Ved eit av universitetes institutt, ein liten allé som akkurat no er rosa. Rosa på trea og rosa på bakken. Om berre eit par dagar er det kanskje berre rosa på bakken. Som ein vårleg konfetti.
16. mai 2024
Blomstrete allé
Ved eit av universitetes institutt, ein liten allé som akkurat no er rosa. Rosa på trea og rosa på bakken. Om berre eit par dagar er det kanskje berre rosa på bakken. Som ein vårleg konfetti.
15. mai 2024
Helleren i Jøssingfjord
I tusenvis av år har Helleren i Jøssingfjord gitt ly til menneske. Framleis står det to hus der, det raude bygd rundt midten av 1800-talet medan det andre huset antakeleg er sett opp på 1700-talet, kanskje endå tidlegare. Etter sundagsfrukosten på hotellet i Egersund, sjekka me ut, fann bilen og køyrde lengre sør i fylket; Helleren ligg altså ved Jøssingfjord i Sokndal kommune. Fascinerande syn, dei to husa som står tett under berget, å vite at her har det budd folk i ei svunnen tid.
Titta inn gjennom døra og vindauget. Utanfor det eine huset hengde det ein klesvask og under ein mindre del av berget stod det to bøtter som samla opp regnvatn, akkurat slik dei gjorde før. Ordentleg tøft at husa framleis står, at me kan gå og sjå dei og lære meir om korleis folk levde for hundre år sidan, for to hundre år sidan. I sommar opnar Dalane Folkemuseum eit Vitenmuseum som ligg rett ved Helleren. Me var altså litt for tidleg ute, for dette trur me kan bli eit stilig og interessant museum, særskilt med tanke på kor det ligg: rett ved både desse gamle husa og ved ein vakker fjord. Men då me har med ein god grunn til å reise tilbake ;) Noko som me begge to synest var morosamt, var eit lite skilt om Aukrusst Mysing Bergsprekken, "Født under et steinsprang i Jøssingfjord i 1918". Og så sjølve bergsprekken, tihi. Eit kjekt stopp langs vegen.
Merkelapp
reise
13. mai 2024
Hoppande på ei grøn, lita eng
Ikkje berre lam som er søte, for geitekillingane ikkje langt unna flyplassen er jo små sjarmtroll dei også. Mannen min var i nærleiken for eit par veker sidan for å skifte dekk på bilen, og då såg han denne fine gjengen med geiter. Eg måtte jo også få helse på dei, og etter ein dag med bomtur – då var dei ikkje ute – fekk eg endeleg sett dei eg også. Geiter er så artige, dei skal liksom alltid stå på ting, hoppe og sprette rundt og dei lager ordentleg søte lydar. Både dei små og dei store hadde så mange forskjellige fargar, og dei såg så glade ut der dei åt gras og berre sprang rundt på enga.
Merkelapp
tur
12. mai 2024
Tusenfryd i graset og på jobb
Jobba annankvar dag denne veka, for sånn blir det ofte i mai når heilagdagane kjem både titt og ofte. To av dagane jobba eg kveld, og der den eine var superroleg, var den andre nokså travel. Tysdagskveld var me i Sandnes for orkesterøving, noko me ofte er. Sjølve øvinga var kjekk og eg trur det blir ein bra konsert i juni. Elles var jo torsdag fri (himmelspretten), og fredag etter jobb var eg heime hos ei veninne frå Vitenfabrikken i lag med to andre. Kjempekoseleg å sjå dei igjen, prate og le, og eg var ikkje heime for klokka var godt over ti. I går og i dag har vore dagar med mykje lesing, solskin, liten sykkeltur, koppar med kaffi og generell helgestemning. Snart er det måndag:
✦ Mord etter alfabetet av Agatha Christie sluttar aldri å fascinere!
✦ ei klynge av fine tusenfryd
✦ å nyte dei vakraste blomane på trea så lenge dei er her
✦ og apropos tusenfryd: koseleg dikt om blomane som ein kunde på jobb gav oss
✦ eksplosjon av grønt rundt Mosvatnet
✦ sykle heim etter kveldsvakta i dagslys – er så godt med lysare dagar
✦ ha på meg piggsvinsokkane på jobb (hadde jo sko på, altså, måtte smile litt likevel)
✦ Clare Keegans Tre lys er ei lita bok ang. sidetalet, men det står skrive så mykje mellom linjene
✦ byrje å planleggje årets sommarferie
✦ tihi, smiler godt av denne lille, kule og søte togbana i ein koffert
✦ tihi, smiler godt av denne lille, kule og søte togbana i ein koffert
✦ likte godt Gunnars rekordbok av Anders Totland
✦ balkonglesing no i helga
✦ laurdagspizza, bra film og spele litt "Azul" til slutt
✦ høyre på dataspelmusikklista vår som me laga på Spotify etter SSO-konserten
✦ desse utgåvene av Anne-bøkene er heilt utruleg vakre
✦ liten sykkeltur i går til UiS og den økologiske garden
✦ spele ferdig Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen i lag med min betre halvdel
✦ fredagskveld med tre gode venar frå Vitenfabrikken, noko godt til kaffien og Totoro-matroyshkaen
Merkelapp
sundagsliste
10. mai 2024
Maiblomar
Sjølv om me var på veg til orkesterøvinga tysdagsettermiddag, måtte me stoppe før me i det heile tatt var i gong. For rett ved blokka vår står det nokre tre som kvar vår blomar omtrent på denne tida. Å, dei der lyserosa blomane. Eg kjenner det i heile kroppen korleis eg slappar av, smiler, berre står der og tittar opp for å best mogleg nyte synet. På ein eller annan måte gir dei meg energi.
Ved fajansemuseet var det også ei lita rekkje med blomande tre. Så er det sikkert nokon som seier at "du har vel altfor mange bilete allereie av slike tre?!", og det har eg sikkert. Men eg klarer likevel ikkje å la vere. Å fange ein augneblink eller to av kvardagsglede, er viktig i mine auge.
9. mai 2024
Egersund Fayancemuseum
When in Egersund – måtte jo så klart besøke Egersund Fayancemuseum. Museet er ein del av Dalane folkemuseum, og dei har stilt ut forskjellige gjenstandar frå Egersund Fayancefabrik. Fabrikken hadde produksjon frå 1847 til 1979. Interessant å sjå utviklinga tiår for tiår. Kjente igjen nokre av motiva, eg fall veldig for den store, kule sparegrisen og så alle retromønstera!
Alkemuggene med design av Jacob Sømme blei produsert i fem ulike storleikar i perioden 1910-73, ordentleg søte der dei stod på rekkje og rad. Ein kunne også titte inn i (fiktive) heimar slik at ein fekk eit visst inntrykk av korleis porselenet blei brukt opp gjennom åra. Museet har også ei anna utstilling inkludert i billetten fram til 9. juni: "North Atlantic Sheep and Wool". Utstillinga av Karin Flatøy Svarstad har blitt vist i ei rekkje land, og den viser tydinga av å nytte ulla frå forskjellige sauerasar, særskilt dei gamle sauerasane ein finn på Orknøyene, Shetland, Færøyene, Ytre Hebridene, Island, Noreg, Isle of Man og Grønland. Sjølv om me ikkje kan ta på ulla eller garnnøsta (det freista), var det veldig gøy og fascinerande å ta ein titt også på denne utstillinga.
Merkelapp
reise
8. mai 2024
Historiske Grand Hotell
Grand Hotell i Egersund er ein del av De Historiske, slik også Rjukan Admini og Kronen Gaard er, og sistnemnde besøker me årleg i samband med bryllaupsdagen vår. Eg tok ikkje så mange bilete inne på hotellet, for me var for det meste ute i byen og traska. Før middagen sat me i senga og las, slappa rett og slett ordentleg av. Middagen åt me nede i hotellets restaurant Eigra. Heilt nydeleg middag og dessert! Liten selfie i hotellets foaje blei det også tid til før me tok kvelden. Frå rommet såg me rett ut på fleire av trehusa, eit lite bilete av Egersund by night. Ei natt på eit historisk hotell.
7. mai 2024
Koselege Egersund
Til jul fekk mannen min eit gåvekort frå meg på eit beløp til ei valfri overnatting. Eller, nesten valfri, for eg hadde plukka ut tre forslag. Valet fall til slutt på Grand Hotell i Egersund, og laurdagsmorgon rett etter frukost, køyrde me av garde. Å, koselege Egersund med alle sine trehus i herlege fargar. Lunsjen tok me på eit enkelt bakeri, medan me tok kaffipausen på Mocca kaffebar. Delte eit sjokoladekakestykke og drakk kvar vår knallgode cappuccino. Likte godt atmosfæren der, og det gjorde eg også inne på sjokoladefabrikken med sine retromøblar sjølv om me ikkje tok kaffipausen der (biletet til høyre i kollasjen er frå Mocca). Kjøpte eit par konfektbitar til å ta med heim.
Merkelapp
reise
Abonner på:
Innlegg (Atom)