6. aug. 2026

08:47-toget til Oslo også i år





Så er me vel heime etter eit par veker på tur. I år som i fjor tok me toget til Oslo, overnatta hos slekt før me tok ferja til Kiel dagen etterpå. Toget gjekk presis 08:47, og det var ein tur der me las, drakk kaffi, slumra litt og titta ut av vindauget. Ikkje så enkelt å ta gode bilete når togruta er så skitten som det den var på akkurat dette toget, men eg knipsa eit par bilete likevel før eg gav opp. 
 



Overnatta hos svoger med familie, og me var ein god gjeng som grilla i lag, prata og hadde det hyggeleg. Alltid kjekt å treffe dei, det blir jo ikkje så ofte når ein bur eit stykke frå kvarandre. Pusen Mika ville også vere med, det blei kaffi og god dessert og dei fargerike markblomane fanga blikket mitt. Utpå kvelden endte me visst opp med å sjå VM-finalen i fotball, og sidan var det "god natt".