31. juli 2023

Sommarkveldar på Sjøholt




Kvar gong. Denne utsikta.


Til og med når tåka ligg som eit grått teppe, er det noko spesielt med utsikta frå barndomsheimen til mannen min. Fjord og fjell. Noko trolsk over det heile då kveldslyset skein gjennom tåka.




Rosa himmel over fjella, ei tåkestripe rundt eit anna fjell og kveldsskyer. Var også ute med mobilen, og den fangar lyset på ein annan måte, noko du kan sjå i videoen som ligg rett over. Utsikta er kanskje den same, men kveldane er ikkje det. Ei ny kveldsoppleving kvar gong.

30. juli 2023

Vestlandsvegar








Nesten ei veke på Sjøholt hos svigers. Som det alltid er når ein har ferie, har dagane gått veldig fort og i morgon vender me snuten heimover. Med både gåtur, bytur, kafétur, solnedgangsstunder, middagslaging, lesing og det eine med det andre, er det klart det har blitt ein del bilete (tihi). Etter kvart blir det vel blogginnlegg både frå togturen vår og denne veka her på Sunnmøre. No er det sundag, og eg skal prøve å oppsummere ei veke fylt med alt det eg nettopp har nemnt. Trur eg berre skal setje i gong med denne sundagslista i staden for å skrive ein lengre tekst:
 
spennande og fascinerande å lese om fleire av dei gamle vegane i Vestlandsvegar
tur ut til Devoldfabrikken med til dømes alle fargane i vindauget til Celsius Glasstudio 
lese den fyrste boka i Elementkvartetten, framleis med Jimmy Perez i spissen på Shetland 
traileren til sesong to av Heartstopper
kafébesøk med min betre halvdel og svigers på koselege Stolt Mat 
fossar i hopetall då me køyrde opp hit tysdag
ete god is på Lamella i Ålesund
magisk tåkestemning i denne Instagram-videoen
tåkestripe i solnedgang ved fjella
byrje på andre sesong av Good Omens, så himla gøy!
og i fyrste episode: artig at Aziraphale høyrer på Sjostakovitsjs 5. symfoni, for den har me spelt 
vere i lag med svigers og han eine svogeren min
ein søt gjeng med ein hund og tre kattar
tåkemorgon, men kaffi i ein favorittkopp og mjukt pledd gjorde morgonen lysare
diktsamlinga Lyden av stein som flyttar seg under vatn av Lars Ove Seljestad
utsikta over Ålesund frå Akslafjellet
svipptur ut til dei gamle, flotte Skodjebruene tidlegare i dag
fargerike veggteppe sett på bruktbutikken på Kyrkjetorget
og alt det rare og gamle ein kan finne på Trankokeriet Antikk
TwoSetViolin har nyleg besøkt Sibelius-huset i Finland (eit stopp neste gong me er i Finland?!)
herleg med bading og badstue i Bybadet etter ein gåtur
lesetid både inne og ute, i bilen og på kafé
og lese ut den siste boka i Tremarnock-kvintetten av Emma Burstall

29. juli 2023

Postkort frå Ålesund

Jugendstilbyen Ålesund. Eit lite postkort frå ein topp midt i byen.
 





Bytur på han fine og meg i går, og det var akkurat passe turvêr; verken for varmt eller for kaldt. Dimed blei det ein liten gåtur i løpet av utflukta vår. Frå byparken kan du gå opp til Akslafjellet, ein tur der ein går dryge 400 trappetrinn før ein er oppe på toppen. På veg opp såg me både kunst, ein kanon og teljing av dei nemne trappetrinna. Vel oppe får du ein kanonbra utsikt over byen. I 1904 brann store delar av Ålesund, men det tok ikkje lang tid før byen var bygd opp igjen, denne gongen i jugendstilen. Stilen er ganske særeigen, og det er lett å kjenne igjen Ålesund på bilete.




Oppe på fjellet er det også andre små turar ein kan gå, og me valde å traske litt vidare, endå høgare opp til det ein kallar Rundskue (førre gong me gjekk der, for ti år sidan, gjekk me "berre" opp trappene til fjellstua). Festlege skuplturar såg me på vegen, og me måtte jo ta eit sjølvknips på toppen. Etterpå gjekk me same vegen tilbake før det blei lunsj på Tante Bruun og bading i Bybadet.

28. juli 2023

Loppis og antikk på Kyrkjetorget og Trankokeriet


Ingen Sunnmørstur utan Kyrkjetorget. Diggar at det finst ein så stor bruktbutikk i heimbygda til mannen min. Fat og tallerkenar med fine mønster, eit servise eg veit eg har tatt bilete av før nettopp fordi eg liker det så godt (skulle gjerne ha kjøpt det, men me treng ikkje eit heilt servise), ordentleg Poirot-kaffikopp, forskjellige glasobjekt i vakre blåfargar, fargerike veggteppe og eit forsøk på å syne fram kor stort det er inne i bruktbutikken. Eit herleg samansurium av loppisar!


Ålesundstur på oss i dag, og før me drg heim til svigers igjen, var me innom Trankokeriet Antikk. Slappa fyrst av med ein god cappuccino etter gåtur og bading. Sidan brukte me (eller: mest eg) litt tid på å gå rundt i butikken og titte. Altså, sjekk ut alle dei flotte tekannene! Retroservise på rekkje og rad, og det same med glasflaskene som stod i vindauget og blei lyst opp av sola. Lukta av gamle ting og stemninga i butikken, er du i Ålesund, er Trankokeriet vel verdt eit besøk.

Gjennom bilvindauget




Vestlandskøyretur. Fjord og fjell, høge bruer, tåkeheim, grønt landskap, fossar og fine hus.




Tysdag såg også slik ut: regn på tre av dei fire ferjeturane som me hadde i løpet av dei dryge elleve timane på vegen! Og så klart ingen køyretur i Noreg utan nokre kyr og sauar langs vegen, tihi. Berre eit par bilete tatt i farta med mobilkameraet på veg frå Stavanger til Sjøholt med bil.

27. juli 2023

Frå Göteborg til ein dag i Stockholm




Sit i stova hos svigers akkurat no. Tysdag køyrde me heile vegen opp til Sjøholt frå Stavanger, og det gjekk overraskande greitt å ta heile turen i eitt. I går slappa me av medan me i dag var ein tur ute på Devoldfabrikken. Ville berre innom for å seie "hei" og for å leggje ut neste togturinnlegg. Som nemnt overnatta me i Göteborg, og dagen etter tok me toget til Stockholm. Planen var eigentleg å berre ha nokre timar i hovudstaden for så å ta ferja over til Helsinki, men det var ikkje fleire billettar igjen den dagen. Dimed hadde me plutseleg ein ekstra dag i Sverige. La null planar, men Stockholm er ein superfin by, og det var kjekt å berre gå rundt og sjå. Aller fyrst to bilete frå togstasjonen i Göteborg. Blå himmel og lysegrøne enger mellom dei to byane, og plutseleg var me framme ved neste togstasjon. Å, så mange flotte bygg i Stockholm, kanskje spesielt i finaste Gamla Stan.




Nok eit koseleg hotellrom (Hotel Hornsgatan) ikkje så langt unna marknaden på Hornstull. Stakk ein svipptur innom marknaden. Førre gong fann eg grøne og fine øyredobbar. Eg fann ikkje noko denne gongen, men likevel kjekt å berre gå og sjå. God kaffi og litt lesing blei det også tid til ;)


Traska litt rundt, og oppe på ein haug fekk me kjempegod utsikt over byen, eit lite postkort frå Stockholm. Ei veninne av meg var visst i Stockholm akkurat samstundes med oss, og me åt god is og prata i lag og tok sidan middag saman. Kjempekoseleg! Og T-banestasjonane har alle kvar sin stil, noko i alle fall eg synest er ordentleg kult. Mystisk stemning på Rådhuset og fargerike fliser ved T-Centralen, veldig forskjellig stil, men innmari stilig syn langt under bakkenivå!