30. sep. 2018

Orkesterveke, gode bøker og fargar overalt

For ei bra veke! Okei, eg har vore litt småforkjøla og vore grasenkje nokre dagar, men om ein ser bort frå det, har det vore alle tiders. Flotte fargar ute og inne, kafébesøk midt i veka, mykje lesing i gode bøker, buss for berre ei krone og ikkje minst orkesterkonsert med Didrik Solli-Tangen. Det einaste eg ikkje heilt forstår er at september no er over, og i morgon skriv me oktober. Veit at det er slik det er, men eg synest (som eg så ofte gjer) at den der tida stikk litt for fort av garde. Men eg skal slutte å bable om det for no sidan eg gjer det nesten kvar veke ;) Ei fin helg der mykje av tida har gått med til orkesterøving og -konsert er over og i morgon er det nok ein gong måndag:

✦ starte onsdagen med kafébesøk og lesing i ei superbra bok
✦ alle fargane på bakken på veg til orkesterøvinga
✦ Mummibok (Farlig midtsommer) og Mummikopp – små, viktige kvardagsgleder
✦ dovendyr er alltid like søte og artige
✦ ta bussen til jobb i regnvêret for berre ei krone per tur
✦ arve eit spegelreflekskamera etter svigerfar
✦ lese ut Holding up the universe (og biletet er frå takterrassen i Cawood i England)
✦ "50 Empowering Quotes from Fictional Female Characters" – tøff plakat med mange gode ord
✦ øving med orkesteret og solisten før konserten, stas å gjere slike prosjektar innimellom
✦ og for ein konsert: fullt hus, knallbra solist og stormande jubel, rett og slett kanongøy
✦ svaner og måker i fleng på ein grøn flekk midt i byen
✦ tinge billettar til Grease i februar neste år, det kjem til å bli ein ordentleg jentekveld
✦ sjølv i gråvêr er det fint ved Breiavatnet
✦ kult å lese om ei niårsfeiring og ein blindtur inne hos Synne
✦ snigelpost, ny Gudrun Sjödén-katalog og den fine haustkransen
✦ dei gylne haustblada mot den knallblå himmelen rett ved Sølvberget

29. sep. 2018

Storslåtte ruinar i Whitby

Ruinar. Veldig vakre ruinar. Etter å ha vore i Goathland, køyrde me vidare til Whitby. Whitby er ein by ved sjøen i området North Yorkshire, ikkje veldig langt unna Scarborough. Høgdepunktet her var å få sjå ruinane etter Whitby Abbey, eit kloster som blei bygd på midten av 600-talet. Trur ikkje eg skal skrive så mykje om historia; eg kan nemleg ikkje alle detaljane, det skal eg innrømme. Men at det var fascinerande å gå rundt oppe på haugen og sjå på dette gamle kunstverket, det var det ingen tvil om. Ganske så enormt! Storslått frå alle kantar, så lekkert utsmykka og ornamentert.


Så klart måtte me ta ein liten tur innom byen før me drog vidare. Var ikkje noko spesielt me skulle, men me hadde god tid og ønska å sjå litt meir av Whitby enn berre ruinane. Byen er også ein stadane dei brukte då dei filma Heartbeat. Frå ruinane og ned til byen, gjekk me ned mange, mange trappetrinn, og dei måtte me jo gå opp igjen også ;) I mine auge trudde eg byen var mindre enn det den er, noko ein kan sjå på utsiktsbileta der ein ser alle dei raudoransje hustaka tett i tett. Me gjorde eigentleg ikkje så mykje anna enn å gå litt nede i gatene, titte innom eit par små butikkar, gå hand i hand, berre nyte det å ha ferie. På veg opp til parkeringa, stoppa me for å sjå utover havet. La særskilt godt merke til inngangen til hamna og dei to små fyrtårna, eit fint syn.

28. sep. 2018

Haustfargar inne i stova

God kvæll i stuggu! Me fekk denne haustkransen frå mamma førre helg. Eg var litt skeptisk sidan eg tenkte det kunne bli for mykje fargar; me har jo ei nokså fargerik stove frå før. Men den blei no fin der den står, midt på spisebordet vårt. Bileta er tatt med mitt "nye" kamera: eg har nemleg vore så heldig å få overta eit Nikon frå svigerfar. Må nok bli litt meir kjent med det, men foreløpig verkar det veldig greitt. Tusen takk, takksam for å kunne arve noko eg veit eg kjem til å bruke.

26. sep. 2018

Midt ute i "Heartbeat"-land

Ute på den engelske landsbygda. Det er som å sjå den britiske serien Med hjartet på rette staden, eller Heartbeat som den heiter på engelsk. Flatt, grøne enger, hei på hei lang bortetter vegen. Gamle murhus, hus med panel som lager mønster, sauar som et gras rett utanfor heimen. Eit gammalt par som tar ein rast saman på ein benk. Mellom York og opphaldet vårt på Cawood Castle, hadde me eit døgn der me besøkte Goathland, Whitby, overnatta i Scalby, besøkte Scarborough og Helmsley. Goathland var fyrste stopp og det er faktisk der dei filma Heartbeat i si tid.


Framleis kjem det mange turistar innom for å sjå på politibilen, handle på nærbutikken, stikke innom Aidensfield Arms eller garasjen og begravingsbyrået til Bernie Scripps. Og me var to av dei ;) Eit par dagar før me var der, gjekk skodesplearen som spelte Bernie Scripps bort. Litt vemodig. Det å besøke Goathland var nok aller mest stas for min del sidan det er eg som er størst fan av serien, og som ein ekte turist måtte eg så klart posere foran politibilen! Titta innom suvenirbutikken (kjøpte nokre postkort og ein fin kjøleskapsmagnet) og åt god lunsj inne hos Goathland Tea Rooms.


Var ikkje heilt ferdig med Goathland etter lunsjen: me "berre måtte" gå ned til togstasjonen, ein nydeleg, liten stasjon lang ute på landsbygda. Fekk sett det i herleg haustvêr med den gylne lyngen i haugevis på den eine sida. Stasjonen har blant anna blitt brukt som Hogsmeade Station i Harry Potter-filmane, så også her dukka nerden opp i meg. Altså, ja takk til fleire slike togstasjonar.

25. sep. 2018

Zalo i aksjon, nok ein gong

Førre veke hadde me som sagt broremann og Zalo på besøk. Det var nok sistnemnde som var den største linselusa, ingen tvil om det. Men det var no berre gøy. Han har ikkje vore så varm i trøya saman med oss før før, men no var han ute med oss lenge om gongen. Ha, ha, hovudet er den aller beste staden og kanskje særskilt hovudet til mannen min! Elles så var det også gøy å vere med å "trykke på" og "jobbe med" dataen og sitje på mobilen for å bli tatt bilete av. I alle fall sånn delvis, for det er ikkje så enkelt å få til eit ordentleg bilete når han sit og dekker til halve kameraet ;)



Tok også å filma litt meir då han var ute på vift. Dei fine kvitrelydane han lager og måten han kommuniserer med oss på. Okei, ikkje alltid enkelt å forstå kva han vil eller "seier", men moro er det likevel. Tar gjerne i mot besøk av Zalo fleire gongar. Og så klart broremann som blir med på å sjå gamle filmar med oss og som glatt er med på eit slag UNO. "Grett å få besøg", som Tønes syng ;)

24. sep. 2018

Flygande paraplyar, sjokoladebutikk og dei vakre lyngheiene

Ei ny veke er i gong. Tenk, måndagen er allereie over. Dei der dagane går fort, fyk av garde. Vakt både på Madla og i byen i dag, og vel heime har eg bakt kake til orkesterøvinga i morgon. Sit framleis med mange bilete som eg ønskjer å dele frå Englandsturen, men for at det ikkje skal bli så mykje om gongen, tenkjer eg å bruke hausten på å poste nokre innlegg innimellom. På det øvste biletet kan ein sjå at kameraet byrja å fuske; det hadde rett og slett fått fuktskade. Men fekk no fanga dei kule og fargerike paraplyane som hang midt i den eine gata i York. Om kvelden åt me knallgod pizza, bakt i steinomn, og colaen var jo ganske kul den også. Kjøpte ikkje med meg boksen med "chocolate library", men måtte berre ta eit lite bilete sidan den var så stilig.


I same butikk som me såg den artige sjokoladeboksen, såg me også fleire andre sjokoladetypar. Innpakkingspapiret på så mange av dei er så flotte, i alle slags fargar og mange i ein retrostil. Dei hadde også ein liten kolleksjon med Quentin Blake sine illustrasjonar frå mange av Roald Dahl sine bøker. Slike detaljar liker me. Me køyrde frå York og vidare til Goathland, Whitby og Scalby sundagsmorgon. Kameraet var då byrja å fuske så mykje at det ikkje gjekk an å ta dugelege bilete ute. I alle fall ikkje i stor grad. Stoppa likevel midt ute blant lyngheiene for å prøve å ta bilete med mobilen. Synest det gjekk ganske greitt. Og for eit landskap! Så vilt og vakker, samstundes som det er så rundt og flatt. Ikkje som i Noreg med alle dei skarpe og høge fjella rundt på alle kantar. Kjente vinden i andletet medan eg berre stod der og såg på vegen og dei gylne fargane ute på heia.

23. sep. 2018

Fuglebesøk, fargar ute på bakken og dagar på jobb

"I think I learned some things about love, too. It doesn't look the same for everyone. It can come in so many forms. And how can there be anything wrong with a life it it's spent with a person you love?". Anne with an E på Netflix er ein av dei finaste seriane. Veka etter ferien har vore travel nok med jobb, orkesterspeling, besøk av broren min og Zalo og litteraturfestivalen Kapittel. På grunn av ein den vaktar på jobb, fekk eg ikkje høyrt på så veldig mange foredrag, men eg fekk no med meg eit om språk og samhandling med Sylfest Lomheim og Helene Uri. Stas å få med meg det! Neste helg er det konsert med orkesteret og Didrik Solli-Tangen og om to veker er det helgetur til Oslo for å sjå The Phantom of the Opera. Så det er vel ingen tvil om at dei neste vekene kjem til å gå i eitt. Men som eg har skrive før: så lenge det er kjekke ting, så går det heilt fint at nokre veker er meir travle enn andre. Roleg sundag i dag etter å jobba måndag til laurdag. Vel, over til vekas oppsummering:

✦ lese den fyrste boka i Jane Gardam sin trilogi: En ulastelig mann
✦ haustfargane langs jobbvegen min
✦ invitere eit venepar på sundagslunsj
✦ MADi Home: diggar nytenking når det gjeld forskjellige typar hus og generelt korleis me bur
✦ Anne with an E som tar opp LGBTQ-temaet, som gjer det aktuelt i sin og vår samtid
✦ fortsetje å sjå gode krimseriar på NRK, blant anna sesong to av Springflo
✦ sesongpremiere på Eventyrlig oppussing
✦ endå fleire Gotlands-bilete, også denne gongen inne hos Linda
✦ kult å sjå to fargerike Vespaar rett utanfor inngangen til jobb
✦ setje av tid om kvelden til å lese, ikkje så mykje, men litt kvar dag gir uansett energi
✦ må jo besøke Steintøykjelleren i nær framtid
✦ høyre Lomheim og Uri snakke om språk og samhald i samband med Kapittel-festivalen
✦ ha besøk av broren min og Zalo frå onsdag til i dag
✦ og Zalo har vore supersosial og heilt i hundreogti
✦ kaffi og ein liten bit sjokolade på ein sundagsmorgon
✦ eg må få meg ein slik type "stol" på kjøkkenet, heilt genialt for oss som ikkje er så høge
✦ vere blant alle krimbøkene på jobb
✦ sundagsmiddag heime på Sola

22. sep. 2018

Zalo i aksjon


Akkurat no er broren min på besøk. Og Zalo er her også. Sistnemnde er heilt med, han kvitrar, et frukost når me et frukost og vil gjerne sitje på hovudet til oss alle. Me gav han nokre gulrotbitar her om dagen, og det fall verkeleg i smak. Hi, hi, han er no ein fining! Ein roleg laurdagskveld ventar.

21. sep. 2018

Togmuseum midt i York

De er hermed advart: dette blir eit blogginnlegg med bileteras! Ok, no har eg sagt det og kan dimed fortsetje. Me måtte jo nemleg stikke innom togmuseet då me fyrst var i York. Museet eg snakkar om er National Railway Museum. Det opna i 1975 og er fylt med Englands toghistorie. Gamle reklameskilt som kunne gått rett inn i Poirot-epoken. Sennepsgule lokomotiv og interiøret i dei kongelege vognene. Alt frå badekar til lenestol og teservise. Tenk å ha ei slik togvogn! Synest forresten det oransje lokomotivet og bagasjen rett ved kunne vore frå ein av Harry Potter-filmane.


Kult å få lov til å setje oss ned i ei av vognene, ei vogn som blei laga ein gong på midten av 1800-talet. Museet har tre store hallar og me kunne nok, utan problem, vore der ein time eller to lenger enn det me var. Eg må vel berre innrømme at eg synest det er fascinerande å sjå så store transportmiddel, og særskilt dei gamle med alle detaljane og fargane. Dei har ein heilt eigen stil og sjarm. Nok ein gong kunne eit av lokomotiva minne meg om ein film, eller rettare sagt ein TV-serie: det raude lokomotive med dei gule stripene er jo som tatt rett ut frå  introen til Hercule Poirot. Nokre plassar kunne ein gå opp på ei lita bru for å få ei oversikt over hallen. Stilig å sjå det litt meir ovanfrå. Fekk også sjå det store hjulet i drift, eit svært hjul som trekte toga opp i bratte bakkar.


Om nokon skulle lure: joda, eg synest det grøne lokomotivet liknar på ein av venene til Lokomotivet Thomas. Ha, ha, nok filmreferansar no. I ein av dei andre hallane var det proppfullt med ting og tang, alt relatert til tog. Det var miniatyrtog, dør med glasmosiakk der tog var motivet, ja, alt mogleg. Me gjekk under eit lokomotiv slik at me kunne sjå korleis det ser ut under og me gjekk rundt og berre såg og såg. Eit kjempeflott museum, er liksom ikkje noko meir å seie om den saka.