31. juli 2018

Irishtown Nature Park

Ein tur i skog og mark gjer alltid like godt. Før me leverte frå oss leigebilen den siste gongen i Canada, køyrde me bort til Irishtown Nature Park. Om nokon skulle vere i tvil, er dette frå Moncton i New Brunswick og ikkje frå Dublin i Irland, men namnet på parken er det same. Og apropos namn: eg måtte ta bilete av det eine skiltet, for namnet på dei forskjellige turane synest eg var festlige, til dømes "Bunny Hop" og "Dragonfly". Fargerike fuglehus og små, søte bruer såg me, men ingen store og brune bjørnar; me blei nemleg advart mot dei før me traska inn i parken.


Me gjekk kanskje ikkje den lengste turen, men det er jo ikkje det som betyr aller mest. For me kom oss ut, og det var herleg å berre vandre rundt blant grøne tre, blant mose og små pyttar. Blant grøn skogbotn, på ein lang og rak sti. Kjenne den friske lufta i andletet, lukta av skog og bark. Høyre tretoppane suse, fuglane kvitre. Sitje på ein benk, leggje hovudet inntil den finaste eg veit.

30. juli 2018

Natt ute på balkongen

Lys som blafrar i vinden. Blafra i vinden. I alle fall i den lille vinden som var då me gjekk ut på balkongen seint fredag kveld. For det var tropenatt og så varmt at me ønska å sove ute. Ikkje ofte det er så varmt her om sommaren. Og stas å endeleg ta i bruk den vakre lyslykta frå Holmegaard.


Frå balkongen hadde me god utsikt til måneformørkinga. Skulle gjerne hatt eit objektiv med noko meir zoom, men det blei no likevel eit par dugelege bilete. Tøft å stå der ute, kikke opp på den store himmelen og sjå månen fyrst bli mørk før den så kom fram med sitt gule lys igjen. Fascinerande!

29. juli 2018

Tropenatt, svære skip og alltid kaffi

Sjeldan ein blir glad for regn i Stavanger, men det var me då det lynte og tora i går kveld. For det er også sjeldan det er så tørt ute som no. Før den tid har det vore varme dagar, nokre dagar altfor varme til å sitje ute. Men litt lesing ute på balkongen har det no blitt likevel. Endå ei full jobbveke, men no er det snart ferie, og to av kveldane denne veka har me vore i lag med fine folk. Gjer så godt å få vere sosial med personar som betyr mykje for oss, personar som gir energi. For eg er defintivt ein sosial person, men samstundes, etter dagar på jobb der eg møter folk heile vegen, er det også godt å komme heim til ei god bok, ikkje ha mange planar. På fredag var det både tropenatt og måneformørking og me nytta sjansen til å sove ute på balkongen. Kanskje ikkje den aller beste søvnen, men herleg å vakne opp ute i morgonlyset og artig å ha prøvd det. Måndag i morgon:

✦ lukta av bringebær i Vålandskogen
✦ litt rar og underfundig, men likevel god YA-bok: Every day av David Levithan
✦ 72 timar i eit lita glashytte som denne, ønskjer meg dit no (via Kathrin)
✦ lese ute i sola på balkongen også denne veka
✦ gå tur rundt Mosvatnet etter jobb med ei av mine beste veninner
✦ fascinerande å høyre Disney-songar på språket frå der handlinga i filmane utspelar seg
✦ var der ikkje lenge, men kult å sjå alle dei store, høge skipa midt i Vågen (Tall Ships Races)
✦ blå Playmo-arm som strekk seg mot den knallblå himmelen, mot den flygande, kvite måka
✦ presskannekaffi på morgonkvisten i dag i dei finfine koppane frå House of Rym
✦ liten tur rundt Vannassen i dag, og der såg me vakre vassliljer
✦ 10 sitat frå Agatha Christie
✦ is på jobben fordi det var steike varmt
✦ liten selfie i mørket ute på balkongen, fordi me sov der natt til i går
✦ blir alltid like rørt når eg ser små kattungar som desse få ein ny sjanse
✦ mykje kaffi, men alltid godt med espresso (eller for min del: espresso med piska havremjølk)
✦ tinge overnatting når me køyrer heim frå ferien om to veker
✦ ete ute på restaurant med eit venepar midt i veka

27. juli 2018

Luna

Fredag og helg. Varmt ute. Veldig varmt. Det er nesten fem gradar varmare ute enn inne. Puh. Me er ikkje vande med det vêret som er her no, og eg veit ikkje om eg liker det eller ikkje. For det er kjekt når det er tjuefem-tjueseks gradar, men over tretti...ikkje fullt så gøy. Og det er heller ikkje bra at det er så tørt at det har vore brannfare over lengre tid. Huff, veit ikkje heilt kva eg skal seie. Men noko som er kjekt er månen om kvelden. Vindauget på soverommet vårt stod på vidt gap for prøve å få det kjølegare, og då såg eg opp på himmelen. Månen. Knallgul med eit hint av raudt. Flott syn rett før leggjetid, ein stor, gul og lysande sirkel på den mørkeblå himmelen.

25. juli 2018

Langs ei strand i Bouctouche

La dune de Bouctouche. No byrjar me å nærma oss slutten på Canada-turen (her på bloggen om du lurer, er jo ei stund sidan eg kom heim...). Den siste gongen me leigde bil, køyrde me ut til byen Bouctouche. Me skulle ganske langt ut, heilt ut til Irving natursenter. Der har dei som hovudmål å ta vare på naturen og sanddynene som er eit av få slike område ved Canadas austkyst som framleis er i god stand. Promenaden er på ein snau kilometer, men sjølve sanddynene strekk seg omtrent ei heil mil. Kvar gong det er ein liten eller stor storm der ute, endrar landskapet seg. Dei har også mått fikse på promenadens treverk ein del gongar når stormen har vore på sitt verste.


Vanskeleg å ta bilete av kor lang promenade på stranda eigentleg er, men det er kanskje litt enklare å sjå på videoen. Mykje vind også der, akkurat som då me var ute på Greenwich. Vind er visst ei greie der borte ;) Sjølve senteret var stengt då me var innom, men, men. Me var rett og slett for tidleg ute sidan sommarsesongen ikkje hadde byrja ordentleg på ein del av turistplassane. Synest no likevel det var litt spennande og kult å gå der, langt ute ved havgapet. Måtte berre ta eit lite bilete frå bilen medan me køyrde over denne lille brua. Ikkje at det var så veldig spesielt, men det var no ein artig konstruksjon av ei bru. Alt me fekk oppleve i løpet av dei vekene eg var der borte.

24. juli 2018

Mjuk kaffi

Mjuk kaffi på ein heilt vanleg kvardag. Må få lov til det også av og til. Espresso med piska havremjølk oppi er den nye favoritten. God, heimelaga latte med ein liten tvist. Blir ein del kaffi, ingen tvil om det, sjølv om det er sommar og varmt vêr. Men for meg er ein god kopp med kaffi eit lita kvardagsglede. Treng ikkje alltid å vere noko meir. Å starte dagen med kaffi brygga på nykverna bønner er det aller beste. Og innimellom ein kopp med latte på kvelden, slik som i dag.

23. juli 2018

Gladmatfestivalen og Spiselig byfest 🍽

Hei, hei, og god måndag! Eller, god kveld er vel endå meir riktig å seie. Her har det vore ein lang dag på jobb, så eg trur det blir å slenge beina på bordet no resten av kvelden. Vel, vel. Etter jobb på fredag, drog me til byen for å vere med på Gladmatfestivalen. Ikkje at eg er veldig glad i slike store folkemengder, men det er jo noko med det å kjenne på pulsen midt i byen innimellom, og særskilt når det er den årlege matfestivalen. Mykje folk, sol og sommar, knallblå himmel, akkurat slik ein dag skal vere under Gladmaten. Åt ein miniburgar og litt anna smått, og også i år blei eg veldig glad då eg såg denne lille byttebua på standen til IVAR. Bruktbøker i mitt hjarte, altså <3


Broremann var også med, og både han og mannen min åt det som seinare blei kåra til årets Gladmatrett, nemleg røyka kveite i fritert potetvaffel. Eg tok ein liten bit, men kan vel ikkje seie at eg var heilt overtydd. Då var det betre med ein knallgod is i varmen ;) Store cruiseskip låg tett inntil kaia, veit ikkje heilt om eg liker synet, men kjekt med ein del turistar i byen om ikkje anna. Lo litt av pynten på den eine standen, for det såg jo verkeleg ut som to knallraude fugleskremsel. Kult og artig! Eit lite sjølvknips av to bleike, men sommarglade personar blei det visst også tid til.


Etter å ha gått i Vågen og på Gladmaten, traska me bort til Stavanger Øst for å oppleve Spiselig byfest. Den går parallelt med Gladmatfestivalen, men har meir fokus på musikk og hygge og er heller ikkje så folksomt eller med så mykje forskjellig mat. Koste oss fyrst med litt kaffi, smoothie og søpotetbrownies på Fermenten. Så blei det å gå bittelitt lengre bort, til Ostehuset der det var eit grøntområde til å slappe av på medan ein høyrde på livemusikk. Me blei ikkje så veldig lenge, for det byrja å bli noko kaldt etter kvart. Likevel var dette ein flott avslutning på ein kjekk kveld!

22. juli 2018

Julidagar på jobb, med ein kaffikopp og matfestival innimellom

Gladmatfestivalen, møte kjentfolk på jobb, tid til lesing og to- og firbeinte ved Mosvatnet og Mosvangen camping. Det er juli og det er sommar; då er det kanskje ikkje så rart at det er mange folk ved campingen som altså ligg rett ved Mosvatnet og badeanlegget (Nye) Gamlingen. Eg er glad i byen vår. Også denne veka har eg vore mykje på jobb med vaktar både på Madla og i byen. Men snart ventar ein liten bilferie på oss begge to, for også han har jobba mykje denne månaden. Roleg sundag med kaffi, bok, husarbeid og film, ein sundag heilt etter boka. Ny liste finn de rett under:

✦ heimelaga kaffi og eit par bitar konfekt, ordentleg sundagskos
✦ hente det perfekte baderomsspegelen på posten
✦ at sesong to av Lucky Man er ute på NRK Nett-TV
✦ 10 artige Ron Weasley-sitat
✦ diggar den canadiske krimserien Murdoch Mysteries (eg har nok sagt det før...)
✦ Gary Oldman er ein kameleon, og han er heilt rå i rolla som Churchill i Darkest Hour
✦ innlegget inne hos Marthe om det å logge av SoMe ei heil veke
✦ god mat og godt selskap på Gladmaten etter jobb på fredag
✦ eit lite møte mellom ei bittelita geit og nokre kattar, det blir ikkje søtare enn dette
✦ lese Vi på Saltkråkan og mimre tilbake til
✦ møte to fine folk medan eg var på jobb i går som eg ikkje hadde sett på aldri så lenge
✦ endene tett ved telta på campingplassen
✦ kjekt å lese om nokon som fekk småbruket dei drømde om sjølv om dei tapte bodrunden
✦ kundar på jobb som takkar for god service
✦ framleis å kunne sitje ute på balkongen etter jobb med ei god bok i fanget
✦ finaste svanefamilien ved Mosvatnet

20. juli 2018

Svensk barndomsminne

Denne boka. Ei av dei få bøkene til Astrid Lindgren der boka kom etter TV-serien. Men likevel, for ei herleg bok! Eg har storkost meg ute i sola med denne boka i fanget. Innimellom eit glas med iskaffi. Illustrasjonane til Ilon Wikland passar boka heilt perfekt, og når eg les teksten, er det som å høyre Pelle, Tjorven, farbror Melker, Malin og alle dei andre. Som å sjå dei rett foran meg. Flotte barndomsminne, alle som ein! Ute i sommarsola, ein måndag, ein fredag eller kanskje i helga.

18. juli 2018

Onsdag kveld ved Mosvatnet

Skal verkeleg ikkje klage på jobbvegen min! Å få sykle her er ei lita glede i seg sjølv. Okei, kanskje ikkje når det bøttar ned, men likevel. No om sommaren er det idyllisk. Benken rett ved vatnet, dei kvite skyene på den blå himmelen, endene som kjem deg i møte, alle bubilane og telta på campingplassen, måkene som flyr, som kanskje ventar på nokre brødsmular. Sykle heim frå jobb medan det framleis er lyst. Sitje ute på balkongen og lese i sola etterpå. Sjå på bubilane kvar folk kjem frå; det er frå både nabolanda våre og frå andre Europeiske land. Å vere heime om sommaren er ikkje så ille. Å bu nær Mosvatnet, bu i denne byen, det er ein fin kvardag. Vår fine kvardag.

16. juli 2018

Kafébesøk langs Canadas austkyst

Måndagen nærmar seg slutten, og det har vore ein bra start på veka med grei dag på jobb og lesing i sola då eg kom heim. Tenkte eg skulle dele eit par bilete frå nokre av våre kaféturar i Canada. Neida, me var jo ikkje på kafé kvar dag då me var der, men at me åt meir ute enn vanleg, det er nok sant. På veg over til Prince Edward Island, stoppa me jo i den lille byen Shediac. Der hadde eg sett meg ut sjokoladebutikken Adorable Chocolat, fyrst og fremst på grunn av makronane. Koste oss med dei i hytta me budde i ute ved Cavendish. Drakk ein veldig god lemonade og åt gode sanwichar hos Cinnamon Soul Cafe & Bakery i Hillsborough etter å ha vore ute på Hopewell Rocks. Berre namnet i seg sjølv er jo stemningsskapande. Stor cappuccino og eit kakestykke på kvar ein dag me var nede i sentrum i Moncton og til slutt ein siste tur på Clementine Café Deli. Kaffi og hygge <3