29. sep. 2017

Musikalhelg i Oslo

No er me klare til ei ordentleg musikalhelg i Tigerstaden. Akkurat no sit me på toget, og eg er ganske spent på både The Book of Mormon og Les Misérables (joda, Les Mis har eg sett både på film og på scene før, men eg har jo ikkje sett akkurat denne oppsetjinga). Eg trur det blir bra, i alle fall når helga startar med togtur der eg kan slappe av med bøker og nokre koppar med kaffi :)

27. sep. 2017

Schloß Schönbrunn

Når ein fyrst er i Wien, er det nesten eit must å ta turen innom Schloß Schönbrunn, og det gjorde me dagen etter tog- og vaskeritur. Schönbrunn-palasset er eit av dei viktigaste kulturminna i Østerrike, og dette er nok ein stad som står på UNESCO si verdsarvliste. Før me kom så langt som til palasset, hoppa me av på ei stopp langs T-baneruta, for eg "berre måtte" ta bilete av dette kule namnet ;) Vel framme ved Schönbrunn, visste me nesten ikkje kor me skulle byrje – alt er storslått og området er enormt. Sto ei stund og berre såg på det store palasset. Tenk å lage noko så svært!


Palasset ligg ved nokre store grøntområde der ein kan gå opp ein bakke for å få ein super utsikt ned til "slottsplassen". Fontener og skulpturar så langt auga kunne sjå. Me kjøpte billett slik at me kunne komme inn i palasset for å sjå alle romma i all si prakt. Det er dessverre ikkje lov til å fotografere inne, men wow! Om du nokon gong er i Wien, bør du absolutt ta ein tur innom Schönbrunn. Ein ting er alt ein kan sjå ute, men det inne er så himla pompøst, gull og glitter.


Til slutt nokre detaljbilete av nydelege vassliljer, dei fargesterke blomane, den grøne bogegangen, måleriet i taket i nemnde bogegang. Det som i mine auge var endå vakrare: nasjonalbiblioteket!

26. sep. 2017

Denne morgonen

Seinvakt på jobb i dag. På slike dagar har eg tid til ein ekstra kopp med kaffi medan eg les litt i ei bok. Ein roleg start på dagen, noko som gjer godt når ein kjenner at timane og vekene berre fyk av garde. Kaffi og bok er alltid ein klassikar. Det var ikkje så mykje meir eg eigentleg ville seie.

25. sep. 2017

Hausttankar

Hausten er rar. Eg veit at eg mange gongar har sagt at hausten ikkje er min favorittårstid, og det står eg ved framleis. Men med dagar som dette, der temperaturen er på rundt tjue grader, sola skin og fuglane kvitrar, då er det likevel noko magisk også med denne tida. Og kvart år er dei fargerike blada på trea rundt omkring i nabolaget like vakre. Me traska ein roleg tur rundt Mosvatnet i går, og sjølv om sola ikkje stod høgt på himmelen, var det varmt i lufta. På mange av trea heng det framleis små, fine og grøne blad. Dagar som dette er gull verde, då kjenner også eg at hausten er bra. Den er jo til og med fin. Berre nokre små tankar og observasjonar ein måndag i september.

24. sep. 2017

Haustens vakre fargar og tid for lesing

Haustfargar, haustkos, haustforkjøling. Det er den tida av året, og no i helga har eg vore noko slapp fordi eg har klart å bli forkjøla. Satsar på at det verste er over til neste helg, for då er det musikalar på rekkje og rad (okei, to) i Oslo. På jobb denne veka har det vore Kapittel-festivalen, og sjølv om eg ikkje kom meg av garde på mange arrangement, fekk eg med meg nokre i og med at eg var arenaansvarelg på tre arrangement. Me har også denne veka vore sosiale samstundes som me har fått slappa av med liten gåtur og etterpå kvar vår bok. Einaste er at helga blei punktert på grunn av forkjølinga, men, men. Håper i alle fall at di helg har vore topp. Over til sundagens høgdepunkt:

✦ måtte berre stoppe opp for å ta bilete av det knallraude bladet rett etter regnet
✦ haustlista inne hos Julianne fekk meg til å stoppe opp og reflektere
✦ biletet er nokre veker gammalt, men lese ut Auggie & Me, ei bok i same universet som Wonder
✦ høyre på Sesong fire, det nye albumet til Tønes (les meldingane her og her)
✦ klippe håret
✦ tenk å komme på ein idé om ein "bustad" som denne
✦ har endå ikkje lese Napoli-kvartetten, men det er ingen tvil om Ferrante kan skrive
✦ 2CELLOS sin versjon av kjenninsmelodien frå Love Story
✦ vere arenaansvarleg på tre Bokmerke-arrangement på litteraturfestivalen Kapittel
✦ hygge om kvelden med stearinlys, te og bok
✦ for eit fantastisk hotell på Gotland
✦ heie fram folk under Mosvannsløpet
✦ veldig bra fredagskveld med kjekke folk der det blei god mat, mykje prat og latter og litt brettspel
✦ "Top 10 Colin Firth Performances"
✦ dei fantastiske haustfargane på trea ikkje langt unna oss
✦ kult å bli sitert inne hos Bokreisen
✦ nok ein gong knallfine hortensiaer – for ein blåfarge

23. sep. 2017

Frå Tsjekkia til Østerrike og eit veldig bra hotell

Kva har ein togtur og eit vaskeri til felles? Lite, men rett etter at me hadde tatt toget frå Linz til Wien, om ein ser bort frå at me stakk innom hotellet og la frå oss tinga våre fyrst, var det rett av garde til eit lokalt vaskeri for å få vaska ein god del av kleda våre. Puh. Det blei ei lang setning. Fann forresten ut at det er på dagen tre månadar sidan me drog frå Český Krumlov og i retning Wien. Tida går (som vanleg) fort! På grunn av liten margin med tanke på togbytte, tok me buss frå den lille byen til den østerrikske byen Linz og tog vidare frå Linz til Wien. Me var førebudd på å gå eit stykke frå der bussen slapp oss til togstasjonen i Linz og det stemte: blei nesten ein halvtime å gå i klamt vêr. Vel framme ved togstasjonen skulle det gå eit tog om ti min., og me kom oss på, litt slitne og klamme. Men det blei ein fin tur med toget, og så var det veldig godt å få vaska noko klede.


Hotellet med budde på i Wien, var nok den finaste plassen me overnatta på i løpet av Interrail-turen. Namnet på hotellet er Boutiquehotel Stadthalle Wien, eit hotell med fokus på økologisk mat og smarte løysingar. Rommet var enkelt, reint og fint med fiffig romløysing, og kvar dag fekk me kvart vårt eple som me kunne ha med som ein del av lunsjen. Det lille ekstra, altså. For ein bokelskar som meg, berre måtte eg ta eit bilete av dette stilige bordet. Inspirasjon til nytt bord?! Og sjekk ut klokka og dei fine meldingane som kvar dag dukka opp på veggen inne i heisen.


Finaste bakgarden! Eg kunne godt dratt tilbake no berre for å sitje ute i bakgarden med ein smoothie om kvelden eller med god hotellfrukost om morgonen. Rett og slett ei kjempefin oppleving som verkeleg gav oss eit ekstra godt inntrykk av byen. Av dei byane me besøkte, er det nok Wien og Budapest som gav oss ei kjensle av å dra tilbake for å oppdage endå meir. Kanskje hadde det litt med at me byrja å bli slitne og ikkje orka å sjå alt på ein gong, men likevel.

22. sep. 2017

Vardenesturen

Å få gå ein tur i ro og mak. Vind i håret, sol i andletet. Sjå plassar ein ikkje har vore før. Det er ikkje så mykje som skal til. Som nemnt var det gratis buss på grunn av miljøsundagen no i helga som var. Me var rett og slett superheldige med vêret og bestemte oss for å ta bussen ut mot Tasta og Vardeneset. Eg jobba jo ei stund som badevakt i Tastahallen, men verken han eller eg har vore noko særskilt vidare ut i den bydelen. Hadde sett oss ut Vardenesturen – kanskje ikkje den lengste turen, men i det fine haustvêret brukte me likevel lang nok tid med eit par pausar i tillegg til at me gjekk i trasketempo og ikkje i mosjonstempo. Vakre hortensiaer i ein nydeleg farge, ein fargerik hage, grøn benk blant mykje anna grønt og me prøvde nokre bjørnebær som me fann langs vegen.


Langs ruta går det an å ta ein liten avstikkar til Vardeneset fyr, og det gjorde altså me. Ikkje det største fyret, men det ligg no veldig fint til langt ute på svaberget. Nokre var ute på vatnet med seglbåt, me sette oss ned på steinane og åt litt mat. Elskar forresten den okergule fargen på svaberget! Ingen tvil om at me nok ein gong fekk ein akkurat passe og veldig herleg sundagstur.

20. sep. 2017

Steinslipte glasbrot på soveromsveggen

Endeleg! Det er ingen løyndom at eg opp gjennom dei siste åra har samla på steinslipte glasbrot, dei fleste funne i fjæra på Sjøholt. Eg har lenge hatt ein spesifikk idé med tanke på kva eg gjere med dei, men aldri fått det lille sparket bak. Med innreiing som Monthly Makers-tema denne månaden, fekk eg endeleg motivasjon til å lage ei uro til å hengje på veggen, inspirert av dette biletet.


Glasbrota, ståltråd og avbitartong hadde eg jo allereie, så det einaste eg trong for å lage denne veggpynten, var ei grein. Då den var i hus, var det berre å setje i gong. Eg valde å berre plukke ut grøne, brune og blanke brot sidan det er dei eg har flest av. Sidan dei er nokså glatte og det ikkje er berre berre å knyte noko med ståltråd, tok det tid å finne teken på korleis eg best kunne feste glasbrota. Det gjekk etter kvart, og for kvart nye brot, måtte eg hugse å få ståltråden under brotet, og ikkje over (om du skjønner kva eg prøver å seie). Gøy å verkeleg få brukt glasbrota!


Inne på soverommet har HP-kalenderen min berre hange der, eg har ikkje tenkt så nøye på å ta den ned. Men det var altså der den ferdige uroa skulle få hengje. Eg synest no den passar ypperleg inn, både med fargane og med naturtemaet som me på eit vis har enda opp med (sjå vimplane som eg lagte til temaet tre i fjor). Har framleis ein del glasbrot igjen, så eg kan jo kanskje lage endå ei?! ;)