28. feb. 2015

Små barn, store gleder

Ha, ha! Av og til får eg så lyst til å berre gjere noko sprøtt, og det var akkurat det eg gjorde då me var ute på tur i dag, Sjølv om begge to hadde vore på jobb, eg på Gamlingen og han på skulekorpsseminar, og også det faktumet at det regna ein god del ute, så kom me oss ut på ein liten tur før det blei heilt mørkt. På vegen gjekk me forbi ein lekeplass, og då kunne eg ikkje dy meg. I fullt regntøy og heile pakken ;) No ventar kjempegod heimelaga pizza og Quantum of Solace.

27. feb. 2015

Det finaste vårteiknet

Eg blir aldri lei av å sjå snøklokker ute, for dei er for meg det aller finaste, vakraste og beste vårteiknet. Det er så godt å sjå at det gror ute, at det blir lysare og varmare, litt meir dag for dag. Såg desse på veg til butikken i dag, og då klarte eg ikkje å la vere å ta nokre bilete :) Skal snart av garde til jobb på Gamlingen, så eg ville berre dele desse bileta og ønskje alle ei finfin helg!

25. feb. 2015

Gjenbruksprosjekt

Då eg fann ut at temaet for denne månaden i Monthly Makers var gjenbruk ("återbruk" på svensk), blei eg ordentleg glad. For er det noko som berre betyr meir og meir for meg, så er det nettopp gjenbruk og det å kjøpe brukt i staden for berre nye ting. Seinast i dag då eg var nedom sentrum ein tur, kjøpte eg nokre fint retrostoff i ein bruktbutikk og eit knallfint skjørt på Fretex. Her i heimen er det ein god del gjenbruk, som dette kjøkkenbordet som blei til ein kontorpult, fillerya av gamle T-skjorter og globuslampa i taket. Med gjenbruk som februartemaet, fekk eg lyst til å gjere to ting som eg lenge hadde tenkt å gjere: lage ei LP-klokke og hengje opp magasinhaldarar på veggen som ei lita hylle. Den siste idéen pinna eg på Pinterest for ein del år sidan, så no var det kanskje på tide å gjere noko med det. Mamma hadde nokre gamle haldarar heime, så me fekk dei, måla dei me måling me hadde her heime, og no manglar me berre nokre skruar, så er dei klare til å hengjast opp. LP-klokka er noko av det enklaste, og samstundes finaste, gjenbruksprosjektet som finst her hos oss. Me kjøpte ei brukt LP-plate på NMS Gjenbruk og urverk på Clas Ohlson. Før me sette saman alle delane, måtte me lage eit bittelitt større hol i LP-plata, og så måla me visarane gule med hobbylakk. Veldig nøgd me begge prosjekta, og rett ved magasinhaldarane heng jo oppslagstavla som også er gjenbruk av ei gammal bileteramme, noko fyll og gammalt gardinstoff. Og på tampen så sleng eg med eit bilete av globuslampa i same slengen, for den må jo vere det kulaste prosjektet med gjenbruk her i heimen :) Her kan de forresten lese litt meir om mitt syn på gjenbruk og loppisar, og dagens innlegg blir altså mitt bidrag i februartemaet av Monthly Makers.

24. feb. 2015

Interiørbøker og inspirasjon

Medan det regnar ute, sit eg inne med ein kopp te, musikk og interiørbøker. Det må vere lov til å ta det litt med ro dagen etter at oppgåva er levert, eller kva?! :) Tidlegare i dag fekk eg lese pensum til forelesninga i morgon og øvd litt på trombonen før øvinga i kveld, så noko fornuftig har eg no gjort. Desse to bøkene kjøpte eg i haust då me nettopp hadde kjøpt og overtatt leilegheita. Det var mykje som skulle innreiast, og då er det alltid kjekt å hente inspirasjon frå fine bøker, bloggar eller Pinterest. Eg brukte nok ikkje bøkene veldig aktivt i haust fordi eg allereie hadde ein idé om korleis ting og tang skulle vere. Men det er jo alltid lov å drøyme seg litt vekk og tenkje ut korleis eg vil ha det neste gong me skal fikse litt her i heimen. Til dømes er det ein del me kan gjere på soverommet, for der gjorde me omtrent ingenting før me flytta inn. Kanskje i løpet av sommaren?

23. feb. 2015

Rundt Vannassen

Å kunne ta ein gåtur utpå ettermiddagen medan det framleis er lyst, byrjar å bli ein realitet no når me nærmar oss mars. På fredag tok me ein liten tur, og det var så fantastisk at det framleis var litt dagslys sjølv om klokka bikka fem og nærma seg halv seks. Litt grått var det, og ei lita stund kom det litt hagl, men bortsett frå det var det berre herleg å trekke frisk luft og strekke på beina etter ein dag med skriving på oppgåva (som forresten no er levert. Herleg kjensle!). Fyrste stopp var desse snøklokkene, blomar eg alltid blir glad av å sjå. Etterpå gjekk me vidare til Vannassen. Gjekk rundt vatnet, titta litt på endene og svanene, såg store, trolske tre og gjekk så tilbake igjen. Sjølve turen rundt vatnet tar ikkje så lang tid, men det tar litt tid å komme seg fram og tilbake, så alt i alt er dette ein passeleg kvardagstur på tre kvarter. Håper de alle har hatt ein fin start på denne veka :)

22. feb. 2015

Påskeliljer og jobbsundag

Dagen i dag har vore lang med jobb frå halv tolv til seks, og så siste rest på oppgåveskrivinga. Mykje av dagen i går gjekk igså med til å skrive, så denne helga har gått så altfor fort. Dei to neste vekene kjem til å gå like fort, for dagane er fylt med skule, orkester, jobb, brudevalskurs og konsert med orkesteret. Men det er jo slik det ofte er, at det i periodar er veldig mykje som skjer :) Lista er ikkje fullt så lang som førre sundag, men eit par punkt blei det jo denne gongen også:

✦ bruke gåvekortet eg fekk frå Hånes og Tveit skolekorps då eg slutta i fjor på The Sound of Music – in concert i midten av mars :D
✦ Jonna som skriv så himla fine og bra innlegg: "Borde du inte göra något annat?" og "Vad älskar du idag?"
✦ ha ekstra god tid til oppgåva, til å slappe av, gå turar i nærområdet
✦ le av denne "traileren" (særskilt mot slutten) og av desse ungane
✦ enno meir Harry Potter-relatert humor
✦ sjå gule, fine påskeliljer, og endå fleire snøklokkar, på tur til Vannassen
✦ "31 tegn på at du er fra Stavanger-området" og denne herlege saka her om "14 ting dagens skolebarn aldri kommer til å oppleve"
✦ at eg kjenner med igjen i dette viktige innlegget om forhold, skrive av Sandra
✦ denne lille saka om at Disney-filmar heng saman, "Songs in a picture" og denne om "troll"
✦ "Min garderobe" hos Ine – eg blir inspirert til å rydde mitt eiga kledeskap og verkeleg investere i nokre få, men gode basisplagg
✦ svaner og ender, fin reinmose og trolske trær, då me var på tur på fredag

20. feb. 2015

Om vener og venskap

I løpet av livet, stiftar ein stadig nye kjennskap. I barndomen, som ungdom, som student, i arbeidslivet og også når ein byrjar å bli gammal og grå. Det er ikkje alltid ein klarer å halde på eit venskap gjennom eit heilt liv. For sånn er det. Av og til har ein ikkje meir å snakke om, ein er i heilt forskjellige fasar av livet eller ein har berre "mista kontakten". Men nokre vener kjem inn i livet og berre blir der. For min del er det nokre frå skulekorpset, andre fra vidaregåande, folkehøgskulen og UiA. Det har ikkje vore så enkelt å skulle finne nye vener, komme inn i eit nytt miljø då me flytta hit i fjor. Men litt etter litt har det blitt betre, og førre torsdag inviterte eg nokre av dei i klassen min på kollokviekveld. Kjempesosialt! Og både torsdag og fredag fekk me vore med eit venepar av oss som til vanleg bur i Oslo og i Gøteborg. Ho er ei kjempegod veninne av meg frå vidaregåande, medan han budde i lag med kjærasten min her i Stavanger før me flytta til Kr.sand. Så utruleg kjekt å vere ute ein tur på byen med dei, le, snakke og spele "Fantasi og "Idiotkunnskap" her heime kvelden etterpå. Dei er nokre av dei me skal reise til Vinjerock med, og det skal bli så artig, akkurat som i fjor :) For når dei finaste venene eg har bur i Trondheim, Bergen, Oslo, Ås, Kongsberg og Kr.sand/delvis Frankrike, så er det alltid litt ekstra kjekt når nokre av dei er heime her i området elelr når eg får til å besøke dei. Dei tre fyrste bileta er frå besøket førre veke, det siste frå Vinjerock i fjor. Skulle gjerne ha funne bilete av alle dei eg er glad i og som eg saknar, men det får bli med desse fire bilete for denne gong. Vil likevel de skal vite at dykk alle betyr så mykje for meg, uansett om me bur i forskjellige byar, og eg håper me framleis klarer å halde kontakten om ti år!

19. feb. 2015

Nokre små bryllaupsdetaljar

Bryllaupet nærmar seg med stormskritt, og fleire og fleire detaljar er på plass. Ein god del må på plass. Men sånn er det jo, det er alltid noko som skal gjerast ;) Eg er den av oss som synest at smådetaljane er det kjekkaste, og no, sånn ved sidan av skuleoppgåva, tittar eg på hårfrisyrar: slør, ikkje-slør, med hårbøyle, rett ned. Har ikkje heilt bestemt meg enno, men det hjelper å få idéane, for håret, dekorasjonar, blomar og alt det andre, inn i ein og same perm. Kaketoppen er i hus (kan ikkje vise heile enno), og no småputlar eg med smykket. For halvanna år sidan fann eg desse øyredobbaneetsy, og sjølv om ikkje bryllaupsdatoen var bestemt, visste eg at desse måtte eg ha til bryllaupet. Det meiner eg enno. Etter mykje leiting fann eg endeleg dei same glasperlene og perlekapper til å ha dei oppi, så no blir det eit smykke også. Sidan fargen er kongeblå, passar det jo perfekt :) Om halvanna veke blir det brudevalskurs, og eg veit det kjem til å gå slag i slag med både jobb, skule, orkesteret og bryllaupsførebuinga. Plutseleg er me komme til slutten av mai 

18. feb. 2015

Bibliotekbesøk i NY

For de av dykk som kjenner meg, så er det ingen løyndom at eg er over gjennomsnittet glad i bøker. Har alltid vore det, kjem alltid til å vere det. Til og med ikkje eit semester med litteraturhistorie klarte å øydeleggje lesegleda mi, sjølv om det var ganske så nære. Då me var i New York, var det rett og slett "obligatorisk" at me måtte innom The New York Public Library. Utenom bøkene, så er jo bygninga i seg sjølv kjempefin! Det var ei barnebokutstilling inne på biblioteket då me var der, men før me kom så langt, var me innom suvenirbutikken. Sjå på desse små, søte miniatyrbøkene til å hengje rundt halsen, og klassikarar med utrolig fine omslag. I sjølve utstillinga møtte me på alt frå gamle, små bøker til Dr.Seuss og Alice i Eventyrland. Det var Den hemmelighetsfulle hagen, ei bok eg fekk av mormor og som enno står i bokhylla. Og med Mary Poppins, Harry Potter og Frøken Detektivvar utstillinga komplett for min del! :) Fekk også sett den ekte Ole Brumm og vennane hans, og me beundra interiøret og bygninga litt meir før me traska blide og nøgde ut.

16. feb. 2015

Frisk luft + dagslys = sundagsglede

Mellom oppgåveskriving og middag i går, tok me på oss godt med klede og gjekk oss ein tur. Fyrst gjekk me opp til Vålandstårnet, og sjølv om vinden blåste og det var litt kaldt, var det så herleg å kjenne frisk luft, nyte utsikta og ikkje minst dagslyset. Det er så godt å kjenne sola og oppleve dagslyset, kanskje spesielt etter den litt tunge hausten i fjor. Tok nokre bilete utover Stavanger, for utsikta frå Vålandstårnet er jo omtrent like bra som den på Ullandhaugtårnet ;) Og når trea såg ut som prylepilen, kunne det jo ikkje bli noko særskilt betre. Gjekk gjennom Vålandsparken på veg heim, og då fekk me ei lita utsikt over Mosvatnet. Så utruleg kjekt og herleg å ha såpass mange moglegheiter når det gjeld turområde berre nokre steinkast unna heimen vår!