga! :)

Topp 5 – barnesongar

Eg har lenge hatt lyst til å ha eit fast innlegg i veka med ein gjennomgåande tittel. Så frå no av skal eg prøve, kvar sundag, å få skrive eit innlegg med tittelen "topp 5". Fyrst ut blir då "Topp 5 – barnesongar", mykje fordi eg nettopp høyrde ein barnesong på iTunes. Eg kjem ikkje til å ta med Disneysongar i dette innlegget; det kjem sikkert til å bli ei eiga liste med berre Disneysongar ein annan sundag. Songane på lista er valt med tanke på mine minne til desse songane. Ein mann som Egner burde sikkert ha vore med på lista, men han har jo så mange å velje mellom at det nesten blir litt vanskeleg. Her kjem uansett lista over mine fem mest minnerike barnesongar:

"Lillebror er lillebror, og Knerten er meg" - eitt ord: Anne-Cath. Vestly

"Kongen på havet" - mange gode minne med denne songen og generelt Kaptein Sabeltann

"Pelle Politibil" - teksten, frå kjenningsmelodien om den snakkande politibilen, sit enno

"Lille Måltrost" - ein nydeleg song som eg faktisk syntest var litt trist då eg var lita

"Kjære Gud, jeg har det godt" - fordi pappa alltid song "cha-cha-cha" på slutten av denne songen

26. apr. 2013

Lunsjpause

Med musikk i øyra, lesebrett, ein kopp med kaffi saman med ei brødskive og eit stykke foccacia, tek eg no ein liten pause frå eksamenslesinga. I dag er det norrøn grammatikk som står på planen. Motivert? Tja, eg veit ikkje heilt. Men det hjelper jo med ein pause og litt påfyll av mat og kaffi. Seinare i kveld skal me ut med ein liten gjeng frå vaksenkorpset. Blir kjekt å sjå dei sånn utanom øving. Og i morgon skal me ein tur innom ein loppemarknad, mest berre for moro skuld :)

24. apr. 2013

Eksamenslesing

Fyrste dag med berre eksamenslesing er overstått og eg må få seie at det har vore ein svært effektiv dag. Det er noko med å komme på skulen, setje seg ned, gjere det ein skal, ta ein lengre lunsjpause, fortsette der ein slapp og så gå heim der ein kan slappe av med god samvit. På skulen fekk eg endeleg sortert dei siste notata slik at eg no har ting samla. Eg må ha det for å kunne lese, for å lese noko viktig ein plass og noko anna viktig ein annan plass – det funkar ikkje for meg (men så er jo eg eit veldig ordensmenneske). Og så fekk eg også lese litt meir på den norrøne grammatikken. Den er absolutt verst; å lære eit nytt språk på tre månadar, der me i gjennomsnitt berre har hatt fire timar i veka, det er hardt, det. Men det hjelper litt å setje seg ned i ro og mak og få eit system på det heile. Den litteraturen me har, er jo ganske så fargerik utanpå. Hadde den vore like fargerik inni, så hadde vel lesinga gått som ein leik ;) Har jo ein del skjønnlitterære bøker i tillegg som eg bør ha kontroll på. Nok å gjere med andre ord. No blir det snart middag, og resten av kvelden skal eg gjere heilt andre ting enn å lese pensum. Kan ikkje sitje med pensum i fanget heile dagen heller...

Litt latter i kvardagen


Sit på skulen no og skal til å jobbe med pensumet. Tolv dagar til min fyrste eksamen i dette semesteret; nedteljinga har byrja! Vil berre få dele denne herlege videoen, for ein god latter forlenger livet, eller kva? Ha, ha, den katten får i alle fall meg til å le! :D

22. apr. 2013

Måndagsblues

















Måndagar er ikkje min dag. Ikkje i det heile tatt. Eg veit at ein burde tenkje "ny veke, nye moglegheiter", men eg er ikkje der. Ikkje enno. Dette semesteret har vore tungt med mykje pensum, lang vinter og skuletimar som byrjar så altfor seint (kvart over tolv). Men no er me snart ferdige; siste forelesning er i morgon. Då er det berre til å brette opp ermane og ta fatt på lesinga. For det er som eg seier utruleg mykje pensum dette semesteret, og eg skal ha to munnlege og to skriftlege eksamenar før det heile er over. Mykje å halde styr på. Difor drar eg fram sitatet frå songen "A Spoonful Of Sugar" frå Mary Poppins. For det er ofte slik at om ein berre vil, kan ein alltid finne noko moro i det keisame. Så i morgon, etter at siste forelesning er overstått, skal eg setje meg ned og lage ein leseplan for dei neste vekene. Så veit eg litt meir om kva eg har i vente. Kven veit? Kanskje les eg eit av dikta om igjen og byrjar å le fordi det eigentleg sto noko morosamt der. Det er lov å håpe. For eg vil gjerne sjå det positive, slutte å vere grinete over vêr og skulearbeid. Der har eg ein del å lære... Blir uansett kjekt med korps i kveld, litt liv og røre etter ei roleg helg.

20. apr. 2013

Jentetapas

Kvelden i går blei like bra som det eg hadde trudd! Kjempekjekt å treffe dei fine jentene igjen, dei som eg gjekk i klasse med dei to fyrste åra her på UiA. No når mange av oss går i forskjellige klassar, er det altfor sjeldan at me ser kvarandre. Eg ser nokre av dei i gangane og på biblioteket på skulen, men det blir ofte med det. Så difor var det ekstra kjekt å treffe dei i går. Før kvelden starta, fekk eg lese litt på den norrøne grammatikken, og så stod eg ei stund på kjøkkenet der eg bakte muffins og brownies til tapasen (som dessert etter all den gode maten, og ikkje som middag, altså). Biletet ovanfor viser jentene, klare til å ete, mens biletet nedanfor, viser all den fine og gode maten som me fekk smake på. Alle hadde bidratt me noko, så det var litt av kvart å velje mellom.

Etter å ha ete, blei det mykje snakking om alt frå musikalar til "Tore Tang", ja, me var innom veldig mykje rart, slik det ofte blir på ein jentekveld som det me hadde i går :) I dag har me berre tatt det med ro. Var ein tur innom butikken og elles har me sete ute i sola med ei god bok og kryssord. Roleg dag, og roleg kveld, med andre ord. Så blir det kanskje litt meir skulearbeid i morgon.

18. apr. 2013

4-4-4

Og kva betyr så desse firetalla? Jo, det betyr fire år, fire månadar og fire dagar. Nei, me har ikkje vore trulova så lenge. Men me har vore i lag i nøyaktig fire år, fire månadar og fire dagar. Kven bryr seg eigentleg om det? Det er jo ikkje noko særskilt viktig, men når eg fyrst har lagt merke til det, så har eg lagt merke til det. Tenk at det er så lenge sidan allereie... Den fjortande desember totusenogåtte, kom han heim til meg; eg hadde invitert han heim til meg for å sjå film. Me visste nok begge to at det låg noko meir bak den invitasjonen, men lite visste me at me no, over fire år etter, sit her, er trulova og med det har lova kvarandre ei framtid saman. Den fjortande desember totusenogåtte var den dagen då me byrja å kalle oss eit par, kjærastar. Det er så himla fint, det. Noko meir har eg ikkje å seie. Det har vore ein heilt vanleg dag i dag med skule og jobb. No sit eg her, skal sjå litt på film, og i morgon er det nok ein dag, nok ein fredag med norrøn grammatikk på planen. Og jentekveld med tapas. Trur det blir ein fin fredag, og ei fin helg. Og gratulerer til mamma som har bursdag i dag! Håper du har hatt ein strålande fin dag, for det fortener du :)

17. apr. 2013

Heimestrikka jakke :)

Vel. Dagane går i eitt. Eg spring frå skule til korps til skule igjen og så til jobb. Eg klagar ikkje, det er jo slik det skal vere. Men når dagane går slik i eitt, går tida så altfor fort, og eksamen nærmar seg "styggfort". Siste forelesning er neste tysdag, og då har eg nøyaktig tolv dagar å lese på før den fyrste eksamenen går av stabelen. Det skal nok gå greitt. Sånn eigentleg. På måndag hadde me note- og lagerrydding på øvinga, så det blei ikkje ein heilt vanleg øving. Men med positive folk, gjekk jo ryddinga som ein leik! Vil gjerne få vise fram den fine jakka som mamma strikka til min bursdag. Den er varm, mørkeblå og berre nydeleg. Det som er litt vittig, er at jakka liknar ei som eg har sett i ein katalog og som no er limt inn i inspirasjonsboka mi :) Oppskrifta på jakka, fann ho her, modell nr.8. Detaljen bak på jakka, gjer heile plagget! Tusen takk til min fine mamma :)

15. apr. 2013

Eit lite plask

Ikkje at eg er veldig glad i regnvêr, slik dei som kanskje dansar i vasspyttane er, men eg måtte ut i går for å prøve å ta nokre bilete. Det kom ikkje så mykje regn som det det var meldt, men ei stund plaska det ned ute. Og no i dag: sol og blå himmel. Lite fargar når det er så grått (og kvitt pga. snøen) ute, men det blei no eit bilete med litt liv i. For dei som lurer, har eg hatt ei fin helg med skulearbeid (både på og utanfor skulen), gode filmar (Wes Anderson er ein fin fyr), stearinlys, musikk og "Popquiz" på radioen – ja, rett og slett ei helg slik den skal vere. Saman med han der fine ^^ Forelesningen på skulen i dag var, tja, det ein kallar "heilt ok pluss minus". Ikkje noko særskilt verken den eine eller den andre vegen med andre ord. Blir kjekt å sjå folka i brassbandet om nokre timar. Er det noko som verkeleg er min hobby, så er det korps, og då aller mest når eg får spele sjølv saman med folk som er like interesserte. For det var jo slik me møttest, han og eg. Korps er ein ekte lidenskap; berre sjå på dei i programmet Korpsfiksert som går på NRK i kveld ;)

13. apr. 2013

"Den finast eg veit"






















Eit bilete seier meir enn tusen ord 

12. apr. 2013

Mindre og mindre snø...

"Morgonstund har gull i munn". Eg veit ikkje heilt om det er sant, eg. I alle fall ikkje når du står opp, ser ut vindauget, og det fell ned kvite dottar frå himmelen. Slik var det i går. Eg er ingen morgonfugl, men med kokt egg til frukost og ein god kopp kaffe, pleier det å vere ein grei start på dagen. Men ikkje i går. No er me jo midt i april, og det skal, i mine auge, ikkje snø no! Men så eg må jo innrømme at det i løpet av dagen roa seg ned, og utpå kvelden var det berre regn. Enno er det nokre kvite flekkar ute i hagen, men i løpet av helga (sundag) skal det regne ein heil masse, og då satsar eg på at det nesten er borte. Og etter det, kven veit. Kanskje kjem våren for fullt, sånn på ordentleg? Men det kan godt regne ein del no i helga, for me skal begge to på skulen og lese til eksamen. Å gå på skulen ein laurdag, sitje der i nokre timar, kanskje fire-fem, for så å gå heim og berre nyte kvelden, det er så utruleg fint. Eg diggar slike laurdagar! God helg, folkens!

10. apr. 2013

I bedet

I bedet kan ein finne mykje rart. Var ute og tok nokre bilete ute i hagen her om dagen, og då såg ein snigel som eg fekk så lyst til å ta bilete av. Dei brune og svarte sniglane, dei som er slimete og i mine auge berre ekle, er ikkje noko særskilt fotoobjekt. Men dei som lever i eit lite hus, dei som har heimen sin med seg overalt, dei er ganske så fine. Når eg er inne på bed, så har eg ei lita fortelling om eit bed og ein ring: eg var vel åtte år då eg var i eit barneselskap. Me leika ute i hagen, eg trur det var "tikken", då eg plutseleg mista ringen som eg hadde på fingeren. Alle leita, men ingen av oss fann ringen min. Eitt år etter, då våren atter kom, hadde mora til ho eg var i selskap hos, funne ringen min i eit av blomebeda deira. Den ringen har eg faktisk den dag i dag.


Eg fann også nokre fine, blå blomar i det same bedet då eg var ute og tok bilete i går. Håper berre det held seg slik, med blomar som gror og graset som blir grønare. Det er nemleg meldt regn og sludd i morgon og på fredag. Eg kryssar fingrene for at det ikkje blir snø; me er jo midtvegs i april, og treng verkeleg ikkje noko meir kvitt ute no. Neida, det blir det ikkje, det veit eg!

8. apr. 2013

Peplumtopp

Neida, dette skal ikkje bli nok ein moteblogg. Men eg er forelska og har vore det ei stund. I slike peplumtoppar. Eller det ein kallar tulipantopp eller topp med kappe. Kjært barn har mange namn. Dei finst med blomar på eller prikkar, einsfarga, med blonder, med eller utan erme og i alle moglege fargar. Kappa, som går ut frå midjepartiet når ein har toppen på, skapar ein fin og feminin figur, noko som ein kan bruke både til kvardag og til fest. Sjølv om eg som regel går i vanlege genserar, så har eg av og til slike dagar der eg gjerne vil pynte meg litt. Då er peplumtoppen perfekt. I skapet har eg fire slike toppar, blant anna denne frå LaRedoute i marineblått. Og så har eg også ein kjole med kappe, denne er også frå LaRedoute. Det er sjeldan eg fell for ein trend, men eg kunne fint ha fylt opp skapet mitt berre med peplumtoppar (veit ikkje om mannen i huset hadde gitt meg lov til det...). Kollasjen er laga på polyvore.com og ikkje med Photoshop, og det er den mintgrøne-lyseblå toppen med prikkar på som er min absolutte favoritt her :) Nettopp komme heim i frå skulen, og seinare blir det, etter ein lang påskeferie, korpsøving :)

6. apr. 2013

Gåtur og helgero

Det er sikkert mykje me skulle ha gjort med tanke på jobb og det faktum at eksamen nærmar seg. Men av og til må ein kople av, til dømes med ein liten gåtur slik me gjorde i går. Kjempeherleg å få kjenne frisk vårluft i andletet, kjenne sola skine. Og så traff me på både ender og svaner. Hadde ikkje med mat til dei, men, men. Dei var villige til å bli tatt bilete av for det om.


I dag starta dagen med "Popquiz", med ein kjenning som deltakar, på radioen, for deretter å sykle ned til byen der me hadde nokre ærend og for å ta ein tur på SKMU – Sørlandets Kunstmuseum. Bra omvisning, mykje fin kunst å sjå, og god kaffe på kaféen deira. På veg heim mata me endene; ikkje dei same som me traff i går, men nokre andre. Måtte jo ta ein del bilete, men kan ikkje leggje ut alle her på bloggen. Skal no byrje på ei bok om han artige Poirot, ein av mine favorittar, og så blir det film og god mat seinare. Satsar på å få gjort noko skulearbeid i morgon...

5. apr. 2013

"I dag kan du sitte på rompa og gjøre så lite du vil. For nå er det du som skal feires, med kake og sang og spill..." (henta frå sjølvaste Kaptein Sabeltann). Å bli eit år eldre, er eigentleg ikkje så ille. Å få litt ekstra oppmerksemd ein dag i året, er ikkje så aller verst. Det er jo ikkje stas som det var då eg var yngre, for då var det jo kake og lys på senga, bursdagssang, bursdagsfest, telefonhelsingar og så klart ein god del gåver. No tar det ikkje så mykje av, men det å få nokre bursdagshelsingar på mobilen og på Facebook, få litt ekstra oppmerksemd frå han fine og få nokre gåver av mine næraste – så klart er det litt ekstra kjekt å ha ein slik dag kvart år! Mamma og pappa var innom her frå onsdag til i går (dei skulle austover og tok då ein rast her i Kr.sand), og då blei det ei lita feiring med litt kake og gåve. Av dei så fekk eg ein kjempefin, heimestrikka blå kardigan (den er ikkje heilt ferdig enno, så eg får heller leggje ut bilete seinare) og ei lommebok. Oppi lommeboka låg der eit gavekort på digitalbok.no, så no må eg berre finne ut kva bok eg verkeleg vil lese. Elles så har det vore ein fin dag med gåve ved frukostbordet, nydelege roser, gått ein liten tur i finvêret, god middag og litt Wii-speling. Har nemleg kjøpt oss Wii; brukt, men i veldig god stand. På biletet ser de nokre av dei tinga eg fekk i dag, deriblant ein reiseguide til New York. Så gjeld det berre å komme oss dit ein gong i framtida. No blir det ein episode av Heartbeat. Fekk nemleg andre sesong på DVD i dag, må berre sjå ferdig fyrste sesong fyrst, den som eg fekk for akkurat eitt år sidan ;) Og så takkar eg for alle fine bursdagshelsingar – dykk er så fine!

3. apr. 2013

Sant!

Innimellom lesing og jobb, er eg ein del innom Pinterest, den sida som eg får så himla mykje inspirasjon frå. Eg har så lyst til å skaffe meg eit eige hus, ei heilt eiga leilegheit, no med ein gong, som eg kan innreie og dekorere akkurat som eg sjølv vil. Alt frå fargar på veggane til møblar og pyntegjenstandar. Det er ikkje så mykje eg kan gjere her i denne leilegheita som me leiger verken med tanke på farge på veggane eller fleire store møblar. Men bilete og pyntegjenstandar, joda, det har me enno plass til. Det er kanskje ikkje så nyttig, men enkelt er det (og det enkle er ofte det beste). Å klippe ut forskjellige bilete og lage kollasj ut av dei, leike meg litt i InDesign eller Photoshop eller lage papirugler. Denne gongen var det InDesign som fekk køyrt seg. Kanskje litt klissete, men det som står skrive på biletet, er noko eg verkeleg synest er sant. Og viktig. Ein kan ofte gløyme kva som verkeleg betyr noko for ein i ein travel kvardag. Synest i alle fall at dette biletet gjorde seg veldig bra på kjøkkenet saman med den fine orkidéen vår :)

2. apr. 2013

Tuba på veggen

Fordi eg ikkje har forelesning på skulen verken i dag eller i morgon, kan eg vel seie at eg har fått ein mjuk start på kvardagen etter påskeferien. Skal på jobb i kveld, på Grim, men det er jo berre nokre timar, så det kjem til å gå heilt greitt. Når ein har slike dagar utan forelesning, er det veldig freistande å gjere ingenting, null-niks-nada, slappe av. Og eg er ikkje noko særskilt betre. Men litt skal eg få gjort, både med tanke på husarbeid og skulearbeid. Om ein drøy månad har eg faktisk min fyrste eksamen for dette semesteret, og som vanleg er det mykje ein skal halde styr på, så her er det berre å setje i gong. Som nemnt i førre innlegg, hengde me opp ein tuba på hytta, ein gammal tuba som fram til no stod nede i kjellaren vår på Sola. Den er frå mitt gamle skulekorps, så eg synest det er artig å ha den hengande på hytta vår. Om dagen fungerer den som veggpynt, om kvelden som lampe. Og etter kvart skal me også hengje opp eit flygelhorn rett ved tubaen :) Nei, no må eg tilbake til arbeidet; det er mykje som skal bli gjort før forelesninga på torsdag.