28. feb. 2025

Frisk rusletur



Vinden tok tak på vår sundagsrusletur ute ved Lervig. Me hadde ikkje behov for å setje oss ned på ein benk, men det var det andre som gjorde, for det er jo eit eller anna ved det å berre sitje der og sjå utover havet. Snøklokkene stod så vakre på rekkje og rad i eit lite skogholt, og eit krokete skapte ei litt trolsk stemning ein anna plass på stien. Sjølv om det var ein kort tur, var det ein flott og god tur.

26. feb. 2025

Eitt museum, to forskjellige utstillingar





Med tanke på at Stavanger kunstmuseum berre ligg eit steinkast unna oss, burde me absolutt ha vore der oftare. Då regnet bøtta ned som verst på laurdag, sykla me bort til museet i fullt regntøy. Utstillinga Moko Moko Club av den japanske kunstnaren Misaki Kawai, står berre ut denne veka, så det var på tide å ta oss ein tur viss me ville få med oss akkurat den. Gøy å møte dei leikne skulpturane som ein kunne børste, klappe og ta på, ja, i det heile ei fargerik, interaktiv utstilling.
 


Nyleg, det vil seie dagen før me var der, opna det ei ny utstilling: "Drøm og virkelighet" med måleri og bilete av Lars Hertervig (1830-1902) og Carl Fredrik Hill (1849-1911). I deira eiga samtid, blei dei begge sett ned på, dei sleit med psykisk sjukdom og levde etter kvart nokså isolerte og brukte dei materiala dei hadde for hand, mellom anna sigarettpapir. Dei to øvste måleria er av Hertervig medan dei nedste er av Hill. Lyset i Hertervig sitt måleri og ikkje minst penselstrøka på treet i det same måleriet, eg stod stille ei stund og berre såg. Også lyset i det eine måleriet til Hill, fanga blikket, og sjølv om eg ikkje er kunstekspert, var det fascinerande å sjå stilforandringa på dei forskjellige verka alt etter når dei var måla. I kaféen åt me ein liten lunsj, drakk kaffi og delte eit kakestykke. Måtte også sjå litt i museumsbutikken før me tok på oss regntøyet og sykla heim.

24. feb. 2025

Himmelske fargar


Som det plaska ned på laurdag! Trass alt regnet, letna det opp utpå kvelden, og himmelen stod i brann over naboblokka. Måtte ut på balkongen ein snartur og berre nyte alle fargane.

23. feb. 2025

Kino ein dag, museum ein annan dag







På måndag opna årets Mammut-sal, og dagane denne vekr har vore travle med mange kundar som har vore innom for å sikre seg eit par godbitar (og eg må vel svare "ja", eg har funne eit par kjekke bøker eg også, hysj). Om berre to veker, er det konsert med orkestere, noko ein kan høyre på øvingane, for no sit stykket mykje betre. I går plaska det verkeleg ned ute, men dei aller fleste dagane har vore fine, eg har gått til jobb med ull frå topp til tå og smilt fordi sola skein. Helga starta med kinobesøk, det har blitt eit museumsbesøk og i dag var det den store lesedagen. Fekk vore ute på ein liten gåtur også, for trass mykje vind, var det sol og ganske så fint ute. Korleis har di veke vore? Om litt er det måndag igjen, og eg legg som vanleg ut ei sånn ei liste slik eg ofte gjer:
 
Thomas Korsgaard har gjort det igjen, og novellesamlinga Snytt ut av nesa er så vond, sår og bra 
så vidt byrje å lage fotobok frå fjorårets interrailtur
blad fulle av små iskrystallar
alltid koseleg å treffe kjentfolk når eg er på jobb, og det skjedde faktisk to gongar denne veka
sjå A Complete Unknown på kino med fine folk, og denne gongen unnte me oss popcorn
fire små pusetassar som klatrar på ein stor hund
årets fyrste snøklokker i hus 
heimelaga surdeigspizza
å, så flott solnedgangen over naboblokka var i går kveld
Kariane Bradleys bok Ministeriet for tid er ei heilt eiga leseoppleving 
David Tennant som syng "I'm Gonna Be (500 Miles)" som vert under årets Bafta-utdeling
og snøklokkene ute ved Lervig då me gjekk tur i dag, så mange av dei i solskinet!
liten selfie i sola medan eg gjekk til jobb måndagsformiddag 
koseleg å sjå eit par av dei eldste Poirot-episodane med mannen min
eg er ikkje snø- og vinterfan, men Tromsø i vinterdrakt inne hos Et katteliv er no ganske vakkert
ha på meg ein favorittkjole og burgunderraud strømpebukse 
hjelpe nokre franske turistar å få tak i ei bok i Kopervik, ein biltur på omtrent to timar ein veg!
tihi, må le litt av denne kattungen som prøver å vekke Bailey
lesing og morgonsola på bussen på veg til jobb
lange skuggar langs Mosvatnet
våre to flotte vinterkrus frå Sara Miller London
artige skulpturar på Stavanger kunstmuseum
lese The Business Casual av B. K. Borison, den siste boka i ein heilt herleg serie

20. feb. 2025

Søte krus til vinterteen


Vinterserviset vårt, det frå Porsgrunds Porselænsfabrik med dompapar på, er jo rydda vekk for denne sesongen. Og treng me fleire krus?! Definitivt ikkje, men eg klarte berre ikkje å gå forbi desse to søte på jobb. Merket er Sara Miller London, og på jobb har me skrivebøker, gaveposar, pennar, lommebøker med meir frå dette merket. Nokre av motiva og mønstera blir litt mykje i mine auge, men så er det andre som er heilt nydelege. Desse krusa med små dyr som speler instrument og går på skøyter, er blitt våre vintertekrus, sånt som (bokstaveleg tala) set gullkant på kvardagen.

18. feb. 2025

Utandørs





Alt det som byrjar å poppe opp i graset no. Solstrålane som får alt til å skine litt ekstra. Å gå til jobb for så å stoppe opp ein augneblink og berre titte på rimet på visne blad, nyte sola før mange timar inne på senteret, beundre snøklokkene. Dei som alltid er like vakre, vår etter vår.
 




Ein luftetur ved Hafrsfjord og dei tre sverda, me var ikkje aleine om å gå langs fjorden. Steinane som var frose fast i isen, fanga blikket mitt. Ved Mosvatnet låg det to svaner, og dei lange skuggane langs stien medan eg traska av garde til jobb. Utandørs i det siste, fine greier som verkeleg gir energi.

16. feb. 2025

To sundagar






Så klart også dagane mellom. Førre vekes sundagsliste, posta eg jo relativt tidleg sidan me skulle av garde til Sola for å feire morsdagen og etter det av garde til Sandnes for å sjå språksjov med Linda Eide i spissen. Dimed har eg med bilete frå begge sundagane i tillegg til resten av denne veka. Me har begge to vore forkjøla, og byrjinga av veka var nokså kjip. Joda, vêret var nydeleg, men eg var såpass slapp at eg ikkje orka å vere ute. Heldigvis var eg grei nok til å komme meg på jobb dei neste dagane (eg hadde faktisk fri måndag og tysdag), og dei dagane eg jobba seint, gjekk eg til jobb, naut sola og fuglesongen. Laurdagsjobb i går, kjemperoleg sundag i dag. Måtte likevel ut i sola ein liten tur, han fine og eg. Klagar ikkje på det. Klagar heller ikkje på å ha lese nærmare 250 sider i dag, det gjer så godt å setje av tid til lange lesestunder. Okei, over og ut for denne sundagen:
 
bøker om bøker er alltid ein sikker vinnar, og eg koste meg med å lese The Wishing Game
strikke eit par omgangar om kveldane 
sjå ferdig kulaste Guys and Dolls
i år er det 250 år sidan Jane Austen blei fødd, og Miranda kjem her med så mange gode boktips
himmel i brann torsdagskveld
alltid sola inn i stova, og eg blir heller ikkje lei av vår gule og kule lampe
altså, det blir jo ikkje søtare enn denne golden retrieveren som seier "hei" til bittesmå pusar
ny sesong av Kongen befaler
himla mange fine bruktskattar på denne Instagram-kontoen
taco i lag med familien førre sundag (og laurdagstaco i går)
språksjovet førre sundag var kjempeartig, og det var stor stas å få helse på Linda backstage etterpå
lange skuggar langs Mosvatnet
få eit spark bak og endeleg lese Jon Fosses Trilogien om Asle og Alida
ikkje berre høyre "Trosser tyngdekraft" frå Wicked, men også denne: "Vår trollmann og jeg"
å, så herleg med ein dæsj gylne solstrålar
ha på meg det gule ullskjørtet mitt i går, og kollegaane skraut av det
snøklokker, no blir det berre fleire og fleire! 
"Top 10 Best Movie Musicals of the 20th Century"The Sound of Music og Singin' in the Rain
høyre "Superstar" på radioen same dagen som den siste JCS-forestillinga gjekk av stabelen i Oslo
alt det ein kan sjå på bakken, denne gongen var det eit postkort
kakao med små marshmallows fredagskveld
lesesundag og ein minitur ute i solskinet
kanskje litt forutsigbar, men Syersken og friheten var likevel ei finfin feelgood-roman

14. feb. 2025

Tjukk genser på pinnane




Sjekk ut sjatteringane på dette garnet! Når eg er ferdig, skal dette bli ein ny Marble Sweater, og i motsetnad til førre gong, strikkar eg den med berre ein tråd. Garnet er nemleg såpass tjukt at det skal gå bra. Fleire av dei andre variantane av garnet, som er Confetti frå Lana Grossa, blir i mine auge litt for "knæsjt" med veldig sterke fargar, til dømes neonfargar. Ikkje for det, som mamma sa då ho såg biletet av garnet, så er jo dette også litt cazy, men samstundes synest eg garnet har fargar som passar i lag. Eg blir glad av å sjå på fargane, kjenne på det mjuke garnet og ta ein ekstra titt på nokre av dei søte maskemarkørane. Eit veldig kjekt strikkeprosjekt å ha på pinnane.

12. feb. 2025

Trosser tyngdekraft


Songen er vel betre kjent under det engelske namnet "Defying Gravity" og er frå musikalen Wicked. Musikalen hadde premiere på Broadway i 2003 med Idina Menzel som Elphaba og Kristin Chenoweth som Glinda. I 2017 såg me musikalen på West End i London, og sjøl om eg hugsar at forestillinga var bra med supre prestasjonar, var eg liksom ikkje heilt overbevist – eg trur eg hadde for høge forventingar. Måtte likevel sjå filmen på kino i fjor, noko eg er glad eg gjorde: Cynthia Erivo er ein ordentleg fengslande Elphaba, alle fargane, koreografien og ikkje minst musikken, veldig gøy! Og når eg høyrer smakebit frå Scenekvelders oppsetting med Sanne Kvitnes som Elphaba og Alexandra Rotan som Glinda, då gleder eg meg endå meir til å sjå den på scena i Oslo i mars.

10. feb. 2025

Små blomar i februar




Å, dette er ikkje det fyrste snøklokkeinnlegget for 2025 og kjem nok heller ikkje til å bli det siste. Og no er det heile i gong, sånn på ordentleg. Tenk at våren kjem, nærmare og nærmare dag for dag.

9. feb. 2025

Mysterie, morgonhimmel og madlalove






Med forkjøling i hus, har helga blitt litt amputert, det skal eg ærleg innrømme. Sola skin inn i leilegheita som berre det, så eg skulle så gjerne ha vore ute ein tur i den friske lufta. Kryssar fingrane for at me få fleire slike februardagar. Om ikkje anna gjekk eg til jobb begge dagane eg hadde kveldsvakt, og ein av dagane var det så å seie berre kjekke kundar innom. Mykje å prise fram mot Mammut-salet som startar om ei veke, bøkene kjem i eske etter eske etter eske. Samstundes har det vore gyllen himmel, mange lesestundar og sjølv om me ikkje er heilt i toppform, gleder eg meg til å oppleve Linda Eide språksjov med Sjur Hjeltnes og Halvor Folgerø i Sandnes i kveld. Før det, blir det taco med familien på Sola. Og før det igjen: ei sundagsliste, nokså tidleg denne gongen:

Miss Marple er alltid ein klassikar, og denne månaden las eg Tretten mysterier
litt av ein soloppgang, berre ein av mange i det siste 
byrje å byggje LEGO-blomar som eg fekk til jul av mannen min
trur det blir bra med tacomiddag på Sola og sidan språksjov i Sandnes kulturhus i kveld
hallepalle, denne trioen med ein liten og to større hundar er berre heilskjønn!
rosa skyer og ein klar måne om ettermiddagen rett etter jobb
fleire snøklokker!
fikse klede
senterleiinga som kom innom med Love Hearts, for det er jo noko som heiter "madlalove"
"Top 10 Most Creative Classic Dance Scenes" – så klart med både Gene Kelly og Fred Astaire
så klart må eg jo lese resten av bøkene i serien, og Reisen til det ytterste hav er ei av dei betre
sjekk ut dei søte korta til mors- og valentinsdagen
surdeigspizza i går og surdeigsbrød i dag, begge delar heimelaga
litt av ein nøkkel som eg såg medan eg traska til jobb
å sitje ved eit vindauge og berre lese, så mange flotte bilete i denne Instagram-posten
sjå dei aller fyrste Poirot-episodene, veldig lenge sidan sist
og ein gyllen kveldshimmel då eg tok bussen heim frå jobb ein annan dag
supernøgd med lua som eg strikka i restegarn
høyre Ina Svenningdal på "Min favoritmusikk", for her var det songar frå musikalen Once
las også nyleg ut Sølvstolen
solskinet dei aller fleste dagane denne veka
strikke eit par omgangar om kveldane