11. aug. 2023

Badstue i ei tønne


For ei digg oppleving! På laurdag som var, sykla han fine og eg ein liten tur til Hinnastranda for å teste ei av badstuene som ligg der. Damp har forskjellige badstuer på plassar som Solastranda, ved Strømsbrua, på Gausel og den me testa ligg på Hinna. Me hadde tinga den for ein time, og med godt over nitti gradar inne i badstua (nærmare hundre på eit tidspunkt), var ein time meir enn nok for oss ;) Innimellom var me ute i sjøen og kjølte oss ned ein augneblink – me klarte heldigvis å unngå den store brennmaneten – og det var akkurat passe badetemp. Badstua me hadde tinga, var forma som ei tønne. Den har eit lite skifterom rett på innsida av ytterdøra, og så er sjølve badstua inst i tønna. Nokre av dei badstuene er ganske store med ein liten garderobe, så her går det an å samle ein venegjeng og ha ein superkjekk laurdagsformiddag eller kanskje ein tysdagskveld. Berre eit lite fredagstips frå Stavanger, for dette var herleg. Satsar på at dette er noko me gjer me igjen!

Legg igjen ein fin tanke