16. aug. 2023

Tampere


Tampere, du var ganske fin. Å berre traske rundt i byen etter ein båttur, utforske gatene, sjå på elva og vatnet som renn, smile breitt av eit kjent syn på ein vegg (gatekunst, altså), nyte feriekjensla.




Ikkje ein trasketur i byen utan eit par bilete av eit bygg eller to. Begge kveldane slappa me av med kvar vår bok ute i hotellets fellesområde. Eg fann verkeleg roa i hengjestolen, og koste meg med å berre sitje der og lese. For lesing blei det mykje av i ferien, noko som passa oss veldig bra :)

Legg igjen ein fin tanke