28. feb. 2014

Bryllaupsinspirasjon på ein regntung fredag

Neste veke er det vinterferie, og då skal me nytte sjansen til å ta toget til Stavanger og vere på Sola i nokre dagar. Grunnen til at me tar den turen, er at me skal sjå på lokale med tanke på bryllaupet som altså skal stå i mai neste år. Me har heldigvis litt tid, men det er no greitt å få på plass dei viktigaste tinga. Kyrkja er jo tinga allereie, og om me no finn ut kvar me vil ha festen, er me på god veg. Og når me fyrst er der borte ein tur, skal eg også gjere noko anna som har med den store dagen å gjere ;) Før me stikk av garde til Sola, sit eg her medan det regnar ute, ordnar litt med siste rest av leiarjobben i brassbandet og koser meg med å klippe ut bryllaupsinspirasjon og lime dei inn i den fine, lille permen som eg fekk av forlovaren min til jul. Kjekt og veldig oversiktleg å sortere inspirasjonen inn i forskjellige kategoriar, for ja, eg er jo eit ordensmenneske :)

26. feb. 2014

Kanskje er vinteren over...

Kvart år når eg ser snøklokker ute i hagen, må eg berre ut med kameraet for å ta nokre bilete av dei. For meg er snøklokker vår. Eit ordentleg vårteikn. Eg blir skikkeleg glad inni meg når eg ser dei ute i hagen. På måndag var det årsmøte i Agder Brass, så no er eg ikkje lenger leiar i korpset. Litt rart, for eg er blitt så vand med å organisere, men greitt å ikkje sitje med det ansvaret lenger, det må eg ærleg innrømme. Likevel er det ei god erfaring å ha med meg vidare, så absolutt. Og så var det kjekt å sjå reprisen av premieren på serien På tur med Dag Otto i går. Agder Brass var nemleg med på innspelinga av denne episoden i august i fjor. Må jo seie at det er litt artig å høyre oss og sjå oss spele :) Om du ikkje har sett det, så er det reprisar både i morgon og på laurdag på TV2 og TV2 Zebra (og på nettet på TV2 Sumo). Og kanskje er vinteren no over med desse snøklokkene?!

24. feb. 2014

Speleoppdrag på ein sundag

Eg legg ved nokre bilete frå gårsdagens speleoppdrag. Me spelte i Kristiansand Domkirke under ei festgudsteneste for å feire grunnlovsjubiléet, og for å varme opp og få spelt gjennom songane før det heile byrja klokka elleve, var det oppmøte kvart over ni i går. Litt tidleg, men me kom oss i gong etter kvart. Mange innslag, så det heile varte i nesten to timar, men det var utruleg kjekt å spele, og kanskje ekstra kjekt å spele saman med organist og kor i og med at me ikkje gjer det så ofte :) Eg legg også ved eit bilete frå laurdag då me frakta paukene frå "lageret" vårt og til Domkirka. Bilen blei ganske full, ja (eg sat i eit vanleg bilsete med belte på, så ingen fare). Etter å ha spelt, var det heim og eg rakk så vidt å skifte klede før ei av mine beste veninner kom på besøk. Veldig koseleg og kjekt å sjå ho igjen, prate om alt mellom himmel og jord, berre slappe av :)

23. feb. 2014

Topp 5 – norske forfattarar

Opp gjennom åra som den glade bokorm og ein ivrig lesehest, har eg slukt nokre bøker med både norske og utanlandske forfattarar. I dag vil eg prøve å finne fram til mine topp fem når det gjeld norske forfattarar. Eg har lese ein del klassikarar som Kransen av Undset, Sult og Markens Grøde av Hamsun, En Folkefiende av Ibsen, Genanse og Verdighet av Solstad og så vidare. Men eg ser jo det at det kanskje ikkje dei som har gitt meg mest, sånn personleg. Kanskje fordi dei fleste er lese som ein del av pensum; eg veit ikkje. Uansett. Nedanfor har du i alle fall mine favorittar; fem norske forfattarar som opp gjennom åra har gitt meg glede og mange gode leseopplevingar:

Anne-Cath. Vestly - heile Noregs mormor. Bøkene hennar har gitt meg så mykje glede i barndomen og har med alle dei gode minna gitt meg mykje glede også etter at eg blei "vaksen" (blir ein nokon gong det?!). Mange av bøkene hennar har eg enno på lydbok på kassett med hennar stemme (eg har til og med laga ei nettside). Ikkje så lenge etter at Vestly var gått bort, var ei veninne og meg på konsert med Stavanger symfoniorkester. På den konserten var det sonen til Vestly som var konferansier og du kan tru eg sat med tårar i augo då han kom inn, stod der midt på scenen og spelte kjenningsmelodien frå lydbøkene om Knerten og Lillebror.

Tore Renberg - Stavangermann, og det er ein del av grunnen til at han er ein av mine favorittar: eg kjenner igjen miljøet som han skriv om. Bøkene om Jarle Klepp er bøker som viser sårbarhet, har herlege figurar og kleine, men morosame hendingar, rett og slett bøker som er veldig kjekke å lese.

Lars Saabye Christensen - mange fine bøker, og eg har lese ein del av dei. Alle bøkene om dei fire kameratane Kim, Gunnar, Ola og Seb, nemleg Beatles, Bly og Bisettelsen står i bokhylla heime på Sola, og dei er lese om du lurte. Maskeblomstfamilien fekk meg til å tenkjeog eg hugsar enno at eg slukte Halvbroren då eg var på tur i Afrika med folkehøgskulen :)

Jostein Gaarder - kven har vel ikkje høyrt om romanen Sofies verden? Gaarder sine bøker har fascinert meg sidan eg var rundt elleve-tolv år og las Sofies verden for fyrste gong. Sidan har eg lese den om igjen, akkurat som med Kabalmysteriet og Froskeslottet. Julemysteriet, I et speil, i en gåte og den herlege boka Bibbi Bokkens magiske biblioteksom han skreiv saman med Klaus Hagerup, må også nemnast. Gaarder sine bøker er fylt med undring, magi, merkelige hendingar, alvor, humor, ja, ei herleg blanding.

Unni Lindell - lettlese damekrim er ikkje å forakte sånn innimellom pensum og travle dagar. Trur eg har lese alle bøkene i serien som til no er gitt ut om politimannen Cato Isaksen (og sett alle filmene/miniseriane som er blitt filmatisert).

"3 Idiots"



I ny og ne hender det at ein ser ein film som sit i minnet lenge etterpå. Den franske filmen Intouchables er ein slik film, for å ikkje nemne ein av mine absolutte favorittar: Forrest Gump. I går såg me den indiske filmen 3 Idiots, og det er lenge sidan ein film har fått meg til å le så mykje i den eine augneblinken for så å få meg til å grine i den andre. Og den varar i godt over to timar, så du kan jo sjå for deg at det blei ein god del med tårar og latter her i heimen i går kveld, ja. Kort fortalt handlar filmen om to gamle studentkamerater som er på jakt etter den tredje kameraten i gjengen som dei ikkje har sett eller høyrd noko frå på mange, mange år. Medan dei reiser rundt for å finne han, får me sjå tilbakeblikk på deira dagar som studentar saman med tredjemann, han som lærte dei å tenkje annleis sjølv om mange kalla dei alle tre "idiotar". Her skjer det mykje rart (som fargerike danse- og musikkscenar) og fint. Eg må innrømme at innimellom er det nokre klisjéar og ein dose med moral. Men det blir aldri for mykje – filmen balanserer det heile så utruleg bra. Traileren verkar kanskje litt flåsete, for sjølve filmen har så mykje meir å by på. Anbefalast på det varmaste! Ein må ha god tid for å sjå den, men dei timane er absolutt verd det!

21. feb. 2014

Vårleg fredag

Må vel nesten ta tilbake det eg sa i går om all snøen som kom. I dag, etter mykje regn i går kveld og i natt, er bakken så godt som berr igjen. Tidlegare i dag tok eg sykkelen ned til byen der eg hadde nokre ærend, og det gjorde ordentleg godt med frisk luft. Sola titta fram, og i motsetning til i går, fekk eg vårkjensle i heile kroppen. Skal no setje meg ned med ein kopp eller to med kaffi og gode bøker. Håper alle får ei fin helg :) Her skjer det ikkje så mykje i morgon, men på sundag skal me i brassbandet spele i Kristiansand Domkirke klokka elleve. Det blir norske tonar fordi gudstenesta er i samband med grunnlovsfeiringa, og eg trur det blir ein fin start på sundagen :)

20. feb. 2014

Atter ein gong kvitt ute

Det er så typisk, det. Når ein trur at det går mot vår ute, bakken har til og med byrja å bli grøn igjen, då kjem den. Snøen. Den har allereie lagt seg godt til rette på vindaugsprossene. Eg står i stova og ser ut på dette vêret, og eg må ærleg innrømme at det freistar lite å gå til bussen akkurat no. Skal jo på jobb og må difor ut, så eg får berre kle meg godt, men ja, eg er lei det kvite som fell ned frå himmelen. Kan krysse fingrane for at snøen forsvinn neste veke. Kanskje. Kanskje ikkje.

19. feb. 2014

Årets NM-bilete

Kvart år når ein er med på NM, blir ein tatt bilete av rett etter å ha spelt. Kvart år skal ein le av den brune leikeapekatten. Kvart år er det fram med smilet, og som regel blir eg plassert på nedste rad, både på NM Janitsjar og NM Brass. Men jøje meg – på årets NM fekk eg, utruleg nok, lov til å stå, og ikkje sitje, då biletet blei tatt. Ha, ha, stor forandring med andre ord ;) Det er no uansett veldig kjekt å vere på tur med denne fine gjengen! Biletet er tatt av Reimers Skolefoto.

17. feb. 2014

Ny veke, nye gleder

Etter ei veke med snørr, sår hals, hoste og mange timar der me ikkje har orka å gjere noko som helst, er det veldig godt å kjenne at ei ny veke er her og at me begge to er mykje betre, ja, nesten friske snart. Eg vel å starte veka med ei fin liste, ei slik liste med det som gleder meg her og no, slik som korpsøvinga seinare i dag (eller det som gledde meg førre veke for den saks skuld):

✦ vaskemaskin som fungerer, for den blei fiksa førre veke etter over ei veke i ubrukeleg tilstand
✦ at me, trass i ordentleg forkjøling, kom oss ut den fjortande og drakk ein kjempegod kopp med varm sjokolade
✦ le av det som blir skildra i dette blogginnlegget (for eg kjenner meg sånn igjen)
✦ sol ute og morgonar som blir lysare og lysare
✦ komme heim frå jobb til ei støvsugd leilegheit, nyvaska dusjkabinett og ein fin kjærast
"Downton Tabby"
✦ prøve dei nye brillene til kjærasten min, briller som er såpass sterke at eg omtrent ikkje klarar å sjå med dei
✦ det blir fleire episodar med den britiske krimserien Lewis
✦ verdas nydelegaste lille pelsdott
✦ då me øvde til NM, fekk me låne paukane til Stavanger Musikkorps av 1919, og logoen bringa gode minne
✦ lese gode bøker, til dømes krim med Varg Veum i spissen

16. feb. 2014

Topp 5 – draumekjolar

Det å kunne drøyme seg bort med å sjå på kjolar, fine kjolar i alle slags fargar og fasongar, med eller utan ermer, knelange eller fotside, det er fint, det. På Pinterest (og eigentleg sånn generelt på den store verdsveven) finn eg mange fine kjolar som eg fint kunne ha hatt i klesskapet mitt. Eg har laga meg ei eiga tavle (kategori) med "pretty clothes", og kjolane eg har valt ut til dagens liste, har eg plukka frå denne tavla. Det blir ikkje brudekjolar på dagens liste, dei får heller komme i ei eiga liste ein seinare gong. Så medan eg sit her med kaffikoppen og høyrer på musikk, deler eg mine fem draumekjolar, kjolar som antakeleg er såpass dyre at eg får nøye meg med å sjå dei på bilete:

1) nattblå gjennomsiktig kjole med lange ermer - detaljane på denne kjolen frå Elie Saab er berre heilt fantastiske

2) dus lyseblå kjole med luftige rysjer - eg er jo ein veldig fargeglad person, og då snakkar me ofte om sterke fargar, men denne duse fargen, nesten gråaktig, på denne kjolen frå Hamda Al Fahim er noko av det finaste eg har sett

3) mørk, knallgrøn kjole med små blomar på - grøn er ein farge eg er blitt meir og meir glad i, og denne kjolen frå Tony Ward er berre nydeleg

4) fotsid kjole i mørk sjøblågrøn farge - endå ein heilt nydeleg kjole frå Elie Saab. Den er i chiffon, med ei lite belte i midja og vakre perler øvst på skuldrene

5) raud blondekjole - til slutt ein kjole i ein knallraud farge frå merket Coast. Herleg farge, nydeleg snitt. Perfekt!

14. feb. 2014

Fortid, notid, framtid

Av og til tar eg meg sjølv i å mimre om det eg har opplevd så langt i livet. Andre gongar stoppar eg opp og tenkjer over livet mitt her og no. Og kven veit kva framtida bring med seg? Eg veit ikkje kvifor, men mykje av det eg har opplevd i løpet av dei åra eg har gått rundt her på jorda, skjønner eg ikkje heilt at det faktisk har skjedd. Slik som året mitt, dei ni månadane, på folkehøgskulen. Det var eit innhaldsrikt år med mange nye kjenningar, ei reise for livet, mykje latter og glede. Men eg skal ærleg innrømme at det også var eit tøft år psykisk: du lever oppå andre folk nesten tjuefire timar i døgnet, og når ein fyrst treng litt aleinetid, er det ikkje lett å rømme. Trass i det, så var det eit fantastisk år! Når eg ein gong innimellom blar gjennom bilete frå det året, skjønner eg nesten ikkje at det har skjedd. Det verkar som ein draum, noko som skjedde for veldig lenge sidan. Eg veit ikkje om andre også har det sånn av og til. Og mine tre år på musikklinja. Dei verkar bittelitt meir verkelege. Kanskje fordi det var tre år og ikkje berre ni månadar? Det var tre år med mange fine folk, mange lange og travle dagar, samstundes som det var mykje "lått og løye".

Og barne- og ungdomsskulen. Alle turane eg har vore med på med familien, med korpset. Kvar er alle desse åra blitt av? Har alt det eg har vore med på verkeleg skjedd? Ja, det har jo det, men eg kjenner at eg faktisk må tenkje meg om, sjå litt på bilete, mimre sånn ordentleg for å verkeleg forstå det. Det same gjer eg med notida. Altså, ikkje akkurat mimringa og det, men det å tenkje meg om, kjenne etter. Eg trur dei fleste av oss plutseleg oppdagar at ei veke, kanskje ein heil månad har gått forbi utan at ein eigentleg har nytt dagane til det fulle. Kvifor stressar me sånn? Kva er det eigentleg me traktar etter? Eg forstår ikkje kvifor så mange av oss har det slik. For all del; eg er ikkje så flink sjølv heller. Men eg prøver i alle fall å stoppe opp, ete ein god middag og ha god tid saman med han der fine, setje av tid til familie og vener, setje av tid til øving og av til berre litt tid til å vere meg. Nyte dei sekunda som fyk forbi før det er for seint.

Kva med framtida? Av og til skulle eg ønskje at me kunne sjå inn i den og vite kva som skulle hende i morgon, om eitt år, om ti. Men eg veit at det ikkje går. Og hadde me kunne gjort det og oppdaga at framtida byr på ein del problem, då hadde me jo berre gått rundt og grudd oss til det uansett. Ingen veit kva som skjer i morgon, om eitt år eller om ti år. Det einaste eg veit er at eg skal gripe dei dagane som kjem, dei moglegheitene som dukkar opp. Eg skal lage meg mange nye minne, minne som eg kjenner som om det var i går, medan andre som meir kjennast ut som at det heile var ein draum. Eg skal oppdage mange nye ting, vere saman med verdas beste, min familie, gode vener. Eg ska gjennom både ned- og oppturar. Framtida kjem til å bringe med seg mykje, akkurat som fortida og notida. Ja, dette er eit langt innlegg til meg å vere, og kort oppsummert vil eg berre seie at me må leve. Lage minne. Reise. Vere med venner. Slik at me har noko å sjå tilbake på. Nyt den tida du har akkurat no. Den kjem ikkje tilbake.

Kanskje litt mykje skribleri frå meg i dag, men av og til klør det i fingrane etter å skrive slike innlegg, lengre innlegg om noko eg går og tenkjer på. Håper alle mine lesarar får ei fin helg og ein flott Valentinsdag i dag, for eg er glad i dykk alle som ein. Her kjem me til å ta det heilt med ro, prøve å bli ordentleg friske. Men ein fin film, stearinlys og litt god mat blir det nok likevel :)

12. feb. 2014

Biletedryss frå NM-helga i Bergen

Små pipipar som fyk rundt på flyplassen i Kristiansand. Utsikten vår frå hotellrommet (på det øvste biletet kan du sjå Fløien langt oppe til høgre). Øving dagen før dagen. Nattelys. På laurdag blei det ikkje tatt nokre bilete, var altfor opptatt med prating og latter hos veninna mi, og så klart premieutdelinga på kvelden. Men blei jo tatt biletet av meg med pokalen med mobilen, noko som ein kan sjå i eit av innlegga under. Og stakkars Varg Veum som hadde fått iskrem over heile seg. Bilete som det er kjekt å sjå på når ein ligg heime på sofaen og er ordentleg forkjøla.

10. feb. 2014

Flott slutt på ei herleg helg

Når ein er sliten og trøytt etter ei lang (men så klart veldig fin) helg, er det utruleg koseleg å komme heim til ei fin, lita gåve i postkassa. Det gjorde eg i går, og det var ei forsinka julegåve frå ei av dei eg gjekk på folkehøgskulen med. Sjølv om me ikkje ser kvarandre så ofte, har me klart å halde kontakten, og det er eg ordentleg glad for! Gleder meg til å bruke det sjølvfarga garnnøstet og også til å lese den fine boka! Tusen takk :) Og så – no kan eg endeleg få lov til å seie at eg må byrje å lære meg å bli kalla "tante Silje". Min kommande svoger og hans kone er no komme heim etter sju veker i Chile med tre flotte ungar, ein søskenflokk med to jenter og ein gut. Det skal bli kjekt å etter kvart få møte dei og bli kjent med dei :) Vil gratulere den nye familien og ønskje dykk alle lykke til!

9. feb. 2014

Topp 5 – kvardagsgleder

Vanskeleg å lande etter andreplassen i går... Med dommarkommentarar som "dagens høydepunkt", "bader i god og rund brassklang" og "sends a shiver down the spine" er det vanskeleg å ikkje smile. Eg trur det hadde vore moro å vere ei fluge på veggen inne på hotellrommet i går, både under preimeutdelinga og då dommarkommentarane blei lese opp. Me må ha virka heilt ville og rare alle saman ;) Dagens topp fem blir difor gjort ganske enkel i dag, nemleg det som gleder meg akkurat no, sånn sett generelt kvar dag. Både små og store gleder. Kvardagsgleder:

å vere sambuar med han der fine som eg snart skal gifte meg med

korpsøvingane kvar måndag

ein god frukost med radio og kaffi omtrent kvar einaste morgon

vite at eg har gode vener, både her i byen, heime på Sola og spreidd rundt om landet, og verdas beste familie

kjenne på at det blir lysare og lysare ute, varmare i vêret og at me om berre nokre månadar sit på flyet til Island og USA

Til mamma!

Medan me sit på flyet på veg heim frå Bergen, vil eg få seie til mamma: "gratulerer så mykje med morsdagen!". Du er min mamma, vår mamma, og du er den aller beste! Eg er så innmari glad i deg og takknemleg for at er akkurat den du er. Biletet over blei tatt fyrste nyttårsdag i år – mamma står til venstre medan eg står til høgre og lagar eit hjarte med stjerneskot. Så, gratulerer igjen, og eg håper du får ein kjempefin morsdag sølv om me "ungane" ikkje fysisk er der... Hipp, hipp hurra!

Jubelscenar!

For ein dag det var i går! Det er alt eg kan seie! Etter spelinga på fredag, var nok dei fleste einige i at det kunne gått betre, og det kunne gått verre. Er vanskeleg å seie noko om det sånn rett etter å ha spelt. Me hadde uansett ein fin kveld med middag ute på restaurant og ein liten fest på eit av romma. I går stod me opp, åt god hotellfrukost, og da klokka var halv eitt, blei eg henta av ei god veninne som bur her i byen (ei eg gjekk i klasse med på vidaregåande). Eg var hos ho i nesten fem timar og me prata, mimra, lo og hadde det kjempehyggeleg! Etter kvart var det på tide å returnere til korpsgjengen, og resten av kvelden sat me på eit hotellrom og var veldig spente før premieutdelinga. Me såg den på TV2 Sumo (nokre sat i salen), og då det var vår divisjon som skulle bli ropt opp, var spenninga verkeleg til å ta og føle på. Eg måtte til og med gå ut litt. Eitt og eitt korps blei ropt opp, og plutseleg var det berre tre representantar (frå tre korps) igjen på scenen. Då me ikkje blei ropt opp som nummer ein, sukka me litt, men eit sekund etterpå jubla me vilt. Eg trur nesten ikkje me skjønte at me hadde tatt andreplassen, andreplass i 3.divisjon med heile 96 poeng! Me skreik, klemte kvarandre og mange av jentene gret. Gledestårer! Så innmari, innmari gøy! Etter kvart kom dei som hadde vore i salen bort til oss andre med dommerkommentarane og pokalen. Den eine av dommarane skreiv til og med at "Vakker slutt med god klang, kammermusikk og musikalsk overskudd spilt av gode musikere gjør dette til dagens høydepunkt for meg". Trur ikkje eg har skjønt det heilt enno, men takk til alle som høyrde på oss, både i salen og heime i stova. For ein herleg gjeng å vere på tur med, spele med, le (og gråte litt) med, juble med!

7. feb. 2014

Snart på scenen i Grieghallen, men fyrst ei fin, lita liste

Kom til Bergen i tre-tida i går, og har hatt ei god natts søvn etter kveldsøvinga i går. Ein blir litt sliten av å vere på farten heile dagen for så å øve når klokka er ni på kvelden. Men det går jo på eit vis, og særskilt med den fine gjengen :) Seinare i dag blir det ei lita øving før me går på scenen kl.18 i 3.divisjon. Som vanleg så grugleder eg meg (ikkje for det; det går vel helst bra). Difor tenkte eg heller å dele ei liste med nokre lenkjer og andre ting som har gleda meg i det siste:

✦ bu på hotell
✦ songen "Imagine" som teikneserie
✦ å endeleg finne ein dato for bryllaupet, og med det tinge kyrkja
✦ å le av denne artige lista – må nok innrømme at eg kjenner meg igjen i nokre av punkta
✦ lese om denne jenta, hennar viljestyrke og kjærleiken
✦ planlegge meir og meir av turen vår til Island og USA
✦ videoar av søte dyr (som vanleg): liten and som ikkje klarar å vere vaken, prikkete minigris som tar seg eit bad og ein liten kattunge som leikar med ein stor hund
✦ eg lo godt då eg såg denne versjonen av "Greased Lightnin'"
✦ byttekvelden eg var på førre veke
✦ ny vasskokar som står heilt i stil med kaffikanna vår
✦ nydeleg song med like fin musikkvideo frå Boggie

5. feb. 2014

Datoen er klar!

30.mai 2015. Om eitt år og nesten fire månadar. Det er datoen for når me skal gifte oss, når me to skal gi kvarandre våre "ja" foran familie og vener. Eg har eigentleg alltid vore klar på at "mai-bryllaup, det vil ikkje eg ha". Men så har det seg sånn at mormor og morfar gifta seg 28.mai, mamma og pappa 29.mai, så når 30.mai neste år er på ein laurdag – det passar perfekt! Og så er det litt større sjanse for sol og blå himmel i mai enn i april. Kanskje. Ein veit jo aldri med vêret på Vestlandet. Alle detaljane er ikkje på plass, men sjølve vigselen blir i alle fall i Sørnes kyrkje på Sola. Eg synest det er spennande, skummelt, fint og kjekt på same tid; det er eit stort skritt å ta, for det er jo ikkje kvar dag ein giftar seg. Men eg veit at det er han eg vil dele livet mitt med 

4. feb. 2014

Siste seminarhelg før NM

Heile helga, får fredag til sundag, og også i går (vanleg øving utpå kvelden), gjekk med til å øve saman med resten av brassbandet. Det er berre nokre dagar igjen til NM Brass i Bergen går av stabelen, og eg grugleder meg – noko eg altid gjer før slike konkurransar. Men helga var i alle fall veldig kjekk sjølv om me alle blei litt slitne etter mange timar med øving :) Hadde ein minikonsert, ein slags generalprøve, på sundag saman med Indre Torungen Brass Ensemble. Dei skal vere med i konkurransen for fyrste gong, så det blir spennande (og så klart heiar med på dei). Kjekt å spele konsert saman med eit anna voksenkorps, og så trur eg me alle treng slike småkonsertar for å kjenne litt på eventuelle nervar. Det blei tatt nokre bilete frå konserten på sundag, og så klart måtte eg ta eit nærbilete av den rare, fine basstrombonen til han eine av trombonistane ;)

2. feb. 2014

Topp 5 – bøker eg las i 2013

2013 var året eg fekk meg lesebrett og det var året eg plutseleg fekk det for meg at eg skulle lese alle Harry Potter-bøkene på engelsk. Eg las også nokre Agatha Christie-bøker i påska og ein del bøker som stod på pensumlista. Innimellom alt dette las eg også andre bøker, både drama, humor, sære bøker, krim, norske, engelske... Ja, i det heile tatt litt diverse. Eg har jo alltid likt å lese, det er noko med å kunne sitje under eit teppe med ei god bok i fanget, kaffi i koppen medan det stormar og ular ute. "I always buy another book when I still have ten to read" (sitat ukjent). Topplista nedanfor vil i dag innehalde gode bøker eg las i fjor, som eg likte, og som eg ikkje har lese før:

Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant av Jonas Jonasson - denne har eg nemnt før, men eg kjem ikkje utanom. Alt kva denne hundreåringen har opplevd i løpet av sine år på planeten Tellus er heilt utruleg. Verkeleg ei herleg bok, og det er ikkje så ofte det skjer, men eg lo høgt for meg sjølv då eg las denne

Ildvitnet av Lars Kepler - nerverpirrande og så utruleg spennande krim. Denne boka fekk eg med lesebrettet då det kom i posten, og eg må berre seie at dette er ei av de krimbøkene der eg verkeleg sat og nesten beit av meg neglene! Det er eigentleg bok nr.tre i ein serie der det foreløpig har komme ut fire, men eg synest ikkje det gjorde noko å lese den fyrst, for ein kom fort inn i handlinga og som sagt så var den jo superspennande

Den merkelige hendelsen med hunden den natten av Mark Haddon - dette var vel, om ein ser bort i frå pensumbøkene, den fyrste boka eg las i fjor. Ei annleis bok, både i handling og i måten den er skriven på. Rett og slett ei kjempebra bok!

Den talibanske cricketklubben av Timeri N. Murari - ei bok som delvis er basert på verkeleg hendingar. Ei bok om det å kunne finne glede i eit krigsherja land, det å kunne ha ytringsfridom og så klart kjærleiken. Ei herleg bok som fekk meg til å tenkje på kor heldige me faktisk er her i landet

Parissyndromet av Heidi Furre - nynorsk, drøymande, fine skildringar... Medan eg las denne boka, fekk eg skikkeleg lyst til i reise til Paris (og ja, eg har tidlegare skrive om boka i dette innlegget). Og så skulle eg ønskje at eg kunne mykje meir fransk enn det eg faktisk kan etter å ha hatt fransk på skulen i (heile) fem år :P