Like spennande kvar gong, å gå inn i ein brukt- eller antikvitetsbutikk er som entre ei eiga lita verd. Fredtun Antikk-brukt ligg ute på Revheim, berre ein liten køyretur unna. Har køyrt forbi mange gongar, men aldri vore innom. Så då me såg at butikken var open her om dagen, stakk me innom. Så mykje å sjå på, beundre og studere litt ekstra. Og plutseleg var det ein liten gjenstand som fanga blikket mitt: ei slags krukke i kvitt og sennepsgult. Eg løfta på den, og under var den signert Albin Brekke. Brekke var ein keramikar som hadde verkstad i Kopervik på 60-talet. Eg veit eg har vist dei før, men dei er så fine at eg viser dei igjen: eg hadde jo nemleg tre andre små krukker frå same keramikar ståande som pynt i vår kjære heim. No har eg altså fire, ei lita Albin Brekke-samling.
25. apr. 2024
Sennepsgul krukke til ei lita samling
Like spennande kvar gong, å gå inn i ein brukt- eller antikvitetsbutikk er som entre ei eiga lita verd. Fredtun Antikk-brukt ligg ute på Revheim, berre ein liten køyretur unna. Har køyrt forbi mange gongar, men aldri vore innom. Så då me såg at butikken var open her om dagen, stakk me innom. Så mykje å sjå på, beundre og studere litt ekstra. Og plutseleg var det ein liten gjenstand som fanga blikket mitt: ei slags krukke i kvitt og sennepsgult. Eg løfta på den, og under var den signert Albin Brekke. Brekke var ein keramikar som hadde verkstad i Kopervik på 60-talet. Eg veit eg har vist dei før, men dei er så fine at eg viser dei igjen: eg hadde jo nemleg tre andre små krukker frå same keramikar ståande som pynt i vår kjære heim. No har eg altså fire, ei lita Albin Brekke-samling.
Merkelapp
loppis og gjenbruk
23. apr. 2024
Mosvatnet no i april
Mosvatnet. Delar av vatnet ser eg jo kvar dag når eg syklar eller går til jobb, og generelt har eg gått rundt heile vatnet fleire gongar, anten aleine eller i lag med nokon. For det er jo slik det ofte blir når løypa er lett tilgjengeleg sidan me bur såpass nær. Men det går ikkje an å bli lei å sjå at det blir meir og meir vår langs løypa, år etter år. Var ute og gjekk med ei veninne her om dagen. Praten gjekk i eitt, me stoppa opp og titta på kvitveisen, og ein annan plass titta ei svane opp mellom påskeliljene.
Klagar ikkje på å berre spasere, prate meir, le og mimre. Ikkje berre fugleliv å sjå på, for plutseleg sat det ein fin katt på stien. Den berre sat der og såg ut som om den hadde ein liten tenkepause. Rett ved Gamlingen, måtte me også ta ein liten pause, for det går ikkje an å gå forbi blometre utan å knipse eit bilete eller to. Kvart einaste år blir eg bergteken av dette synet. For saman med snøklokkene, er dette eit syn som ropar "vår, vår, vår". Ser opp mot himmelen, smiler breitt.
Merkelapp
tur
21. apr. 2024
Kjip slutt på helga
Halsen er vond og energien er låg, typisk forkjøling. Det byrja i går og forma er litt opp og ned. Kom meg på jobb i går – eg hadde nemleg laurdagsvakt – og håper det heile ikkje varer altfor lenge. Heldigvis har det vore mykje anna bra denne veka, mellom anna spaserturar, lesing kvar dag (hadde jo to dagar fri på rad, og gjett om eg fekk sette av tid til fleire lesestunder), me feira mammas bursdag etter jobb på torsdag og stort sett hatt greie dagar på jobb. Veit du kva?! Eg har sånn sett ikkje noko meir å skrive denne aprilsundagen, og overlet difor resten til ei opprekning:
✦ lita, men bra bok: Polakken, den nyaste romanen frå J. M. Coetzee
✦ sjå ferdig Batman frå 1989, herleg med ein superheltfilm som ikkje er så seriøs
✦ den tredje boka om Tally Olivia Adams var like god og rørande som dei to fyrste
✦ hundetreffpuslespelet
✦ lamma som ein kan sjå fleire plassar nett no
✦ Balto var her hos oss eit par timar i går, alltid like koseleg
✦ kjekt å vere med på orkesterøving igjen sidan eg ikkje var med på førre prosjekt
✦ fargerike blomar som eg såg medan eg venta på bussen
✦ å lese boka Ro av Sigri Sandberg var ei fascinerande og avslappande leseoppleving
✦ vente på busshaldeplassen med ei bok i handa og sol i andletet
✦ nyte synet av kveldshimmelen rett ved blokka vår før eg parkerte sykkelen for kvelden
✦ feire bursdagen til mamma med laksemiddag, is til dessert og litt kortspel
✦ høyre på musikk av Karl Jenkins medan me las i kvar vår bok
✦ gå til jobb på fredag
✦ sukk, blomar på trea er eit like nydeleg syn kvart år!
✦ ingen tur i finvêret i dag (forkjølinga), men kaffi, ei kjekk bok og solskin i heimen lyste opp dagen
Merkelapp
sundagsliste
18. apr. 2024
Hundetreff
Puslespel, ein ordentleg koseleg aktivitet som ikkje krev noko anna enn ei ryddig flate og litt tid. Det er ei stund sidan sist me pusla saman, men nyleg la me eit puslespel på fem hundre brikker.
Ofte er det tusen brikker i dei puslespela me legg, så fem hundre gjekk relativt fort. Men det var eigentleg litt gøy det også, å sjå at motivet blei meir og meir tydeleg etter kort tid. Puslespelet fekk eg til jul av broremann, og det er eit herleg motiv med mange forskjellige hundar ute på tur i snøvêret.
Merkelapp
hygge
16. apr. 2024
Glade ulldottar
Søte, små ulldottar som spring rundt på eit grønt jorde. Litt på avstand sidan alle var eit stykke unna der me stod og såg på dei, men kjempesøte var dei lell, dei der små lamma som berre hoppar av garde og vil utforske verda. Ser du alle seks lamma på det øvste biletet?! Tihi, to av dei låg bak ein stein og slappa av, berre hovuda stakk opp. Våren altså, når alt vaknar og kjem til liv igjen.
Merkelapp
tur
14. apr. 2024
Boksider både ute og inne
Ser av bileta i vekas sundagsliste at det er bøker det går, rett og slett ingen tvil om det. Ikkje at det er noko nytt, eller kva?! ;) Har både gått til jobb, sykla og tatt bussen denne veka, og høgdepunktet var å gå til jobb måndag der eg i tillegg gjekk i lag med ei god veninne ein del av tida. Musikalsk var høgdepunktet torsdagskveld, for då var det SSO-konsert og Jean Sibelius stod på programmet. Fiolinist Inmo Yang imponerte stort som solist, og det var kjekt å høyre Sibelius sin fyrste symfoni etter pausen. Få planar i helga, var ute på eit par ærend i går og kjente sola i andletet i dag då me tok nokre bilete ute. Slappa av med kaffi og lesing, sånt som er bra både kvardag og helg:
✦ veldig kjekt å lese Mord i prestegården, den fyrste boka med miss Marple i hovudrolla
✦ bruktfunnkjole, gul strømpebukse og fargerik mosaikk
✦ finaste Mosvatnet, anten eg syklar eller går til jobb
✦ får jo lyst til å reise til Shetland no når eg nettopp såg ferdig den nyaste sesongen av Shetland
✦ klare å lese litt då eg gjekk til jobb måndag (vinden tok tak i sidene, så mykje lesing blei det ikkje)
✦ tulipanane som lyste opp heimen ei heil veke
✦ skuggespel frå vårsola
✦ laurdagstaco og byrje å sjå Batman frå 1989
✦ strikke medan me såg film
✦ lun kaffi, mjukt teppe og ei god bok
✦ gåsehudfaktor allereie på fyrste tone av Sibelius sin fiolinkonsert
✦ og lese eit par sider i ei bok då det var pause mellom fyrste og andre avdeling
✦ Inger Lise Hope sin versjon av "Goodbye Yellow Brick Road" er også gåsehudfaktor
✦ spele vidare på Snusmumrikken-spelet i lag med min betre halvdel
✦ spele vidare på Snusmumrikken-spelet i lag med min betre halvdel
✦ gjere ferdig og tinge heim fotobok frå fjorårets sommareferietur
✦ raudstrupen som eg møtte i botanisk hage, fekk meg til å tenkje på Beatrix Potter sine teikningar
✦ raudstrupen som eg møtte i botanisk hage, fekk meg til å tenkje på Beatrix Potter sine teikningar
✦ Turtschaninoffs Arvejord er ei fengslande historie om familien på Neverbacka gjennom 400 år
Merkelapp
sundagsliste
12. apr. 2024
Regnbogebukett
Fredagsblomar. Frå fredag til fredag. For førre fredag kom eg heim frå jobb til desse heilt nydelege tulipanane. Så mange friske og glade fargar i ein og same bukett! Blei ordentleg glad då eg kom heim, mannen min kjenner meg godt når han veit eg heller vil ha tulipanar enn roser (roser er kjekt å få det også, berre det at tulipanane er finare i mine auge). No, ei veke etterpå, står dei framleis i vasen på det eine bordet i stova vår. Trur nok ikkje dei står heile helga, men skal ikkje klage på ei veke med slike fargar i heimen – lilla, rosa, oransje, gult, kvitt – det er kvardagsfint, det.
Merkelapp
kjærleik
10. apr. 2024
Beina fatt til ei seinvakt på jobb
Seinvakt og finvêr, måndag var slik og eg nytta sjansen til å gå til jobb. Prøvde å lese litt medan eg gjekk, men det varte ikkje så lenge sidan det blåste ein del trass solskin og blå himmel. Men eit par sider fekk eg no lese ;) Fuglane song, eg såg små blomar i fleire fargar, det var godt å bevege kroppen. Alt byrjar å bli grønare og grønare, så fint ute no. Ved kunstmuseet tok eg følgje med ei veninne som hadde heimekontor og som ville gå ein liten tur. Me gjekk i lag til Amfi Madla, og praten gjekk i eitt. Klagar ikkje på ein slik spasertur til på ein heilt vanleg måndag.
Merkelapp
kvardag
9. apr. 2024
Kuler og kjegler 🎳
Bowling med familien, ein akkurat passe bursdagsfeiring og helgeaktivitet. Etter lunsjen på sundag, hadde me tinga to seriar med bowling. Liten porsjon popcorn og ein kopp kaffi blei det også. Utan å verke for kjepphøg, skal eg innrømme at det var gøy å starte med to strike på rad, ho, ho!
Staden var Lucky Bowl på Åsen, den bowlinghallen me som oftast pleier å bruke når me fyrst bowlar sidan den berre er ein liten gåtur unna. Må smile av animasjonane dei framleis bruker når ein får strike, spare eller liknande – så herleg nostalgisk 2000-talet. Du kan tru halvannan time gjekk fort, og sjølv om nokon gjorde det litt betre enn andre, lo me og koste oss alle saman lell! :)
Merkelapp
hygge
7. apr. 2024
April både med og utan snø, og ein bursdagsfredag
April heile veka, alltid litt artig når ein ny månad startar på ein måndag. Fri både måndag og tysdag, sidan jobb dei tre neste dagane og fri i helga. Tysdag var det årsmøte med orkesteret, og eg vil påstå at eg klarte å formidle budsjettet og reikneskapet på ein grei måte (store tal er ikkje mi sterkaste side, men eg har fått god hjelp både av mamma og av mannen min). Jobbdagane har vore litt opp og ned der fredagen alt i alt var ein bra dag med herlege kundar og fleire kjentfolk stakk innom. Og ja, eg hadde bursdag på fredag, kanskje det var det som gjorde utslaget ;) Kom heim til god middag og elles ein akkurat passe roleg kveld med boka i fanget. Bowla i lag med familien i dag som ei slags bursdagsfeiring, og det var moro! Resten av aprilveka mi kjem her, punkt for punkt:
✦ som eg koser meg med bøkene av James Herriot, sit og småhumrar for meg sjølv når eg les dei!
✦ sykle heim onsdagskveld og oppleve himmelen i brann
✦ få så mange koselege bursdagshelsingar frå mange flotte finingar
✦ lita påskelilje langs jobbvegen min
✦ tihi, det er så artig å følgje Bami og Dami som litt etter litt blir betre kjent med dei store kattane
✦ sjå slutten av Bakemesterskapet og byrje på Shetland, begge på NRK Nett-TV
✦ likte ikkje å vakne til snø på torsdag, men den låg heldigvis berre i snaue to dagar
✦ prate lenge med ein tidlegare kollega i lunsjpausen min på fredag
✦ fredagsselfie, for ein blomstrete vegg på jobb er jo den perfekte selfiebakgrunnen
✦ og ein annan video der Miranda viser fram alle dei nydelege utgåvene av boka
✦ knallgode vegetarburgarar til middag som mannen min hadde laga – heimelaga middag, altså
✦ ein veit kanskje kva ein får, men likevel likte eg boka Å isbade blant fjellene av Karin Härjegård
✦ før årsmøtet: høyre på orkesteret spele medan Håkon Vestly var forteljar (Historien om Babar)
✦ blomane i alle moglege fargar i gartneriet ute på Orre
✦ høyre "Up Where We Belong" på radioen på veg til årsmøtet
✦ få gjort mykje på fotoboka
✦ bowle i lag med familien midt på dagen i dag, ein ordentleg morosam sundagsaktivitet
✦ ikkje berre ei bok av Herriot denne veka, men to: The Lord God Made Them All, kaffi og noko attåt
Merkelapp
sundagsliste
5. apr. 2024
Blomstrete tradisjon
Snø når april er her, det var jo ikkje planen. For som mange andre i går, vakna me opp til eit vinterkvitt landskap. Sukk, og eg som trudde våren var her. Sånn på ordentleg. Hjelper litt å sjå desse bileta frå fargerike Wiig gartneri som eg nyleg besøkte. For femte året på rad var eg nemleg ein tur ut til Orre i lag med eit venepar. Ikkje noko foredrag eller arrangement i år, berre oss på ein liten gartnartur. Fyrst åt me god lunsj i kaféen, og granola, yoghurt, hasselnøttkrem og rabarbrakompott smakte supergodt! Testa ein ny drikk også med smak av bringebær og (meir) rabarbra, og den var såpass god at eg måtte kjøpe med meg eit par til å ta med heim. Etter å ha vore i gartneriet, tok me ein kaffi og noko attåt. Tøft at dei har ein så bra kafé der i tillegg til alle blomane og plantene.
For min del er det fyrst og fremst blomane som fangar merksemda mi sjølv om dei også har fleire urter og grønsaksplanter. Alle dei flotte fargane, sterke og klare, eg blir ordentleg glad av det. Koseleg å berre tusle rundt og prate i lag med dei fine folka eit par timar, oss og blomane.
Merkelapp
hygge
Abonner på:
Innlegg (Atom)