20. aug. 2023

Ny favorittbok i tillegg til andre kjekke punkt




Heldigvis ingen kjolekrise denne veka, tihi ;) Mosvatnet har vist seg frå si beste sida, og det gjorde godt å komme meg ut og berre gå. Traska ein tur ein annan plass seinare i veka, for vêret har stort sett vore greitt. Alltid herleg å kjenne sola varme andletet. Eg har fortsette å lese bra bøker og strikke vidare på ei T-skjorte, og det gjer godt for hovudet å gå gjennom bileta frå Finlandsturen, sortere dei, ta vare på dei som er fine og dele ein del av dei her på bloggen. Miniserien Martin Compston's Scottish Fling der skodespelaren Martin Compston tar oss med på ei reise gjennom dei forskjellige delane av Skottland, har vore supergøy å følgje med på. Stakk ein tur til Heddas gård på Hundvåg i går, kjekt å helse på kjentfolk. Snart måndag, men satsar på å lese litt meir før den tid:
 
boka The Secret Life of Albert Entwistle er ei av dei beste og finaste bøkene eg har lese i år 
lyseblå hortensia i nabolaget
førehandsstemme i går då han fine og eg var ein tur nedom byen
koseleg å lese om dette paret som nyleg gifta seg på Bømlo folkehøgskule 
gåtur i akkurat passe gange rundt flottaste Mosvatnet
oppfølgjaren til Boyfriend Material, nemleg Husband Material, var no litt artig å lese
tinge billettar i lag med ei god veninne til musikalen Moulin Rouge! i Oslo i oktober
likte godt Egne steder, fascinerande lesing om skrivande kvinner
alle desse knallskjønne geitene som berre dansar og hoppar rundt  
å endeleg sjå klassikaren Apokalypse nå (på NRK Nett-TV, går ut på tysdag)
gøy å ha på meg ein blå bluse med blomar som eg kjøpte på ein bruktbutikk tidlegare i sommar
Eriskay fotballbane ute på Hebridene ser ut til å vere ein heilt unik plass for ein fotballkamp 
froskeperspektiv av nokre blomar og ein blåblå himmel
støvsuge og vaske vår lille el-bil
Judi Dench eig lerretet i denne episoden av Staged
har så lyst til å reise til Skottland no med ein gong etter å ha sett Martin Compston's Scottish Fling
apropos Compston: ler høgt av klippet der han midt i krimserie-innspelinga jublar for Skottland
filmatiseringa av den artige boka Red, White and Royal Blue var veldig bra, koste meg med filmen 
kveldshimmel i august
søtnosane ute på Heddas gård, kjempesøte kaninar i alle slags fargar!
kjøpe kaffi og kake hos Heddas gård og sidan sitje i eit drivhus og berre prate med ein kompis

Legg igjen ein fin tanke