30. sep. 2020

Til de voksne



"Rynkene mine er sjelens dagbok. Livets speil. Hjerteslagenes transkripsjon. Sies det. Og jeg er enig. Bare se. Det er lett å se. De snirkler seg rundt i fjeset mitt som noveller skrevet med løkkeskrift, romaner skrevet med fjærpenn, hardt og påståelig, vilt og brutalt." (s. 104). Sukk. Linn Skåber og Lisa Aisato har gjort det igjen. For to år sidan kom dei ut med boka Til ungdommen, no er det Til de voksne. Skåbers tekstar er poetiske, såre, vakre og slåande, eg trur me alle kjenner oss igjen i fleire av dei små avsnitta i boka. Og som vanleg blir eg bergtatt av Aisatos illustrasjonar. Fargebruken, strekane, detaljane. Tips til julegåve, anten til dine kjære eller til deg sjølv!

28. sep. 2020

Regn, sol og magisk lys på siste del av bilturen vår




Siste dagen, då me vakna opp i Aurland og skulle køyre heilt heim til Stavanger, var det regn og gråvêr ute. Det letta litt etter litt, men gurimalla, dei fyrste timane bøtta det ned. Me stoppa ved finaste Skjervsfossen for å ete maten me hadde med oss og for å gå på do (det er ein artig og fin do på parkeringa). Regnet gav seg medan me stod der slik at me gjekk ut for å sjå på fossen før me køyrde vidare. Fossar finst det mange av i Vestland, men me hadde eit godt stykke å køyre, så me stoppa ikkje ved fleire – eg berre knipsa eit par bilete frå bilvindauget ;) Raskaste vegen er om Haugesund og ferja over Boknafjorden. Den finaste vegen er nasjonal turistveg Ryfylke. Hadde eit par stopp innimellom, blant anna stakk me innom butikken All verdas (der var det både mykje fint og mykje rart). Mata ender nede på kaia i Nesflaten, og gjennom skyene fekk me sjå eit magisk lys. To veker ferie med bil i Noreg. Heldige er me som bur i dette landet, full av vill og vakker natur ♥︎

27. sep. 2020

Svømmestemnehelg og ei sundagsliste full av fine punkt



Sundagslista kjem litt seint i dag, men når ein har svømmestemne på jobb, går plutseleg helga veldig fort. Merkeleg å ha stemne i den tida me er i no, og det har vore stort fokus på reinhald, avstand og generelle koronatiltak. Difor vil eg påstå at det har gått over all forventning. Fyrste stemne på aldri så lenge. Så, kva elles har eg gjort denne veka? Det har gått mykje i kaffidrikking, strikking og lesing, akkurat slik det pleier å vere. Eg veit eigentleg ikkje om det er så mykje meir å skrive, for det har i og for seg vore ei roleg veke (før stemnet i helga), på ein måte ei nokså normal veke (om eg kan seie det i desse tider). Snart leggjetid, så det er på tide å poste det eg har skrive:

✦ Helge Torvunds diktsamling Liljevilje, han finn dei finaste orda
✦ endeleg ny sesong av det besteste programmet: Eventyrlig oppussing
✦ orkesterhumor frå TwoSetViolin: "10 Levels of Orchestral Music"
✦ måtte stoppe på veg til jobben ein dag då eg så regndropar på haustfarga blad
✦ "Sommerregn i septembernatta", du skriv alltid så fint, Ida
✦ regn på ruta, kaffi og hygge inne
✦ kjempestas å ha komme i gong med raglanauking for fyrste gong når eg no strikkar ein genser
✦ eit anna blogginnlegg som eg gjerne vil dele: "A bit of bliss" inne hos Synne
✦ skrattle av sesongpremieren på Kongen befaler
✦ Coco og Loulou må vere dei søtaste og finaste dachshundane
✦ fann plutseleg ut at Patterson og Paetro har skrive endå fleire bøker i eit lettlesen krimserie
✦ gruppeøving med messinggjengen i orkesteret
✦ "May It Be" frå Ringenes Herre i nydeleg celloversjon (musikaren Hauser er berre rå)
✦ møte eit søtt piggsvin på veg heim frå kveldsvakta midt i veka
✦ fine ord frå min nærmaste kollega
✦ mange kanonflotte hus inne hos Alicia
✦ Linn Skåber og Lisa Aisato har nok ein gong laga ei vakker bok, nemleg Til de voksne
✦ filmen Eddie the Eagle med Taron Egerton og Hugh Jackman, rett og slett herleg
✦ trur denne skjønne, lille kattungen har det veldig bra
✦ fordelen med å jobbe skift: å kunne sitje på kafé midt på lyse dagen med bok og cappuccino

25. sep. 2020

Aurlandsvangen og Vangsgaarden



Siste overnatting i løpet av bilturen vår, var i vakre Aurlandsvangen med utsikt over Aurlandsfjorden. Me hadde ein roleg kveld der me åt middag, las i gode bøker og gjekk litt rundt i gatene. Koselege hus, fine blomar og det var herleg å berre stå nede ved fjorden og nyte utsikta.




Frå Vangsgaarden Gjestgiveri, der me skulle sove for natten, kunne me sjå rett over til eit hustak der ein katt låg og slappa av. Hi, hi, den var så søt der den låg! Vangsgaarden har ei lang historie, og det er jo akkurat slike hotell og overnattingsplassar me liker å besøke. Alltid like stas å berre gå rundt og sjå på alle dei gamle detaljane, sitje i finstova og lese. Ein ypperleg siste bilferiekveld!

24. sep. 2020

Torsdagsbøker

Bøkene om Anne Shirley, eller Anne of Green Gables-bøkene om du skulle lure, vil alltid vere med meg som ei kjempefin leseoppleving. Det er noko med språket til Montgomery, måten ho skildra tankane til Anne på, dei magiske skildringane av landskapet ute på den vakraste øya og ikkje minst karakterane ho skapte. Serien om Emily of New Moon, ein trilogi, er ikkje heilt det same, men eg koser meg veldig likevel. For eg ser fleire likskapar mellom desse seriane og eg kan aldri få nok av Prince Edward Island. Tidlegare i år las eg Sløve hester, den fyrste boka i spionserien om Jackson Lamb og resten av gjengen ved Slough House. Nyleg las eg ut bok nr. to, Døde løver, og sjølv om den fyrste boka var best, likte eg å lese vidare og ser allereie fram til den neste i serien. Ute bøttar det ned og eg koser meg inne med ei ny bok. Om ikkje så lenge er det kveldsvakta på jobb.

23. sep. 2020

Storslåtte Aurlandsfjellet


No byrjar me å nærme oss slutten på årets bilferiesommar i Noreg. Det har vore kjekt å fordele innlegga utover seinsommaren og hausten, ikkje stresse, men heller bruke tid og kose meg med å sjå tilbake på alt det flotte me opplevde. Etter at me hadde gått rundturen Vindhellavegen-Sverrestigen, sette me snuten mot Aurland. Raskaste vegen er jo gjennom Lærdalstunnelen, men me valde å køyre om den nasjonale turistvegen Aurlandsfjellet. Me har køyrt der ein gong før, nemleg for fire år sidan, men det var andre vegen (frå sør til nord). Bratt og svingete, men for ein storslått natur. Ein av plassane me stoppa, var ved Vedahaugane. Her kan ein blant anna oppleve installasjonen "Den – hiet på Aurlandsfjellet". Bjørnehiet er det kunstnaren Mark Dion som står bak, og det var ei spesiell kjensle å gå inn i det mørke og noko kalde hiet, berre stå der ei lita stund og titte bort på den sovande bjørnen på ein slags skraphaug. Det går også fleire turstiar oppe på haugen, og eg kjente ei ro då eg stod og naut utsikta i det spesielle lyset på fjelltoppane.





Snø og små vatn, vegar som svingar seg av garde, landskap som minner om ei langstrakt vidde. Også her møtte me sauar på vegen, det er visst slik det er å køyre på visse vegar i Noreg, hi, hi. Kontrastar på himmelen gjorde det heile ekstra magisk. Å, vakre Aurlandsfjellet, vårt vakre land!

22. sep. 2020

Borddekking som vekker gode minne

Liten fredagsdate med god middag, frisk sider kjøpt i Hardanger då me køyrde heim i sommar og mormorserviset. Kvardagsdate på sitt beste, sånn rett før helga tok til. Eg blir varm om hjartet  og minna strøymer på kvar gong me tar fram mormorserviset. Det skal ikkje alltid så mykje til.

21. sep. 2020

Kvernevikturen

God måndag. Eg har hatt fri i dag og byrjar ikkje på jobb før på onsdag. Ute har det vore grått, og eg har difor kost meg inne med strikking, lesing, noko rydding og sett på ein serie. I går var det derimot heilt strålande ute, ein sånn haustdag eg håper me får oppleve fleire av. Sola skein og varma og eg, mannen min og broren min, kom oss ut til Kvernevik der me gjekk Kvernevikturen. Lyngen er ikkje lenger lilla, men gyllenbryn, akkurat slik det er om hausten. Me gjekk forbi ein nypebusk der det var meir nyper enn blomar, og dei lyste så skinnande raudt i sola.


Tidlegare i år var me ute ved Smiodden ein dag det blåste stikker og strå. Heldigvis var det ikkje slik i går, så me tok ein miniomveg bort til "Brutt lenke" slik at også broren min fekk sett minnesmerket over "Kielland-"ulykka. Ein reflekterer ofte litt ekstra når ein er på slike plassar. Me hadde godt driv og trong difor ikkje ein rast på benken, men ein benk ut mot horisonten er alltid eit kjært syn. Og så lyset ute i skogen (for turen tok oss med ute ved havet, inne i skogen, eit par skritt ved Hålandsvatnet og inne i bustadsområde)! Gyllent og varmt, så innmari flott!


Høge gule blomar og gjess ute på eit jorde, nesten i lag med kyrne. Trur det var kanadaggjess og ei hvitkinngås me såg, men eg er ikkje heilt sikker. Fine var dei no der dei gjekk. Til slutt var det ned mot svaberget og sjøen igjen, og eg sette meg på huk for å sjå på små og store skjel eit lite minutt.