17. aug. 2023

Berre ein morgon


Strikkemorgon. Lesemorgon. Kaffimorgon. Alle tre på ein gong. Ja, takk. Eller ein morgon der eg kjem meg ut og går ein tur omtrent rett etter frukost. Morgonar kan vere ganske fine. Eg seier kan fordi eg er ikkje verdas største morgonfugl. Men når eg får lufte tankane blant alt det grøne, eller drøyme meg vekk med ei god bok, strikke nokre omgangar på ei flott T-skjorte medan eg koser meg med siste rest av kaffien, då er det heilt greitt at klokka enno ikkje har passert ni.

Legg igjen ein fin tanke