31. okt. 2017

Lys i eit lite hus

Mørketida er her for fullt. No blir det jo også tidlegare mørkt (du veit, sidan me stilte klokka i helga), og det er verkeleg på tide å ta i bruk det fine lyshuset me fekk som bryllaupsgåve. Stearinlys er noko som i mine auge høyrer hausten til. Skjønner at det kanskje ikkje er så mykje, men det er likevel ei fin, lita glede på mørke dagar. Det varme og gylne lyset, vindauga i huset som skaper det skuggeaktige spelet på veggen vår. Så fint, så mykje hygge. For det er viktig no i mørketida.

30. okt. 2017

Sørmarkaturen

Endå ein av dei femtito kvardagsturane er huka av; i går gjekk me nemleg Sørmarkaturen. Vêret var klart, sola titta fram innimellom og hadde det ikkje vore for vinden, kunne det nesten ha vore september og ikkje snart november. Tok ikke mange bilete, det var hakket for kaldt å halde på kameraet heile tida. Men eg fanga skuggen av oss to, den knallraude fargen på dei små blada, Ullandhautgårnet og Ullrigg mot den blå himmelen og alt det brune og gylne haustlauvet på bakken i skogen ved Stavanger botaniske hage. Godt å avslutte veka med ein finfin tur i frisk luft :)

29. okt. 2017

Date på ein tysdag og herlege fargar

På onsdag er det plutseleg november. Berre tre dagar til. Okei, eg skal slutte å klage på kor fort tida går, men det er no den kjensla som dukkar opp i ny og ne, den der eg kjenner at eg ikkje heng heilt med. Uansett. Veka har vore grei med jobb både på Madla og nede i byen, akkurat som førre veke. Og eit klassebesøk tysdag morgon. Å kunne ha den variasjonen set eg veldig pris på. Frå onsdag til fredag var mannen min på seminar i Kr.sand, og eg var dimed grasenkje nokre dagar. Eg veit at det ikkje er lenge, men det var likevel godt å få han heim igjen då fredagskvelden var her. Helga har vore roleg og det var i og for seg greitt; det blir travelt nok dei neste helgene med bursdagsfeiring, jobb og andre saker. Håper veka di har vore bra, under er mine fine punkt frå siste veka i oktober:

✦ inga orkesterøving = date med god middag og Fantastic Beasts & Where To Find Them
✦ opninga frå fjorårets Tony Awards, for James Corden er den kulaste
✦ ingen tvil om kva farge som er populær her i heimen ;)
✦ fortsetje å friske opp fransken med Duolingo
✦ og apropos fransk: 20 artige illustrasjonar om det franske språket
✦ busslitteratur, denne gongen var Sett ut en vaktpost
✦ fantastisk sundagstur ute i Sørmarka saman med min fine
✦ tøff heim – tenk at dette eigentleg er ei campingvogn
✦ Sølvberget fyller tretti år neste laurdag; blir så stilig med nye møblar, fargar og plasseringar
✦ setje på filmmusikalen Singin' in the Rain medan me åt god, heimelaga pizza i går kveld
✦ "Top 10 Casting Decisions of All Time"
✦ fargespelet no om hausten: blad som både er grøne og gule
✦ lillarosa, eller rosalilla, himmel på veg til jobb måndag morgon
✦ å få vere med i denne kollasjen av bokbilete inne på nettsida til forfattaren Kristin Harmel
✦ kose meg med å lese ut Opprinnelse, den nyaste Robert Langdon-boka
✦ haust på torget (vel å merke førre veke, no er det nesten ikkje lauv igjen på trea)

27. okt. 2017

Liten og finfin kalender når me snart skriv 2018

Ikkje lenge igjen til me skriv eit nytt år. Nok ein gong. Å skulle ta fatt på eit nytt år når eg nesten ikkje veit kor det førre blei av, eg synest det er vanskeleg. Liker ikkje at tida berre fyk av garde utan at eg rekk å følgje med. Altså, det er jo ikkje slik kvar dag, det at eg ikke rekk å hengje med. Men at vekene og månaden går fort, det er det ingen tvil om.

Nok om mine små tankar – eg vil eigentleg berre få vise fram den nye kalenderen eg har kjøpt. Stort sett hugsar eg avtalar, bursdagar og liknande i hovudet eller eg skriv dei ned som ei påminning på mobilen. Då eg såg denne lille, søte og vakre kalenderen hos Søstrene Grene, klarte eg ikkje å gå forbi. Så no skal eg prøve å ta i bruk ein fysisk kalender til å skrive ned ting eg bør hugse i løpet av 2018. I kalenderen er det fyrst ei oversikt over kvar månad der eg kan føre inn det viktigaste og sidan betre plass til små (og større) notis dag for dag. Så får me sjå kor langt eg kjem når det gjeld å bruke den aktivt, men eg skal no i alle fall gjere eit forsøk ;) Håper helga blir topp!

26. okt. 2017

Lite glimt frå Budapest

God kveld, fine lesarar! Her har det vore nokre timar på jobb nede i byen og elles ein roleg dag. Ute har det vore yr i den eine agneblinken og blå himmel i den andre. Hausten er rar sånn. Tar heller ei lite tilbakeblikk på Interrail-turen i dag også. I Budapest hadde me tinga plass på ein koseleg B&B, men eg må innrømme at me stod ei stund og lurte på om me kom til å finne fram: inngangspartiet var såpass anonymt at me sleit me å skjønne at "jo, her er det". Men vel inne var rommet greitt og me hadde full tilgang til kjøkkenet slik at me kunne lage oss enkel lunsj, middag eller kveldsmat i tillegg til å få servert frukost om morgonen. Etter å ha lagt frå oss tinga våre og smurt oss med solkrem, var det på tide å utforske byen. Noko av det fyrste me såg, var denne herlege pynten i ei stor blomsterkrukke. Så artige fasongar og friske fargar. Meir byutforsking kjem seinare.

25. okt. 2017

Siste stopp i Wien og fyrste stopp i Budapest

Nesten på dagen fire (!) månadar sidan me reiste frå Wien til Budapest. Isj, eg skjønner ikkje heilt kor den der tida blir av. Uansett. Stasjonen i Wien likna veldig på den i Berlin, i alle fall sjølve inngangspartiet. Me hadde tinga plass på toget på førehand sidan det på visse delar av strekninga er påbode med plassbillett (når ein kjem inn i Ungarn) og også sidan strekninga Wien-Budapest er veldig populær. Åt god hotellfrukost ute i hagen før me fann fram til hovudtogstasjonen. Der printa me ut dei reserverte billettane, fann plassane våre og turen til Budapest gjekk roleg føre seg.


Fyrsteinntrykket av togstasjonen i Budapest var at den såg noko gammal ut, men fasaden når ein står på utsida er vakker og storslått. Det var få skilt på engelsk inne på stasjonen, så me brukte tid på å orientere oss og finne fram til metroen. Fann no fram til slutt og kom oss etter kvart til den staden der me skulle overnatte medan me var i byen. Siste byen på vår kjekke Interrail-tur.

23. okt. 2017

Solskin ute på Rosenli ein oktobersundag

Før me skulle spele konsert i går, fekk me vore ute i finvêret. Det gjorde så utruleg godt! Å kjenne sola i andletet midt i oktober, sjå utover sjøen, det vakre og gylne lyset på det gule haustlauvet. Me tok bussen ut til Rosenli og gjekk på ein tursti heilt nede ved vatnet. Nokre var ute i båt, eit fint rådyr sprang plutseleg over vegen ikkje langt frå der me stod og på ein vegg fann me vakker gatekunst. Lot tankane fare, titta opp på eit stort, raud og flott hus, gjekk roleg vidare, hand i hand med mannen min. Kanskje ikkje den lengste turen, men den var no herleg, særskilt no i mørketida.

22. okt. 2017

Rosa hotell og rosa himmel

Tidleg ute med sundagslista denne veka. Me ska nemleg ha konsert med orkesteret i kveld (som nemnt i går), og eg kjem ikkje til å ha mykje energi igjen når me kjem heim til å sitje foran skjermen og publisere vekesoppsummeringa. Ute skin sola og me har allereie fått vore ute ein tur og gått. Det er noko eige å få bevege seg, kjenne sola varme no om hausten når mange av dagane er mørke, regtunge og korte. Å nytte sjansen til å komme oss ut når sola fyrst er framme; eg kjenner kor viktig det faktisk er. I veka har det vore greie dagar på jobb med klassebesøk og vanleg skrankevakt. På torsdag hadde eg også vakt nede i byen, og det er spennande å sjå: 4. november har Sølvberget 30-årsdag, og i samband med årsdagen, har det vore full oppussing i fleire av etasjane. Blir superflott! No er det fram med ei bok før det blir middag og konsert. Og så klart lista:

✦ flott solnedgang over hotellet ikkje langt unna jobben
✦ å lage eit slikt tog i samband med ny filmatisering av Mord på Orientekspressen
✦ kveldshygge med stearinlys, kaffi og bok
✦ lage ferdig fotobok frå London og Stockholm og også årets julekort
✦ ei Harry Potter-relatert topp 10-liste (HP for alltid)
✦ endå meir av den rosa solnedgangen
✦ sundagstur ute ved Rosenli i strålande solskin, lukta av sjø, den gode og friske haustlufta
✦ bryllaupsbileta som Sara har tatt – ho har verkeleg fanga den varme og gode stemninga
✦ ete taco og sjå Disney-filmen Bedknobs & Broomsticks etter konserten i går kveld
✦ kjekt å spele konsert med orkesteret sjølv om det har vore ein del øving og teljing av pausar ;)
✦ "7 Legendary Authors Who Only Wrote a Single Novel" – dei neste bøkene på leselista?!
✦ går ikkje an å bli lei dei varme fargane på trea no om hausten
✦ friske opp fransken med Duolingo
✦ strikke meir på skjerfet medan eg såg på TV-programmet Eventyrlig oppussing
✦ må prøve å få besøkt i alle fall ein av desse flotte bokbutikkane
✦ det gylne lyset som skein ned gjennom takvindauga då eg skulle heim frå seinvakta på onsdag
✦ god og spennande krimbok av Ninni Schulman, den femte om journalisten Magdalena Hansson

21. okt. 2017

Orkesterhelg

Tittar berre innom for å seie "hei" og "god laurdag". Me har nettop vore på ei lita øving med orkesteret og klokka seks i kveld blir det konsert. Halvorsens symfoni nr. to og Beethovens Trippelkonsert står på programmet. Det blir også konsert klokka sju i morgon kveld, så dette blir med andre ord ein ordentleg orkesterhelg. Forhåpentleg får me også tid til å lese litt, slappe av, sjå ein film, gå ein tur viss vêret er bra nok. No er det pause med kaffi og roleg musikk på øyret.

20. okt. 2017

To silhuettar

Om berre ein dryg månad er det plutseleg to og eit halvt år sidan den finaste dagen. Og tenk: i desember er det ni år sidan han og eg blei "me". I oktober har temaet for Monthly Makers vore foto. Me har nok bilete på veggane, og eg hadde heller ikkje eit spesifikt motiv eg ville prøve å ta bilete av. Opp gjennom åra har eg samla på nokre lenkjer til fine idéar, og då eg leita, fann eg ei lenkje til korleis å lage silhuettar. Og då var det gjort. Resultatet ser du over: silhuettar av to bryllaupsbilete.


Eg følgde ikkje "oppskrifta" som eg fann til punkt og prikke, men eg brukte den som eit utgangspunkt. Fann to bilete frå bryllaupet der det er tydelege profilar og nok mellomrom mellom oss slik at ein ser detaljane også når bakgrunn og alt av fargar blir tatt vekk. Opna bileta i Photoshop, markerte bakgrunnen, klippa den vekk og la på eit adjustment layer som heiter "threshold". Drog den kvite pila heilt til høgre slik at alt blei svart, og dei lille felta som ikkje blei det, tok eg å "måla" over med penselen (ha, ha, framleis i Photoshop). Fekk tatt utskrift av silhuettane og byrja å klippe dei ut. Mange små detaljar å klippe ut, så her måtte eg fram med det lille tolmodet mitt. Limte til slutt silhuettane på noko fint papir som eg hadde liggjande.


Originalbileta og silhuettane rett under. Og vel, eg blei veldig nøgd. Veldig kjekt å prøve ut ein ny teknikk, og når resultatet blei slik eg hadde sett for meg, er det ekstra stas! Den største av silhuettane skal stå i eit hjørne på kjøkkenet medan den lille i ramma skal stå på nattbordet. Å lage slike silhuettar gjer eg gjerne fleire gongar. Perfekt som gåve til jul, bryllaup, bursdag og liknande.

19. okt. 2017

Lys og hygge inne ein haustkveld

No byrjar det å mørkne ute, tidlegare og tidlegare for kvar dag. Me tenner stearinlysa, blar i IKEA-katalogen, drikk kaffi. Å sitje under eit mykt og varmt teppe og leve meg inn i eit anna univers med ei god bok, det er noko eg sett veldig pris på. Berre senkje skuldrene, draume meg av garde.

18. okt. 2017

Fargerik bygning i Wien

Trur me såg denne fargerike plassen på eit postkort i ein butikk, og før me drog vidare til neste by (Budapest), ville me prøve å finne plassen: Hundertwasserhaus. Huset er eit leileghetskompleks som blei laga av artist Friedensreich Hundertwasser og arkitekt Joseph Krawina. Huset blei bygd i åra 1983-85. Så mange fargar, fasongar og artige detaljar! Eit bra siste stopp i ein by eg ser tilbake på med mange gode minne. Og dagen etter var det av garde med tog til Ungarns hovudstad.

17. okt. 2017

Vålandsparken v10

Nokre av trea har framleis mange grøne blad, men det er vel ingen tvil om at det har dukka opp fleire blad på bakken. Brune blad. Og fleire gule blad har komme blant dei grøne på trea. Me er godt ute i oktober og slik ser altså Vålandsparken ut no. Haustleg stemning med lauv overalt.