31. des. 2021

Lite glitter og stas


Adventsstjerna heng framleis i vindauget. Lyser opp grå dagar. Eg veit at jula sånn sett er over, og at me skriv eit nytt år i morgon, men eg lar den hengje over helga. Kjenner eg treng det. Årets nyttårsfeiring blir roleg, berre han fine og eg, god middag, ein film og lite glitter og stas. Rare tider, det må eg seie. I fjor ønska eg meg eit mjukare 2021, og det gjer eg verkeleg også for 2022. Det er i alle fall lov til å håpe. Håpe på færre restriksjonar, at me kan vere meir sosiale, ha fleire spelekveldar, spele konsertar med orkesteret og sjølv gå på konsertar og forestillingar. Kanskje dra utanlands. Litt av dette fekk me i år, men på langt nær så mykje som me hadde håpa. Vil at 2021 skal ta slutt samstundes som eg ikkje heilt veit om eg vil at det skal vere eit nytt år. For tenk om 2022 blir som både dette året og fjoråret?! Om ikkje anna har eg lese meir enn nokon gong i år, eg har kost meg med strikking og gode seriar og me har gått mange turar i vår eigen by. No – over og ut, 2021. 

30. des. 2021

Jul med ein kul og gul fugl








Denne bøtteknotten, altså. Jula er snart over, men ei jul med denne kule fugl, hi, hi, Eg berre må dele ein haug med bilete, for i jula har Zalo verkeleg vore heilt med. Han landa i kortstokken då me skulle spele "UNO" (klarte ikkje å fange akkurat den augneblinken), og etterpå sat han på handa til mannen min og titta ned i korta, akkurat som om han skulle velje kva kort mannen min skulle spele ut. Når me opnar ein klementin, kjem han fykande fortarte enn fy. Undulatar skal ikkje ha for mykje av sitrusfrukt, men litt kan dei ha. Og Zalo diggar det! Julekake er visst også ganske godt, å sitje på hovuda våre er det aller kjekkaste og jaggu meg var han med på å sjå Flåklypa Grand Prix ein av julekveldane. Den mest kosete fuglen er du ikkje, men rar, artig og ganske så kul, det er du!

29. des. 2021

Juledagstur i Hålandskogen


Romjula er her enno, dessverre sjølve juleferien er over for i år. I dag og i morgon skal eg på jobb før eg har fri nyttårsaftan og fyrste nyttårsdag. Kan ikkje seie at me har gjort så mykje desse dagane, men ein tur i skogen fyrste juledag fekk me til. Mannen min, broremann og eg køyrde til Hålandsmarka (der broremann og eg faktisk budde dei fyrste åra av liva våre), og der parkerte me ved Hålandskogen. Veit ikkje om eg klarer å skildre korleis det var – lufta var klar og kald, sola varma og overalt var det eit gyllent vinterlys. Eg klarte ikkje å la vere å smile og måtte stoppe fleire gongar for å nyte solstrålane. Ser du korleis sola titta fram mellom trestammane og skapte varme og skuggespel overalt?! Heilt fantastisk å gå ein liten skogstur i desember når ein får oppleve dette.

28. des. 2021

Bøker i mitt hjarte


"Tilly prøvde å forestille seg at hun passet perfekt som noens bestevenn. Men når hun tenkte på seg selv, følte hun seg liksom litt uklar, som et fotografi som var uskarpt, og når hun sammenlignet seg selv med karakterer som hun møtte i bøkene, føltes deres blekk og papir mer virkelig enn hennes kjøtt og blod." (s. 17, bok nr. 1). Eg har funne ein ny favorittbokserie, og det er Den magiske bokhandelen av Anna James. Til no er det komme to bøker på norsk, Tilly og bokvandrerne og Tilly og de bortkomne eventyrene. Tenk om ein kunne snakke med sine favorittkarakterar (eg tenkjer særskilt på deg, Anne Shirley) eller besøke dei i deira univers – det kan nemleg Tilly og Oscar, og eg slukte begge desse magiske bøkene på ein, to, tre. Og så mange gode sitat om og frå bøkenes verd:

"Tilly skyndte seg å løsne tegnestiften fra stolryggen, og klappet jenta på armen i et forsøk på å trøste henne. Tilly snudde seg og så bedende Anne, men Anne stirret rasende på gutten. Bikket hennes oste av forakt, men gutten blunket bare til henne, noe som gjorde Anne rød som bringebær i kinnene. «Gilbert», sa Tilly lavt. (s. 135, bok nr. 1) 

"'Jeg trenger sikkert ikke fortelle dere to hvilken makt bøker har. Bøker kan forandre tanker, ja, hele verden. De kan åpne menneskets sinn og så frø som kan spire og vokse til noe magisk - eller noe skremmende. Historier skal både elskes og respekteres. Man bør aldri undervurdere hvilke krefter de har. Det er derfor bøker ofte blir forsøkt sensurert: De som forbyr eller brenner bøker, er de som er redde for hva man kan finne i bøkene. […]’ (s. 183, bok nr. 1)

"'Du vet når du går inn i en bokhandel og ser tusenvis av bøker på rekke og rad foran deg? Den deilige følelsen av at det innenfor hvert bokomslag fins en ny verden å utforske – som tusener av små portaler? Den sitrende spenningen før du åpner en ny bok? Gleden over å være omgitt av andre som også elsker bøker? Alt det er som drivstoff for bokvandringen, og man finner det i bokhandlene.'" (s. 197, bok nr. 1) 

"'En bok tar imot alle lesere uansett alder, bakgrunn og synspunkter. Bøker bryr seg ikke om du kan forstå hvert ord i dem eller om du vil hoppe over deler eller lese noe om igjen. Bøker tar imot alle som vil utforske dem, og heldigvis har ingen funnet noen måte å stoppe det på.’" (s. 244, bok nr. 2)


 

For dryge tre år sidan las eg Snøsøsteren for fyrste gong. Tidlegare i desember las me boka i bokklubben, og eg synest det var fint å ha eit høve til å lese boka på ny. Maja Lundes historie og Lisa Aisatos illustrasjonar utfyller kvarandre på ein nydeleg måte og ein blir både rørt, trist, glad og varm om hjartet av å lese denne boka. Alle dei gode, kjekke, spennande og rørande bøkene eg har lese i år!

27. des. 2021

Juletreepynting og ei jul heime




I år som i fjor blei det ei stille og roleg julefeiring. Okei, med Zalo heilt i hundre har det no ikkje vore heilt stille ;) Uansett. Lille julaftan drog me til Sola for å pynte treet og ete risgraut. Å leite fram sine favorittar som skal hengje på juletreet er like koseleg år etter år. Stjernepeparkaka, den lille ugla og snøkrystallen i nuperelle er alle eit par av mine favorittar. Tok også med meg den knallfine Mummi-kula som er for stor til å hengje på trollhasselen som me har her i heimen. Snorkfrøken og lille My på den eine sida og Mummitrollet på den andre sida. Elles var det pappa som i år fekk mandelen i grauten, og nokre julekaker kvar kveld medan ein les quiz høgt er for oss noko som høyrer jula til. 





Julaftan starta me som nemnt her heime, og hadde det heilt greitt då eg sat i sofaen i pysj, under eit varmt teppe, drakk endå ein kopp med kaffi og såg på Tre nøtter til Askepott. Ho fekk jaggu meg prinsen i år også. Køyrde ut til mamma og pappa i tre-tida. Mamma hadde dekka bordet julefint, og middagen smakte godt. Me har slappa av, spelt "Kokkelimonke" og "UNO", lese og strikka, ete gode middagar og dessertar, og Zalo ville vere med på alt. Skjønner han godt, klementin er kjempegodt (så lenge han ikkje får får mykje av det) og det er kjekkare å vere i lag med ein fin gjeng enn å sitje i ein krok for seg sjølv heile jula. Er du ikkje einig?! Var på Sola fram til i går kveld. Jula heime. 

26. des. 2021

På tampen av andre juledag





Juleferie, julebøker, julekaker, julefilm og julehygge. Veka mi veldig kort oppsummert, likevel fangar orda stort sett dei siste sju dagane presist. Skjønner ikkje heilt kor dagane har blitt av, men slik er det jo ofte. Hovudet har vore litt av og på, ikkje berre berre å skru av når ein er uroleg og synest ting har vore litt kjipt i det siste. Prat og latter med ei god veninne i fleire timar onsdag ettermiddag, mykje tid til lesing, komme ordentleg i gong med strikkeprosjektet og rolege dagar heime på Sola i lag med familien har gjort godt. Ein tur ute i det kalde og klare vêret midt på dagen i går var også noko som verkeleg fekk smilet fram. Roa har eg funne innimellom, og eg har to dagar igjen med fri før det blir jobb onsdag og torsdag. Andre juledag er så godt som over, det blei jul i år også:

✦ i mine auge er Et hjerte av gull ei av dei finaste og mest rørande julebøkene eg har lese
✦ Geoparken lyser opp bybiletet
✦ lage heimelaga latte og servere noko attåt då ei av mine beste veninner var på besøk
✦ setje av tid til å sjå Love Actually ein av dagane
✦ og apropos Love Actually: eg måtte sjå denne kortfilmen om igjen, laga over ti etter den fyrste
✦ smake på julekakene
✦ spele spel, sjå film og ha høgtlesing av quiz i lag med familien
✦ blir rett og slett så glad av å sjå denne lille elefantungen som tar sitt fyrste bad
✦ ein varm og gyllen sol då me køyrde til Sola på julaftan
✦ kaffi, julebok og så blir eg glad av julegrytekluten me kjøpte på brukskunstmessa i Åsenhallen
✦ litt klisjé var den, boka Den største julegaven, men av og til er det akkurat det ein treng
✦ høyre på konsert med Adam Douglas over nettet
✦ alle dei knallfine bruktfunna inne hos Et katteliv
✦ Zalo har vore heilt i hundre – han har blant anna ete julekaker, sett på film og vore med på "UNO"
✦ gjekk ein tur i Hålandskogen i går, og vinterlyset var så sterkt og gyllent
✦ pynte juletreet lille julaftan i lag med broremann
✦ smuhumre av denne kakadua som syng Mozart, sit berre og ventar på den siste tonen ;)
✦ starte julaftan her heime med god frukost, kaffi og så klart Tre nøtter til Askepott
✦ knallsol inn i heimen ein av dagane, for det varmar kvar gong
✦ Christmas by the Book, verkeleg ei flott julebok (og det går ikkje an å bli lei bøker om bøker)
✦ og sjå den fine single-plata med Sølvguttene som eg fann på ein bruktbutikk i Egersund
✦ strikke ein god del kvar dag

24. des. 2021

"Snøen faller, alt er hvitt" 🌨🎶


Eller, ikkje heilt. Kvit jul blei det ikkje i år, men så er ikkje årets julekortbilete heller frå eit vinterkvitt landskap. Tihi, synest biletet blei artig og akkurat passe fargesprakande. Og så er det fint å syne fram dei flotte, heimestrikka genserane våre. Min raude genser strikka mormor då eg var ti-elleve år medan Mariusgenseren strikka farmor til pappa, og nå har mannen min arva den. Teksten på julekortet er forresten henta frå songen "Jul i Svingen" om nokon skulle lure. Eg håper du og dine kjære får ei god jul trass ei rar tid, at du slappar av og ikkje gjer meir enn akkurat det du sjølv vil ♥︎

22. des. 2021

Små julegleder




Bittelille julaftan 2021. Stikk berre innom ein snartur for å seie "hei", og for å vise fram nokre fine juleting. For det meste er det den same julepynten frå år til år, men ein del er kjøpt billig medan me var studentar, og eg synest det er kjekt å bytte ut nokre av tinga med lokalproduserte varer. Keramikknissen (eller grompenissen) fann me som nemnt då me var i Egersund og det er LTB Keramikk som har laga den. På brukskunstmessa i Åsenhallen i november berre måtte eg ta med meg heim den supersøte julemusa av glas. Hi, hi, den er kjempesjarmerande og eg kjøpte den av Dekor Design. Ministjerna veit eg at eg har skrive om før, men eg fann den altså på Epla-butikken Fargerik hekling. Juletreet av keramikk fann me faktisk i fjor då me køyrde gjennom Valdres, i butikken Valdres Keramikk Ateliér. Alltid gøy når ein finn slike flotte nisjebutikkar som sel lokalproduserte varer. Til slutt er det juletreet av metall som me også fann i Egersund. Fascinerande å sjå på smedane frå KjellmanChapin laga julepynt og anna stilige greier av metall midt i julebyen! I bakgrunnen kan du også ein snøkrystall av nupereller inne i ei lita kule. Tanta mi lager så mange fine smykke, bilete og pynt av nupereller, og den snøkrystallen er i mine auge litt ekstra vakker. 

21. des. 2021

Forusstrandaturen




Lenge sidan førre kvardagsturen (kommunen har jo laga til "52 hverdagsturer" rundt om i Stavanger), så det var litt ekstra gøy å komme oss ut på ein slik tur i går. Meldinga for dagen var strålande sol og opp mot sju gradar, men jaggu meg var det mykje vind. Me hadde lag på lag med ull, og det gjekk dimed tåleleg greitt. Turen tok oss med på små skogsstiar, inn i bustadsområde, sidan vidare til industriområdet Forus og faktisk inn i nabokommunen Sandnes. Litt overalt, eigentleg.

 



Fyrste delen av turen gjekk langs ein grusveg ved sjøen før me traska under togstasjonen. Sola var med oss heile vegen, og sjølv om det var litt kaldt, måtte eg stoppe fleire plassar for å prøve å fange sollyset. Turkameratane mine gjekk – som vanleg – i forvegen medan eg tok bilete av det gylne lyset og dei lange skuggane. At vinteren også kan vere slik, ikkje berre kulde, sludd og gråvêr. 





Sjølv om eg har skrive det mange gongar før, meiner eg det ekstra mykje denne gongen: sola skein som aldri før i går! Solstrålar både ved eit stort bygg, i horisonten då me gjekk over ei gangrnu, inne i skogen og ute ved fjorden. Sukk, det var rett og slett nydeleg. Ein gammal sykkel som gjekk i eitt med fjellveggen, ein ekte Narnia-lyktestolpe (sånn vil eg også ha), ein bitteliten heimestrikka vott og eit stor sjakkspel var artige ting som eg såg medan me traska i halvhøgt tempo for å halde varmen. Nærmare ei mil til fots i område me ikkje hadde utforska før, ein alle tiders sundagstur.