30. nov. 2014

Fyrste sundag i advent

Mykje av denne veka har gått med til eksamensførebuing og oppgåveskriving (om nokon skulle lure...). Var på skulen i går heilt fram til klokka var passert halv fem, og du kan tru at det var godt å komme heim, ta på pysjbuksa, sjå The Ladykillers frå 1955 og sitje i armkroken til han fine. I dag har det vore skriving, husarbeid, liten gåtur og gode falafler til middag. Og i morgon er det fyrste desember. Snart jul og greier. Trass i eksamenstid har eg mange, fine punkt på lista:

✦ at me gifter oss om nøyaktig eit halvt år
✦ og at det er eit halvt år sidan me var i Reykjavik og The Blue Lagoon. Så utruleg kjekke minne!
✦ bake "kanel-i-svingen" (kanelsnurrar) midt i veka fordi det er eksamenstid og ein treng å gjere noko heilt anna (og me fraus mesteparten, så ingen fare når det gjeld om me har ete dei opp)
✦ morosamt å sjå denne musikkvideoen og sjå kor galt det kan gå når ein bruker Google Translate
✦ høyre songen "Kamilla og Sebastian"Beat for beat fredagskveld (gjett om det var ei som skrudde lyden på nesten full guffe og song med av full hals)
✦ viktige innlegg som dette, dette og også dette om at "alle andre får lov"
✦ ta fram julepynten og så smått byrje å pynte til jul
✦ vere med i julekalenderen til Emily Dahl
✦ "I love you, but you don't know what you're talking about" – finfin Wes Anderson-utstilling
✦ sjå Harry Potter-film nr.2 etter ein lang dag med oppgåveskriving
✦ for ein herleg og tøff elefantbaby, ein tøff og søt kattunge og ein nysgjerrig stinkdyrbaby
✦ gå ein liten tur bort til Våland kolonihage som eit lite eksamensavbrekk, sjå på den lille julemarknaden som var der og også sjå oss omkring på området der me blant anna fann Portveien
✦ ein kjempefin song med ei damestemme og fem trombonar
✦ eit viktig blogginnlegg hos Sandra om kjedekritikk og det å vise til riktige kjelder
✦ noko så enkelt som å skrive i ei gulprikkete notisbok og ha på meg gjenbruksgenserar
✦ fantastisk, fine dyrebilete og så himla fin inspirasjon frå stylisten Cleo Sheulderman

Om eit halvt år...

...minus to dagar er bunaden min seksti år. Om eit halvt år minus ein dag har mamma og pappa vore gift i trettitre år. Om eit halvt år er det vår tur. Vår tur til å seie "ja" foran dei som betyr mest for oss. Berre eit halvt år til den store dagen. Sjølve planlegginga har stått litt stille no i eksamenstida, men det er då eg ser fram til juleferien kor me har tid til å setje oss ned, snakke om det, lage bordkort og invitasjonar og så klart lage litt pynt. Om eit halvt år vil me ha ein heil dag saman med så himla fine folk rundt oss. Tida kjem til å gå så utruleg fort, og plutseleg er dagen her. Men akkurat i dag er det eit halvt år til. Du er min, du, og eg vil berre dele dette innlegget for å fortelje kor mykje du, og det livet me har saman, betyr for meg. Om berre eit halvt år 

28. nov. 2014

Luftetur

Tok med meg kameraet då eg gjekk den lille turen i går. Veldig herleg å lufte tankane midt i oppgåveskrivinga. Og med, utruleg nok, sol i ryggen, kom fargane på blada og på buskane til sin rett. For det er faktisk enno fine haustfargar igjen ute, alt har heldigvis ikkje dotte ned på bakken eller visna. Enn så lenge. Var, som planlagt, på skulen i dag og det blir definitivt ein tur dit i morgon også. Med desse haustbileta, sånn heilt på tampen, for på måndag er det jo desember og "offisielt" vinter, ønskjer eg alle ei god helg, anten om det er med eksamensførebuing eller ei!

27. nov. 2014

Smil og fargar i eksamenstida

No om hausten er det spesielt kjekt å kunne ha på meg nokre fargerike genserar. Altså – eg gjer det jo året rundt, men i og med at hausten har ein tendens til å vere ein mørk, trist og går årstid, er det noko ekstra med fargar. Og det å kunne ta på meg ein genser som eg har fått (les dette og dette innlegget), gjer det jo berre endå betre :) Hadde ein bra dag på skulen i går medan eg i dag tok ein heimedag med litt skulearbeid, ein liten gåtur, vaska klede og høyrt mykje på musikk. Tre veker kjem til å gå fort, så eg veit at eg ikkje har supergod tid, men eg treng ein slik dag oppi det heile. Så får det heller bli skulen både i morgon og på laurdag og ein del dagar framover (og så beklagar eg om bileta ser litt "slørete" ut; har merka at det skjer av og til når eg lastar dei opp til bloggen...).

26. nov. 2014

På veg til skulen

Sykle forbi hanar som gjel om morgonen, gjæser som kjem springande når ein liten flokk med barnehageungar går forbi, kyr som står ute på enga og spis gras og kaninar som traskar fritt utanfor eit gjerde. Eigentleg ein ganske fin måte å starte dagen på, sånn før ein set seg ned for ein del timar innanfor skulens fire veggar. For det er slik det har vore dei siste dagane, og slik vil det nok også vere i desse vekene fram mot innlevering og framføring av eksamenane. Kjenner allereie no at det er tøft, og det å sjonglere mellom to oppgåver er ikkje berre berre. Men det hjelper å vere litt på jobb (skifte miljø) eit par kveldar, høyre på bra musikk og ta ein kaffipause på Topplokket, ein av kaffibarane på skulen, saman med ei herleg dame som tar det eine emnet saman med meg. Og slik går no dagane her. Skal bli utruleg godt når alt er gjort og eg kan ta fri med godt samvit.

24. nov. 2014

Finaste songen akkurat no



Må berre dele denne songen med dykk. Så innmari, innmari fin. Lettrørt som eg er, byrja eg å gråte då eg høyrde den fyrste gong for berre nokre dagar sidan. Ikkje nødvendigvis fordi dette er den aller siste filmen, eit ordentleg farvel med hobbitane, med Gandalf og dei andre. Men heller fordi Billy Boyd har ein heilt nydeleg og fantastisk stemme som eg fyrste gong la merke til i filmen Ringenes Herre: Atter En Konge. Då song han den eigenkomponerte "The Steward of Gondor". Eg hugsar enno den kjensla av å sitje i kinosalen, leve meg inn i filmen og stemninga den songen, den stemmen, gav meg, ja, enno gir meg. Den nye songen heiter "The Last Goodbye", og tittelen speglar at det er den siste filmen etter tretten år i Tolkien sitt univers. Tre i Ringenes Herre-trilogien og tre i Hobbiten. Eg er nok ikkje den største fanen av bøkene eller av filmane, men eg har lese bøkene to gongar og sett filmane nokre gongar, så det er jo noko med historiene som fenger meg ;) Etter å ha høyrd "The Last Goodbye", måtte eg sjekke ut bandet til Boyd, nemleg Beecake. Mykje bra musikk, til dømes "Blessed Eyes" og "Please Stay", og ikkje minst bra vokalist :) Kjem til å høyre ein del på dette bandet i eksamenstida. Berre eit lite måndagstips frå meg :)

23. nov. 2014

Om raude sko og knallgul kjole

Å kunne ta på kjole, strømpebukse og pensko, er ganske så fint, sjølv om det berre er for ein tur til skulen. Veka har gått så altfor fort, og om berre to dagar får eg den andre eksamensoppgåva utlevert. Så dei neste vekene blir det for alvor fokus på skulen. Me var faktisk på skulen i går, han jobba med sine ting og eg med mine. Tok tid å komme i gong, men noko blei no gjort, og seinare hadde me ein kjempefin kjærastekveld med god, heimelaga pizza og den artige Guys And Dolls frå 1955. I dag har me også jobba litt, gjort husarbeid og no: film og montering av det nye TV-møbelet. Ser at sundagslista mi blei lang i dag, men av og til er det så mykje fint og bra som berre må delast:

✦ å gå med mørkeraude sko og knallgul kjole på skulen ein vanleg torsdag
✦ at eg har gjesteblogga om lopper og gjenbruk hos finaste mewkid.net
✦ sjå ein episode av Heartbeat måndagskveld
✦ Billy Boyd som syng "The Last Goodbye", songen som kjem til å bli spelt over rulleteksten til den siste Hobbiten-filmen (og oppdage bandet hans, Beecake)
✦ å sjå datoen for seksårsdagen vår på maten eg hadde med meg på jobb på onsdag
✦ at "Unchained Melody" toppar denne lista
✦ søte videoar: katteterapi, liten oterbaby og Ole, Dole og Doffen i ny drakt
✦ dette blogginnlegget tar meg rett tilbake til Brooklyn og generelt New York; tenk at det snart er gått eit halvt år sidan me var ute på tur...
✦ FotoKnudsen hamna på fyrsteplass i denne testen, og det faktum at blågrønt var fargen for 2014 og neste år er det oransje. Ikkje at eg pleier å følgje trendar, men me har visst treft blink med fargane i stova vår ;)
✦ eit fint og viktig innlegg om det å stresse mindre og denne fine lista om vinterhygge
✦ at det berre er ein månad og ein dag igjen til julaftan, og berre ein månad igjen til lille julaftan
✦ diggar dette printet kor ein kan sjå alle rollene Gary Oldman har spelt opp gjennom åra, og desse bileta gjer meg varm om hjarterota
✦ skru TV-møbel samstundes som me ser den fyrste Harry Potter-filmen
✦ stilig heim som denne og retroheim som denne

21. nov. 2014

Eit lite fredagsbilete

Sånn som dette har dagen min sett ut i dag! Og for så vidt i går også, berre at då sat eg på skulen i staden for her heime. Elizabeth og Darcy står i fokus når eg prøver å bruke eit omgrep frå pensum i ein roman som er basert på Stolthet og fordom. Kjenner eg byrjar å bli lei, men på tysdag får eg enno ei eksamensoppgåve, så det har berre så vidt byrja. Men slik er det jo kvart år rett før jul, så eg veit det skal gå ;) Me har elles vore ein tur innom Kilden i dag for nokre småærend, og då slo det meg kor heldige me er som bur så nært det me treng, og då særskilt skulen – berre femten minuttar på sykkel. Denne helga blir nok for det meste brukt til skulearbeid, gå ein tur og skru TV-møbelet.

19. nov. 2014

Fargesterkt blikkfang

Sjekk ut denne kule lampa! Me er kanskje litt "galne" (som me seier her i Stavanger), men denne lampa frå Kremmerhuset har me gått rundt og tenkt på i fleire veker, og no er den rett og slett i hus. Den passar perfekt til dei gulaktige prikkane på gardinene og putene våre. Og den er eit ordentleg blikkfang, både når det gjeld storleiken og den knallgule fargen. Himla kjekt med fargar!

17. nov. 2014

Sundagstur

Rett før middagen i går, tok me turen ut i nærområdet. Det er ein del turstiar å velje mellom (nesten) rett utanfor døra, og i går blei det "Fantastien" (som i ein fant, brusen Fanta eller kanskje eit ordspel på fantasien...). Veldig herleg å kunne lufte vettet litt medan det enno var lys ute :)

16. nov. 2014

Tur, besøk og enno meir gardiner

Endeleg er alle fire gardinene i stova på plass, og det heile ser veldig bra ut! Har vore ei fin helg med både heimekontor/pensumlesing, besøk, tur ut i nærområdet og mykje latter då me såg filmen The Jester Court frå 1955 i går. Herleg forviklingskomedie på ein heilt annan måte enn no til dags – dei lagar jo ikkje slike filmar lenger (om du lurer på kva eg meiner, må du berre sjå den eller Some Like It Hot, eller kanskje Singin' in the Rain). Ei ny veke er snart her, og no byrjar det verkeleg å nærme seg eksamenstid. Den tida kjem til å bli tøff dette semesteret her, men på eit eller anna vis skal eg klare det. Men det hjelper i alle fall litt med slike fine lister som den under:

✦ gå ein liten tur før sundagsmiddagen
✦ måtte le litt av denne herlege fotogaven, og også av desse to raringane
✦ blomar og fine fargar ute trass i at me er midtvegs i november
golvlampe til stova er kjøpt og TV-møbel er, etter mange butikkrundar og ein del diskusjonar, tinga og klar til å hentast (bilete får komme seinare)
✦ å høyre denne coverversjonen av Beatles sin "Got To Get You Into My Life"
besøk av gode veninner både torsdag og i dag
✦ "On tears" – eit fint og herleg innlegg om det å vere lettrørt
✦ sykle til byen i strålande haustvêr
✦ desse to guttane med songen "Hopeful"
✦ "Get it?". "Got it". "Good" – fantastisk replikk i The Court Jester
✦ stå opp, ete frukost og sykle til skulen saman med kjærasten min; det er ikkje kvar dag me gjer det no når han jobbar frå åtte-fire
✦ drøyme meg litt bort innimellom skulearbeidet med fine ting på etsy.com

15. nov. 2014

Blomar i november

Grøne bilete. Grøne med eit hint av gult, kvitt og brunt. Her skjer det lite. Han sit ved spisebordet og jobbar, eg sit i sofaen og les pensum. Er berre innom for å seie "hei" og for å vise dei fine blomane me såg på veg heim frå butikken i dag. Tenk å sjå tusenfryd ute i midten av november! Det er ikkje kvardagskost. På torsdag hadde eg ei veninne på besøk og me hadde det så himla kjekt og koseleg med god tacosalat, mykje snakk, musikk og ein heil del med latter. Blir nok ein roleg kveld her i heimen i dag, noko som eigentleg er heilt greitt. Og med det – god helg, folkens!

13. nov. 2014

Globuslampe i taket

Hugsar ikkje heilt kor eg fann idéen, men eg trur det var på Pinterest. Men: sidan eg fann denne idéen, så har eg heile vegen hatt den i bakhovudet og eg visste at ein slik ein skulle me ha når me ein gong fekk vår eigen plass å bu. Som sagt, så gjort. Ei globuslampe i taket skulle me ha! Sjølve globusen kjøpte eg for over eit år sidan, på ein loppemarknad i Kr.sand. Etter at me (endeleg) kjøpte oss ei leilegheit, søkte eg litt rundt på nettet, og det var vel denne eg brukte mest for å få inspirasjon og som ei lita oppskrift på korleis dette best kunne la seg gjere. Pappa hjalp meg med å lage eit nokonlunde rett og beint hol og også med det elektriske (for eg var nok litt ambisiøs der, ja). Kjøpte eit naturfarga linband hos Stoff & Stil, limte det på nedst med ein solid lim, og med det var kanten fin og lampa kunne hengjast opp. Den gir godt lys, og me er i det heile tatt kjempenøgd med det ferdige resulatet! Lampa heng over spisebordet vårt i stova, og er med det også eit lite blikkfang med ein gong ein kjem inn i rommet. Eit ordentleg fint samarbeidsprosjekt :)

11. nov. 2014

Prikkar og krusedullar i stova

To av tre gardiner er hengt opp. Eller var det av fire?! Då me, mamma og eg, skulle til å hengje dei opp i går etter å ha klippa, sydd og gjort dei ferdige, fann me ut at tre gardinlengder faktisk var for lite. Skunda oss ned til Stoff & Stil, og heldigvis hadde dei framleis stoffet i butikken. Så då er det enno ei gardin som skal bli fiksa før alt er på på plass, men eg trur det blir innmari bra til slutt. For med to gardiner, blei det med ein gong meir liv i stova vår. Eg må jo takke mamma for all hjelp – utan deg hadde ikkje dette gått! Og symaskinen og eg blir, steg for steg, stadig betre venar ;)

9. nov. 2014

Ny plakat og "ny" kommode

Sit og ser på Downton Abbey. Eit ordentleg gledespunkt kvar sundag. Helga har gått fort, men me har fått unnagjort mange ærend, rydda i heimen og slappa av, så eg vil seie at me har brukt den godt. I morgon er det på'an igjen med skulearbeid. Eg innrømmer at det er tungt, det er mykje å setje seg inn i og ikkje alt eg eigentleg forstår, men eg prøver så godt eg kan. Meir kan eg faktisk ikkje gjere. Men så blir det bra når juleferien kjem. Og før den tid blir det jentekveld (no på torsdag), det blir bryllaupsplanlegging og adventskalender, stearinlys og fin musikk. Så eg skal greie meg gjennom eksamenstida også i år. Og med fine lister blir det enno litt betre:

✦ hengje opp den fine plakaten, inspirert av filmen Up, som eg kjøpte i denne etsybutikken for nokre veker sidan
✦ sjå A Caribbean Mystery (Mysterium i Vestindia) der Miss Marple treff Ian Fleming og kor ein med det kan høyre og sjå kor han fekk "My name is Bond. James Bond" frå
✦ vere hos skreddaren og snakke, teikne og planleggje brudekjolen (!)
✦ fine kjærleikserklæringar i denne bloggposten og i denne
✦ kjøpe ein fin, liten kommode i ein bruktbutikk i Sandnes, den passar perfekt inn i retrokroken vår inne på fleirbruksrommet
✦ dagbok frå årets studietur til Afrika ved Bømlo folkehøgskule
✦ "Årets unge bonde" – tøff historie og veldig kjekt å lese, og det same med denne
✦ sjå på ein herleg video med to pandasøsken og ein dyrepassar i hovudrollane, og så klart ein kattevideo (så himla søt)
✦ nokon som kjenner seg igjen i denne her? Det forklarer i alle fall det store "søvnhårmysteriet" ;)
✦ endeleg rydde fleirbruksrommet fri for esker, målingsspann og andre ting, så no ser det jo (nesten) ut som eit ordentleg gjesterom, kontor eller det ein måtte kalle det
✦ finaste novemberlista
✦ å drøyme meg tilbake til 1920-talet med desse bileta (og så klart Downton Abbey)

7. nov. 2014

På denne tida for fem år sidan

For berre nokre dagar sidan tok eg meg i tenkje at det no er akkurat fem år sidan eg var på tur med folkehøgskulen. På tur til Aust-Afrika i over fem veker. At det har gått fem år sidan me besøkte barneheim og skular, kaffe- og teplantasje, at eg tok dykkarlappen, at me var på safari og rafta på Nilen, at me opplevde ein (liten) del av Afrika, det skjønner eg ikkje. Det virker jo som om det var i går. Okei, ikkje heilt, men de skjønner poenget. Mange minne frå den turen, mange fine dyr blei sett, mange inntrykk å fordøye. Å komme heim til Noreg 10.desember det året, med snø og kulde, var ei surrealistisk oppleving etter fem veker i sol og varme, der rikdom og fattigdom lever side om side. Kunne verkeleg tenkt meg å reise tilbake dit ein gong, få oppleve lynnedslag i hopetal ved Victoriasjøen, leike med barn som er så glade sølv om dei har mykje, mykje mindre enn barna her heime. Afrika har så mykje meir å by på enn det ein høyrer om i media. Ei oppleving for livet!

5. nov. 2014

I denne augneblink...



...sit eg i sofaen og les pensum til forelesninga i morgon. Prøver å få noko ut av det. Lite som skjer anna enn å jobbe vidare med oppgåva i det emnet, slappe av med litt musikk innimellom, prøve å halde motet oppe. For eg merkar jo at det nærmar seg eksamenstid i tillegg til at det blir mørkare og mørkare ute. Hausten er, om ein ser bort i frå alle dei fine fargane ute, dei som no byrjar å forsvinne, ikkje min favorittårstid. Det er då eg må grave fram fine minne, minne om ein film eller ei reise. Drikke litt kaffi eller ferskente. Kanskje lese ei ny bok, høyre ein ny song eller kanskje ein som går om og om igjen fleire gongar i veka. Slik som "Hero" av Family of The Year som eg høyrde i den finaste filmen Boyhood. For meg gjer slike småting kvardagen noko lysare. Og forresten: her kan de sjå nokre av bileta frå kjærastefotograferinga me hadde tidleg i førre månad :)

3. nov. 2014

Fine blomar og gode kaker

Legg berre ut nokre bilete frå bryllaupsmessa som me var på i går. Dei hadde nokre lilla lys i taket, så eg ser jo at bileta eg tok ikkje heilt viser fargane slik dei eigentleg var. Men, men. Som sagt så var me der berre ein liten time, for dei største punkta til dagen, slik som kyrkja, kjolen, lokalet og fotograf, er på plass. Men er jo greitt å halde prosessen ved like, fordi det nærmar seg verkeleg med stormskritt. Me registrerte ei ønskjeliste, han snakka litt med ein av utstillarane om dress, me smakte på kake og fekk med oss nokre brosjyrar. Prøver å gjere litt bryllaupsrelaterte saker kvar veke, men no er det snart eksamenstid, så litt stressa er eg innimellom. Godt at eg då har ein mann som klarer å halde fatninga :) Og som han pleier å seie: "Gift blir me no uansett!" ;)

2. nov. 2014

Både det eine og det andre

Joda, denne helga har det nemleg vore både det eine og det andre. Og det tredje. Fyrst var det PWC-messa, i går Siddis Brass og i dag ein svipptur innom bryllaupsmessa, i regi av Tilbords, i Sola kulturhus. Så innmari kjekt og utruleg koseleg å sjå folka i Agder Brass igjen i går! Okei, det gjekk kanskje ikkje så bra i konkurransen, men me hadde det kjempekjekt likevel :) Saknar verkeleg dei folka, altså! Sov lenge i dag (me trong det etter i går), men me kom oss no ut til slutt og tok bussen til Sola i tolv-tida. Der var me innom ei bryllaupsmesse, litt lik den me var på i januar i Kristiansand. Var der berre ein dryg time, og så var det bussen tilbake. Har tatt det med ro, støvsugd litt, middag og akkurat no er det finalen i Alt for Norge. Sundagslista mi ser de under:

✦ drikke varm ferskente etter å ha vore ute i haustkulda
✦ byrje å tenkje på julegåver (noko som både er litt stress og litt gøy)
✦ "Nei, eg finne deg ikkje. Nå har eg vore tri plassår" – knise litt av denne kommentaren frå ein mann i telefonen på PWC-messa
✦ "50 sätt att bli mer kreativ"
✦ treffe gjengen frå Agder Brass på Siddis Brass, snakke med dei, le, syngje, ha det utruleg moro
✦ kjøpe den finaste Moonrise Kingdom på salg
✦ PWC-messa med alt det fine som folk har laga
✦ trur nok kjærasten min av og til kjenner seg igjen i dette ;)
✦ bli litt kjent med den fine kaninen Bubble og dachshunden Arthur
✦ fantastisk blogginnlegg om kva me rare nordmenn gjer
✦ at stadig fleire og fleire ting kjem på plass i leilegheita, slik som sofabordet
✦ le av dette orkesteret som lagar så bra grimasar medan dei speler fordi dei har ete sterk chili
✦ "The Book Bucket List To Tackle Before You Turn 30" og nydelege bilete og video frå Island